Til hovedinnhold

Nordfjord folkehøgskule

Det er her det skjer. Ikkje midt i det største lyskrysset i landet, eller i den største folkevrimmelen. Nei, det er her det skjer. Her som fjella reiser seg frå dei grøne markane, der fjorden blenkjer mot deg i haustsola og der himmelen over deg er mørk nok til å kunne sjå stjernene på vinteren.

Søk på skulenLinjer

Friluftslivskulen ligg fantastisk til mellom bre, fjell og fjord.

På breen knakar og brakar det i 50 milliardar tonn kvit, blank og blå is. På med hjelm, stegjern og klatresele. Klar med isøksa til å møte eit nytt element. Jostedalsbreen er nabo til friluftslivskulen, du kan gå den på langs og på tvers, under over og gjennom den.

Fjella er høge, kvasse, bratte, steile, tøffe og majestetiske. Dei er vakre og luftige. Fjella inviterer til strevsomme oppturar og belønnar med rein plankekøyring ned att. Vi startar i fjæra og går heilt til topps, opp på dei høgste tindane. Av og til eit slit for å kome opp og fram, alltid ei god kjensle av å meistre når vi når målet.

Og så er det fjorden. Ein dag er den speglblank. Vi glir stille i kajakken langs land. Neste dag finn vi fram segla, reiser masta og prøvar vinden. Ytst ute mot havet kjem dei store dønningane innover. No er det surfebrettet sin tur. Så skal vi under overflata, der finn vi eit nytt univers for oppdagingar, dykking og jakt.

Dette står vi for

Skulen sin visjon er Å SETTE SPOR UNDER EIN OPEN HIMMEL. Vi ønskjer å skape eit miljø der vi kan sette avtrykk etter oss og gjere inntrykk på kvarandre.

Dette er måla for Nordfjord folkehøgskule:

 

Meir informasjon om skulen og fagtilbod finn du på vår heimeside friluftslivskulen.no

Fellesturar og fellesfag er ein viktig del av undervisninga. I løpet av året reiser heile skulen saman på pilegrimsvandring, vi skal ha skikurs i Hemsedal, førstehjelpskurs, og alle reiser på skuletur med Statsraad Lehmkuhl.

Alle får prøve seg på ei åleinenatt, og i tillegg blir det felles toppturar både haust, vinter og vår. På skulen har vi felles allmøte, tematimar, kristendom og seminar med spennande gjester. Kvar laurdag er det elevkveld, og i løpet av året brukar vi to veker på å lage vår eigen revy.

Du får fem valfag i løpet av skuleåret. Måndagsvalfag er på to timar, medan på tysdagane går valfaga frå frukost til middag. I tillegg til valfag kan du velje mellom mange prosjekt som går over ei eller to veker, les om prosjektvekene på: https://friluftslivskulen.no/valfag-og-prosjekt

Buldring

Pris: 200,-

På skulen har vi ein 250 kvadratmeter stor innandørs klatrevegg. Her vert det mykje buldring og litt skruing av ruter. Vi reisar og til Hamna buldresenter på Eid.

Båtførarkurs

Er båten over 8 meter og/eller har 25HK eller meir, må du ha båtførarbevis. I dette faget får du undervisninga du treng, og du får ta eksamen. Eksamensgebyr på omlag kr. 900,-

Din tur

I løpet av hausten kan du planlegge og gjennomføre din eigen tur, åleine eller i ei gruppe. I samarbeid med lærar finn du turmål, og lagar gode planar. Og så gjennomfører du turen, stolt og glad!

Ekspedisjonstrening

Å bygge kroppen om til ei uthaldande maskin er ikkje gjort over natta! Vi skal dra tunge ting, springe bratte bakkar og pushe kvarandre til å gje alt - kvar gong. Du blir rusta til tøffe turar.

Fjelltur

I dette valfaget går vi på dei fine fjelltoppane rundt skulen. Nyt den lokale utsikta! Om det er snø i høgda, brukar vi eit lågare terreng. Undervegs på turane får du øve på bruk av kart og kompass.

Fotball

Pris: 250,-

Fotballtrening ute. Vi reiser til Sandane der vi har tilgang til stort treningsfelt, og der vi også kan leige kunstgrasbana. I desember har vi to lag med i ei folkehøgskuleturnering mellom 6 skular.

Fotografi

Gjennom eit år på Nordfjord har du unike høve til å ta flotte bilete. I dette faget får du grunnleggande kunnskap om teknikk og komposisjon, og du får lære om og prøve turfoto/actionfoto.

Fridykking

Pris: 3 000,-

Fridykking er ei form for dykking i vatn, der du berre brukar den lufta du har i lungene, utan bruk av utstyr for pusting. Tur til kysten eller Norangsdalen for å dykke. Inkl. leige utstyr og kurs.

Fyrvandring, kyst og kultur

Pris: 1 200,-

Denne veka skal me ut å sjå og bu i fyr langs kysten, gå turar, lage god mat og få oppleve noko av livet til fyrbøtarane.

Gitar

Er du så å seie blank på gitarspeling, men har lyst til å lære? Då har du sjansen no. Ta med gitar!

Golf

Pris: 1 200,-

Her vil du få lære grunnleggjande teknikk, reglar og korleis ein skal opptre på golfbana. Kurset er praktisk retta og vil i stor grad haldast ute på treningsfeltet/bana.

Handverksdagar: tre og keramikk

Du kan velje handverk som fag ei heil veke. Då kan du drive med smiing eller trearbeid, og om du vil kan du lage ditt eige longboard.

Havkajakk grunnkurs

Pris: 600,-

Vi skal gjennomføre eit kurs som heiter "Grunnkurs hav". Dette er grunnleggande opplæring i padleteknikk og sikkerhet på havet. Du får Våttkort frå Norges Padleforbund.

Heilt grøn

Pris: 200,-

Vi skal tenke grøne tankar og lære nye triks for å kunne være litt meir miljøvenleg i kvardagen. Vi skal lage såpe av m.a. kaffigrut, lage verdens beste salve, resirkulere papir og lage sunt snop.

Hybelkokken

Pris: 300,-

Korleis overleve på studentøkonomi langt vekke fra kjøkkenskapet heime? Her lærer du korleis du kan lage enkle, raske og gode rettar - utan å tømme lommeboka fullstendig.

Jaktveke i Høyanger

Pris: 1 900,-

Jakt på hjort i svært godt terreng. Vi bur i flotte jakthytter og lever det beste jegerlivet.

Jegerprøve

Eit praktisk og teoretisk kurs der du får tatt jegerprøva. Eksamenavgift er kr. 350,-

Julebakst og tradisjonsmat

Vi bakar lefser, gjærbakst, småkaker og julegodt. Avsluttar med fin julelunsj siste dagen.

Kite/toppturveke

Pris: 2 500,-

Om du vil, og vêr og vind oppfører seg, blir det ei veke med kiting. Du får lære å bruke vind, kite og ski til å få fantastiske naturopplevingar. Vi reiser dit vinden bles.

Klatring

Lurer du på om klatring er noko for deg? Her får du prøve, og du treng ikkje ha erfaring. Vi reiser til Sageflåten og til klatrehallen på Sandane. Du kan ta brattkort-test i løpet av valfaget.

Klatring i hallar + isklatring

Pris: 1 300,-

Du får muligheten til å prøve deg på klatring, og det krever ingen tidlegare erfaring. Klatring i ulike hallar. Kanskje blir det ein tur til Hemsedal og isklatring.

Kniv og slire

Pris: 400,-

I dette faget lærer du å lage skaft til eit ferdig knivblad. I tillegg lagar du slire til kniven, og lærer overflatebehandling av både skaft og slire.

Kråssbu

Crossfit/Functional fitness inspirert trening i skulens eigen boks. Vi skal lære teknikk, løfte vekter, svette, puste og nyte følelsen av ei intens og kjekk treningsøkt.

Langrenn

For deg som vil gå i Odd-Bjørn Hjelmeset sine skispor! Du lærer klassisk langrennsteknikk gjennom både øvingar og leik. Faget er for alle uansett erfaring.

Longboard

På sløyden kan du lage ditt eige longboard! Designet lagar du sjølv. Du betalar for trucker og hjul.

Mat i det fri

Pris: 400,-

Lær å lage god mat på bål. Du får lære ulike teknikkar, alt frå mat på steinhelle til heilgrilling av kalkun.

Motorsagkurs

Kursdeltaker får opplæring i sikker felle- og kvisteteknikker. Sikkerhet og sikkerhetsregler. Deltakerne får innblikk i et aktuelt hogstopplegg. Støtta av skogbrukarlaget.

Revy

I løpet av to veker lagar vi revy! Og du kan plutseleg ha ei hovudrolle, bli låtskrivar, vere musikar, ordne med kostyme og sminke eller synge på scena.

Revyplanlegging

Kvart år lagar vi vår eigen Nordfjord-revy. I revyplanlegging valfag får du vere med å forme revyen, ved å jobbe fram tema og innhald.

Skiinstruksjon/topptur

Du får instruksjon i telemark/alpint. Vi reiser til skianlegg i Nordfjord: Harpefossen og Stryn. Om det er mykje betre forhold i fjellet, går vi på topptur i staden.

Smiing

I smia får du lage bruksting og pynteting av glødande og kaldt materiale (jarn): Lysestakar, lampettar, rammer, beslag. Du lærer å lage knivblad, og du lærer krøllsmiing.

Sport og spel

Pris: 1 200,-

Prøvar mange ulike sportar og aktivitetar som fotball, volleyball, badminton, squash. golf og disc-golf er blant aktivitetane vi kan komme innom.

Strikking

Dette faget kan du velje uansett om du er heilt nybegynnar eller om du har strikka litt før. Du lærer grunnleggande teknikkar, og å følgje eit mønster.

Surfeveke

Pris: 3 000,-

Vi reisar til Hoddevika og surfer.

Terrengsykling

Pris: 1 000,-

Vi syklar på grusvegar og fine stiar i nærområdet. Artige nedkøyringar og litt tunge oppoverbakkar. Pris er for leige av sykkel.

Terrengsykling og stibygging

Pris: 1 000,-

Vi syklar i skog og på fjell, og vi lagar og utbetrar sykkelstiar. Er det snøfritt, får vi nokre turar litt opp i høgda. Kan vere litt slitsomt, men viss du er motivert får vi det veldig artig!

Topptur

Pris: 400,-

Vi går toppturar på ski i området til skulen. Godt skiterreng rett utanom døra ventar deg.

Topptur/kite

Pris: 800,-

Dette er for deg som vil lære å utnytte vinden med kite. Vi reiser dit der er snø og god vind. Om vinden avtar brukar vi beina, skia og fellene og går til toppen.

Topptur/skred

Pris: 400,-

Eit fag for deg som vil lære meir om skredfare, skredvarsling og korleis gjere trygge vegval på tur.

Topptur/turleiing

Pris: 400,-

Toppturar på ski. Målet er at du skal bli flinkare til å leie andre på tur. Vi roterer i gruppa slik at alle får god trening i å leie kvarandre og ta ansvar på tur.

Trearbeid

På sløyden kan du lage bruksting og pynteting som små møblar (små kister/skrin og skap), dreie skåler, lage tine og matboks. Du får prøve å dekorere med enkel treskjæring/karveskurd.

Trearbeid og keramikk

Vi nyttar sløyden til å lage nyttige ting av tre. På keramikken brukar vi ulike teknikkar, du får også prøve dreiing og glasering.

Trening og tur

Ulike formar for trening og tur. Ei heil veke med variasjon, svette og moro. Det blir uthald i form av løping og spinning. Styrke med og utan kroppsvekt, og crossbu-trening.

Utstyrslaging

Her får du sy dine eigne turklede. Kanskje du treng fotposar, vindvottar eller ein ny anorakk. Vi har mykje flott stoff og utstyr frå Norrøna, så du kan lage verkeleg flotte plagg og godt utstyr.

Surfing i Hoddevika

Pris: 3 000

Hoddevika byr på god surf, fantastisk natur og god stemning. Denne veka skal vi oppleve alt kva Hoddevika har å by på. I tillegg til mykje viking surf i friskt norsk hav skal vi lære meir om å lese bølgjevarsel, forstå korleis bølgjer dannast og kva for forhold me ynskjer. På kveldstid vert det god tid til å få att varmen under eit pledd i sofaen med gitar og sjarmerande allsong.     

Fyrvandring/kyst og kultur

Pris: 1 000

Kysten og havet er fylt av store kontrastar. Frå blikkstilt hav og sol i luggen til bølgesprut og storm i sydvesten. I dette landskapet har menneske levd i lange tider og etterlatt seg mykje kultur og historie. Denne veka skal me ut å sjå og bu i fyr langs kysten, gå turar, lage god mat og få oppleve noko av livet til fyrbøtarane. 

Jaktveke i Høyanger

Pris: 1 900

Jakt på hjort i godt terreng med mykje dyr. Vi bur i flotte jakthytter rett ved sjøen.

Ski på Sunnmøre

Pris: 2 500

Vi drar til Sunnmøre og bor midt i smørøyet mellom topper, langrennsløyper og skitrekk. Strandafjellet ligger likeved, og blir det oppkjørt der, kan vi trekke til et mindre lokalt anlegg, Fjellsetra. Toppene når vi med feller under skia og er du mer opptatt av god glid, blir langrennsløypene stadig tråkket. Dette blir ei uke med god stemning og mulighet for å oppleve Sunnmøre på sitt beste. Vi håper pudderalarmen går!

Vintertur med topptur

Pris: Inkludert i linjepris

Vintertur kombinert med toppturar. To netter i telt (dei andre dagane bur du på skulen). Turområde blir i Gloppen eller i ei av nabokommunane. Det kan bli basecamp i Jølster med toppturar eller overnatting i Svatebotn ved Myklebustbreen og dersom vêrforholda tillet det, kan det blir tur på Snønipa.

Segltur med Statsraad Lehmkuhl

Obligatorisk: Ja

Pris: Inkludert i linjepris

Varighet: 5 dagar

Måltider pr dag inkludert: 4

Har du lyst til å stå til rors på eit hundre meter langt seglskip, eller klatre i riggen 40 meter over bølgjene? Dette blir berre nokre av ingrediensane når vi legg ut på tokt med Statsraad Lehmkuhl. Gled deg til flotte døgn som manskap ombord på verdas største tremasta bark.

Å reise med Statsraad Lehmkuhl er ikkje ein skuletur der målet er det viktigaste. Det er å reise på ein måte som som spelar på lag med naturen. Og der opplevingane og felleskapet på seglturen vil gjere dette til ein tur du aldri gløymer. Undervegs er vi mannskap om bord, og lærer vi mykje om segling, tauverk, navigasjon og livet på sjøen. Og så blir vi betre kjent med kvarandre. Det kan kome godt med resten av året.  

I løpet av året har vi tre felles skuleturar der alle elevane er med. Dette toktet er den første fellesturen, og denne går av stabelen i september.

Skiveke i Hemsedal

Obligatorisk: Ja

Pris: Inkludert i linjepris

Varighet: 5 dagar

Måltider pr dag inkludert: 4

Tidleg i vintersesongen køyrer vi over fjellet til Hemsedal for å utvikle skiteknikken. Du vil få instruksjon på ditt nivå, anten du er heilt fersk eller har erfaring frå før.
Med desse skidagane i beina ligg alt til rette for fantastiske toppturar og djupe pudderdagar resten av sesongen!

Majestetisk vandring på Stadlandet

Obligatorisk: Ja

Pris: Inkludert i linjepris

Varighet: 3 dagar

Måltider pr dag inkludert: 4

Ei magisk vandring heilt ute ved havet, med storslått utsikt, er ei mektig oppleving. Vi går heile skulen, frå sandstranda, opp på toppane og kikkar ut på storhavet. Ein pilgrimsvandring, så langt vest du kjem, med folk du har blitt glade i og folk du har delt mange flotte opplevingar med. Den perfekte avslutninga på året.

Vintertur i Nordfjordfjella

Obligatorisk: Ja

Pris: Inkludert i linjepris

Varighet: 3 dagar

Måltider pr dag inkludert: 4

Vi utnyttar vinterfjellet i bakgården og dreg saman på tur for å lære grunnleggande ferdigheiter som overnatting, ferdsel og trivsel i snøen. Du vil til dømes lære å lage snøhole, iglo og kantgrop, og du får overnatte i desse.
Når mørket senkar seg og stjernehimmelen tittar fram, samlast vi rundt bålet for kveldssamling og hygge.

Toppturveke

Obligatorisk: Ja

Pris: Inkludert i linjepris

Varighet: 3 dagar

Måltider pr dag inkludert: 4

Med høge fjell og djup snø er Vestlandet eit mekka for skientusiastar. Feller under skia gjer desse snødekte fjella tilgjengelige for leiken skikøyring. Me pakkar med oss telt for å kunne bu midt i smørauget, og det er her oppturen startar. Opp, opp, mot stadig flottare utsikt, før nedturen i djup pudder blir ein vel så stor opptur.

Valfrie prosjektveker

Obligatorisk: Nei

Pris: Inkludert i linjepris

Du får fordjupe deg i eit tema, ein aktivitet eller eit prosjekt, du kan kalle det ei valfagveke. Vi har prosjektveker i november, desember og mars. Du finn fullstendifg oversikt over alle prosjekta på vår eiga heimeside: https://friluftslivskulen.no/valfag-og-prosjekt/

Internatlivet er ein viktig del av folkehøgskulelivet! Å bu på internat er veldig artig, det oppstår gode og nære venskap, du får prøvd deg på å finne gode kompromiss i kvardagen. Dei fleste elevane våre bur på dobbeltrom, men vi har nokre enkeltrom om nokon har behov for det. Enkeltrom kostar 7000 kr i tillegg.

Internata våre har god standard, og når du får flytta inn tinga dine, hengt opp bilde på veggen og fått alle ting på plass i skapet, så er det stor sjanse for at du kjenner deg heime! Vi håpar du gjer det.

Dei aller fleste romma har eigne bad, nokre få deler bad med eitt anna rom. I det eldste internatet er det do og dusj på gangen, og dei som bur her betalar litt mindre.

Fasiliteter

  • Gymsal
  • Buldrerom
  • Sløyd og smie
  • Syrom
  • Turkjøkken
  • Kapell/stille rom
  • Musikkrom
  • Ei stor, felles daglegstove. I tillegg har alle etasjane på internata sine eigne kjøkken og stover.
  • Store lager/tørkerom for soveposar og turutstyr
  • Bålhus
  • Badestamp
  • Badstove
  • Sandvolleyballbane
  • Gapahukar ved sjøen og i skogen
  • Colin Archer-skøyte
  • Naust med mindre trebåtar med årar og segl
  • Kajakkar og kanoar
  • Telt og lavvoar
  • Bre- og klatreutstyr
  • Fulldempa terrengsyklar

Skulen ligg i Gloppen kommune, nord i Sogn og Fjordane. Området rundt oss heiter Nordfjord. Kjem du frå austlandet, køyrer du over Hemsedal, Filefjell eller Otta/Stryn. Frå nord køyrer du sørover E39 langs kysten, eller om Otta/Stryn. Frå sørvest følgjer du E39 nordover.

Ekspressbuss: Det er fleire daglege avgangar til og frå Oslo, Bergen, Ålesund og Trondheim.

Fly: Widerøe har fire daglege avganger til Sandane Lufthamn, flyplassen ligg fire km frå skulen.

Bil: Skulen ligg rett ved E39, hovudvegen langs heile kysten på Vestlandet.

Finn reiserute fra der du bor

Også bygda har mykje å by på. I tillegg til rein natur er det preparete skiløyper og skitrekk.

På Sandane, 6 km frå skulen, er det:

  • kunstgrasbane
  • stor idrettshall med vektrom, løpebane, tre hanballbaner og eigen turnhall
  • svømmeanlegg
  • klatrevegg (15 meter høg)

Vi nyttar oss av dette anlegget både i undervisning og på fritida. Alle elevane får årskort til den store idrettshallen, det betyr at du kan klatre og bade så mykje du vil gjennom heile året.

Sandane er kommunesenteret i Gloppen, og er eit klassisk bygdesentrum der du finn det meste du treng: Butikkar, offentlege kontor, politi, lege, tannlege, frisør, bibliotek, kino, kulturhus og kaféar.

Vekene på Nordfjord folkehøgskule er veldig ulike. Nokre veker har du undervisning og tur med linja heile veka, andre veker er du mest på skulen. Ei veke kan sjå slik ut:

  • Måndag: Internatmøte. Rydde- og vasketid. Lunsj. Allmøte. Linjetime. Valfag.
  • Tysdag: Ord for dagen. Valfag.
  • Onsdag-fredag: Linjedagar/tur.
  • Laurdag: Seminar + elevkveld.
  • Søndag: Fri

På ettermiddagane/kveldane har du fri.

Last ned timeplan som pdf ↓

Skulerute 2023/2024

  • 19. august - Opningsfest
  • 15 -17. september - Frihelg
  • 6. - 15. oktober - Haustferie
  • 28 oktober - 100års jubileum
  • 3.-5 november - Frihelg
  • 18. november - Familiedag
  • 18. desember - Julefest
  • 19. desember - Juleferie
  • 4. januar - Første skuledag etter jul
  • 27. – 29. januar  - Frihelg
  • 16. - 25. februar -Vinterferie
  • 23. mars - 1. april - Påskeferie
  • 4. mai - Avslutningsfest
  • 8. mai - Siste skuledag

Les meir på friluftslivskulen.no

Som elev ved Nordfjord folkehøgskule får du vere med og bety noko for verda rundt deg. Nærare bestemt for menneska i og rundt landsbyen Okhaldhunga i Nepal. I denne landsbyen har dei eit sjukehus, og det er dette sjukehuset vi samlar inn pengar til. Behovet for sjukehus og helsehjelp er veldig stort, og pengane vi sender via Normisjon betyr mykje.

I starten av året opprettar elevane eit eige styre for bistandsprosjektet. Styret arrangerer aktivitetar, og er ein motor i innsamlingsarbeidet. Men alle elevane er med! Det er bistandsløp, bistandscasino, bistandskafé, bistandsbilvask, bistandshusvask, bistandsbarnepass + +

Elevane samla inn over 300.000 kroner kvart år til dette prosjektet.

På kveldstid vel du sjølv kor aktiv du vil vere. Laurdagskveldane er det elevkveld som er obligatorisk for alle, men dei andre kveldane du er på skulen er det frivilleg kva du vil vere med på.

Både stipendiatar og andre elevar arrangerer ein del fritidsaktivitetar - som volleyball, kanonball, fotball i ballbingen, bading i stampen, baking, spelekveldar, quiz, osv.

Ein kveld i veka er det frivilleg møte i kapellet på skulen. Då er det gjerne lovsang, andakt, bøn, samtale og kanskje litt diskusjon - og kaffi/te til slutt.

Det er alltid tilsyn på jobb på kveldane. Tilsyn kan låse opp dører, svare på spørsmål, ringe legevakta, sjekke brannalarmen, og dele ut plaster og gode ord om du skulle trenge det.

Nordfjord folkehøgskule har ingen søknadsfrist, men vi startar opptaket 1. februar kvart år. Opptaket held fram til skulestart, men sjansen for å få førstevalet er størst om du søker tidleg!
 
OPPTAKSKRITERIER:
  • Fullstendig utfylt søknad
  • Jamn kjønnsfordeling på skulen
  • Alder, vi prioriterer søkjarar over 18 år

Vi ynskjer at du opplyser om sjukdom/skader.

På skulen er det plass til 140 elevar og dei siste åra har det vore fullt. Gjennomsnittsalderen er ca 20 år.

Bygninger

Vår bygningsmasse er frå 1923 og framover. Det er trapper til dei fleste fellesrom. Vi har nokre få internatrom som er tilrettelagt for rullestol. 

Uteområdet er oversiktleg og lett å navigere i. 

Mat

Vi tilbyr glutenfri mat, laktosefri mat og tilpasning til andre allergiar. Gje oss informasjon om kva du treng i god tid før skulestart slik at vi kan legge til rette for deg.

Vi tilbyr også vegetarmat til dei som ønsker det. Om det er mat du ikkje kan ete av religiøse grunnar eller av andre årsaker, ta kontakt med oss.

Faglig og sosialt

Alle våre linjer, utanom Bu-og fritidslinja, har hovudvekt på aktivitetar innan friluftsliv. Vi gjer tilpassingar der det er mogleg innanfor dei ulike fagfelta, og arbeider særleg med tryggleik i alle aktivitetar.

Vi har årleg elevar som treng noko ekstra støtte og tilrettelegging sosialt. Noko av dette er lite eller ikkje synlege tiltak for medelevar. For å kunne sette inn riktig tiltak er det veldig viktig å vite kva behov du som elev har før skuleåret startar. 

Vi har sosiallærar og andre tilsette som gjerne vil snakke med deg om du ønskjer det.

Hildegunn Gjesdal Tennebø

Rektor

Hildegunn har fjellbjørk og kaffimaskin på kontoret sitt. Skrivebordet er ryddig, og dama likeså. Rektor Hildegunn er flink til å bestemme ting når andre vinglar, og meiner det er mykje god folkehelse i ei god historie.

Ho har studert samfunnsgeografi og religionsvitenskap, ledelsesfag, og interkulturell forståing. Ho har tidlegare jobba ved hovedkontoret til Normisjon. Og så likar ho å gå på jakt.

Epost: hildegunn@friluftslivskulen.no
Telefon: 57 86 80 40 og 911 84 679

Eivind Kjerstad Nilsen

Inspektør

Eivind er utdanna prest, men det er det ikkje så lett å sjå på grunn av alle krøllane. Han er ein blid sørlending som står på ski når han kan, og gjer papirarbeid når han må.

Epost: eivind@friluftslivskulen.no
Telefon: 47608267

Edvin Hugvik

Driftsleiar

Epost: edvin@friluftslivskulen.no
Telefon: 41295868

Grethe Vik

Internatleiar

Grethe likar peiskos og turar i skog og mark. Særleg viss både peisen, skogen og marka ligg på Sørstranda. Ho er ikkje spesielt redd for å seie kva ho meiner, og ho likar - når sant skal seiast - særleg godt vise menn.

Ho er utdanna sekretær, med diverse tilleggsdiagnoser. Og ho drøymer om å gå over Grønland - frå kafé til kafé, mellom innvandrarbutikkar og hippe oslofolk.

Epost: grethe@friluftslivskulen.no
Telefon: 57868045 og 92019399

Yngvild Benestad Tjomsland

Sosiallærar

Yngvild har eit kontor det er lett å stikke innom for å slå av ein prat. Det er faktisk akkurat det å prate med folk som er noko av jobben hennar, så det er flaks! Ho er linjelærar for Vegleiingslinja og har utdanning som sosionom. Ho spelar heilt fabelaktig på piano, og er ein organisator av rang.

Epost: yngvild@friluftslivskulen.no
Telefon: 91815445

Knut Torvanger

Økonomileiar

Knut økonomimann sit på kontoret sitt i andre etasje og har oversikt over heile skuleøkonomien. Han syns det er kjekt å lage budsjett - det er jammen flaks at det finst folk som han.

Knut går seg stadig opp på nye og gamle fjelltoppar, men trass denne tendensen er han likevel ein havets mann. Han likar vind og blæst, og syns "bøkehaud" - altså tørka torskehovud - er den beste maten han får.

Epost: knut@friluftslivskulen.no
Telefon: 57868043 og 47022250

Sara Margrethe Ommedal

Kontorleiar

Epost: kontor@friluftslivskulen.no
Telefon: 57868040

Per Momrak

Lærar på Friluftsliv/Jakt og fiske. Avdelingsleiar friluftsliv.

Per er ikkje spesielt lat. Han er eigentleg heilt motsett av lat. Han blir faktisk litt gretten viss han må sitte i ro, og han kan ikkje fatte at folk kan gå ein heil dag utan å gjere noko fornuftig. Mannen elskar jakt, fiske, cola og sjokolade.

Per er utdanna møbelsnekker, faglærer i forming og har videreutdanning i friluftsliv og mat.

Epost: per@friluftslivskulen.no
Telefon: 911 30 626

Eirin Myklebust

Friluftslivlærar

Epost: eirin@friluftslivskulen.no
Telefon: 90171744

Steinar Saltbones

Friluftslivlærar

Steinar er utdanna prest, men syns per i dag at det er artigare å jobbe på folkehøgskule. Her kan han for eksempel spele veldig mykje fotball og innebandy. Og så kan han stå på ski i arbeidstida - utan prestekjole.

Han er ein sindig kar frå Oppdal som ikkje er lett å irritere. Han er glad i gode samtalar rundt bålet, og likar å sjå elevar klare ting dei ikkje trudde dei skulle meistre.

Epost: steinar@friluftslivskulen.no
Telefon: 97021069

Jan Hedges

Friluftslivlærar

Det er ikkje alle som kan noko om klatring, lydmix, ingefær-te og brear samtidig. For Jan er dette ein heilt naturleg kombinasjon. Han ruslar rundt i kloggane sine med eit smil og koppen i handa, og er klar til å trø til med hjelp overalt. På mange måtar er han ordet "fleksibel" i person.

Epost: jan@friluftslivskulen.no
Telefon: 40457709

Lars Anders Hoel

Friluftslivlærar

Epost: larsanders@friluftslivskulen.no
Telefon: 90723291

Maren Jørandli Skår

Friluftslivlærar

Epost: maren@friluftslivskulen.no
Telefon: 94820314

Asbjørn Klakeg Forland

Friluftslivlærar

Epost: asbjorn@friluftslivskulen.no
Telefon: 48001277

Eli Marie Furset

Friluftslivlærar

Epost: elimarie@friluftslivskulen.no
Telefon: 97160820

Håkon Schjølberg

Friluftslivlærar

Epost: hakon@friluftslivskulen.no
Telefon: 97522411

Erlend Aunevik

Friluftslivlærar

Erlend er eit multitalent. Og dette multitalentet utfaldar seg spesielt innan ski, klatring, elvepadling og surfing. I tillegg er han ein skikkeleg gram-jeger, som nektar å bære på tungt utstyr. Han vil heller hakke tenner ei heil natt i den superlette soveposen sin, enn å bære på ein vanleg sovepose som andre folk.
 
Erlend har studert geografi, RLE, historie og friluftsliv.
 

Epost: erlend@friluftslivskulen.no
Telefon: 99506457

Aina Minde Lemming

Friluftslivlærar (permisjon skuleåret 2023-24)

Aina er "en handlingens kvinne". Ho surrar ikkje vekk tida med tomt prat, og viss ho for eksempel syns at eit rom skulle vore rydda - så ryddar ho. Og kastar. Ho er ganske bergensk av seg, utan å vere bergensar, og du slepp å lure på kva ho meiner om ei sak.

Aina er utdanna i helse- og sosialfag, idrett og friluftsliv.

Epost: aina@friluftslivskulen.no
Telefon: 45618309

Lisbeth Engejordet Momrak

Lærar og avdelingsleiar på Bu og fritid

Syns du Lisbeth ser ung, frisk og sprek ut? Det er heilt rett. Og grunnen er mest truleg at ho har jobba på brusfabrikk i 15 år. Ho likar skikkeleg godt å køyre på ski, og aller best når pudderet når til skuldrane.

Lisbeth har følgjande fag i utdanninga si: Kroppsøving, ski og snøaktivitet, matematikk, kunst og handverk.

Epost: lisbeth@friluftslivskulen.no
Telefon: 91 30 91 36

Jonas Løvland

Vernepleiar

Epost: jonas@friluftslivskulen.no
Telefon: 90097890

Inger Johanne Blikra Fagerli

Miljøarbeidar

Inger Johanne har lang erfaring som ambulansearbeider, og tar alle utfordringar med den største ro, samtidig som ho veit å sette klampen i bånn når det trengst. Ho er slik skrudd saman at andre sitt ve og vel alltid er viktig å prioritere, og det merkar du fort når du treffer henne. Forresten er ho skikkeleg god på å lage digge kaker, som ho gjerne diskar opp med på ein fjelltopp.

Epost: ijblikra@gmail.com
Telefon: 91345326

Kristina Tveitdal Tomasgard

Miljøarbeidar

Kristina er heile skulen si storesøster og tante. Ho har eit stort og varmt hjarte, og deler ut både smil og klemmar til alle som vil ha. I tillegg deler ho ut skikkelege skjennepreiker til dei som ikkje tek oppvasken, ryddar rommet sitt eller forøvrig ikkje oppfører seg fint. Kristina er ein sangfugl og i tillegg dronning av parodiering, og er sjølvsagt sjefen over revyen på skulen.

Epost: kristina@friluftslivskulen.no
Telefon: 41557016

Maria Roset Sølvberg

Miljøarbeidar og handverkslærar

Epost: maria@friluftslivskulen.no
Telefon: 90608247

Vidar Bolstad

Kokk/kjøkkenleiar

Vidar er sterk. Faktisk den sterkaste kokken vi har. Han nektar å fortelje kor tungt han løftar, for det meiner han er ein skikkeleg flau ting å fortelje om. Han vil heller ikkje snakke om at han hadde ei langhåra karriere som bassist på starten av 90-talet.

Kokken er utdanna kokk, og har jobba på hotell før han oppgraderte seg sjølv til Nordfjord-kokk.

Epost: vidar@friluftslivskulen.no
Telefon: 57868047 og 91176434

Terje Hauge

Kokk

Terje har berre eitt auge av glas. Det andre er kjedeleg normalt. Han er ein ekstremt sprek kokk, og går på fjellet kvar dag. Og då meiner vi KVAR dag.

Epost: terje@friluftslivskulen.no
Telefon: 91720451

Prisha Korkowski

Kokk

Epost: prisha@friluftslivskulen.no
Telefon: 95933172

Else Løkke

Kokk / kjøkken- og internatassistent

Else er agroteknikar i husdyrbruk - altså ein høgt utdanna bonde. Ho driv med hest og hund og kanin, og er ein av forkjemparane for fjordhesten sin eksistens. Else er også forkjempar for havregrynsgraut, og lagar den beste grauten på Nordfjord.

Ho likar ekstremt store steinar - slike som er store som hus og hytter. Og det passar fint, når ho bur i det som faktisk er Nord-Europa si største ur.

Epost: else@viegarden.com
Telefon: 90707858

Torill Torgnes

Kjøkken- og internatassistent

Torill har syn for detaljar. Ho er utdanna kartgrafikar, og har jobba i sjøkartverket. Ho kan å lage kart, med andre ord! Og elskar, som alle kan skjøne, små detaljar. Ser ho eit kart, så står ho med nasen inntil og studerer. Men ho syns data er ein uting, så når dataen inntok sjøkartverket stakk Torill av. Elles kan vi nemne at ho likar folkekunst, kultur, strikking, og eig ein gard i Nordland.

Telefon: 913 99 810

Gunhild Aabrekk Nedrebø

Kjøkken- og internatassistent

Gunhild er kanskje verdas mest pliktoppfyllande dame. Det er ein ganske svær tittel, men forklaringa er enkel: Ingen har stålkontroll på lister, elevar, soving, system, alarmar og rutiner som Gunhild.

Telefon: 971 83 628

Diana Socka

Kjøkken- og internatassistent

Sonja Laukeland

Kjøkken- og internatassistent

Merete Nilssen Myklebust

Kjøkken- og internatassistent

Linjer på Nordfjord folkehøgskule

Bu og fritid

Nordfjord folkehøgskule
HeilårskursKristen

Friluftsliv / Ski og surf

Nordfjord folkehøgskule
Heilårskurs20 t/ukeKristen

Friluftsliv / KRIK

Nordfjord folkehøgskule
HeilårskursKristen

Friluftsliv / Ekspedisjon

Nordfjord folkehøgskule
HeilårskursKristen

Friluftsliv / Utforsk Norge

Nordfjord folkehøgskule
HeilårskursKristen

Friluftsliv / Ski

Nordfjord folkehøgskule
HeilårskursKristen

Friluftsliv / Fjellsport

Nordfjord folkehøgskule
HeilårskursKristen

Friluftsliv / Sport

Nordfjord folkehøgskule
HeilårskursKristen

Friluftsliv / Jakt og fiske

Nordfjord folkehøgskule
HeilårskursKristen

Friluftsliv / Vind og vatn

Nordfjord folkehøgskule
HeilårskursKristen

Friluftsliv / Vegleiing, 2.-års tilbod

Nordfjord folkehøgskule
StipendiatlinjeKristen
Søk på skulenSkulen si nettside

Frå bloggen

Masterstudent Rebekka anbefaler folkehøgskole før studier

– Alle sier folkehøgskole er utrolig, men man skjønner det ikke før man drar dit selv, sier Rebekka Alve (21) fra Oslo, et år etter ...

Les meir på bloggen ▷

Få gratis skolekatalog i postkassa!

Få katalog med full oversikt over alle folkehøgskoler i posten. Bli kjent med skolene i ro og mak, og diskuter med venner og familie!

Bestill katalogen