
- Voss folkehøgskule
- Telefon: 5652 9040
- E-post: post@voss.fhs.no
- Kurslengde: Heilårskurs
- Verdigrunnlag: FrilyntDei frilynte folkehøgskulane har verdigrunnlag som ikkje tek utgangspunkt i eitt bestemt livssyn. Dei vil gjerne ha elevar med ulike interesser og livssyn.
-
Tilbyr: Vegetar, veganDei fleste skulane legg til rette for dei som har matallergiar og andre behov. Ta gjerne kontakt med skulen.
- Stad: Voss
- Oppstartsdato: 20.08.2022
- Pris: fra 127 500,-
Ny jazzlinje i jazzbygda Voss. Fokus på gehør, improvisasjon, eigenart og samspel. Godt læringsmiljø og tett samarbeid med andre linjer på skulen. Eit steg mot draumen om å bli musikar eller vokalist.
Praktisk og gehørbasert linje for deg som vil jobbe med musikken eit år!
Året kan væra eit viktig steg før vidare studier. Du bør ha eit hovudinstrument du meistrar godt og masse ståpå-vilje.
Vi lagar konsertar for dei andre på skulen og ute på Voss. Vi samarbeider tett med linja Lyd- og Musikkproduksjon og har fellesemne saman med dei. Du vil lære om lydteknikk og du vil lære å ta opp og mikse musikk. Vi reiser på turné i lag om våren. Helga før påske er det Vossa Jazz og du vil få høve til å øve med profesjonelle musikarar, og å førebu og vera med på å arrangere festivalen. Du vil få mykje erfaring på kort tid og bli ein trygg musikar. Du vil òg få eit nettverk for vidare samarbeid. Me hjelper deg til å ta val i vidare karriere og å førebu til studiar.
Vi legg til rette for individuelle timar utanfor skulen om du ønskjer det hjå våre dyktige samarbeidspartnerar på Voss og i Bergen. Jazz på Voss betyr òg litt folkemusikk. I nabolaget held Ole Bull Akademiet til med eit av landets beste fagmiljø innan ulike former for tradisjonsmusikk.
Sjølv om hovedaktiviteten vil føregå på Voss, vil nærleiken til Bergen, og byen sitt breie musikkmiljø og vere ein ressurs vi lett kan benytte oss av, då vi har sentrale kontakter i alle miljø. Det vil bli fleire meisterklassar med kjende musikarar!
Dette er linja for deg som vil satsa på musikken eller berre nyte eit år saman med andre musikkinteresserte!
Følg linja på Instagram: @jazzvossfhs