Til hovedinnhold

Bli betre i e-sport, og ha ein aktiv kvardag med klatring, styrketrening og andre idrettar. Jobb saman med andre spelarar for å bli betre i alt frå kommunikasjon til taktisk forståelse.

Vil du utvikle deg sjølv som e-sportutøvar? Det tek tid og målretta innsats. Her kan du utvikle deg i spelet ditt, samtidig som du får bevege kroppen. Her vil du spele dataspel, lære om trening og kosthald, og finne på kjekke sosiale ting. Du har tilgang til treningsstudio, gymsal og fantastisk flott natur i nærleiken. Vi arrangerer ofte switch kveldar og turneringar, og vi brukar å streame kampane våre for resten av skulen. Du vil også bli kjent med elevar frå linjer som driv med bl.a volleyball, dans, idrett, som ofte pleier å ha interesse for e-sport og trening.  

 I linjetimane vil vi ha hovudfokus på CS2 og Valorant, men vi fokuserer på ferdigheiter som er nyttige for alle FPS-spel. Samarbeid, aim, taktiske ferdigheter og kommunikasjon er viktige stikkord for det vi driv med. For å lære om desse ferdigheitene brukar vi blant anna Aim Lab, demo reviews, førelesingar, spel og konkurransar. Linjelærer har spisskompetanse i CS2 og Valorant, men har også god kunnskap om andre spel, som for eksempel PUBG og Dota 2.  

E-sport Aktiv er e-sport pluss aktivitet 

Sunnfjord Folkehøgskole har ein lang tradisjon som idrettsskule. Her på E-sport aktiv vil vi bygge vidare på denne gode tradisjonen. Ved å fokusere på lagbygging og individuelle ferdigheiter, er ambisjonsnivået at du skal bli betre både som enkeltperson og som lagspelar. Elevane på E-sport aktiv er viktige for lokalmiljøet i form av dei hostar UKM-lan for ungdommen i Sunnfjord.  

Denne linja er for alle som har interesse og lidenskap for E-sport. Vi ønskjer alle velkommen, uavhengig av nivå. Det viktigaste er at du er motivert til å bli betre og lyst til å utfordre deg sjølv.

Dette vil du lære

  • Taktikk i CS2 og Valorant 
  • Utvikle aimen din 
  • Spelforståelse/Ingame-IQ 
  • Kosthold 
  • Korleis du kjem i betre form 
  • Variert trening og idrett 
  • Eit år med utfordringar og meistring  
  • Arrangere LAN

Våre forventninger til deg

At du er motivert for å utvikle deg. 
Du forstår at det krevest innsats og struktur for å bli betre i e-sport.  
Du forstår også at livet består av andre ting, og at ein treng å vere aktiv og sosial for å kunne prestere så godt ein kan. 
Du vil lære om korleis ein brukar motgang til læring 
Du bidreg til eit godt klassemiljø og gjer ditt for at dei rundt deg har det bra.

Lars E Skadal

lærar E-sport Aktiv

Lars har konkurrert i landstoppen i CS:GO, og var aktiv utøvar i fleire år. Også drive mykje med fleire FPSar som Valorant, Overwatch og PUBG på høgt nivå. Han har konkurrert på øverste nivå ligaer som Telialigaen og Altibox ligaen. Les meir om Lars her. 

Epost: lars.e.skadal@gmail.com
Telefon: 99353817

Fra kr 74 100,-

Inkludert

  • Undervisning
  • Mat og rom på skolen (romtype: dobbeltrom)
  • Bad på gangen
  • Påmeldingsavgift
  • Treningsstudio
  • Internett
  • Vaskemaskin
Minimumspris for linja 74 100,-

Du kan legge til (Huk av og se hvordan det påvirker prisen)

Lån og stipend

Summen du må dekke selv 74 100,-
(14 820,- per måned)
Når du takker ja til skoleplassen må du betale et administrasjonsgebyr på rundt 2500 kroner. Resten av summen betaler du månedsvis gjennom skoleåret. Nærmere informasjon får du fra skolen.

Vi har god erfaring med å legge til rette for deg med funksjonsnedsetting eller kronisk sjukdom. Det kan vere rullestolbrukarar, mage/tarmsjukdommar og elevar innanfor autismespekteret. 

Vi legg til rette for deg så godt vi kan og gjer justeringar i samråd med deg. Ta kontakt med oss i god tid om du har behov for tilpassingar eller lurer på om vi kan legge til rette for deg

Søk på linjaMeir om skulenSkulen si nettside

Frå bloggen

Her er de nye folkehøgskolelinjene

Les hvilke helt nye linjer du kan søke på skoleåret 2024/2025.

Les meir på bloggen ▷

Få gratis skolekatalog i postkassa!

Få katalog med full oversikt over alle folkehøgskoler i posten. Bli kjent med skolene i ro og mak, og diskuter med venner og familie!

Bestill katalogen

Linjer som liknar denne

Musikkproduksjon (vår-25)

Vefsn Folkehøgskole - Toppen
Halvårskurs vår15 t/ukeFrilynt

Backpacking og trening: Sør-Amerika

Idrettsskolen Numedal folkehøgskole
Halvårskurs vår15 t/ukeFrilynt

Halvårskurs Lofoten vintersport

Lofoten folkehøgskole
Halvårskurs vårFrilynt

SKUESPILLLER - film og teater (vår-25)

Vefsn Folkehøgskole - Toppen
Halvårskurs vår15 t/ukeFrilynt

Ekspedisjon og friluftsliv - vår 2025

Svalbard folkehøgskole
Halvårskurs vår15 t/ukeKristen

Vintereventyr 2025 - Polarhund og friluftsliv

Folkehøgskolen 69 Grader Nord
Halvårskurs vårKristen

REIS Opplevelser Våren 2025

Ålesund Folkehøgskole
Halvårskurs vårKristen

Animasjon // Norge - haust 24

Møre Folkehøgskule
Halvårskurs vårFrilynt

Etter forsvaret

Trondheimsfjord Folkehøgskole (Fredly)
Halvårskurs vår15 t/ukeKristen

Eventyrleg idrett, vår 2025

Sunnfjord Folkehøgskule
Halvårskurs vårKristen

Switch-park & pudder, halvårskurs vår

Hallingdal Folkehøgskule
Halvårskurs vår13 t/ukeFrilynt

Fjellsport og Kajakk (vår-25)

Vefsn Folkehøgskole - Toppen
Halvårskurs vår15 t/ukeFrilynt