Brasil - Rio de Janeiro
Mandatory: Yes
Price: Included in course price
Duration: 16
Meals included per day: 3
Rio de Janeiro - Reise og måltid inkludert i linjepris!
Bli med til fantastiske Brasil og Rio de Janeiro! I mars reiser linjene Volleyball, Dans Idrett og Beach & Volleyball til vakre og spennande Rio de Janeiro i 2 veker. Her skal du få trene på Copacabana saman med profesjonelle trenarar frå Rio. Det blir hektiske og innhaldsrike dagar i eit varmt og behageleg klima.
Vi har gode kontaktar i Rio som vi har jobba med i mange år som bidreg til å lage ein god, trygg og lærerik studietur.
Det er få ord som beskriv byen Rio de Janeiro betre enn “byen med kontrastar”. Her er det skyhøge bygningar og enorme favelaer. Rik og fattig lev side om side, men samtidig adskilt. Dei fleste menneska du kjem til å møte er hyggelege, varme og nysgjerrige på kven du er og kvar du kjem frå. I løpet av turen til Rio vil du få møte folk fra alle samfunnslag og få sjå korleis dei ulike menneska lev.
Lokale severdigheter som Sukkertoppen og Kristustatuen skal også opplevast. Solnedgangen fra Sukkertoppen er heilt unik. Vi skal besøke Maracana som er verdens største fotballstadion, her har VM og OL finaler blitt spelt. .
Polen
Mandatory: Nei
Price: 8 000
Duration: 5-7 dagar
I oktober går linjeturen til Polen. Polen er heimen til ein av verdas beste liga, nemleg Plussligaen. I løpet av denne veka vil ein få sett volleyballkamp frå øverste hylle, samt få sett korleis profflaga trenar. I tillegg vil vi få bruke dei same treningsfasilitetene som verdastoppen, og testa eige nivå mot juniorlag i nærområdet.