Til hovedinnhold

Musikkproduksjon - elektronisk

Søk på linja
Ledig plass

Lyst å lære om musikkproduksjon, låtskriving og lyddesign? Eller framføre elektronisk musikk live? Hos oss er det kreativitet og musikkglede som står i fokus - bruk eit år på å utvikle skaparen i deg!

Laptopen er både eit instrument og eit produksjonsverktøy. Linja har eit stort fokus på å skape musikk, både åleine og i lag med andre. Me arbeider med å forme og behandle lyd, og lærer mykje gjennom å jobbe praktisk. Som elev har du stor påverknad på skulekvardagen - fordjup deg i det du er mest interessert i! 

Ableton Live er vårt hoved-programverktøy, og alle elevar får eitt års lisens på Ableton Live suite. Du vil òg få høve til å jobbe i FL Studio, eller andre program du har sjølv. Innimellom det praktiske jobbar me og med lydteori, musikkteori og elektronisk musikkhistorie.

På skulen har me både eit stort studio med to opptaksrom og eit mindre studio. Her får du mykje studiotid! I tillegg har me full lyd- og lys-rigg til konsertar og elevkveldar.

Voss folkehøgskule har eit breitt kreativt miljø som gir spennande samarbeid. Produser musikk for elevar på jazzlinja, eller bruk dei som instrumentalister i din eige musikk. Me lagar dataspel med dataklassen, du er lyddesigner!  Me samarbeider med film/fotolinja om filmmusikk til kortfilmane deira, og produserer musikkvideoar i lag!

Voss fhs har også nært samarbeid med lokale festivalar og musikkmiljø. I løpet av året besøker me Duper studio, eit av Bergens mest kjende studio. Det vert også meisterklassar med kjende musikarar, produsentar og lyddesingarar. Voss FHS har kjende musikarar blant tidlegare elevar, som Odd Norstoga og prisvinnande lyddesignar Gisle Tveito. Gisle har halde meisterklasse om lyddesign hos oss! 

 

Linja passar for deg som ønskjer å bruke eit år på å utvikle deg sjølv. Både om du vil lære om produksjon, låtskriving, lyddesign eller live fremførelse av elektronisk musikk.

Dette vil du lære

  • Ableton Live 
  • Lydkjennskap
  • Miks/mastering
  • Lydteknikk
  • Låtskriving
  • Sjangerkjennskap

Våre forventninger til deg

Det er ikkje krav til forkunnskap, det viktigaste er at du har interesse for faget. Ståpåvilje og lærelyst!

Kristian Iversen

Lærar, Lyd- & Musikkproduksjon

Kristian er musiker til margen, og lagar aller helst musikk kvar dag. Han er eit utprega ja-menneske, og boblar ofte over av både engasjement og latter når du møter han. Kristian har bakgrunn som bandmusiker, produsent, singer-songwriter og elektronisk musiker. Han har musikkutdanning fra LIPA (Paul McCartney-skolen), master i musikkpedagogikk, i tillegg til utdanning i dramapedagogikk og kunst. 

Timeplanen er variert

•    morgonsamling: kvar dag
•    linjefag: 3 dagar i veka: måndag, onsdag og torsdag, 15t
•    valfag: 2t tirsdag og heil dag fredag
•    fellesfag og fellesaktivitetar: 1,5 dag, tysdag og laurdag
•    laurdagsundervisning dei fleste laurdagane
•    elevkveldar
•    linjeveker
•    prosjekt
•    reiser

Last ned timeplan som pdf ↓

Denne får du ved studiestart. 

Voss har varierte valfag. Du vel valfag for hausten, og på nytt frå nyttår. Vi har delt valfaga inn i fagkategoriar som inneheld ulike fag. Vi har linjedagar kvar mandag, onsdag og torsdag. Vi har fellesdagar kvar tirsdag og laurdag og valfag tirsdag morgon og heile fredagen!

Data

Eksempel på fag: Spel-design, Grafikk, Årbok, Fotoredigering, Elektronikk. Er du datainteressert og vil lære meir?

Ekstremsport

Voss er et internasjonalt senter innan ekstremsport og på Voss kan du få høve til å prøve fleire sportar i våre valfag, smakebitar der du kan finne ut om dette er noko for deg. Ekstra kostnader. 

Film og Foto

Eksempel på fag: Kamera, Regi, Produsent, Redigering, Animasjon, Filmanalyse. Du får lage film, eller du får sjå og diskutere film frå ulike sjangrar.

Kajakk

Pris: 500,-

Ønsker du å lære deg havpadling? Skolen har kajakker som du kan bruke på egenhånd. Intro kurs havkajakk blir gjennomført. Pris inkluderer leige av kajakk + kursbevis.

Kunst & handverk

Fag kan vera: Teikning, Grafikk, Strikking, Sløyd og Foto. Å vere kreativ er sentralt for alle menneske. Her kan du skape sjølv. 

Musikk

Fag kan vera: Band, Studio, Innspeling, Teori, Stå på scenen. I musikk er det viktigaste å spele saman; her møtest øving og teori. Skulen har eige lydstudio, kanskje det beste mellom Bergen og Oslo?

Ski og Snowboard

Døme på fag: Alpint, Snøbrett, Frikøyring og Skitur. I frikøyring må du vera god på ski eller snowboard. Elles krev vi ingen forkunnskapar. Det største skisenteret på Vestlandet rett ved skulen.

Trening

Aktivitet ladar batteria. Våre aktive valfag kan til dømes vera: Ballspel, Buldring, Basistrening, Bordtennis, Yoga, Mental trening.

Tur & natur

Faga kan innehalde: Tur- og naturglede, Fjelltur, Sykkel, Bær, Fiske, Smalahovud, Isbading, Grøn livsstil. Voss er omkransa av fjell og vakker natur. Her kan du oppleve og lære meir om naturen.

Vindtunnel

Pris: 7 000,-

Lær deg å fly i formasjon i lagsporten vindtunnelflyging! Me vil gå metodisk gjennom forskjellige teknikkar for kroppsflyging og konkurranseforma FS4A. Avsluttar med mogelegheit for NM hos Voss Vind!

Stisykling

Pris: 600,-

Voss er omringet av sykkelstier. Vi kan ta gondolen opp og sykle ned igjen til skolen! Passer for deg som er nybegynner og har syklet før. Oppfordres til å ha egen sykkel, men kan også leige sykkel.

Voss har varierte tilbod; ni linjer, 120 elevar og dyktige lærarar. Kreative-, musikk-, frilufts- og ekstremsportlinjer! Stor fagleg breidde og allsidig miljø gir ein unik miks av ungdom og lærarar. Me ligg i sentrum av ekstremsport- og kulturbygda Voss, med skianlegg og gondol rett ved skulen.

Linjer ved skulen

Les mer om skolen

Fra kr 135 800,-

Inkludert

  • Undervisning
  • Mat og rom på skolen (romtype: dobbeltrom)
  • Bad på rommet
  • Bad på gangen
  • Heilårskort Voss resort (gondol og skiheisar)
  • Skulegenser
  • Flyging i vindtunnel, Vossvind
  • Adobe grunnlisens
  • Internett
  • Vaskemaskin
Minimumspris for linja 135 800,-

Du kan legge til (Huk av og se hvordan det påvirker prisen)

Lån og stipend

Summen du må dekke selv 135 800,-
(13 580,- per måned)
Når du takker ja til skoleplassen må du betale et administrasjonsgebyr på rundt 2500 kroner. Resten av summen betaler du månedsvis gjennom skoleåret. Nærmere informasjon får du fra skolen.

Husk at du også trenger penger til dette

Dette utstyret får du låne av skolen

  • Studio
  • Scenerigg
  • Mac m1
  • Instrument 
  • Musikkinstrumenter
  • Mikrofoner
  • Keyboard/synth 

Vi prøver å tilrettelegge så langt det går for at alle kan delta på linja, ta kontakt for meir info.

Søk på linjaMeir om skulenSkulen si nettside

Frå bloggen

Sånn kombinerte vi yrkesfag og folkehøgskole

Folkehøgskole er ikke bare for de som skal studere seinere. Les hvorfor Anton, Mia Kristine, Maja og Thomas ville gå på folkehøgskole.

Les meir på bloggen ▷

Få gratis skolekatalog i postkassa!

Få katalog med full oversikt over alle folkehøgskoler i posten. Bli kjent med skolene i ro og mak, og diskuter med venner og familie!

Bestill katalogen

Linjer som liknar denne

Band Vokal Studio

Stavern folkehøyskole
Ledig plass
Heilårskurs15 t/ukeKristen

Filmmusikk

Solborg folkehøgskole - Stavanger
Ledig plass
Heilårskurs16 t/ukeKristen

Musikk, reise og kultur

Haugetun Folkehøyskole
Ledig plass
HeilårskursKristen

Musikkproduksjon

Skjeberg Folkehøyskole
Ledig plass
Heilårskurs17 t/ukeFrilynt

Komposisjon/Låtskriving

Toneheim Folkehøgskole
Ledig plass
HeilårskursFrilynt

Musikk

Sunnhordland folkehøgskule
Ledig plass
Heilårskurs20 t/ukeFrilynt

Musikk og låtskriving

Kristiansand folkehøgskole
Ledig plass
Heilårskurs15 t/ukeKristen

Musikk - Sang

Harstad Folkehøgskole
Ledig plass
Heilårskurs15 t/ukeFrilynt

Singer/songwriter

Trøndertun folkehøgskole
Ledig plass
Heilårskurs24 t/ukeFrilynt

Utøvende musikk: Band OSLO

Rønningen folkehøgskole
Ledig plass
HeilårskursKristen

Andreårselev - STIPP

Trøndertun folkehøgskole
Ledig plass
Heilårskurs24 t/ukeFrilynt

Artist/Låtskriver og Musikkproduksjon OSLO

Rønningen folkehøgskole
Ledig plass
HeilårskursKristen