The Christian folk high schools are built on Christian values. They are owned by, or associated with, Christian organizations or denominations. They encourage students with different interests and beliefs to apply.
Food: Vegetarian
Most schools will accommodate food allergies and other dietary needs. If you have questions, please contact the school directly.
Environmental certification:
Fairtrade
•
Grønt flagg
Location: Ulsteinvik
Study tour for the course: Sør-Afrika
Study tour for the school: Geiranger, Pudderjakt, Gøy-på-landet
Denne linja passer perfekt for deg som likar allslags ballsport og gira lagkameratar. Her blir det fotball, beachvolley/volleyball, handball, basket, innebandy, ishockey, golf, fotballgolf og frisbeegolf. I tillegg får du racketsporter som padel, squash, pickleball, badminton og bordtennis.
Du får meir: Du får surfe i Hoddevika, køyre pudder på Strandafjellet, klatre Via Ferrata, køyre styggfort på gokartbana, vere snikskytter på leirdue og i paintball, dødse frå 5-meter’n, teste ut ein dag med paraglider og mykje anna.
Fantastiske treningsanlegg I tillegg til skulen sin gymsal og frisbeegolfbane er det kun 50 m til eit stort treningssenter med crossfitanlegg, squashbaner, møller og alt du treng av treningsapparat (500 kr for eit heilt skuleår). Det er også kort veg til ei sykkelbane med flytstiar, 9-hols golfbane, 18-hols fotballgolfbane, turnhall, padelhall, buldrehall, fotballhall, friidrettshall og fri tilgong til ein svær fleirbrukshall med klatrevegg og badeland.
Sør-Afrika På turen til Sør-Afrika får du høg puls i ditt fyrste fallskjermhopp og i verdas lengste strikkhopp på 216 m, du surfar, køyrer ATV og opplever ein dag på Safari. Sør-Afrika er likevel meir enn det. I Cape Town får du ein miks av sterke menneskemøter og meiningsfylte prosjekt blant fattige i townshipen. På Robben Island får du besøke fengselscella til Nelson Mandela.
Eigentleg er det ikkje noko å lure på. Berre pakk treningsbagen og gjer deg klar!
Mandatory: Yes
Price: Included in course price
Duration: 20 dagar
Cape Town har alt; natur, religion, kultur, historie, mat, menneskemøter og ekstremsportaktivitetar.
Sør-Afrika er for mange det ultimate reisemålet. Cape Town er lokalisert på sør-vestspissen av det afrikanske kontinentet, mellom Det indiske hav og Atlanteren. Byen er gjennom århundra ein stoppestad på reisa mellom Europa og Asia. Sørpolen er berre ei lang båtreise unna.
På denne turen vil fokuset til dømes vere på apartheid, globalt medborgarskap og aktivitetar som workshops, fallskjermhopp, surfing, golf, parkour, safari og verdas høgaste strikkhopp på 216 meter. Det er også tid til eit vertsfamiliebesøk med overnatting og ein tur innom fengselscella til Nelson Mandela på Robben Island.
Fleire ulike linjer reiser til Sør-Afrika. Innhaldet vil variere frå linje til linje og bildeserien under vil difor ikkje vere heilt representativ for alle linjene. Du finn meir info om turopplegga på dei ulike linjesidene på sunnmore.fhs.no.
14 dagar med kortreist glede På di nye heimebane får du mange dagar på tur med heile skulen. Saman med turistar frå heile verda får du sjå verdsarvområder i Geiranger med djupe fjordar og sylkvasse vestlandstindar.
I Ålesund, Norge sin vakraste by, tar du ein espresso og på fuglefjellet Runde ser du lundefuglen side om side med dedikerte naturfotografar med fotoutstyr til verdiar tilsvarende ein Tesla.
På Bjorli ventar ei veke på ski på det som kanskje er den mest snøsikre staden i landet. På Strandafjellet Skisenter helsar du på skiprofilar og får laussnøkøyring i verdsklasse midt i Sunnmørsalpane.
Året avsluttast på Hakallegarden. Då overtar skulen ein stor opplevingsgard og lagar ein "gøy-på-landet"-festival spekka med rare dyr, god mat, konsertar, diverse workshops, barbeque og cowboyfest.
Best av alt: Neste år er det din tur.
Geiranger
Mandatory: Yes
Price: Included in course price
Det aller meste av det beste byrjar med ein god start. Det gjer også eit folkehøgskuleår
Etter tre-fire veker på skulen sjekkar du inn på vakre Orreneset Leirstad i Sykkylven, midt mellom bre, fjell og fjord i Sunnmørsalpane. Der kan du gå på fjelltur, ta eit morgonbad, sove i hengekøye, spele fotball og volleyball, padle, ete god mat og avslutte ein fullspekka dag i fred og ro framfor leirbålet.
Høgdepunktet for mange er likevel turen inn Geirangerfjorden i eigen sightseeingbåt. Då får du sjå dei verdskjende fossane og dei stupbratte fjellsidene på nært hald. Du får også med deg ein tur opp til den spektakulære fjellgarden Skageflå. Det er på sånne dagar du forstår kvifor cruiseturistar frå heile verda har Geiranger på si bucket list.
På denne turen får du god tid til å betre kjend med dei nye klassekameratane dine. Når du kjem attende til skulen har du lært fleire namn og fått fleire nye venner enn du trudde kunne vere mogleg på få dagar.
Pudderjakt
Mandatory: Yes
Price: Included in course price
I mars flyttar vi heile skulen til fjells på jakt etter laussnø og gode skiopplevingar
Bjorli Skisenter er eit av dei mest snøsikre stadene i landet og byr på nydeleg skikøyring i dei elleve nedfartane. Her er løyper med variert vanskegrad - alt frå ein fem km lang nybyrjarvenleg rundløype til ein utfortrase rekna på Europacup-køyrarar som har det veldig travelt.
Bjorli byr også på fin, heisnær skogskøyring om du er av dei som likar det best. Her er små klippar du kan droppe frå, og dette er ein flott stad for å oppleve trygg og lett tilgjengeleg offpiste-køyring.
Dette er sosiale dagar med mykje skiglede i løypene, i parken, i laussnøen eller i solveggen utanfor varmestova. På kveldstid ventar god mat og like god underhaldning på Bjorliheimen som er eit tidlegare hotell. Og har du meir energi til overs, er det også mogleg å få seg ein treningstur i supre langrennsløyper.
Dette er kort oppsummert ei veke som dessverre er over alt for fort!
Gøy-på-landet
Mandatory: Yes
Price: Included in course price
På slutten av skuleåret pakkar vi soveposar og lavvoar og lagar vår eigen festival på ein bondegard.
Hakallegarden er ein opplevingsgard som har besøk av titusenar av turistar i løpet av eit år. Ei lita veke i slutten av april er det vi som tek over drifta av staden. Då er det til dømes du som skal stelle og fòre alpakkaen, påfuglen, eselet og miniatyrhestane. Og det er du som skal køyre Gråtass-traktoren.
Men festivalen er mykje meir enn berre dyrestell og gardsarbeid. Her er det mogleg å velje workshops der du kan padle på storhavet, segle i nordavinden, fiske frå ei 40-fots fiskeskøyte, vere med på RIB-turar, tove ull, lage batikk t-skjorter, flette eiga hengekøye, stisykle eller ete indrefilet steikt på bål i ein kjele med sand.
På ettermiddag- og kveldstid er det cowboyfest og linedance, kulturaften, konsertar, barbeque og konkurransar i bæring av staur, hesteskokasting og bogeskyting. Trøytt og utslitt går du og legg deg i soveposen i ein lavvoleir med plass til 120 medelevar.
Det er dette som er “Gøy på landet”.
The school has the YMCA-Mission and Christian anthropology as basis for the teaching. Our main subjects are: * Sport.Ballplay * Outdoor life (Multisport) * Water & ski * Music *Golf. You can travel to Ulsteinvik by airplane, bus and boat.