Til hovedinnhold

Med profesjonelle dansarar og lærerar vil du utvikle dine danseferdigheiter i Jazz, Contemporary, Showdans, Hiphop og Samba. Vi lagar musikkvideo, danseførestilling, set opp musikal og har fotoshoot.

 

På Dans Idrett får du prøve deg innan mange forskjellige dansestilar på skulen. Du tar workshops i inn-utlandet og du kan ta gratis danseklassar ved den lokale danseskulen på kveldstid. Du vil ha styrke- og skadeforebyggende trening, og du vil få prøve deg innan forskjellige type idretter.

Linja har eigen danseforestilling og er svært delaktig i skulen si store musikalsatsing. Dei siste åra har skulen blant anna produsert forestillinger som Hairspray, Chicago, Folk og Røvere i Kardemomme By, FAME. Linja si danseforestilling er eit av fleire høgdepunkt for heile skulen i løpet av året.

 

Du får vere med på fotoshoots, og vi lagar film av dansar/aktivitetar på linja. Frå fotoshoot får du med deg flotte bilder som er tatt av profesjonell fotograf.

Du ønskjer å utvikle deg og utfordre deg sjølv. Yte det vesle ekstra, der lagarbeid og innsats er alfa omega! Du vil ha ein kvardag med allsidig trening. Bli med og opplev meistring!

Dette vil du lære

  • Jazz/Contemporary
  • Samba
  • Musikal / showdans
  • Street Dance, HipHop
  • Koreografiarbeid
  • Styrke/Variasjonstrening
  • Kosthald og ernæring
  • Produksjon av forestilling

Våre forventninger til deg

På Dans Idrett forventar vi at du er motivert for å lære mange forskjellege dansestilar. Komfortsona blir pusha kvar veke og du vil lære meir om allsidig trening og ulike idretter. På Dans Idrett er innsats viktigare enn talent. Er du villig til å yte det vesle ekstra? Då vil du få eit fantastisk år og utvikle deg som dansar, menneske og du får betre fysisk form!

Brasil - Rio de Janeiro

Obligatorisk: Ja

Pris: Inkludert i linjepris

Varighet: 16

Måltider pr dag inkludert: 3

Rio de Janeiro        

Bli med til fantastiske Brasil og Rio de Janeiro! I mars reiser linjene Volleyball, Dans Idrett og Beach & Volleyball til vakre og spennande Rio de Janeiro i 2 veker. Her skal du få trene  på Copacabana saman med profesjonelle trenarar frå Rio. Det blir hektiske og innhaldsrike dagar i eit varmt og behageleg klima.

Vi har gode kontaktar i Rio som vi har jobba med i mange år som bidreg til å lage ein god, trygg og lærerik studietur.

Det er få ord som beskriv byen Rio de Janeiro betre enn “byen med kontrastar”. Her er det skyhøge bygningar og enorme favelaer. Rik og fattig lev side om side, men samtidig adskilt. Dei fleste menneska du kjem til å møte er hyggelege, varme og nysgjerrige på kven du er og kvar du kjem frå. I løpet av turen til Rio vil du få møte folk fra alle samfunnslag og få sjå korleis dei ulike menneska lev. 

Lokale severdigheter som Sukkertoppen og Kristustatuen skal også opplevast. Solnedgangen fra Sukkertoppen er heilt unik. Vi skal besøke Maracana som er verdens største fotballstadion, her har VM og OL finaler blitt spelt. .

 

London

Obligatorisk: Ja

Pris: Inkludert i linjepris

Måltider pr dag inkludert: 3

I London vil vi ha fokus på dans og forstillingar. Her vil du få sjå kjende og ukjende musikalforestillingar og danseforestillingar. Det blir også muligheit  til å ta danseklasser ved m.a. Pineapple Dance studio, Studio 68 London.

 

Anders Alvaro Nydal

lærar dans idrett

Anders er utdanna ved The Hammond School of Dance and Musikal Theater i Chester, England. Anders har også vore aktiv innan mange ulike idrettar som fotball, handball og friidrett. Han har fleire år som freelancedansar, koreograf og danselærar ved kulturskular og dansestudio. Les meir om Anders her.

Epost: andersalvaro@sunnfjord.fhs.no
Telefon: 95363348

Alle dagane startar med ei morgonsamling der alle er samla. Det er flest linjetimar på vår timeplan. Linjene ofte på tur eler har treningsøkter eller anna undervisning. Fleire av dagane har vi også fellestimar eller valfagstimar. På laurdag har vi eit seminar med forskjellige tema kvar veke. Alle folkehøgskular har undervisning på laurdagar.

Last ned timeplan som pdf ↓
  • Vi startar 24.8.2024
  • September: Felles overnattingstur.
  • Oktober: Haustferie i veke 41
  • November: Julemesse
  • Desember: Fotballcup, førjulsaktivitetar.
  • Juleferie
  • Januar: Nyttårsball. Volleyballinja har oppkøyring til skule-NM.
  • Februar: Vinterferie
  • Reiseperiode i februar
  • Påskeferie i april
  • Mai: Avslutning 

Du skal velje to valfag á to timar pr veke. Du skal velje nye fag tre gongar i løpet av året. Dei faga vi har på denne lista er eksempel på fag som kan bli, basert på erfaringar dei siste åra. Det kan bli annleis neste skuleår.

Ballspel

Ulike ballspel på mosjonsniva, passar for alle. Det skal vere gøy å halde seg i form.

Band

Bandet har ein viktig funksjon i skulen si årlege musikaloppsetting. Dkulen har tilgang til dei vanlegaste bandinstrumenta, i tillegg kan du sjølvsagt ha med eige instrument.

Basketball

Enkelt nivå, passar for alle.

Beachvolleyball

Haustaktivitet på skulen sin nye sandvolleyballbaner.

Dans

Vi har høgt utdanna danselærar og to gode dansesalar med spesialparkett. Du lærer fleire typer dans, og gruppa har ein viktig funksjon i skulen si musikaloppsetting.

Dokumentar og diskusjon

Vi ser aktuelle dokumentarfilmar og diskuterer innhaldet. Faget tek opp aktuelle saker som dukkar opp i nyheter og offentlege diskusjonar.

Fjelltur

Korte dagsturar i naturen som ligg nær oss.

Fotball

Fotball på mosjonistniva på kunstgrasbane. Lærar som har vore aktiv fotballspelar.

Gitar

Nybegynnaropplæring.

Havkajakk

Lær å meistre kajakk på fjorden.

Idrettspsykologi

Motivasjon og prestasjon.

Klatring

Innandørs klatring i nytt klatresenter. Prisen er ikkje fastsett.

Mat på bål

Matlaging på bål når du er på tur.

Mat-auk

Vi haustar av det naturen gir og lagar mat av det. Bær og sopp, frukt og grønt. Fisking i sjø og vatn.

Matlaging

Du lærar å lage god og næringsrik hybelmat.

Minikor

Å synge fleirstemt i ensemble. Også solistoppgåver dor den som vil det.

Multisport

Ulike idrettar og aktivitetar som passar for dei fleste.

Piano

Begynnaropplæring i små grupper.

Politikk og samfunn

Kunnskap og debatt rundt aktuelle skaer i samfunnet som vedgår oss alle.

Styrketrening

Skulen har eit moderne treningsstudio. Du får lære korleis du skal trene fornuftig for å oppnå betre fysisk form.

Teater musikal

Elevane er med og lagar årets musikalforestilling.

Teaterproduksjon og design

Lage det som trengs for å sette opp vårt felles musikalprosjekt.

Volleyball for alle

Skulen har volleyball på høgt nivå, men valfaget er for alle som vil spele på mosjonsnivå.

Fra kr 148 968,-

Inkludert

  • Undervisning
  • Mat og rom på skolen (romtype: dobbeltrom)
  • Bad på gangen
  • Treningsstudio
  • Påmeldingsavgift kr 2 500,-
  • Studietur: Brasil - Rio de Janeiro
    • Mat (3 måltider per dag)
  • Studietur: London
    • Mat (3 måltider per dag)
  • Internett
  • Vaskemaskin
Minimumspris for linja 148 968,-

Du kan legge til (Huk av og se hvordan det påvirker prisen)

Lån og stipend

Summen du må dekke selv 148 968,-
(14 897,- per måned)
Når du takker ja til skoleplassen må du betale et administrasjonsgebyr på rundt 2500 kroner. Resten av summen betaler du månedsvis gjennom skoleåret. Nærmere informasjon får du fra skolen.

Husk at du også trenger penger til dette

Dette utstyret får du låne av skolen

Dansesal med spesialparkett, lydanlegg og speilvegg. Treningsstudio med kondisjonsapparat, vektrom, spinningssal, gymsal, Sandvolleballbane med mjuk strandsand.

Dette utstyret må du stille med selv

  • Jazzsko
  • Ballettsko
  • Joggesko til bruk inne og ute
  • Minibands (strikk til trening)
  • Powerslide (Abilica)

Vi har god erfaring med å legge til rette for deg med funksjonsnedsetting eller kronisk sjukdom. Det kan vere rullestolbrukarar, mage/tarmsykdommar og elevar innanfor autismespekteret. Vi legg til rette for deg så godt vi kan og gjer justeringar i samråd med deg. Ta kontakt med oss i god tid om du har behov for tilpassingar eller lurer på om vi kan legge til rette for deg.

Søk på linjaMeir om skulenSkulen si nettside

Dette seier tidlegare elevar

Thea Werness Wang

Jeg begynnte på danselinja fordi jeg ville utfordre meg i dansestiler jeg ikke hadde danset så mye fra før av, noe jeg ikke angrer et sekund på. I løpet av en uke holder vi på med dans og andre aktiviteter. Vi lærer alltid noe nytt.

Thea Werness Wang
Nina Trondsen

Noe av det beste med danselinjen på Sunnfjord er studieturen til Brasil. Der danset vi samba og hip hop, i tillegg til flere utflukter og andre strandaktiviteter. Jeg har fått mange gode venner her og trives med en hverdag som inneholder mye dans.

Nina Trondsen
Vårinn Kvinnesland

Året mitt på Sunnfjord har vært kjempebra. Jeg valgte Danselinja uten så mye danseerfaring, men selv om det har vært utfordrende har jeg opplevd å få til mye også. Jeg angrer ikke på valget mitt!

Frå bloggen

Her er de nye folkehøgskolelinjene

Les hvilke helt nye linjer du kan søke på skoleåret 2024/2025.

Les meir på bloggen ▷

Få gratis skolekatalog i postkassa!

Få katalog med full oversikt over alle folkehøgskoler i posten. Bli kjent med skolene i ro og mak, og diskuter med venner og familie!

Bestill katalogen

Linjer som liknar denne

Dans

Ringerike Folkehøgskole
Heilårskurs15 t/ukeFrilynt

HIPHOP

Follo Folkehøgskole
Heilårskurs19 t/ukeFrilynt

Dans Forstudium

Trøndertun folkehøgskole
HeilårskursFrilynt

DANS

Follo Folkehøgskole
Heilårskurs19 t/ukeFrilynt

Dans – L.A & Hawaii

Hedmarktoppen folkehøyskole
Heilårskurs18 t/ukeKristen

Dans Musikal

Hedmarktoppen folkehøyskole
Heilårskurs18 t/ukeKristen

K-pop Korean wave

Hadeland folkehøgskole
Heilårskurs13 t/ukeFrilynt

Street og samtidsdans OSLO

Rønningen folkehøgskole
HeilårskursKristen

Musikal Teater

Sunnfjord Folkehøgskule
Heilårskurs14 t/ukeKristen

Musikk, dans, drama

Risøy Folkehøyskole: Lærerik frihet.
HeilårskursKristen

Nordiska Teaterskolan

Nordiska folkhögskolan
Heilårskurs32 t/ukeFrilynt

Musikal

Ringerike Folkehøgskole
Heilårskurs15 t/ukeFrilynt