A combination of different sports and outdoor activities.
Fotball – hjarta i reisa
Fotball er ein raud tråd gjennom året – både som aktivitet i kvardagen og som ein sentral del av reisene. Enten du elskar å spele sjølv, heiar på favorittlaget frå tribunen, eller berre vil kjenne på magien rundt sporten, er Goal & Globe ei linje for deg. Vi spelar fotball kvar veke, deltek på turneringar og besøkjer nokre av dei mest ikoniske arenaene i verda.
Fotball, kultur og storbyliv – Europatur om hausten
På hausten reiser vi på ein 10-14 dagar lang Europatur som du og klassen planlegg saman. Vi legg opp til å besøkje legendariske fotballbyar – for eksempel Barcelona, Madrid, Paris, München eller Dortmund, avhengig av klubbane sine terminlister. Her får vi oppleve storkampar på stadion, besøkje klubbane sine museum og ta eit djupdykk i ekte supporterkultur. Kampane, tribunelivet og storbykjensla gjer dette til ein tur du aldri gløymer – særleg for deg som har eit hjarte som bankar for fotball.