A combination of different sports and outdoor activities.
Fotball – hjarta i reisa
Fotball er ein raud tråd gjennom året – både som aktivitet i kvardagen og som ein sentral del av reisene. Enten du elskar å spele sjølv, heiar på favorittlaget frå tribunen, eller berre vil kjenne på magien rundt sporten, er Goal & Globe ei linje for deg. Vi spelar fotball kvar veke, deltek på turneringar og besøkjer nokre av dei mest ikoniske arenaene i verda.
Brasil – fotballens vugge og strandidrettens paradis
Vårens høgdepunkt er ei reise til Brasil, der vi dykker rett inn i landets verdskjende fotballkultur. Vi besøkjer Maracanã – eitt av dei mest ikoniske stadiona i verda, og får moglegheit til å oppleve fotballkultur slik berre brasilianarar kan gjere det. På dagtid boltrar vi oss med strandidrettar som beachvolleyball, beachtennis og footvolley, og kanskje får vi også med oss ein proffkamp i volleyball på internasjonalt toppnivå. På reisen stoppar vi òg innom London og får med oss ein Premier League-kamp. Dette er idrett og reise i perfekt kombinasjon.
London – Opplev byliv og fotballen på sitt beste!
På veg heim frå Brasil stoppar vi i London. Her får du fine dagar der du får oppleve London som by og alt den har. Du får også med deg ein Premier League kamp