Nordfjord folkehøgskule
- Øvre Nordstranda 380, Sandane
- Telephone: 57 86 80 40
- E-mail: kontor@friluftslivskulen.no
- Number of students: 140
- Hours of tuition per week: 30One tuition hour is 45 minutes.
- Start-up date: 21.08.2027
- Location: Gloppen
OUTDOOR LIFE SCHOOL
- between glacier, mountain and fjord
Nordfjord Folkhøgskule is situated among the magnificent natural wonders of Western Norway on the shores of the 10km long Gloppen Fjord. This fjord stretches between mountains and valleys, south-east as an arm from the main Nordfjord, which then winds west to the Atlantic Ocean.
We offer Outdoor life as our major subject, with focus on these areas:
Ski and surf
Board
Mountaineering and glacier
Expedition
Hunting and fishing
Wind and Water
KRIK
We offer some Norwegian instruction.
Price: 3 000
Hoddevika byr på god surf, fantastisk natur og god stemning. Denne veka skal vi oppleve alt kva Hoddevika har å by på. I tillegg til mykje viking surf i friskt norsk hav skal vi lære meir om å lese bølgjevarsel, forstå korleis bølgjer dannast og kva for forhold me ynskjer. På kveldstid vert det god tid til å få att varmen under eit pledd i sofaen med gitar og sjarmerande allsong.
Price: 1 600
Du lærer grunnleggande teknikk, tryggleik og redning, og får oppleve mestring ned vakre elver. Opplev alt frå rolege parti til brusende stryk.
Price: 1 500
Dette blir ei god veke med påfyll for trua og surfesjela. Bibelundervisning, stille tid, lovsong og surf - kan det bli betre? Vi bur i Ervika på Stad og bur der onsdag til fredag. To av dagane blir vi i Hoddevika for å surfe. Resten av tida brukar vi til å ha fokus på eiga tru, Jesus-relasjonen og fellesskapet.
Price: Included in course price
Info kjem
Price: 3 500
Fridykking er ei form for dykking i vatn, der du berre brukar den lufta du har i lungene, utan bruk av utstyr for pusting. Tur til kysten eller Norangsdalen for å dykke. Pris: 200k for utstyr, 1500 kr for kursbevis og overnatting.
Price: 1 900
Jakt på hjort i godt terreng med mykje dyr. Vi bur i flotte jakthytter rett ved sjøen.
Price: 1 800
Kysten og havet er fylt av store kontrastar. Frå blikkstilt hav og sol i luggen til bølgesprut og storm i sydvesten. I dette landskapet har menneske levd i lange tider og etterlatt seg mykje kultur og historie. Denne veka skal me ut å sjå og bu i fyr langs kysten, gå turar, lage god mat og få oppleve noko av livet til fyrbøtarane.
Price: 2 500
Å kite på snø er litt som å ha ein privat skiheis som tek deg dit du vil. Med eit snødekt landskap som leikeplass og vinden som leikekamerat har du uendelege moglegheiter. Den trekker deg dit du vil og let deg tilbakelegge store strekningar i godt driv. Du vil lære å sjølvstendig sette opp kiten, fly på ein sikker måte og suse bortover snøen anten på ski eller snøbrett.
Price: 2 500
Vi reiser til Sunnmøre og bur midt i smørauge mellom toppar, langrennsløyper og skitrekk. Strandafjellet ligg rett i nærleiken, og blir det oppkøyrt der, kan vi reise til et mindre lokalt anlegg, Fjellsetra. Toppane når vi med feller under skia og er du meir oppteken av god glid, blir langrennsløypene stadig trakka. Dette blir ei veke med god stemning og høve for å oppleve Sunnmøre på sitt beste. Vi håpar pudderalarmen går!
Price: Included in course price
Vintertur kombinert med toppturar. To netter i telt (dei andre dagane bur du på skulen). Turområde blir i Gloppen eller i ei av nabokommunane. Det kan bli basecamp i Jølster med toppturar eller overnatting i Svatebotn ved Myklebustbreen og dersom vêrforholda tillet det, kan det blir tur på Snønipa.
Mandatory: Yes
Price: Included in course price
Duration: 5 dagar
Meals included per day: 4
Har du lyst til å stå til rors på eit hundre meter langt seglskip, eller klatre i riggen 40 meter over bølgjene? Dette blir berre nokre av ingrediensane når vi legg ut på tokt med Statsraad Lehmkuhl. Gled deg til flotte døgn som manskap ombord på verdas største tremasta bark.
Å reise med Statsraad Lehmkuhl er ikkje ein skuletur der målet er det viktigaste. Det er å reise på ein måte som som spelar på lag med naturen. Og der opplevingane og felleskapet på seglturen vil gjere dette til ein tur du aldri gløymer. Undervegs er vi mannskap om bord, og lærer vi mykje om segling, tauverk, navigasjon og livet på sjøen. Og så blir vi betre kjent med kvarandre.
I løpet av året har vi tre felles skuleturar der alle elevane er med. Dette toktet er ein av desse, og denne går av stabelen om våren.
Mandatory: Yes
Price: Included in course price
Duration: 5 dagar
Meals included per day: 4
Tidleg i vintersesongen køyrer vi til Myrkdalen for å utvikle skiteknikken. Du vil få instruksjon på ditt nivå, anten du er heilt fersk eller har erfaring frå før.
Med desse skidagane i beina ligg alt til rette for fantastiske toppturar og djupe pudderdagar resten av sesongen!
Mandatory: Yes
Price: Included in course price
Duration: 3 dagar
Meals included per day: 4
Ei magisk vandring heilt ute ved havet, med storslått utsikt, er ei mektig oppleving. Vi går heile skulen, frå sandstranda, opp på toppane og kikkar ut på storhavet. Ein pilgrimsvandring, så langt vest du kjem, med folk du har blitt glade i og folk du har delt mange flotte opplevingar med. Den perfekte avslutninga på året.
Mandatory: Yes
Price: Included in course price
Duration: 3 dagar
Meals included per day: 4
Vi utnyttar vinterfjellet i bakgården og dreg saman på tur for å lære grunnleggande ferdigheiter som overnatting, ferdsel og trivsel i snøen. Du vil til dømes lære å lage snøhole, iglo og kantgrop, og du får overnatte i desse.
Når mørket senkar seg og stjernehimmelen tittar fram, samlast vi rundt bålet for kveldssamling og hygge.
Mandatory: Yes
Price: Included in course price
Duration: 4 dagar
Meals included per day: 4
Det beste av Norge på fire dager. Med tog, buss og ikkje minst til fots.
Når haustfargane er på sitt vakraste reiser heile skulen på tur. Vi vil bygge felleskap og gode relasjonar i vakre omgjevnader. Først går turen til Flåmsbana. Ei av verdas vakraste og brattaste togreiser på normalspor. På Myrdal byter vi til ekspresstoget frå Bergen og går siden av på Finse. Her vert det servert middag på Finsehytta. Kveldssamling har vi under open himmel før vi finn telt og sovepose. Dag ein er over.
Blåisen på Hardangerjøkulen er turmål for dag to. Ein relativt enkel og flat tur nokre kilometer inn og ut att. Før tog og buss tek oss til Austerbø fjellstove. Denne dagen har vi god tid til å verte godt kjend og dei ulike bytta gjev ein god flyt på dagen. Om kvelden vert det servert middag og kveldssamling.
Aurlandsdalen er ei majestetisk oppleving som no står for tur. Ei god og lang vandring nedover dalen. Ville fossar, bratte stup og fjellgardar der ingen skulle tru at folk kunne bu. Dette er vestlandet på steroidar. Vi vandrar i lag og forhåpentligvis rekk vi ein god pause på Sinjarheim. I Vassbygdi ventar bussane som kjøyrer oss inn i neste ville dal, Utladalen.
Siste dag går vi inn Utladalen innst i Sognefjorden. Vi tek ein roleg tur til Vettisfossen og får sjå Norges høgste verna foss, med heile 275 meter fall. På Vettis gard er det fint å ta ein rast før vi vender snuten heimover. Betre kjend med Norge og med kvarandre.
Mandatory: Yes
Price: Included in course price
Duration: 3 dagar
Meals included per day: 4
Med høge fjell og djup snø er Vestlandet eit mekka for skientusiastar. Feller under skia gjer desse snødekte fjella tilgjengelige for leiken skikøyring. Me pakkar med oss telt for å kunne bu midt i smørauget, og det er her oppturen startar. Opp, opp, mot stadig flottare utsikt, før nedturen i djup pudder blir ein vel så stor opptur.
Mandatory: No
Price: Included in course price
Du får fordjupe deg i eit tema, ein aktivitet eller eit prosjekt, du kan kalle det ei valfagveke. Vi har prosjektveker i november, desember og mars. Du finn fullstendifg oversikt over alle prosjekta på vår eiga heimeside: https://friluftslivskulen.no/valfag-og-prosjekt/