- Innertier å be Nansenskolen bidra
– Vi skal no få litterær ferskvare frå unge menneske som har teke steget og brukar tida si på å skrive, seier Hans Olav Brenner i sin introduksjon av studentar frå skrivekunstlinja ved Nansenskolen.
Vi er i Snertingdal, på den gamle Prestegarden Hans Olav Brenner kjøpte saman med Anita Krohn Traaseth for omtrent 4 månadar sidan. 7 av studentane frå Nansenskolen presenterer eigenskrive skjønnlitterære tekstar om alt frå vener som hamnar på sjukehus til det å vere ei lita jente som mister sauen sin. I tillegg bidreg dei med musikalske innslag. Både medstudentar og lokalbefolkninga lyttar vakent til det dei les.
– Unge kan gi oss noe helt nytt!
Eg treff Brenner i pausen etter bidraga, og rekker å spørje kvifor han ynskja å ha nansenskolestudentar med i dette fyrste arrangementet, før han må gå vidare og ordne noko. På dette spørsmålet svarar Brenner at det var ein av dei fyrste ideane han hadde – å invitere nansenskolestudentane. Han har tidlegare vore på Nansenskolen og haldt foredrag, noko han opplevde som veldig hyggeleg, i tillegg fekk god kontakt med skrivekunstlærer Hans Tarjei Skaare. Vidare seier han:
Dei er unge folk i ein startfase som kan gi oss noko heilt nytt, og håpet var at det skulle gi ein frisk og djuptlodda start.
– Når eg no har sitje og høyrt på elevane lese sine eigne tekstar og spele musikk, og sett på utrykka i andleta til publikum, skjønnar eg at det var ein innertiar å spørje dei om å bidra. Dette vart akkurat det eg ønskja meg og akkurat som eg ønskjer denne staden skal vere; ein møteplass, seier Brenner.
Les mer om skrivekunst på Nansenskolen
– God trening for skriveliv
Eg får også ein prat med Astrid Thue Voss og Ylva Knoff Hermansson, to av studentane som har delt sine tekstar denne formiddagen. Dei synest det er spennande og stilig å få vere med på opning av ein ny kulturstad.
– Det er jo starta opp av leiande menneske i norsk kulturliv, og det er derfor litt ekstra gøy å vere med å bidra, seier Astrid.
Ylva understrekar at det er god trening for eit vidare skriveliv, og at dei setter veldig pris på å få lov til å vere med. Dei er begge einige om at rommet var svært stemningsfyllt med mykje dagslys, noko som gav ein fin atmosfære. Det er også gøy å dele tekster med andre enn berre medstudentane frå Nansenskolen.
– Vi var inkludert
– Eg likte at det ikkje var ein opphøga scene. Vi var ikkje over publikum, vi var inkludert. Det var veldig fint, fortel Astrid om korleis det føltes å lese tekstane sine her.
Det gjorde at det vart ein trygg arena, legger Ylva til.
I tillegg til bidrag frå Nansenskolen, vert det sitert tekstar av H. C Andersen og Søren Kierkegaard frå Morten Jostad, og Anton Ligaarden visar klipp frå eit par av filmprosjekta sine. Nokon oppsumerar dagen som multikulturell på veg heim, fordi vi har fått så fine inntrykk frå både tekst, musikk og film. Det vert spanande å følgje det som skjer på Prestegarden i Snertingdal framover.
Mest lest
Ta sommerferien på folkehøgskolenes sommerhoteller
Blir det Norgesferie i sommer? Da bør du sjekke mulighetene for å…
– Jeg har aldri vært lykkeligere enn det jeg har…
«Jeg kom inn på skolen, jeg takket ja, og jeg har aldri…
Nå kan du sende søknad til Lånekassen
Elevene som skal begynne på folkehøgskole til høsten får 12 500 kroner…
Hege (20) har sentral rolle i Hollywood-dokumentar om folkehøgskolelivet
Dokumentaren skal være ferdig i 2024 eller 2025. Målet er først å…
Amanda (25) sluttet som bankfunksjonær for å starte på folkehøgskole
Amanda Alvheim Krüger gikk i flere år med en følelse at hun…
Mest delt
Ta sommerferien på folkehøgskolenes sommerhoteller
Blir det Norgesferie i sommer? Da bør du sjekke mulighetene for å…
Dette er de 10 mest populære linjene på folkehøgskole
Søknadene strømmer inn til folkehøgskolene. Her er de 10 linjene som har…
Disse ti tingene bør du vite om opptaket til norske…
Folkehøgskolene har ingen søknadsfrist. Det er likevel lurt å søke nå.
Søknadene strømmer inn
Det er travelt på folkehøgskolene i disse dager. Tusenvis av søknader skal…
Hva får man igjen for et år på folkehøgskole?
Hva lærer man på en skole som ikke har eksamen eller karakterer?…