Til hovedinnhold
Få ledige plasser

Vestlandet byr på eit hav av freistingar. Her er det skikkelig uvêr og det bles nordavind frå alle kantar. Heldigvis! Då er du i ditt rette element.

Status elevopptak per 14/2
Antalet elevar på skulen er rekordhøgt. På denne linja er det berre nokre få ledige plassar til gutar medan jenter per i dag diverre må stå på venteliste. 


Det merkar du når du surfar di fyrste grøne bølgje i Hoddevika eller på Sardinia i Middelhavet. Den gløymer du aldri. Du er óg i ditt rette element når du tek på deg våtdrakta og dykkar ned i ei ny verd. Ei verd av klart vatn, fargerike manetar, fiskestimar og nysgjerrige selar.

På vindfulle dagar får du friske opplevingar i seglbåt eller i ein RIB med 300 hestekrefter. Og på godversdagar padler du kajakk og ser kvitkledde Sunnmørsalpar stupe rett ned i fjorden. Det danner vakre rammer for Oppdrag Hjørundfjorden og skiglede i urørte fjellsider.

Turen til Sardinia er ein to veker lang tur med tog gjennom Europa for å oppleve dagar med surfing, segling, padling og klippehopp, men også med mat, kultur, menneskemøter og tett fellesskap. Det er på slike dagar du tenker: ”Himmel og hav for eit år det skal bli!”

Det meste av det beste:
Linjetur Sardinia |  Surfing 
| Segling | Topptur | Kajakkekspedisjon | "Møte med det ukjende" | 10-kamp | Fridykking basseng/ute | Strandafjellet Skisenter | Snøholetur | Bålprat | Pudderjakt | Elvevandring | Ski/snowboard | Fisketur | "Oppdrag Hjørundfjorden" | Sunnmørsalpane | Klippehopping | Solodøgn | Triodøgn | Fjelltur | Vannsport | Fuglefjellet på Runde | Grottetur 

Sjekk ut YouTube-kanalen
Sjå magasinet 2019/20 på nett
Les meir om studietur og linjeinnhaldet

Obligatorisk: Ja

Pris: Inkludert i linjepris

Måltider pr dag inkludert: 3

På interrail kan vi reise dit vi vil. Her ventar opplevingar utanfor togvinduet kvar einaste dag.

Bli med på ei reise gjennom Aust-Europa. Nokre stopp er korte, andre plassar er vi på litt lengre besøk. Alle stadane er du likevel lenge nok til at du rekk å høyre språket, smake på maten, kjenne pulsen og merke lydane og luktene som møter deg.

Vel framme på Sardinia, ei øy som ligg vest for Italia i Middelhavet, er det mange surfespot med godt over 200 surfedagar i året. Det gjev utfordringar på alle nivå.  Her kan du også sitje å sjå utover havet, padle kajakk inn i rolege viker, segle i Middelhavet eller hoppe frå klippar i Cala Luna.

Undervegs køyrer vi rundt og blir kjend på øya. Når kvelden kjem, samlast vi rundt bordet for ein deilig italiensk pasta.

 

Obligatorisk: Ja

Pris: Inkludert i linjepris

Måltider pr dag inkludert: 4

Sunnmøre
Di nye heimebane er spekka med turistattraksjonar. Her finn du Geiranger, Hjørundfjorden, Ålesund, Flø, Strandafjellet, Sunnmørsalpane og Runde. Du får med andre ord verdsarv, djupe fjordar og sylkvasse tindar, fuglefjell og skikøyring i verdsklasse. Og du får spennet mellom Noregs vakraste by og ein liten kunstnerstad. Til saman vert det 15 dagar med fellesturar. Eigentleg treng du ikkje meir. Men du får meir. På linjeturane får du verda med på kjøpet. 

Verda
Å oppleve andre kulturar kan vere ein viktig del av ei folkehøgskuleår. På turane får du uendelege inntrykk av lydar, smakar og menneskemøter. På den måten gir reiser meining og glede, og er ein ekstra dimensjon i skuleåret. 

Her (sunnmore.fhs.no/studieturar) kan du sjå film og bilder og lese meir om linjeturane til USA, Sardinia, Tanzania/Zanzibar, Sør-Afrika, Spania, Israel/Palestina og interrail-turen gjennom Europa. 

bildetekst

Jan Einar Roos

Lærar - SjøSnøSurf

Jan Einar er mannen bak SjøSnøSurf, men føre alle andre når det er konkurranse. Han har eigen seglbåt og kan segle like godt til lands som til vanns – og i luften med. Det er ikkje Jan Einar som fann opp fjella på Sunnmøre, men han er i alle fall veldig, veldig godt kjent.

Epost: jer@sufh.no
Telefon: 70009600

Eit år på folkehøgskule skil seg frå det du har gjort av skulegang tidlegare. Faga er færre og fridomen er større. Det gjer året ulikt frå veke til veke. Nokre veker er vi på studieturar. Andre perioder har vi musikalprosjekt eller skiveke. Eller vi flyttar heile skulen ut på landet og lager festival på ein opplevingsgard. Ulikskapane til trass; under finn du eit døme på ei gjennomsnittsveke.

Last ned timeplan som pdf ↓

"Forvent mykje, få meir"
Eit folkehøgskuleår kan ikkje dokumentarast i ein årsplan eller på ein nettstad. Dei gir berre ein liten, liten smakebit av kva som kan vente deg. Difor seier vi: "Du må oppleve det for å forstå det. Du må vere her for å få det." 

I løpet av skuleåret kan du velge mellom 25-30 ulike valfag. Du vel to av dei på haustsemesteret og to nye etter jul. Du bestem sjølv om valfaga skal supplere linjefaget ditt eller om du vil ha fag som utfordrar deg på heilt nye områder. NB: Valfagtilbodet kan variere noko frå år til år.

Band/vokal/studio

Her kan du utfalde deg i samspel med andre på ulike instrument innanfor tradisjonell pop/rock-besetning. Undervisninga foregår i heilt nye øvingslokaler med eige studio og Mac'ar klar til bruk.

Barista

I skulen sin eigen vesle kaffebar kan du lære meir om prosessen frå kaffebønne til kaffekopp. Det blir tid til både espressobaserte drikkar, handbrygg, Latte Art og besøk på kaffebrenneri.

Dans

Skulen har mange gira dansarar. I dette valfaget kan du få terpe trinn, lære nye bevegelsar og oppleve danseglede. Det blir timar med ulike dansestilar som til dømes hiphop/funk og jazz/contemporary.

Filmproduksjon

Eit folkehøgskuleår er spekka med opplevingar. Nokre av dei lagrar du på netthinna. Andre festar du til film. I dette faget lærer du korleis du kan jobbe med opptak, redigering og etterarbeid.

Fotball

Eit fag med mykje leik med ball og sjølvsagt mykje spel. Gjennom øvingar og spelsituasjonar får ein utvikle seg sjølv og samstundes evna til samspel med andre. Læraren har erfaring frå 1. div-spel.

Friluftsliv, topptur vinter

Dette er faget for deg som er glad i toppturar på ski eller brett. I løpet av vinteren/våren går vi på ei rekke kjende, kvasse og spektakulære toppar i Sunnmørsalpane - så lenge forholda tillet det.

Friluftsliv/segling

Her vil du segle nokre av dagane. Andre dagar kan du klatre, padle kajakk, gå på fjellturar eller lage mat på bål. Dette er eit fag for deg som har lyst å oppleve meir av både sunnmørske fjell og hav.

Futsal

Futsal er innefotball i gymsalen med høgt tempo, harde taklingar, leikne detaljar og kjappe finter. Økta består av noko øving og mykje spel. Lærar Per Bernt har erfaring frå 1.div-spel.

Gitar

Dette er eit nybegynnarkurs i gitar. Her lærer du nokre sentrale akkordar og litt om korleis akkordar er bygd opp. Etter kvart set du akkordane saman og spelar og syng deg gjennom nye og gamle låtar.

Golf

Golf-faget passer både for den etablerte golfar og for deg som aldri har rørt ei golfkølle. Her trenar vi teknikk (grep, sving og oppstilling) på driving rangen, putting greenen og den lokale bana.

Hybelmat

Lær deg herlege rettar til studentlivet. Her kan du plukke opp gode middagstips. Vi lagar mat etter prinsippet sunt-godt-billeg. Etter faget kan du kanskje imponere som kokk til kvardag og fest.

Klatring

Klatring i ny klatrehall, på utendørs klatrefelt eller på buldresteinar på Flø. Målet er grunnleggande sikrings- og bevegelsesteknikkar. Det blir lagt tilrette til å gå opp til brattkortprøva.

Knivlaging

Her får du designe ditt eige knivskaft, tilpasse og utforme det slik at det passar til bladet og til slutt lage ei lærslire som passar til den ferdige kniven. Vipps, så har du din eigen kniv og slire.

Kreativ foto

Du lærer komposisjonsmessige og fototekniske grep for å ta bedre bilder. Det blir jobba med motivvalg og ulike teknikkar. Tema vil vere naturfoto, portrett, motefotografering og forgrunn/bakgrunn.

Kvilepuls

Nokre gongar går verda for fort. Då er det lurt å lære korleis du kan roe ned tempoet. I faget blir det varierte økter med yoga, spa, strikking, bålkos, maling, musikk, massasje, basseng og god mat.

Longboardverkstad

Lag ditt eige longboard. Vi formpressar og limer saman finèr til brett. Deretter byrjar designprosessen i forhold til form, uttrykk og funksjon - og til slutt bruk av lakk og maling.

Maling

Vi malar på lerret med akrylmaling. Vi jobbar med billedkomposisjon, fargebruk, trykkteknikkar, behandling av verktøy, collage og decoupage, din eigen kreativitet og enkel photoshop.

Mat på bål

Lyst på pizza steikt på bål i ein kjele med sand? Eller lammelår tilberedt i ei kokegrop halvmeteren under jorda? Eller kanskje mørbrad pakka i deig og steikt rett på bålet? Velkomen og velbekomme.

Maxpuls

Eit praktisk fag der du lærer å leie ein treningstime for grupper. Du vel sjølv fordjuping: spinning, styrke eller kombitimar som til dømes step/styrke. Gratis treningssenter 50 m frå skulen.

Minnebok

For mange er eit år på folkehøgskule det beste året i livet. Då er det viktig å ta vare på minnene. I dette faget kan du vere med å fylle skulen si minnebok med ord og bilder og påvirke utsjånaden.

Piano

Du får opplæring i piano med vekt på besifringsspel. Vi har mange piano på skulen, både el og akustiske. Det ligg difor til rette for at du kan halde fram med å øve lenge etter at timen er over.

Redesign

Vi startar faget med eit besøk på Fretex (gjenbrukbutikken). Her kjøper vi plagg og brukte kle som vi etterpå designar og syr til eigne, nye kle. Vi kan òg jobbe med møblar, lamper og liknande.

Stop poverty

Kvart år samlar elevane inn pengar til eit prosjekt i Ilula i Tanzania. Førre skoleår kom det inn nær 650.000,- kroner. I dette faget kan du vere med å planlegge og gjennomføre det elevstyrte arbeidet

Teatersport

Her skal du leike og le, improvisere og dramatisere. Du lærer grunnleggande reglar i teatersport der både skodespelarar og publikum spelar ei aktiv rolle. NB: Du bør ikkje ta deg sjølv så høgtideleg!

Terrengsykkel

10 fatbikes står og venter på deg som likar å sykle i eit spektakulært fjell-møter-hav-landskap. Det er også flotte, tekniske stiar i nærleiken. Lærar Henrik har vore svensk landslagskøyrar i Trial.

Vokalgruppe/kor

I vokalgruppa syng vi fleirstemte songar i ulike musikalske sjangerar som f.eks pop, jazz, musikal eller klassisk. Kanskje vert du utfordra til å vere solist eller dirigent på ein minikonsert.

Volleyball

Det vert fokus på teknikktrening, mykje spel og innlæring av ulike roller i angrep og forsvar. Det er eit fag der du kan få stor framgang lagmessig og individuelt. På våren deltek du på ei turnering.

Volontør

Faget der omsorg og nestekjærlighet står i sentrum. Her blir det møte med menneske frå ulike samanhengar i nærmiljøet til skulen, på heimebesøk hjå gamle og saman med einsleg, mindreårige asylsøkjar

X-fit

X-fit er inspirert av treningsforma Crossfit og er ei variert og funksjonell trening, utført med høg intensitet. Du trener både styrke og kondisjon, og X-fit er god basistrening - uansett idrett.

Yoga

Eit fag der fysisk aktivitet og mindfullness møter kvarandre. Du får øvelsar som gjev styrke, fleksibilitet, balanse og avspenning, ro og nærvær. Yogastilane vil vere ashtanga, vinyasa og yin.

Ein av Noregs finaste folkehøgskular er eit tidlegare SAS-hotell. Hav, fjordar, strender og Sunnmørsalpar er våre næraste naboar. Det er difor klatrarar, musikarar, filmskaparar, surfarar, skikøyrarar, kunstnarar og friluftsfolk kjem reisande hit frå fjern og nær. Dei vil oppleve noko vilt, vakkert og ekte. 

Linjer ved skulen

Les mer om skolen

Fra kr 130 500,-

Inkludert

  • Undervisning
  • Mat og rom på skolen (romtype: dobbeltrom)
  • Bad på rommet
  • Fri tilgang til eit flott treningssenter 50 m frå skulen
  • Studietur: Sunnmøre vs Verda
    • Mat (4 måltider per dag)
  • Studietur: Sardinia
    • Mat (3 måltider per dag)
    • Visum
  • Internett
  • Vaskemaskin
Minimumspris for linja 130 500,-

Du kan legge til (Huk av og se hvordan det påvirker prisen)

Lån og stipend

Summen du må dekke selv 130 500,-
(13 050,- per måned)
Vår betalingsplan er i stor grad tilpassa utbetalinga frå Statens lånekasse.
Du betaler månedsvis gjennom skoleåret. Nærmere informasjon får du fra skolen.

Husk at du også trenger penger til dette

Søk på linjaMeir om skulenSkulen si nettside

Frå bloggen

Romkamerater

Vi har snakka med årets elever om hvordan det har vært å bo sammen.

Les meir på bloggen ▷

Bestill katalogen for 2020/2021

Få full oversikt over skoler og linjer, og bli kjent med livet på folkehøgskole.

Bestill katalogen

Linjer som liknar denne

H2O - Outdoor Action

Stavern folkehøyskole
Venteliste
Heilårskurs15 t/ukeKristen

Klatring, seil og backpacking

Kristiansand Folkehøyskole
Venteliste
Heilårskurs15 t/ukeKristen

Friluftsliv Sjø - Kroatia

Karmøy Folkehøgskule
Venteliste
Helårskurs A6 t/ukeFrilynt

Vannsport og seiling Norge

Jeløy Folkehøyskole
Ledig plass
Heilårskurs14 t/ukeKristen

Ski og Seil - Lyngsalpene og Kroatia

Folkehøgskolen 69° Nord
Ledig plass
HeilårskursKristen

Surfing & ski

Lofoten folkehøgskole
Kontakt skulen
Heilårskurs15 t/ukeFrilynt

Friluftsliv / Vind og vatn

Nordfjord folkehøgskule
Fullt
HeilårskursKristen

Surf, brett og miljø

Bakketun Folkehøgskole
Ledig plass
Heilårskurs17 t/ukeKristen

Friluftsliv Sjø - Færøyene/Island

Karmøy Folkehøgskule
Ledig plass
Helårskurs BFrilynt

SoulSurf - Yoga Surf Klima

Folkehøgskolen Nord-Norge
Kontakt skulen
Heilårskurs24 t/ukeKristen

Seil, surf, kite, reis

Risøy Folkehøyskole
Fullt
HeilårskursKristen

Surf

Jæren folkehøgskule
Fullt
Heilårskurs12 t/ukeFrilynt