Til hovedinnhold

Å vere ung

Å vere ung i dag inneber å vere under mykje press. VI er under press frå alle kantar. Frå dei rundt oss, som heile tida har forventingar til kva vi skal gjere, kva vi skal oppnå.  Etter kvart som vi veks meir og meir opp, vert lista over det vi må gjere lenger og lenger. Det held ikkje lenger å prøve sitt beste og så får vi ein pokal for deltaking. Frå den augneblinken vi står opp må vi gjere det bra. Må sjå bra ut. Må vere sunn, trene og ete rett. Må gjere det bra på skulen.  Vi må prestere. Alltid.

Elise Myrhol Devik

Kvar dag på vidaregåande skulle ein prestere, og ein skulle gjere sitt aller beste. Eit skuleår består av nesten to hundre dagar. Men det skal ikkje meir enn ein dårleg dag før karakterar vert vippa ned. Dette førte til at mange skulka, fordi det var betre å få fråvær enn ein dårleg karakter. Vi fekk ikkje ha dagar der vi ikkje var på vårt beste, klare til å prestere og verte konstant vurdert.

 

Å vere ung inneber å velje kva framtid ein vil ha, finne ut kva ein er flink til og følgje det vidare. Det er mykje prat om fenomenet flink pike syndrom i det siste. Men er det så rart? Unge i dag har ikkje tid eller moglegheit til å gjere det vi ikkje er så flinke til. Det er ikkje lenger rom for å prøve noko nytt, rom for å feile.  Du skal lykkast. Alltid.

 

I år har eg moglegheita til å prøve.  Ikkje fordi det er mindre sannsynleg at eg kjem til å feile, men fordi det ikkje gjer noko om eg feilar. Det får ingen konsekvensar for framtida mi, vert ikkje vurdert i tal. Det er innsatsen som tel og ikkje prestasjonane. Eg kan ha ein dårleg dag. Eg treng ikkje vere flink pike. Eg kan berre vere menneskeleg.

 

Å vere ung i dag er eit liv fullt av moglegheitar. Det er no ein verkeleg kan velje. Og kan gjere ei blanding av det ein vil og det ein må. Slik har det vore med året på folkehøgskulen og. Folkehøgskuleåret er for meg det året der eg kan gjere det eg vil, og ikkje det eg må. Eg vil trene, for meg sjølv. Ikkje fordi eg må ha ein viss utsjånad eller fordi eg treng noko å leggje ut på insta. Ikkje fordi gymlæraren seier at eg skal trene. I år vert ikkje helsa mi sett karakter på. Eg kan gjere det eg vil, utan å verte vurdert.  Mange kallar eit år på folkehøgskule for eit friår. Og eg er så utruleg einig. Eg er endeleg fri.

 

Å vere ung i dag er kanskje ikkje så forskjelleg frå korleis det var før. Det er framleis viktig å lære, å utvikle seg. Og eit friår gjer moglegheitar til å lære mykje. Heile dette året vert lagt opp rundt meg og mine medelevar, og ikkje rundt ei liste over mål som staten har bestemt at unge i Noreg bør nå opp til.

 

Den fyrste nye moglegheita eg fekk når eg byrja på folkehøgskule, var å reise til Shetland. I Noregs største seglbåt. Turen i seg sjølv hadde sine opp og nedturar, bokstaveleg talt, men alt i alt hadde turen mykje meir å seie for meg enn berre det å segle fram og tilbake. Og slik er det elles i dette friåret. Det er ikkje alt som går slik det burde. Alt er ikkje perfekt. Men alt i alt har dette skuleåret så utruleg mykje å seie for meg og vegen min vidare. Og dette er noko eg trur ein ikkje heilt skjønar før ein sjølv har gått på folkehøgskule.

 

Gjennom kva eg vil, finn eg og kven eg er. Eg er ikkje lenger den eg må vere for å møte opp til alle andre sine forventingar. Eg er den eg vil vere. Det er ingen her som set karakter på den eg er. For meg er det ein stor forskjell på meg når eg var atten, og no når eg er nitten. Eg har fått prøvd og feila. Fått nye venar. Fått trua på meg sjølv og mine evnar. Fått gjere det eg vil, og ikkje berre det eg må. Eg har fått min billett vidare i livet.

 

Elise Myrhol Devik

Av Elise Myrhol Devik fra Åsane Folkehøgskole

Denne teksten er sendt inn som bidrag i skrivekonkurransen vi arrangerte i 2015. Temaet for oppgaven var hvordan det er å være ung i dag. Utenom dette stod elevene fritt til å skrive om det de måtte ønske, i den sjangeren de selv ville.

 

63

Mest lest

De mest spurte spørsmålene om folkehøgskole akkurat nå

De mest spurte spørsmålene om folkehøgskole akkurat nå

Dobbeltrom eller enkeltrom, kan man trene på skolen og er det rart…

Flest søker folkehøgskole fra Agder: – Føler alle jeg møter…

Flest søker folkehøgskole fra Agder: – Føler alle jeg møter…

Agder er fylket i Norge med høyest andel søkere til folkehøgskole. For…

Halvparten av årets Teaterhøgskole-kull er tidligere folkehøgskoleelever

Halvparten av årets Teaterhøgskole-kull er tidligere folkehøgskoleelever

Seks tidligere elever fra samme kull på Romerike Folkehøgskole går i år…

Se skolene som har egne strikkegensere

Se skolene som har egne strikkegensere

Flere og flere folkehøgskoler har fått sine egne strikkeoppskrifter på skolegensere. Både…

Høyre-ordfører: - Folkehøgskole burde vært obligatorisk

Høyre-ordfører: - Folkehøgskole burde vært obligatorisk

Ordfører i Haugesund, Nils Kåre Bua, har ikke selv gått på folkehøgskole.…

Mest delt

9 grunner til å velge folkehøgskole før studier

9 grunner til å velge folkehøgskole før studier

Sliter du med å bestemme deg for hva du skal gjøre til…

Dette er de 10 mest populære linjene på folkehøgskole

Dette er de 10 mest populære linjene på folkehøgskole

Søknadene strømmer inn til folkehøgskolene. Her er de 10 linjene som har…

Ikke gjør denne tabben når du søker folkehøgskole

Ikke gjør denne tabben når du søker folkehøgskole

Flere tusen søkere gjør denne tabben når de søker folkehøgskole. Det går…

Her er de nye folkehøgskolelinjene

Her er de nye folkehøgskolelinjene

Les hvilke helt nye linjer du kan søke på skoleåret 2026/2027.

Jubel på folkehøgskolene: Elevene beholder stipend

Jubel på folkehøgskolene: Elevene beholder stipend

Jubelen er stor ute på folkehøgskolene. I natt ble det klart at…