Fellestur Flåm, Finse og Aurland
Mandatory: Yes
Price: Included in course price
Duration: 4 dagar
Meals included per day: 4
Det beste av Norge på fire dager. Med tog, buss og ikkje minst til fots.
Når haustfargane er på sitt vakraste reiser heile skulen på tur. Vi vil bygge felleskap og gode relasjonar i vakre omgjevnader. Først går turen til Flåmsbana. Ei av verdas vakraste og brattaste togreiser på normalspor. På Myrdal byter vi til ekspresstoget frå Bergen og går siden av på Finse. Her vert det servert middag på Finsehytta. Kveldssamling har vi under open himmel før vi finn telt og sovepose. Dag ein er over.
Blåisen på Hardangerjøkulen er turmål for dag to. Ein relativt enkel og flat tur nokre kilometer inn og ut att. Før tog og buss tek oss til Austerbø fjellstove. Denne dagen har vi god tid til å verte godt kjend og dei ulike bytta gjev ein god flyt på dagen. Om kvelden vert det servert middag og kveldssamling.
Aurlandsdalen er ei majestetisk oppleving som no står for tur. Ei god og lang vandring nedover dalen. Ville fossar, bratte stup og fjellgardar der ingen skulle tru at folk kunne bu. Dette er vestlandet på steroidar. Vi vandrar i lag og forhåpentligvis rekk vi ein god pause på Sinjarheim. I Vassbygdi ventar bussane som kjøyrer oss inn i neste ville dal, Utladalen.
Siste dag går vi inn Utladalen innst i Sognefjorden. Vi tek ein roleg tur til Vettisfossen og får sjå Norges høgste verna foss, med heile 275 meter fall. På Vettis gard er det fint å ta ein rast før vi vender snuten heimover. Betre kjend med Norge og med kvarandre.
Segltur med Statsraad Lehmkuhl
Mandatory: Yes
Price: Included in course price
Duration: 5 dagar
Meals included per day: 4
Har du lyst til å stå til rors på eit hundre meter langt seglskip, eller klatre i riggen 40 meter over bølgjene? Dette blir berre nokre av ingrediensane når vi legg ut på tokt med Statsraad Lehmkuhl. Gled deg til flotte døgn som manskap ombord på verdas største tremasta bark.
Å reise med Statsraad Lehmkuhl er ikkje ein skuletur der målet er det viktigaste. Det er å reise på ein måte som som spelar på lag med naturen. Og der opplevingane og felleskapet på seglturen vil gjere dette til ein tur du aldri gløymer. Undervegs er vi mannskap om bord, og lærer vi mykje om segling, tauverk, navigasjon og livet på sjøen. Og så blir vi betre kjent med kvarandre.
I løpet av året har vi tre felles skuleturar der alle elevane er med. Dette toktet er ein av desse, og denne går av stabelen om våren.
Skiveke i Myrkdalen
Mandatory: Yes
Price: Included in course price
Duration: 5 dagar
Meals included per day: 4
Tidleg i vintersesongen køyrer vi til Myrkdalen for å utvikle skiteknikken. Du vil få instruksjon på ditt nivå, anten du er heilt fersk eller har erfaring frå før.
Med desse skidagane i beina ligg alt til rette for fantastiske toppturar og djupe pudderdagar resten av sesongen!
Majestetisk vandring på Stadlandet
Mandatory: Yes
Price: Included in course price
Duration: 3 dagar
Meals included per day: 4
Ei magisk vandring heilt ute ved havet, med storslått utsikt, er ei mektig oppleving. Vi går heile skulen, frå sandstranda, opp på toppane og kikkar ut på storhavet. Ein pilgrimsvandring, så langt vest du kjem, med folk du har blitt glade i og folk du har delt mange flotte opplevingar med. Den perfekte avslutninga på året.
Vintertur i Nordfjordfjella
Mandatory: Yes
Price: Included in course price
Duration: 3 dagar
Meals included per day: 4
Vi utnyttar vinterfjellet i bakgården og dreg saman på tur for å lære grunnleggande ferdigheiter som overnatting, ferdsel og trivsel i snøen. Du vil til dømes lære å lage snøhole, iglo og kantgrop, og du får overnatte i desse.
Når mørket senkar seg og stjernehimmelen tittar fram, samlast vi rundt bålet for kveldssamling og hygge.
Toppturveke
Mandatory: Yes
Price: Included in course price
Duration: 3 dagar
Meals included per day: 4
Med høge fjell og djup snø er Vestlandet eit mekka for skientusiastar. Feller under skia gjer desse snødekte fjella tilgjengelige for leiken skikøyring. Me pakkar med oss telt for å kunne bu midt i smørauget, og det er her oppturen startar. Opp, opp, mot stadig flottare utsikt, før nedturen i djup pudder blir ein vel så stor opptur.
Valfrie prosjektveker
Mandatory: Nei
Price: Included in course price
Du får fordjupe deg i eit tema, ein aktivitet eller eit prosjekt, du kan kalle det ei valfagveke. Vi har prosjektveker i november, desember og mars. Du finn fullstendifg oversikt over alle prosjekta på vår eiga heimeside: https://friluftslivskulen.no/valfag-og-prosjekt/