Musikk & Friluftsliv - London & Dublin

Søk på linja
Ledig plass

Musikkglede for livet kombinert med friluftsliv! Samspel, felleskap, studio, scene, låtskriving, arrangering, produksjon, konsert, turné, band, musikkhistorie - bålkos,telt, tur, ski, støl og hytteliv

Alle er glade i musikk. 9/10 nordmenn er aktive i friluftsliv. Vi kombinerer musikk og friluftsliv i ei unik linje! 

 

MUSIKK

Her får du spele konsertar, stå på scenen og dra på turné. 

Vi fokuserer på samspel. Det å spele saman med andre gir uvurderleg musikalsk læring.

Du utviklar dine instrumentale ferdigheiter, utvidar det musikalske repertoaret og aukar sjangerforståinga di. 

I varierte bandprosjekt utviklar du lytteevna di, trekkjer linjer mellom teori og praksis, og opparbeidar øvingsrutinar og samarbeidsevner i eit fellesskap. 

Du får også arbeide med låtskriving og arrangering, bruke studio og MacLab, samt planleggje og gjennomføre konsertar.

Studieturen går til London og Dublin.

 

FRILUFTSLIV

Friluftsliv i verdas vakraste bygd, ski-og idrettsbygda Voss! Fokus på samhald, meistring og læring 

Du vil ha friluftslivperiodar utover året med lærerar som har lang erfaring. 

Her er noko av det du kan forvente å oppleve: 

Kvar fredag er det valgfag heile dagen, vi har fleire ski, idrett og ekstremsportsfag du kan velje i tillegg til linja - i tillegg til andre kulturfag.

Instagram #vossfhs

Linja er for alle som er nysgjerrige på musikk og ynskjer å lære på ein praktisk måte, enten ein har musikardraumar eller vil ha musikk som hobby - OG som er glade i varierte friluftslivsaktivitetar!

Dette vil du lære

-       Samspel

-       Teori på ein praktisk måte

-       Arrangere og gjennomføre konsertar

-       Bli betre på ditt instrument

-       Tekst- og låtskriving

-       Studioteknikk, Logic og ProTools

-       Formidling i konsertar og på turné

-       Del av Osafestivalen og Vossa Jazz

-       Folkemusikkurs på Ole Bull Akademiet

-     Eit brett spekter av friluftslivskompetanse

       

Våre forventninger til deg

- Møt opp opplagt og positiv til kvar undervisningstime, så går det meste bra.

- Vi vil utforske forskjellige sjangrar, teori og sider ved musikk, så ei open haldning til nye utfordringar er viktig.

- Vi har ikkje prøvar, pugg og eksamen. Det er ikkje noko vi MÅ gjere. Vi kan planleggje musikk inne når det regnar, og ta fine turar ute når det er blå himmel. Vi skal lære musikk og friluftslivsglede 

Obligatorisk: Ja

Pris: Inkludert i linjepris

Studietur til Dei britiske øyer.

Ei musikalsk reise utanom det vanlege! På denne turen får du oppleva – og ta del i musikk frå eit vidt perspektiv. Storbritannia står sentralt i europeisk musikkliv innafor ulike sjangrar. Fleire engelske band har til dømes vore avgjerande for utviklinga av rock og populærmusikken. I tillegg til å besøka musikkmetropolen London, vil du få ta del i eit mangfald av musikktradisjonar på rundturen gjennom Irland, Skotland og England. Du vil få utvida den musikalske horisonten din og ha fleire erfaringar å spele på seinare. 

På same måte som sjølve folkehøgskuleåret blir til når me går vegen saman, blir mykje av innhaldet på turen planlagt i fellesskap ut ifrå gitte rammer. På denne måten vert elevane delaktige i val av konsertar og andre aktivitetar, og får eit eigarforhold til turen allereie før avreise.

På turen kan du i tillegg til så mykje meir, mellom anna oppleva dette:

  • Dublin, Edinburgh, Liverpool, London.
  • Oppleva landskap og britisk natur frå toget.
  • Gå i fotspora til The Beatles i Liverpool, ”Rock`n roll tour” i London
  • Musikalar, konsertar, jam – du får oppleva ein yrande live-kultur.
  • Folkemusikk av ulike dimensjonar – dans, spel, instrument m.m.
  • Og det beste av alt, fellesskapsfølelsen på tur – at me opplever og får nye erfaringar i lag. – At me finn tonen saman!

Jørgen Røset

Lærar

Positiv og engasjert livsnyter som søker alle livets store og små gleder. Opptatt av de store linjene i historien, og filosoferer gjerne rundt samfunn, natur og fremtid. Han er en lidenskapelig toppturgåer, og følger været ellers til å klatre og padle. Bodd i trær, i huler og i seilbåt, men bor nå innomhus på Voss.  Eventyr 2016

Epost: jorgen.roset@voss.fhs.no
Instagram: @vossfhsekstrem

Mari Bryn

Hovudlærar for musikklassen

Mari er ei vossajente som etter studiar, kom attende til Voss i 2015 som lektor med tilleggsutdanning. Har mastergrad i musikkvitenskap får Universitetet i Oslo, med song som hovudinstrument. Mari er utøvande songar og har songe i alt frå band til å vera solist med symfoniorkester. Dirigerer kor og har erfaring som korsongar. Utanom musikken, er fjellet og friluftsliv hennar andre store interesse.

Epost: mari.bryn@voss.fhs.no

Jon Grendahl

Lærar Idrett & Friluftsliv

Jon er både fjellmann og ein dyktig seglar. Han har god peiling på treskjæring, svømming og skikjøring. På fritida er han stupetrenar og orienteringsløpar. Jon har lærerutdanning og idrettsbakgrunn frå forsvaret. Jon har ansvaret for å lede alle festane på skulen, til tross for dårlege vitsar. Han er omgjengeleg og har ofte ein god historie på lur. Jon han tek gjerne ein låt på munnharpa si.

Epost: jon.grendahl@voss.fhs.no

Amund Sletner

Lærar Idrett & Friluftsliv

Amund trivst best ute heile året - på sykkel, jakt, fisketurar eller lange fjellturar. Amund har utdanning frå idrettshøyskolen i Oslo og som offiser i hæren. Han er skiinstruktør, driv med kiting og er idrettsentusiast. Amund er ein allsidig folkehøgskulelærar som også tilbyr danseopplæring og gitarundervisning på eit nybegynnar nivå. Ein konkurransemann med god trønderhumor!  

Epost: amund.sletner@voss.fhs.no

Undervisninga går føre seg på dagtid, men vi har og timar på ettermiddag og kveldstid.

Timeplanen er variert

•    morgonsamling: kvar dag
•    linjefag: 3 dagar i veka: måndag, onsdag og torsdag, 15t
•    valfag: 1 dag. Heile fredagen er valfag
•    fellesfag og fellesaktivitetar: 2 dagar, tysdag og laurdag
•    laurdagsseminar dei fleste laurdagane
•    elevkveldar
•    linjeveker
•    prosjekt
•    reiser

Denne får du ved studiestart. 

Voss har varierte valfag. Du vel valfag for hausten, og nytt frå nyttår. Vi har delt valfaga inn i fagkategoriar som inneheld ulike fag, les meir ved å trykkje på kategoriane. Vi har linjedag om måndagane, onsdagane og torsdagane. Vi har fellesdag om tysdag og laurdag - og valfag heile fredagen!

Data

Spilldesign, grafikk, årbok, bilderedigering, blogg Er du datainteressert og vil lære meir? •    Grafisk design•    Lage spel•    Blogg•    Bilderedigering

Ekstremsport

Voss er et internasjonalt senter innan Ekstremsport og vi gjev deg mulighet til å prøve fleire sportar i våre valfag, smakebitar der du kan finne ut om dette er noko for deg. Ekstra kostnader.

Film

Kamera, regi, produsent, redigering, animasjon, filmanalyse Du får lage film, eller du får sjå og diskutere film frå ulike sjangrar. •    Filmproduksjon frå idé til produkt•    Filmregissørar og deira form•    Filmteori

Kunst & handverk

Teikne, male, strikke, sy, spikke, fotografere Å vere kreativ er heilt sentralt for alle menneske. Her kan du skape sjølv. Fag kan vere •    Teikning og maling•    Sløyd•    Lag din eigen kniv•    Strikking

Musikk

Band, studio, innspeling, teori, stå på scenen I musikk er det viktigaste å spele saman; her møtest øving og teori. Skulen har eige lydstudio. •    Kor•    Band•    Improvisasjon•    Studio, lyd, innspeling

Samfunn & filosofi

Samfunn, diskusjon, berekraft, teknologi, spørsmål, filosofi, båtførarprøven, brettspill Er det ein samanheng mellom deg og andre? Kan vi leve slik at verda er ein god plass for både deg og meg? •    Fellesskapsteknologi og framtid – er teknologien i framtida eit trugsmål eller eit håp?•    Berekraft – kan vi løyse små utfordringar her – som er med på å løyse store utfordringar i verda?•    Filosofi – dei store spørsmåla, dine spørsmål. Kven er eg? Kva er sanning? Kva er kunnskap?

Skifag

Alpint, frikøyring og skitur I frikøyring må du vere god på ski. Elles krev vi ingen forkunnskapar. Voss Resort – det største skisenteret på Vestlandet:•    10 heisar / 22 løyper som passa

Trening

Trening, aktivitet, bevegelse, idrett og leik Aktivitet ladar batteria. Våre aktive valfag kan innehalde:•    Ballspel•    Buldring•    Basistrening•    Ping-pong•    Yoga•    Treningslære/ lær å trene rett Prøv og øv på ulike aktivitetar du vil bli god i!

Tur & natur

Turglede og naturglede, fjelltur, sykkel, bær, fiske, smalahovud, isbading, grønn livsstil Voss er omkransa av fjell og vakker natur. Her kan du oppleve og lære meir om naturen. •    Turar til fots og på sykkel•    Haust frå naturen: bær, sopp, fisk•    Fiske med garn og med fluge•    Svi smalehovud og lag middag til heile skulen

Voss har varierte tilbud; 8 linjer, 110 elevar og dyktige lærarar! Kreative linjer, frilufts- og ekstremsportlinjer! Faglig bredde og allsidig miljø gjev ein unik miks av ungdom og lærarar. Vi ligg i sentrum av ekstremsport- og kulturbygda Voss, med skianlegg og gondol rett ved skulen. Stolte tradisjonar sidan 1895.

Linjer ved skulen

Fra kr 123 000,-

Inkludert

  • Undervisning
  • Mat og rom på skolen (romtype: dobbeltrom)
  • Bad på rommet
  • Bad på gangen
  • Studietur: Dei britiske øyer!
  • Internett
  • Vaskemaskin
Minimumspris for linja 123 000,-

Du kan legge til (Huk av og se hvordan det påvirker prisen)

Lån og stipend

Summen du må dekke selv 123 000,-
(12 300,- per måned)
Du betaler månedsvis gjennom skoleåret. Nærmere informasjon får du fra skolen.

Husk at du også trenger penger til dette

Dette utstyret får du låne av skolen

Det er ein grunn til at "Ekstremsportveko" på Voss er den største ekstremsportfestivalen i verda. På Voss finn du ei unik kombinasjon av fantastisk variert natur og kompetanse på friluftsliv og ekstremsport. Vi har ei ekstrem god kompetanse på friluftsliv i personalet. Dette får du tilgang til når du tek kombinasjonen av Musikk & Friluftsliv

Det er 82 folkehøgskular i Noreg. 720 linjer og 164 av desse er med musikk. Berre to linjer i landet som kombinerer musikk & friluftsliv. Vi er ein av desse!

Dette utstyret må du stille med selv

Med mindre du spelar på piano, er det lurt å ta med instrumentet ditt. Elles har skulen det meste av utstyr til musikk. Ta med det du treng av klær og utstyr til friluftsliv. Gode klede, fjellstøvlar, sovepose, ski, sekk og dagstursekk. Vanleg friluftslutstyr. Meir informasjon får du i tilbodsbrevet og i brev frå linjelærar

Søk på linjaMeir om skulenSkulen si nettside

Frå bloggen

Mindre alene med TV-aksjonen

I år heter TV-aksjonen Mindre alene sammen. Det er et språk som folkehøgskoleelever kjenner. Her kan vi – og vil vi – bidra.

Les meir på bloggen ▷

Bestill katalogen for 2019/2020

Få full oversikt over skoler og linjer, og bli kjent med livet på folkehøgskole.

Bestill katalogen

Linjer som liknar denne

Tilrettelagt undervisningLedig plass

Tilrettelagt undervisning

Toneheim Folkehøgskole
HeilårskursFrilynt
Låtskriving.Studio.NewYorkLedig plass

Låtskriving.Studio.NewYork

Sunnmøre Folkehøgskule
HeilårskursKristen
MusikkLedig plass

Musikk

Hedmarktoppen folkehøyskole
Heilårskurs17 t/ukeKristen
Bass- Music Live StudioLedig plass

Bass- Music Live Studio

Harstad Folkehøgskole
Heilårskurs15 t/ukeFrilynt
MusikkLedig plass

Musikk

Fana folkehøgskule
Heilårskurs13 t/ukeFrilynt
Modern Artist New YorkLedig plass

Modern Artist New York

Nordmøre Folkehøgskule
Heilårskurs15 t/ukeFrilynt
Latin Jazz - CubaLedig plass

Latin Jazz - Cuba

Agder Folkehøgskole
Heilårskurs16 t/ukeFrilynt
MusikkproduksjonLedig plass

Musikkproduksjon

Holtekilen Folkehøgskole
HeilårskursKristen
Musikk - New YorkLedig plass

Musikk - New York

Seljord Folkehøgskule
Heilårskurs15 t/ukeFrilynt
FolkemusikkLedig plass

Folkemusikk

Toneheim Folkehøgskole
HeilårskursFrilynt
MessingblåsereLedig plass

Messingblåsere

Toneheim Folkehøgskole
HeilårskursFrilynt
Jazz Pop RockLedig plass

Jazz Pop Rock

Musikkfolkehøgskolen Viken
HeilårskursKristen