Til hovedinnhold

Lyd- & Musikkproduksjon

Søk på linja
Ledig plass

Linja for deg som drøymer om å bli produsent, teknikar og/eller musikar. Bli god bak miksepulten og i studio. Produser musikk og skap stemning til filmar og spel. Tett samarbeid med bransjen.

Her har du som har lyst til å lære om lyd din sjanse! Du vil lære å arbeide med lyd i ulike samanhengar, live, i studio eller ved å lage musikk på pc/mac. Dyktige lærarar vil hjelpe og rettleie deg undervegs, både individuelt og saman med klassekameratane dine. 

Det er ikkje krav til forkunnskap, det viktigaste er at du har interesse for faget. Skulen har det du treng av utstyr og rom for å spele inn og produsere musikk og til å arbeide med lyd, lys og scene for produksjonar og forestillingar.

Skulen har eige studio og arbeidsrom med Logic Pro som hovudprogram. Du vil òg få høve til å jobbe i Ableton eller FL Studio, eller program du har sjølv. Du får tilgang til å prøve ut full scenerigg. Vi arbeider saman med linja Jazz. Produserer musikk for dei i studio og står for det tekniske på konsertar. Vi har studietur og turné i lag. 

Film og spel er blitt ein del av kvardagen for dei fleste av oss, vi har derfor valgt å fokusere på spel- og filmmusikk på denne linja. Det vert meisterklassar med kjende musikarar og du vil få lage musikk til elevfilmane på Film & foto og spela til Datalinja. 

Vi har tett samarbeid med fagmiljø som er profesjonelle innen lyd, lys og scene. Vi får jobbe praktisk saman med dei på oppdrag gjennom året. 

Vi skal ha det kjekt, jamme, halde konsertar, turnere, ha lange kveldar i musikkstudio og leike med musikk og lyd saman. Velkomen til eit praktisk og lærerikt år hjå oss på Voss.

Stuidetur med tog til Europa - festival, konsert og skulebesøk.

Linja passer for deg som drøymer om å bli produsent, teknikar og/eller musikar - eller deg som vil ha dette som hobby.

Dette vil du lære

  • Musikkproduksjon
  • Spel- og filmmusikk
  • Studio
  • Innspeling
  • Miksing
  • Mastering
  • Logic Pro
  • Musikklære
  • Noter
  • Besifring
  • Hørelære
  • Låtskriving
  • Arrangement
  • Konserter
  • Lyd
  • Lys
  • Samarbeid

Våre forventninger til deg

Det er ikkje krav til forkunnskap, det viktigaste er at du har interesse for faget. Ståpåvilje og lærelyst!

Undervisninga går føre seg på dagtid, men vi har og timar på ettermiddag og kveldstid.

Timeplanen er variert

•    morgonsamling: kvar dag
•    linjefag: 3 dagar i veka: måndag, onsdag og torsdag, 15t
•    valfag: 1 dag. Heile fredagen er valfag
•    fellesfag og fellesaktivitetar: 2 dagar, tysdag og laurdag
•    laurdagsseminar dei fleste laurdagane
•    elevkveldar
•    linjeveker
•    prosjekt
•    reiser

Denne får du ved studiestart. 

Voss har varierte valfag. Du vel valfag for hausten, og på nytt frå nyttår. Vi har delt valfaga inn i fagkategoriar som inneheld ulike fag. Vi har linjedagar kvar mandag, onsdag og torsdag. Vi har fellesdagar kvar tirsdag og laurdag ? og valfag heile fredagen!?

Data

Eksempel på fag: Spel-design, Grafikk, Årbok, Fotoredigering, Elektronikk. Er du datainteressert og vil lære meir?

Ekstremsport

Voss er et internasjonalt senter innan ekstremsport og på Voss kan du få høve til å prøve fleire sportar i våre valfag, smakebitar der du kan finne ut om dette er noko for deg. Ekstra kostnader. 

Film

Eksempel på fag: Kamera, Regi, Produsent, Redigering, Animasjon, Filmanalyse. Du får lage film, eller du får sjå og diskutere film frå ulike sjangrar.

Kunst & handverk

Fag kan vera: Teikning, Grafikk, Strikking, Sløyd og Foto. Å vere kreativ er sentralt for alle menneske. Her kan du skape sjølv. 

Musikk

Fag kan vera: Band, Studio, Innspeling, Teori, Stå på scenen. I musikk er det viktigaste å spele saman; her møtest øving og teori. Skulen har eige lydstudio, kanskje det beste mellom Bergen og Oslo?

Samfunn & filosofi

Fag kan vera: Samfunn, Diskusjon, Bærekraft, Teknologi, Spørsmål, Filosofi, Båtførarprøven, Brettspel. Er det ein samanheng mellom deg og andre?

Skifag

Døme på fag: Alpint, Snøbrett, Frikøyring og Skitur. I frikøyring må du vera god på ski. Elles krev vi ingen forkunnskapar. Det største skisenteret på Vestlandet er i gå-avstand frå skulen.

Trening

Aktivitet ladar batteria. Våre aktive valfag kan til dømes vera: Ballspel, Buldring, Basistrening, Bordtennis, Yoga, Mental trening.

Tur & natur

Faga kan innehalde: Tur- og naturglede, Fjelltur, Sykkel, Bær, Fiske, Smalahovud, Isbading, Grøn livsstil. Voss er omkransa av fjell og vakker natur. Her kan du oppleve og lære meir om naturen.

Voss har varierte tilbud; 8 linjer, 120 elevar og dyktige lærarar! Kreative linjer, frilufts- og ekstremsportlinjer! Faglig bredde og allsidig miljø gjev ein unik miks av ungdom og lærarar. Vi ligg i sentrum av ekstremsport- og kulturbygda Voss, med skianlegg og gondol rett ved skulen. Stolte tradisjonar sidan 1895.

Linjer ved skulen

Les mer om skolen

Fra kr 125 500,-

Inkludert

  • Undervisning
  • Mat og rom på skolen (romtype: dobbeltrom)
  • Bad på rommet
  • Bad på gangen
  • Internett
  • Vaskemaskin
Minimumspris for linja 125 500,-

Du kan legge til (Huk av og se hvordan det påvirker prisen)

Lån og stipend

Summen du må dekke selv 125 500,-
(12 550,- per måned)
Du betaler månedsvis gjennom skoleåret. Nærmere informasjon får du fra skolen.

Husk at du også trenger penger til dette

Dette utstyret får du låne av skolen

  • Studio
  • Scenerigg
  • Maclab
  • Musikkinstrumenter
  • Alt du treng for å lage og produsere musikk
Søk på linjaMeir om skulenSkulen si nettside

Frå bloggen

Romkamerater

Vi har snakka med årets elever om hvordan det har vært å bo sammen.

Les meir på bloggen ▷

Bestill katalogen for 2021/2022

Få full oversikt over skoler og linjer, og bli kjent med livet på folkehøgskole.

Bestill katalogen

Linjer som liknar denne

Lysdesign

Romerike Folkehøgskole
Ledig plass
Heilårskurs27 t/ukeFrilynt

Musikkproduksjon

Oslofjord Folkehøgskole
Ledig plass
Heilårskurs34 t/ukeKristen

Musikkproduksjon og lyddesign

Trøndertun folkehøgskole
Ledig plass
Heilårskurs21 t/ukeFrilynt

Musikkproduksjon

Manger Folkehøgskule
Ledig plass
Heilårskurs19 t/ukeFrilynt

Sceneproduksjon

Vefsn Folkehøgskole - Toppen
Ledig plass
Heilårskurs12 t/ukeFrilynt

Lyd og musikk

Romerike Folkehøgskole
Ledig plass
Heilårskurs27 t/ukeFrilynt

Musikkproduksjon Studio

Musikkfolkehøgskolen Viken
Ledig plass
Heilårskurs9 t/ukeKristen

Lyd og Musikkproduksjon

Bakketun Folkehøgskole
Ledig plass
Heilårskurs17 t/ukeKristen

Vokal - London og Paris

Karmøy Folkehøgskule
Ledig plass
Helårskurs B6 t/ukeFrilynt

Film- og TV-skapar

Stord Folkehøgskule
Ledig plass
Heilårskurs15 t/ukeFrilynt

Nordiska Teaterskolan

Nordiska Folkhögskolan
Ledig plass
Heilårskurs36 t/ukeFrilynt

Musikkproduksjon

Rønningen folkehøgskole
Ledig plass
HeilårskursKristen

Instrumental

Trøndertun folkehøgskole
Ledig plass
Heilårskurs21 t/ukeFrilynt

Utøvende musikk

Grenland Folkehøgskole
Ledig plass
Heilårskurs12 t/ukeKristen

Musikkproduksjon

Solborg folkehøgskole - Stavanger
Ledig plass
Heilårskurs16 t/ukeKristen

Vokal

Oslofjord Folkehøgskole
Ledig plass
Heilårskurs34 t/ukeKristen

Musikkproduksjon

Skjeberg Folkehøyskole
Ledig plass
Heilårskurs17 t/ukeFrilynt

StreamTeam

Solborg folkehøgskole - Stavanger
Ledig plass
Heilårskurs16 t/ukeKristen

Band & Turnèliv - Norge og Irland

Karmøy Folkehøgskule
Ledig plass
Helårskurs AFrilynt

Låtskriving.Studio

Sunnmøre Folkehøgskule
Ledig plass
HeilårskursKristen

Artistutvikling

Stavern folkehøyskole
Ledig plass
Heilårskurs15 t/ukeKristen

MediaCrew

Stavern folkehøyskole
Ledig plass
Heilårskurs30 t/ukeKristen

Utøvende Musikk

Ringerike Folkehøgskole
Ledig plass
HeilårskursFrilynt

Musikkproduksjon

Vefsn Folkehøgskole - Toppen
Ledig plass
Heilårskurs12 t/ukeFrilynt

Musikk - Band/Vokal

Elverum folkehøgskule
Ledig plass
Heilårskurs14 t/ukeFrilynt

Musikk

Fana folkehøgskule
Ledig plass
Heilårskurs13 t/ukeFrilynt

Musikk - sang/scene/studio

Haugetun Folkehøyskole
Ledig plass
Heilårskurs14 t/ukeKristen

Band Vokal Studio

Stavern folkehøyskole
Ledig plass
Heilårskurs15 t/ukeKristen

Creative Gaming

Buskerud Folkehøgskole
Ledig plass
Heilårskurs15 t/ukeFrilynt

Musikkproduksjon

Sunnhordland folkehøgskule
Ledig plass
Heilårskurs20 t/ukeFrilynt

Studio/Laptop

Grenland Folkehøgskole
Ledig plass
Heilårskurs12 t/ukeKristen

Musikkproduksjon og låtskriving

Sandefjord folkehøyskole
Ledig plass
HeilårskursFrilynt

Skuespiller for scene og skjerm

Sunnhordland folkehøgskule
Ledig plass
Heilårskurs20 t/ukeFrilynt

Beats Electro

Rødde folkehøgskole
Ledig plass
Heilårskurs16 t/ukeKristen

Musikk

Hedmarktoppen folkehøyskole
Ledig plass
Heilårskurs28 t/ukeKristen

Teater og scenekunst

Fana folkehøgskule
Ledig plass
Heilårskurs13 t/ukeFrilynt