Til hovedinnhold

Esport, Gaming, og Sosialt!

Søk på linja

Møt andre dedikerte spelarar, bygg lag og delta på kamper, LAN og turneringer. Kombiner gaming, det sosiale og trening, i eit aktivt miljø. Du lærer om kommunikasjon, reaksjon, taktikk og samarbeid.

Kombiner Gaming og Esport, med sosiale utflukter i eit kjekt nytt vennefellesskap.

Lær meir om spel, lagarbeid og strategi

På Esport, gaming og sosialt får du anledning til å fordjupe deg i ditt spel, og i ulike sjangrar. Spele spel som er sentrale innanfor esporten om det er League, CS:GO, Valorant, Fortnite, OW2, TFT og anna. Om du er fersk eller viderekommen, er du velkommen her.

Linjetimane består av førelesingar, analyse, speling, konkurransar, theory-crafting, og planlegging. Me tar for oss dei største sjangrane innanfor spel-verden og utforskar dei ilag.

Bli med å arranger LANet IPXLan, som Compo-crew, teknisk-crew og/eller deltakar.

Kva haust arrangerast IPXLan, der får klassen anledning til å vere med å arrangera, planlegga, konkurrera og læra om spel-festivalen som eit LAN eigentleg er.

Eit sosialt år

Du og din klasse samlast basert på felles interesser, og du får mange kjekke opplevingar gjennom skuleåret. Du kan velje i spennande valfag og kombinere ditt eige skuleår.

...og ikkje minst får du oppleve alt det andre som Stord har å by på

Alt i alt; Sosialt, utfordrande, lærerikt, aktivt, spennande og gøy.

Linja passer for deg som vil fordjupe seg i dataspel, som League, Apex, CS:GO, OW2, Valorant eller anna. Uansett om du er nybegynnar eller erfaren. Her er det kombinasjon, med folk på alle nivå.

Dette vil du lære

  • Du vil få anledning til å fordjupe deg i dei større spela innanfor gaming og esport
  • Du vil få prøve ut og delta i mange andre typer sosiale spel
  • Danne eit lag og konkurrera saman i tjukt og tynt
  • Gode treningsrutiner, eige treningsprogram og oppfølging på kosthold
  • Analysere kamper, for å forbetre deg og gi deg nye idéar
  • Vere aktiv fleire gonger i veka. 

Våre forventninger til deg

  • Du er engasjert og positiv
  • Ønsker å utvikle deg sjølv
  • Du kjem med eigen datamaskin og programvare
  • Du tåler å diskutere med laget ditt om kvifor ein kamp gjekk skeis
  • Du stiller opp for laget ditt
  • Du bidrar til å oppnå eit triveleg klassemiljø
  • Du bygger opp dine medelevar

SpillExpo road-trip

Obligatorisk: Nei

Pris: Inkludert i linjepris

Måltider pr dag inkludert: 2

Hovudturen for linja blir til SpillExpo i Lillestrøm, ei brei, samlande spelmessa for alt spelrelatert i Norge. Me besøker andre folkehøgskular og utfordrar dei i turneringar, og planlegger turen vår i fellesskap.

LAN, Paintball, Go-Kart...!

Obligatorisk: Nei

Pris: Inkludert i linjepris

Gjennom skuleåret finn me på mange spennande aktivitetar saman. Som LAN, Paintball, Go-kart, og andre aktivitetar. På denne linja går elevane og linjelærar saman og diskuterar linjeturane i fellesskap, slik at alle får vere med å avgjera.

Våre turar er unike opplevingar som ofte er vanskeleg å gjennomføra på eigahand, som fjordcruise med veteranskip i nydelege Hardangerfjorden. Du vil reisa på ulike turar nært og fjernt. Nokre turar er knytt opp til dei enkelte linjene, medan andre er felles for skulen.

Veteranbåten MS Sunnhordland på Vestlandet

Obligatorisk: Ja

Pris: Inkludert i linjepris

Skuleåret får ein pang-start med at heile skulen reiser på tur med Veteranskipet MS Sunnhordland inn i vakre Hardangerfjorden og rundt i Øyriket Sunnhordland. Me opplever flotte stoppestader og nyter vakker natur og unike sund ombord i eit historisk skip!

Vintereventyr til Hovden

Obligatorisk: Ja

Pris: Inkludert i linjepris

Når vinteren slår til reiser me til Hovden for dagar med ski og alpint. Her er det mogeleg med flate turar, slalåm, slakke turar, aking, toppturar, bratte turar eller veldig bratte turar. Noko for alle nivå!

Jon Even Berger

Lærar

Vår Gaming-sjef er Jon Even. Jon Even er født i 1995, er utdanna lektor og har ei stor lidenskap for alt innen gaming. Interessa startet med ein Game Boy Color på slutten av 90-tallet, og held fram inn i jobben med Esport-linja på Stord Folkehøgskule. Jon Even er fan av «variety gaming», men er også en fysisk aktiv person, og ein inkluderande sosial kjekk kar, og den delen går igjen i linja.

Epost: joneven@stordfhs.no
Telefon: 48119020

  • Skulestart: Søndag 25. august 2024
  • Haustferie: Fredag 4. – 13. oktober (Fredag 4. oktober fri frå kl. 12, returdag søndag 13. oktober)
  • Juleferie: 18. desember til 2. januar (Onsdag 18. desember fri frå kl. 12, returdag tysdag 2. januar)
  • Vinterferie: 21. februar til 2. mars (Fredag 21. januar fri frå kl. 12, returdag søndag 02. mars)
  • Påskeferie: til 22. april (Fredag 11. mars fri frå kl. 12, returdag tysdag 22. april. Oppstart 23. april)
  • Avslutningsfest 10. mai
  • Avreise: Siste avreisedag, 11. mai kl 12.
Last ned årsplan som pdf ↓

Her kan du velja og tilpassa skuleåret akkurat slik du vil. Ved Stord Folkehøgskule har du ein omfattande meny av valfag. Valfaga varierer i omfang, og du kan velje 1-3 valfag for kvar termin. Til vanleg varer valfaget i to eller tre skuletimar kvar veke.

Klatring

Foregår i klatreveggen inne på vikahaugane, om været tillet det kan det bli uteklatring/rapellering. Lære å sikre, øve på klatring, få teknikktips.

Kreativ Maling

Spray-boksar, akryl, børstar og vassmaling. Her får du lære om maleteknikkar, og mala dine eigne kreasjoner.

Mixology Mocktail Bartending

På skulen har me vår eigen alkoholfrie bar. Lær deg å laga moctails, utforska spanande smakskombinasjonar, laga eigen garnityr, å skapa stemning og å møta menneske.

Skyting

Her vil du få høve til å fordjupe og praktisere skytterkunsten, ved anlegget til Stord Skyttarlag på Stord. Eige gevær eller lån av oss!

Trening, helse og kosthald

Lær mer om hvordan kosthold og trening påvirker helsen din, og få hjelp til å lage egne treningsprogram for dine behov. Kvar økt startar med litt teori, før me går over til praksis i treningsstudio.

Volleyball

Volleyball er intenst, gøyalt og svært god trening! Og ikkje minst ein utruleg lærerik lagsport nesten alle har vore med på!

Brettspel og Table-top

Brettspel er sosialt, underhaldande, lærerrikt, utfordrande og gøy. Den vanvittige store variasjonen i ulike spel vil gi deg mange utfordringar og kjekke opplevingar.

Båt og sjø

Livet ved og på sjøen! Her kan du seile både jolle og kjølbåt, og kjøre motorbåt. Vi bruker SUP-brett og kajakker, prøver fiskelykken og setter krabbeteiner, og selvfølgelig tar vi oss et bad i sjøen.

Escape Room Sunnhordland

I dette faget skal du besøke ulike Escape room i vårt nærområde, og designe, planlegge og bygge eit Escape Room sjølv. Ulikt, lærerikt og veldig spennande fag!

Matlaging i naturen

Vi går små turer der vi lager mat i naturen, enten på bål eller stormkjøkken. Vi plukker bær og sopp som brukes i rettene. Her får du mulighet til å lage forskjellige matretter og teste ut nye smaker.

Mobilfoto

Me utforskar by og natur armert utelukkande med mobilkameraet. Me forsøker å knipsa dei flotte augneblikka.

Podcast

I vårt eige lydstudio lærer me å laga podcast og radio-sendingar. Kva skal til for å underhalde og korleis når ein ut til folk?

Stop motion

Stop motion er en animasjonsteknikk. Vi tar ett bilde av et stillestående objekt, flytter objektet, tar ett nytt bilde, flytter objektet igjen osv, og til slutt sitter vi igjen med en leken animasjon.

Strikk, sy, redesign

Lær å strikke, eller å sy! Lag dine eigne klede, både avansert og enkelt, gjerne med gjenbruk av materialer.

Aktiv lytting

I Aktiv lytting presenterer vi musikken vi liker for våre medelever, og forklarer kva det er som gjør den spesiell for oss. Vi går gjennom forskjellige sjangre, og gjør vårt beste for å eksponere oss

Baking

Me er på kjøkkenet og bakar til vår eigen kafe.

Dungeons & Dragons

Innlevelse, terningar, grotter, drakar, magi og humor. Har du funne din karakter og bestemt deg for eventyr, eller vert du sitjande i byen og krangla med vaktane? Opp til deg!

Teikning/måling

Her får du mulighet til å prøva ulike teknikkar på eiga hand, sjå på ulike former for teikning og maling

Alternativt ballspill + fotball

I dette valgfaget får du mulighet til å teste ut alternative ballspill. Flagfootball, Tchoukball med mer.

Fantasy Premier League

Vi danner en egen liga på skolen og møtes for å diskutere taktikk, før vi kårer rundens vinner.

Filmklubben

Me ser notoriske filmklassikarar, drøfter og diskuterar kva desse betyr og kva som har gitt opphav til dei. Knasker popkorn og slapper av.

Mobilitet/Stretch/ Relax

Lær å kjenn din eigen kropp, strekk, føl og slapp av i kroppens mange muskler. Me går gjennom mobilitetsøvelsar for å læra om førebygging av skader, balansen i ein glad kropp og velbehag.

Årbok

Alle veit at det er veldig kjekt å ha gode minner frå folkehøgskulen til å sjå tilbake på i etterkant. Har du ein liten skribent i magen, eller likar godt å ta bilder? Då kan årbok-valfag vere for deg

Båtførarprøven

Pris: 3 000,-

Ta båtførarlappen saman med Redningsselskapet på folkehøgskulen. Dette er eit tilbod alle kan få uavhengig av andre valfag.

Mykje løye

Klatring inne, rapellering ute, ut i båt til fyrøya, gaming, tur inn i eit tre, skogstur til ei stor grotte, flyting i overlevelsesdrakt...rett og slett mykje løye

Show: Dans & teater

Me regisesserer og øver inn sketsjar og dansenummer for opptreden og framføring for medelevar og kvarandre.

Kjøkken, hybel og gatemat

Her får du læra å laga spanande, rimelege, næringsrike og enkler rettar som de kan laga til dykk sjølv eller til sosiale settingar. Me lagar alt frå norsk tradisjonsmat til internasjonale rettar.

Heilårsbading

Me går ut kvar veka for for å bade i sjøen, uansett vær og vind.

Bokklubben

Me trekker oss litt vekk og besøker det store Biblioteket i Leirvik. Me lærer om viktige bøker og les i fellesskap uten forstyrringar. OBS: Du får fullstendig fri frå mobilen!

Forbetre VGS-fag

Treng du å ta opp nokre fag, eller få betre karakter? Då kan du få hjelp og god tid til å fokusere på dette her.

Stord Folkehøgskule er ein variert, kreativ og moderne skule - i hjarta av Vestlandet og midt i kystbyen Stord mellom Bergen og Stavanger. Her er det fleire varierte linjer, elevar frå heile landet, godt sosialt og inkluderande skulemiljø, og mange aktivitetar og valfag å fylla skulekvardagen og fritida med.

Linjer ved skulen

Les mer om skolen

Fra kr 120 700,-

Inkludert

  • Undervisning
  • Mat og rom på skolen (romtype: dobbeltrom)
  • Bad på rommet
  • 4 måltid kvar dag
  • Turar i skulen sin regi
  • Skulegenser
  • Årbok
  • Studietur: Veteranbåten MS Sunnhordland på Vestlandet
  • Studietur: Vintereventyr til Hovden
  • Studietur: LAN, Paintball, Go-Kart...!
  • Internett
  • Vaskemaskin
Minimumspris for linja 120 700,-

Du kan legge til (Huk av og se hvordan det påvirker prisen)

Lån og stipend

Summen du må dekke selv 120 700,-
(12 070,- per måned)
Når du takker ja til skoleplassen må du betale et administrasjonsgebyr på rundt 2500 kroner. Resten av summen betaler du månedsvis gjennom skoleåret. Nærmere informasjon får du fra skolen.

Husk at du også trenger penger til dette

Dette utstyret får du låne av skolen

Det raskaste fiber-bredbandet der du kan kople på med kabel for låg ping og latency, gode stolar og bord. Og elles alt det som høyrer til på ein skule.

Andre ting:

  • Sosialstove
  • Toalett og bad på alle rom
  • Treningssenter og svømmehall i nabobygg
  • Byliv, restauranter og butikker
  • Lan og datamiljø i og utanfor skulen
  • Mange kjekke aktiviteter heile skuleåret
  • Lett å reise til og frå skulen

Dette utstyret må du stille med selv

Du må ha med din eigen datamaskin, og personleg utstyr som mus og tastatur og skjerm. Ta gjerne med konsoll i tillegg om du har dette. Me arbeider med ulike sponsorer for å ha godt ekstrautstyr som gamingstolar og headset, og utstyrslista vil du få i god tid før skulestart. Også enkelt treningstøy til innendørs er viktig.

For å delta på mykje av det spennande som skjer på skulen er det viktig å ha med diverse klede. Du vil få eit forslag til pakkeliste i god tid før skulestart.

  • I løpet av sommaren tar vi kontakt med elevane og prøver å kartlegge korleis me kan tilpasse situasjonen best mulig for hver enkelt elev. Du kan også kontakte oss når som helst dersom det er behov for tilpasninger eller måter me kan tilrettelegge for ein betre, tryggare og kjekkare skuledag.
  • Me har god erfaring med å tilrettelegge for deg med funksjonsnedsettelse eller kronisk sjukdom. For rullestolbrukarar er det mogleg å skaffe hev/senk pulter og eventuelt andre stolar for å gjere opplevinga i klasserommet så god som mogleg.
  • For elever med hørselshemming er det mogleg å bruke headset med høyreapparat og ein mikrofon utenom. Då er du raskt online og aktiv med dei andre elevane.
  • Me har også erfaring med elevar innanfor autismespekteret, og ved hjelp av god dialog kan me sikre at skoledagen blir så trygg, forutsigbar og kjekk som mogleg.
  • Ved andre behov er det berre å ta kontakt med linjelærar eller nokon andre i personalet.

Bygninger

Vår heis er liten, men går til alle etasjar, og rullestolheis/ramper på grunnplan til alle nivå. Vår bygningsmasse er delvis tilgjengelig for rullestol. Utearealet er universelt utforma og tilgjengeleg for alle.

  • Alle våre rom har eige bad og toalett.
  • Me har 2 HC-toalett i undervisingsareal.
  • Me har 2 kvilerom, og diverse opphaldsareal.
  • Skulen har fastmontert høgttalaranlegg.

Mat

Me tilbyr glutenfri mat, laktosefri mat, vegetar og tilpassingar til andre allergiar og kostholdsbehov. Gi oss beskjed slik at me kan legga til rette for deg.

Søk på linjaMeir om skulenSkulen si nettside

Dette seier tidlegare elevar

Sander Amin Haraguemi

Anbefaler folkehøgskole, verken noe mer eller mindre enn det. Og Esport, Gaming og Sosialt på Stord er et svært godt alternativ!

Sander Amin Haraguemi
Torstein Ward

Esport, Gaming og sosialt var ein sjanse å finna folk med same interesser som meg og ha det kjekt med forskjellige spel og mange forskjellige folk. Eit år som var noko anna enn å sitta heima å spela, så da ville eg gjøre det sosialt samen med andre!

Torstein Ward
Niklas Berglund

Det beste med folkehøgskole er å få så mange nye venner, ekstra gøy på esport hvor man da får flere å spille med. Vi har mange ups og down i turneringer, og så finner vi på mye utenom i tillegg, veldig inkluderende og konkurranseinnstilt miljø!

Frå bloggen

Guri Melby: - Folkehøgskole er slett ikke utdatert

Med de ordene åpnet leder av Venstre og tidligere kunnskapsminister Guri Melby i dag splitter nye Stord folkehøgskule. Søndag flytter 95 spente elever inn i ...

Les meir på bloggen ▷

Få gratis skolekatalog i postkassa!

Få katalog med full oversikt over alle folkehøgskoler i posten. Bli kjent med skolene i ro og mak, og diskuter med venner og familie!

Bestill katalogen

Linjer som liknar denne

Kreativ e-sport

Haugetun Folkehøyskole
Heilårskurs14 t/ukeKristen

E-sport

Namdals folkehøgskole
Heilårskurs17 t/ukeFrilynt

Game Design

Sunnhordland folkehøgskule
Heilårskurs20 t/ukeFrilynt

Gaming Aktiv

Bakketun Folkehøgskole
Heilårskurs17 t/ukeKristen

CS2 faceit level 10+

Torshus folkehøgskule
HeilårskursFrilynt

Spillgründer

Torshus folkehøgskule
Heilårskurs15 t/ukeFrilynt

E-Sport FPS

Bjerkely folkehøyskole
HeilårskursKristen

E-sport Counter-Strike 2

Torshus folkehøgskule
Heilårskurs15 t/ukeFrilynt

Spillutvikling

Danvik Folkehøgskole
HeilårskursKristen

Spillbedrift

Sunnhordland folkehøgskule
Fullt
Stipendiatlinje30 t/ukeFrilynt

Data & Friluftsliv

Voss folkehøgskule
HeilårskursFrilynt

E-sport

Lundheim folkehøgskole
Helårskurs A9 t/ukeKristen