Meir praktisk kunnskap – ein skule for livet!

Berre 60 prosent av elevane fullfører vidaregåande skule på normert tid. Dette er eit nasjonalt traume. Det er ei formidabel utfordring å leggje til rette for mangfald, meistring og motivasjon for heile elevårgang en, kvart år. Det er jo nettopp dette som gjer skulen spanande og utfordrande.

claus-roynesdal
Claus Røynesdal, rektor ved Voss folkehøgskule

Utdanningsdirektoratet gjennomfører i perioden 2013–17 ei storstila satsing med namnet «Ungdomstrinn i utvikling». Målet er å finne fram til meir varierte, spanande og motiverande former for undervisning, slik at fleire elevar i ungdomsskulen opplever læringsglede og meistring. Dersom fleire elevar finn ungdomsskulen meir gjevande og utbyterik, vil fleire fullføre vidaregåande skule.

Det er eit paradoks at problemet fråfall hovudsakleg vert problematisert av fylkeskommunane og dei vidaregåande skulane. Saka er i røynda at fråfall må sjåast i ljos av opplæringa i grunnskulen. Problemet må i større grad adresserast, som ei «sjølvmelding», til kommunane som grunnskuleeigarar. Dersom kommunane hadde eigd vidaregåande skule, ville fråfall vore eit hovudtema til ordførar, rådmann og oppvekstsjef. Slik er det ikkje i dag, av di det er nokon andre som «eig» problemet.

I folkehøgskulen treffer vi ungdom som vil ha varierte, spanande og motiverande undervisningsformer. Dei vil gå i djupna på eit fag, men ikkje gå opp til eksamen. Dei vil øve, utan å ta prøve. Musikkelevane våre vil ha praktisk undervisning og gatekonsert på Vossajazz. Etter å ha målt krefter med Raundalselva får elevane på ekstremsportlina ei fossande forståing for varig vern av vassdraget. Elevane på film og foto lagar seg nye framtidsbilete.

vossfallskjerm
I folkehøgskulen treffer vi ungdom som vil ha varierte, spanande og motiverande undervisningsformer

Folkehøgskulane er eit skuleslag for resten av livet. Dei åtti skulane har over tre hundre ulike linjer, slik at ungdom kan velje fordjuping, forståing og utfordring på ei rekkje fagområde. Kanskje det beste skotsmålet til folkehøgskulane er nettopp at ungdomane finn att gløden og læringsgleda, at dei er teoretisk og praktisk førebudd til vidare utdanning. I skuleåret 2016–17 har folkehøgskulane i Noreg 107 prosent dekning, og tilbodet er større etterspurt. Vi kan sjå det som eit teikn på at ungdom vil ha ei opplæring som er praktisk og livsnærverande. Satsinga på meir varierte og motiverande undervisningsformer i ungdomsskulen må halde fram etter 2017. Det er her «slaget» står.

Claus Røynesdal er rektor ved Voss folkehøgskule

101

Mest lest

Elevenes pakketips til folkehøgskolen

Les elevenes beste tips etter et år på folkehøgskole!

Fra folkehøgskoleelev til milliardær: Røkke står bak nytt millionfond

50 år etter året på Bakketun Folkehøgskole, går gamle klassekamerater sammen om å forvalte et millionfond støttet av forretningsmann, industrieier og tidligere folkehøgskoleelev Kjell Inge Røkke. 

Takk, Kong Harald!

Kong Harald har gjennom et langt liv i tjeneste for Norge vært en samlende skikkelse og en konge med stor nærhet til menneskene. Folkehøgskolene takker for hans innsats, varme og engasjement for fellesskapet.

Karolina skal krysse Grønland på ski: – Hadde ikke skjedd uten folkehøgskolen

I høst skal Karolina spenne på seg skiene og gå 500 km over Grønlandsisen. Før hun begynte på folkehøgskolen hadde hun aldri sovet en vinternatt ute i telt.

Hvordan er det å dele rom på folkehøgskole?

Det er noe mange lurer på før de skal begynne på folkehøgskole. Vi har spurt tidligere elever om deres erfaringer med å ha en romkamerat.  

Mest delt

Ta sommerferien på folkehøgskolenes sommerhoteller

Blir det Norgesferie i sommer? Da bør du sjekke mulighetene for å…

Se alle folkehøgskolenes ledige restplasser

Har du enda ikke søkt folkehøgskole? Da har du muligheten nå. Folkehøgskolenes…

Du rekker fortsatt å søke folkehøgskole

Det er dessverre en stor misforståelse ute og går: Mange tror at…

Elevenes pakketips til folkehøgskolen

Les elevenes beste tips etter et år på folkehøgskole!

Hvordan er det å dele rom på folkehøgskole?

Det er noe mange lurer på før de skal begynne på folkehøgskole.…