Her på Sunnfjord er alle like mykje velkommen uansett nivå. Vi har profesjoenlle lærar, trenarar og tilsette som tar vare på deg heile døgnet. Treningsopplegget skreddarsydd saman med vår dyktige trenar/lærar som har høg kompetanse innan trening.
Fasilitetar
Skulen nyttar Spenst Førde sitt senter til undervising og linjertimar. Treninga blir gjennomført både i Spenst Førde sitt vektløftingsrom og Tambarskjelvar sin vektløftarhall. Linjetimane på dagtid vil i stor grad vere på Spenst, medan linja er fast to kveldar i veka saman med Tambarskjelvar IL.
VM i vektløfting
Vektløftarmiljøet i Sunnfjord har lang tradisjon. Her har det blitt forstra opp fleire store utøvarar, med Stian Grimseth og Ragnar Holme som dei største. Sunnfjord har arrangert både EM og ikkje minst VM i vektløfting. VM i Førde var omtalt som ein av dei beste nokon gong, med slagordet "i den minste byen, med det største hjartet". Sjå heimesida til VM for bileter og resultat.
Forventningar
På linja forventar vi at du ønskjer å utvikle deg innan vektløfting. Vi er ikkje opptatt av kva nivå du har i dag. Hos oss er alle velkomne uansett erfaring! Vi har profesjonelle trenarar som har lang erfaring med å tilpasse trening til ulike nivå. Idrettsglede og meistring er sentralt i alt vi gjer.
"The Sunnfjord Spirit"
«The Sunnfjord Spirit» er ei kraft som vert skapt ved at vi står saman og dreg i same retning. På Sunnfjord er vi kvarandre sine tilhengarar. Vi heiar på kvarandre både på trening og i livet.