Til hovedinnhold

Data & Friluftsliv - Vår 2026

  • Kurslengde: Halvår — vår
  • Oppstartsdato: 05.01.2026
  • Linjefag: 24 timer/uke
  • Pris: fra 62 500,-
  • Verdigrunnlag:
    Frilynt
    Dei frilynte folkehøgskulane har verdigrunnlag som ikkje tek utgangspunkt i eitt bestemt livssyn. Dei vil gjerne ha elevar med ulike interesser og livssyn.
  • Tilbyr: Vegetar, vegan
    Dei fleste skulane legg til rette for dei som har matallergiar og andre behov. Ta gjerne kontakt med skulen.
  • Sted: Voss
  • Studietur: Datafaglig tur til Bergen, Telttur & båttur i Nærøyfjorden
Data & friluftsliv linjen - perfekt kombo! Kombiner lidenskapen for data & gaming, magiske opplevelser i naturen: ski i skianlegg og offpiste, fjell- og hytteturer, bålkos og paintball. Godt miljø!

Lev draumen på Voss der teknologi møter eventyr! På linja "Data & Friluftsliv" får du den perfekte kombinasjonen av lidenskapen for data og gaming med magiske opplevingar i naturen. Her slepp du karakterpress og skulebenk. I staden får du skape, lære og utforske spennande fagområde som spelutvikling, koding og 3D, samstundes som du ladar opp med hytteturar, paintball og actionfylte opplevingar. Klasserommet ditt er både datarommet og den vakre naturen rundt Voss.

Dette gjer vi

  • Køyrer masse på ski i skianlegg, offpiste og i fjellet (årskort er inkludert).
  • Drøymer oss bort på ein nydeleg vårtur til Nærøyfjorden.
  • Jobbar med dine eigne, sjølvvalde prosjekt innanfor datafaga.
  • Får høve til å prøve adrenalinfylte aktivitetar som klatring, vindtunnel og fallskjermhopp.
  • Raftar i dei kjende elvane på Voss når snøen smeltar.
  • Gaming, LAN og eSport er ein del av kvardagen.

Dette lærer du

Data

  • Koding, programmering og spelutvikling.
  • 3D-modellering og VR (virtuell røyndom).
  • Datasikkerheit og etisk hacking på ditt nivå.
  • Grafisk design med Adobe-pakka.
  • Å arrangere eigne LAN-parties og jobbe med eigne prosjekt.

Friluftsliv

  • Bli ein trygg og god skikøyrar.
  • Å planleggje og gjennomføre eigne turar med kart og kompass.
  • Å meistre teltliv, båltenning og matlaging utandørs.
  • Grunnleggjande ferdigheiter i aktivitetar som rafting og klatring.

Her får du høve til å utfordre deg sjølv med opplevingar og ferdigheiter innan data som kan opne dører til framtidige karrierar. Er du klar for å kombinere eventyr og vennskap?

På linja Data & Friluftsliv står du masse på ski rett ved skulen – med gratis årskort inkludert! I tillegg kan du prøve fallskjermhopp, klatring og andre adrenalinfylte aktivitetar i nærområdet.

Me dreg på hytteturar med både action og enkelt friluftsliv, og ofte saman med andre linjer – perfekt for å bygge gode minne.

Fellesskap og læring

Hos oss får du eit år fullt av både opplevingar og læring. Linja er kjend for sterkt samhald og eit godt miljø, og du blir ein del av ei stor datafamilie med tidlegare elevar som gjerne deler erfaringar frå studium og vegen vidare. Kanskje vitjar me dei undervegs?

Bli med – og oppdag ei verd av teknologi, friluftsliv, adrenalin og vennskap! Du vil ikkje angre!

For deg som ønsker det beste fra to verdener – både data og friluftsliv. Ingen forkunnskaper? Ingen problem! Du kan lære fra bunnen av eller bygge videre på ferdighetene du allerede har.

Dette vil du lære

Dette vil du lære

  • Koding aka Programmering 
  • Spelutvikling
  • 3D og VR
  • Datasikkerheit
  • Grafisk design (Adobe)
  • AI 
  • Eigne prosjekt
  • Lage LAN 

Friluftsliv: Her lærer du å campe i telt og under stjernene, lage digg mat på tur, bli rå på ski, bruke kart, planlegge episke turer, rafte, lage bål. 

Data: kjekke fagturer til Bergen og samarbeid med Film foto og Musikk friluftsliv 

 

Våre forventninger til deg

  • Du er interessert i - og vil lære meir om både data og frilufsliv
  • Du har lyst til å utfordre deg sjølv og prøve nye ting
  • Du gler deg til å leike med andre datainteresserte, både inne og ute
  • Du møter til undervisning 

Kristin Opsum Hollingsworth

Lærar

Kristin er ei positiv og raus dame med stort engasjement for folkehøgskulen. Ho elsker fjellturar og friluftsliv, gjerne på hytta i Vossafjella. Kristin er sertifisert yoga instruktør, med hjarte for god psykisk helse og trivsel. Ho er utdanna systemutviklar, har mastergrad i Kommunikasjon/IKT fra USA, samt pedagogisk utdanning. Før ho kom til Voss arbeidde ho ti år i IKT- og mediebransjen i USA. 

Epost: kristin.opsum@voss.fhs.no

Jon Grendahl

Lærar

Jon er både fjellmann og ein dyktig seglar. I tillegg har han god peiling på treskjæring, symjing og skikøyring. På fritida er han stupetrenar og orienteringsløpar. Trass i mengder med dårlege vitsar, er Jon omgjengeleg og ein god samtalepartnar. Han har som regel ansvar for å leie skulens festar, og har ofte ei god historie på lur. Jon har lærerutdanning og idrettsbakgrunn frå forsvaret. 

Epost: jon.grendahl@voss.fhs.no

På Voss skjer det mykje i løpet av ei veke! Skuleveka er på seks dagar, og på timeplanen står det vanlegvis:

  • Morgonsamling kvar dag
  • Linjefag to og ein halv dag i veka
  • Valfag ein heil dag + to timar
  • Fellesfag og fellesaktivitetar, inkludert laurdagsundervisning

Timeplanen kan bli endra i periodar gjennom året for å ha linjefagsveker, utanlandstur, reiser eller når vi har andre prosjekt på gang.

Last ned timeplan som pdf ↓

Denne får du ved studiestart. 

Gled deg til over 30 varierte, unike og kjekke valgfag utan press og stress. Dette er ditt år!

I våre valfag kan du prøva noko heilt nytt, eller utvikla deg i fag du allereie har interesse for. Det er ein heil skuledag og ein halv skuledagdag med valgfag på timeplanen. I tillegg har vi kvelds- og prosjektvalgfag.

Valgfagstilbudet varierar litt fra år til år. Skulen har stor faglig breidde og lærarar med lang erfaring, noko som gjer varierte og kjekke valgfag!

Ekstremsport "Try it"

Pris: 6 300,-

Faget gir ein smakebit på det Voss har å tilby av ulike ekstremsportar. Her får du utfordra seg sjølv, og flytta nokre grenser. Passar for alle. Rafting, tandem fallskjerm, elvepadling m.m

Vindtunnel

Pris: 7 800,-

Lær deg flyging i vindtunnel. Me vil gå metodisk gjennom ulike teknikkar for kroppsflyging og formasjonsflyging. Etter kvart flyr med saman i konkurranseforma FS4A. Dei som har lyst kan få delta i NM!

Sløyd

I vår fullt utstyrte sløydsal får du innføring i tradisjonelle og moderne trearbeidsteknikker. Et valgfag for deg som liker å jobbe med hendene, skape noe varig. Vi lager matboks, kniv og mye annet!

Stup, crawl og dødsing

På valfaget vårt i Vossabadet lærer du å stupe og crawle. Vossabadet er eit moderne badeanlegg som byr på eit variert tilbod frå avslappande badstuar til leik og moro i basseng og sklier.

Elvepadling

Pris: 2 000,-

Lær deg elvepadling og få NPF Grunnkurs Elv! I dette valfaget lærer du grunnleggjande ferdigheiter og tryggleik i elvepadling. Etter fullført grunnkurs vil du kunne drive med enkel elvepadling.

Stisykling

Voss er omringa av sykkelstiar. Me kan ta gondolen opp og sykle ned igjen til skulen! Passar for deg som er nybegynner eller har sykla før. Du må ha eigen stisykkel og sikkerheitsutstyr.

Topptur

Lær å gå enkle toppturar med randonnee-utstyr! Du vil læra å gjenkjenne skredterreng og ta fornuftige vegval i fjellet. Me går trygge toppturar, så du treng berre eige ski-utstyr (ikkje skredutstyr).

Paragliding

Pris: 8 500,-

Ta paragliderkurs på de same stadene du har sett på TV fra Ekstremsportveko. Våre lærarar tar deg gjennom heile grunnkurset frå skulebakken og fram til du får fly turar frå mange hundre meters høgde!

Snowboard

Lær deg snowboard i Voss Resort. Alle elever ved skulen får du heiskort inkludert i skuleprisen. Me deler opp i grupper som passer for alle nivå, fra nybyrjar til avansert teknikk.

Balanse

I dette valgfaget får du lære konkrete teknikker for å finne ro, balanse og klarhet i en hektisk hverdag. Vi utforsker pust, tilstedeværelse/mindfulness og ulike former for meditasjon.

Gitar og ukulele

Ønskjer du å lære å spele - eller bli betre på gitar og/eller ukulele? I dette faget lærer du grunnleggande akkordar og grep, rytme og strumming patterns, og å spele kjende låtar.

Smart student

Rekningar, utgifter, matbudsjett, vekesmenyar, husleigekontrakt, studieteknikk, jobbsøking, CV, kreditt og inkasso, reparasjon av eige tøy og utstyr? Få ei praktisk innføring i smart studentliv!

Yoga for alle

Yoga hjelper kropp og sinn å finne ro, tilstedeværelse og god energi - ofte er «alt» litt lettere etter en god yoga økt. Kanskje vil du oppleve at du finner din retning og vilje? Sertifisert yogalærer

Årbok

På folkehøgskolen skapes det minner som vi vil huske i alle år framover – bli med å skape det beste varige minnet fra året – nemlig ÅRBOKA!

Longboard

Pris: 1 600,-

Lag ditt eige longboard! Vel eit eige design og lag longboardet ditt frå botn. Me bestiller trucks og hjul og lagar motiv på brettet. Til slutt monterer me brettet og lærer å skate!

Frikøyring

For ski- og brettkøyrarar og som vil utvikle seg innan frikøyring. Me lærer alt frå køyring i puddersnø og bratt terreng til vindpakka snø og kuler. Voss har to fantastiske og snøsikre skianlegg.

Alpint

Lær deg skiteknikk i løypene i Voss Resort. Som elev ved skulen får du heiskort inkludert i skuleprisen. Me deler opp i grupper som passer for alle nivå, fra nybyrjar til avansert skikøyring.

Skiinstruktør

Pris: 2 000,-

Skulen har fleire lærere som held skiinstruktørkurs. Etter valgfaget blir de fleste deltakere godkjent som Instruktør trinn 1 i Den Norske Skiskole, og du kan søkje jobb som skiinstruktør.

Slowfashion og re-design

Valfaget for deg som er opptatt av klede, mote, gjenbruk og miljø. Du vil lære enkel saum og ulike saumteknikkar. Me reparerer, redesignar og syr eigne klede og tilbehør.

Filmklubb

Lyst til å utvide din filmhorisont? Då er dette valgfaget for deg! Her dukkar me ned i den fantastiske filmverda og ser filmar du kanskje ikkje ville ha sett til vanleg.

Improteater

Lær å stå framfor ei forsamling utan manus, og kjenn at det går bra! Lær om lytting, tilbod, aksept, spontanitet, status og fortellerteknikk. Leik, latter, sjølvtillit og samarbeid på ein ny måte!

Jegerprøven

Pris: 2 500,-

Vi tilbyr jegerprøven på hausten, på kveldstid. Ein erfaren instruktør leder kurset. Det er undervisning i klasserom og ute i naturen.

Havkajakk

Pris: 500,-

Ønsker du å lære havkajakk? Etter det grunnleggande i dette faget kan du låne skulen sine kajakkar på eigenhand. Fine turar på Vangsvatnet ventar! Pris inkluderer kursbevis for Våttkort grunnkurs.

Kreativ Verkstad

Jobb kreativt med ulike teknikker som akvarell, collage, grafikk, oljemaling, akryl, softpastell og oljepastell.

Restorativ Yoga

Du vil lære å koble av på gode måtar og løysne opp i kroppen. Her hentar du energi til «resten av livet» ditt. Du hjelper kroppen til å finne god søvn og kvile. Yogaprogram, Yin Yoga og avspenning.

Strikking

Valfaget for deg som ønsker å lære å strikke, eller berre perfeksjonere ferdigheitene dine. Strikking saman er gøy!

Beats & lytteklubb

Me mekkar beats og høyrer på musikk! Fins det betre måte å starte dagen på? Lågterskel!

Grafikk og trykk

Lær ulike trykkteknikkar som lino, etsing og koldnål.

Brettspel

Spel me speler kan vere: Catan, Carcassonne, Werewolf, kanskje Dungeons and Dragons? Det er fint å spele spel som tar litt tid, der ein kan lære strategiar og verkeleg leve seg inn i spelet!

Swingdans

Lyst til å sjå ut som ein gjest frå The Great Gatsby på dansegolvet, og danse til skikkeleg kul swing musikk? Lær deg å danse til skoleballet vårt etter jul. Dette er eit kveldsvalgfag.

Massasje og restitusjon

I dette faget lærer du effektive massasjeteknikker som lindrer muskelspenninger, reduserer stress og fremmer restitusjon. Du får innsikt i kroppens viktigste muskelgrupper og grunnleggende fysiologi.

Frikjøring, videregåande

Lær deg videregåande teknikk for frikøyring på ski. Skulen har fleire lærere med lang erfaring innan frikøyring, og Voss er perfekt for faget, med masse snø og Norges beste skiterreng

Voss har fantastiske linjer, over 30 varierte valfag og dyktige lærarar. Unike fasilitetar i sentrum av ekstremsport- og kulturbygda Voss -  kun 1,5 km til Voss Resort! Spennande studieturar i inn- og utland. Her får du både utfordring og meistring i eit inkluderande fellesskap. Opplev draumane dine, velkomen til Voss!

Linjer ved skolen

Les mer om skolen

Fra kr 62 500,-

Inkludert

  • Undervisning
  • Mat og rom på skolen (romtype: dobbeltrom)
  • Bad på rommet
  • Bad på gangen
  • Sesongkort Voss resort (gondol og skiheiser)
  • Flyging i vindtunnel, Vossvind
  • Adobe lisenspakke
  • Skulegensar
  • Studietur: Datafaglig tur til Bergen
  • Studietur: Telttur & båttur i Nærøyfjorden
    • Mat (2 måltider per dag)
  • Internett
  • Vaskemaskin
Minimumspris for linja 62 500,-

Du kan legge til (Huk av og se hvordan det påvirker prisen)

Lån og stipend

Studiestøtten for neste år vedtas av Stortinget i desember, ny beløp for studiestøtte legges inn etter det.
Summen du må dekke selv 62 500,-
(12 500,- per måned)
Når du takker ja til skoleplassen må du betale et administrasjonsgebyr. Resten av summen betaler du månedsvis gjennom skoleåret. Nærmere informasjon får du fra skolen.

Dette utstyret får du låne av skolen

Klasserom med fast plass til din PC, ope til kl 23 kvar dag

  • Fotoprinter
  • Vinylkuttar
  • 3D-printer
  • VR 
  • Speglreflekskamera 
  • Microbits og elektronikk 
  • Arcademaskin 
  • Projektor og høgtalar
  • Mykje anna

Fellesrom

er det foto- og musikkstudio, instrument og anna ustyr til kreativt arbeid på skulen. Skulen har gymsal, styrkerom og kino.

Dette utstyret må du stille med selv

Dette utstyret må du stille med selv

  • PC eller laptop til datafaglig arbeid, denne står fast i dataklasserommet
  • Gjerne spelkonsoll og anna spelutstyr
  • Sovepose/liggeunderlag
  • Gode sko og regnjakke
  • Gjerne foto- eller video kamera

Me prøver å tilrettelegge slik at alle kan delta på linja, ta kontakt for meir info.

Søk på linjaMer om skolenSkolens nettside

Nyheter

Folkehøgskolemamma: – Anbefaler alle foreldre å sende ungdommen sin på folkehøgskole

– Folkehøgskole føles som en trygg overgang til voksenlivet både for foreldre og ungdommen som drar dit, sier Aina Hartmark.

Nora (20) føler seg mer klar for studier og jobb etter et år på folkehøgskole

I sommer har vi snakka med flere elever om hvorfor de valgte folkehøgskole. Les hva Nora sitter igjen med etter sitt år.

Få gratis skolekatalog i postkassa!

Få katalog med full oversikt over alle folkehøgskoler i posten. Bli kjent med skolene i ro og mak, og diskuter med venner og familie!

Bestill katalogen

Linjer som ligner

Ski Vår 2026

Sogndal folkehøgskule
Halvår — vår
Frilynt

Førerkort | Tenerife

Ringebu Folkehøgskole
Halvår — vår
Frilynt

Vår 2026 - halvårskurs

Kristiansand folkehøgskole
Venteliste
Halvår — vår
15 t/uke
Kristen

Volleyball Damer, vår 2027

Sunnfjord Folkehøgskule
Halvår — vår
Kristen

Surf & Summit // VÅR 27

Møre Folkehøgskule
Halvår — vår
Frilynt

Halvårskurs vår: USA film og friluftsliv

Skogn folkehøgskole
Halvår — vår
14 t/uke
Frilynt

Volleyball Adventure, vår 2027

Sunnfjord Folkehøgskule
Halvår — vår
Kristen

Naturfoto Svalbard - vår 2026

Svalbard folkehøgskole
Halvår — vår
15 t/uke
Kristen

Ski og topptur

Lofoten folkehøgskole
Halvår — vår
17 t/uke
Frilynt

Filmskuespiller halvår, vår 2026

Solbakken Folkehøgskole
Halvår — vår
36 t/uke
Frilynt

Friluftsliv Europa Halvår-vår 26

Hallingdal Folkehøgskole
Halvår — vår
Frilynt

Idrett halvår vår

Nordvestlandet folkehøgskole
Halvår — vår
15 t/uke
Kristen

Musikk og media - Vår 26

Manger folkehøgskule
Halvår — vår
19 t/uke
Frilynt

Yoga, balanse og & ski, halvårskurs vår 2026

Hallingdal Folkehøgskole
Halvår — vår
13 t/uke
Frilynt