A combination of different sports and outdoor activities.
Fotball – hjarta i reisa
Fotball er ein raud tråd gjennom året – både som aktivitet i kvardagen og som ein sentral del av reisene. Enten du elskar å spele sjølv, heiar på favorittlaget frå tribunen, eller berre vil kjenne på magien rundt sporten, er Fotball Away Days ei linje for deg. Vi spelar fotball kvar veke, deltek på turneringar og besøkjer nokre av dei mest ikoniske arenaene i verda.
Fotball, kultur og storbyliv – Europatur om hausten
På hausten reiser vi på ein 10-14 dagar lang Europatur som du og klassen planlegg saman. Vi legg opp til å besøkje legendariske fotballbyar – for eksempel Barcelona, Madrid, Paris, München eller Dortmund, avhengig av klubbane sine terminlister. Her får vi oppleve storkampar på stadion, besøkje klubbane sine museum og ta eit djupdykk i ekte supporterkultur. Kampane, tribunelivet og storbykjensla gjer dette til ein tur du aldri gløymer – særleg for deg som har eit hjarte som bankar for fotball.