Til hovedinnhold
Få ledige plasser

Lær fallskjerm, vindtunnel, paragliding og skikøyring. Prøv padling, kiting og skating. Opplev meistring og eventyr, vennskap, natur og friluftsliv i telt og snøhole. Ekstremsport- og skibygda Voss!

Voss folkehøgskule har Noregs mest komplette tilbod innan ekstremsport. Ekstremsport Luft er for deg som vil bruke mest tid på å utforske luftsportane, køyre mykje på ski og prøve andre ekstremsportar.
Å dele unike opplevingar i lag gir oss eit godt samhald og unike vennskap på linja.

Kast deg ut av eit fly eller helikopter, fly ned ei fjellside eller fly lengre og høgare med paraglider ...og ta lisensane til å gjere alt på eiga hand! Fly mange timar i vindtunnelen. Prøv padling og kiting. Køyr endelaus puddersnø i Myrkdalen, og sving deg ned fjellsider i Voss Resort.

Ski- og ekstremsportbygda Voss har alle moglegheiter. Nord-Europas største gondolbane ligg i gangavstand til skulen og Noregs største fallskjermsenter ligg ein sykkeltur unna!

Du og venner er med og legg planar ut frå vêr og vind. Vårt mål er at du skal bli dyktig og sikker i sportane me driv med, og du får fly massevis i løpet av året. Me stiller kvart år med fleire lag i NM i vindtunnel. I tillegg til å bu i ekstremsportmekkaet Voss, får du oppleva ei fantastisk reise gjennom store deler av Europa.

Du får oppleva Sognefjorden på sitt beste med padling, teltliv og naturopplevingar. Det blir toppturar i magiske Vossafjell og mange fine turar i områda rundt skulen sine fjellstølar! Sjå Studieturer for linja

Utstyret me bruker er av høgste kvalitet. Sjå Utstyr til linja.

Opplev draumane dine! Velkomen til Voss!

TikTok https://www.tiktok.com/@vossfhsluft (½M følgere!)

Instagram https://www.instagram.com/vossfhsluft/

Ekstremsport Luft passer for deg som er eventyrlysten og sosial, vil utfordra deg sjølv, har pågangsmot og godt humør. Linja passer best for litt erfarne skifolk, men krev ingen luftsporterfaring.

Dette vil du lære

  • Alpin skikøyring (frikøyring, teknikk, topptur mm)
  • Fallskjermhopping (minst 20 hopp)
  • Paragliding
  • Vindtunnelflyging (minst 5 timar flytid - ofte meir, tilsvarar 4-500 hopp)
  • Kiting (grunnkurs+)
  • Havpadling
  • Rappellering
  • Skating
  • Aktivt friluftsliv
  • Snøholebygging
  • Snøskredlære
  • Sikkerheit og risikovurdering
  • Førstehjelp
  • Aerodynamikk
  • Meteorologi

Om det høver og me har tid: klatring, elvepadling, surfing eller speedriding.

Våre forventninger til deg

  • Oppmøte kvar dag
  • God fysisk form
  • Høgt energinivå
  • Høg grad av deltaking
  • Sunne haldningar
  • Dugnadsvilje
  • Gode skiferdigheitar - alpinski
  • Krav til legeerklæring
  • 18- års aldersgrense
  • Maks vekt 95 kg (ta kontakt om du er tyngre)
  • Det er mange hunder på skulen, så du bør ikkje ha sterk allergi for hund.
    (ta kontakt om du er i tvil om det vil bli et problem)

Alpane og Europa - Luftsport, ski og interrail

Obligatorisk: Ja

Pris: Inkludert i linjepris

Varighet: 17 dager

Turen går til både dei største og mest legendariske skistadane rundt St Anton, Innsbruck, Engelberg og Cortina, men også mindre perler som Bovec i Slovenia! Me reiser ofte saman med andre linjer ved skulen - det blir god stemning!

Me reiser gjerne gjennom 12 - 15 land, med det lengste opphaldet i Tirol i Alpane. I løpet av turen blir det gode moglegheiter for ski, surfing, paragliding og klatring. Om været tillet kan det hende det blir fallskjermhopping.

Turen har som mål å prøva ut sportane me har lært oss gjennom året i nye omgjevnader, men også å prøva nye ting og utfordra oss sjølv.

Det blir også litt tid til å oppleva kulturen i storbyar som til dømes Haag, Basel, Budapest og Praha eller mindre stader i Slovenia, Kroatia eller Italia. Me vel sjølv, og difor endrar turen seg frå år til år.

Me planlegg turen saman i løpet av skuleåret. Elevane er med å legge reiseruta, slik at turen blir «vår». Samhald, turglede og felles opplevingar er i fokus. 

Me har valgt å reisa med tog for å:

  • nå unike stader med kultur og begivenheiter me vil få med oss, som me ikkje får med ei typisk flyreise
  • ha fleksibilitet til å leggja opp reiseruta som me vil
  • kunne flytta oss etter den gode snøen og det gode været
  • kunne ha med nok utstyr 
  • læra om interrail og togreiser
  • reisa mykje meir miljøvennleg enn med fly

Turen går dei siste vekene i mars. 
Bli med oss på eventyr!

Fallskjermkurs

Obligatorisk: Ja

Pris: Inkludert i linjepris

Varighet: 5 dager

I årets første linjeveke pakker me telt og sovepose og reiser til Skydive Voss. Fallskjermklubben er bare 10 minutt unna skulen, men det er så kjekt å vere der at me velger å bu der heile første linjeveka. Me bur i telt eller hengekøye det lille skogområdet like bak klubbhuset. Her har klassen ei eigen trehytte der me fyrer bål i grua og slappar av etter lange dagar med fallskjermkurs

Etter eit par intensive dager, drar me i vindtunnelen for å kjenne på følelsen av fritt fall.

I slutten av veka gjer du ditt første fallskjermhopp, og om veret er bra kan det bli mange hopp i løpet av veka. (I løpet av hausten gjer du gjerne 15-20 hopp!)

Denne veka blir me skikkelig godt kjend, og det er utruleg kor raskt man blir trygg på både klassen og fallskjermhoppinga.

Havkajakk i Nærøyfjorden

Obligatorisk: Ja

Pris: Inkludert i linjepris

Varighet: 3 - 5 dager

Bli med oss på ei uforgløymeleg padletur i den fantastiske Nærøyfjorden, Noregs mest ikoniske UNESCO-verdsarvstad! Me padlar havkajakk frå Gudvangen til Undredal og bur i telt fleire stader langs fjorden. På vegen kan me gå i land og gå fjellturar til gardane «der ingen skulle tru at nokon kunne bu».

Bratte fjell som stupar ned i fjorden, krystallklart vatn, gamle gardar og spektakulære fossefall gjer denne turen unik, men det er samhaldet i klassen og dei fine opplevingane kring bålet som kanskje skapar dei beste minna.

Enten du er nybyrjar eller ein erfaren padlar, vil det bli ei lærerik oppleving.

Denne turen vil garantert gje deg minne for livet og ein heilt unik oppleving av Noregs natur.

Kitekurs

Obligatorisk: Ja

Pris: Inkludert i linjepris

Varighet: 2 dager

Et av høydepunktane på vinteren er snøkiting på Hardangervidda. Me bur på Haugastøl Turistsenter og lærer oss å kite i området mellom Haugastøl og Dyranut.

Etter ein gjennomgang av utstyr og teknikk, er du klar for å prøve på eigen hand. I løpet av noen timer har du fått kontroll på kiten og er klar for å prøve deg med ski. Den andre dagen "flyr" du bortover vidda og har lært deg dei grunnleggende teknikkane. 

Topptur og snøhule

Obligatorisk: Ja

Pris: Inkludert i linjepris

Varighet: 2-5 dager

Voss får store mengder snø i løpet av vinteren! Me drar mykje til fjells, og når veret og snøforholda er gode, drar me på topptur.

I løpet av vinteren bygger me snøhule og bruker snøhula som base for skikøyring og fine toppturar i området. 

Fjella kring Voss har utrulig mykje fine moglegheiter for topptur. Elevanes favoritter er Vikafjellet, Jordalen og Mjølfjell. 

Om du vil gå enda meir topptur, så kan valgfaget Topptur anbefales, og det vert mange moglegheiter for topptur på fridagane. 

NM i vindtunnel

Obligatorisk: Ja

Pris: Inkludert i linjepris

Varighet: 3 dager

Som elev på Ekstremsport Luft får du fly mykje i vindtunnelen på Voss Vind. Dei fleste som prøver vindtunnel flyr 3-10 minutter. Voss folkehøgskule har ein avtale med vindtunnelen som gjer at me kan fly timesvis i løpet av skuleåret!

Dei første gangene går me gjennom proflyer-programmet. Etter kvart får du prøve deg på eigen hand og få full kontroll på flygingen. Mykje av flyvinga er leik og moro, der me lærer å fly saman, lærer oss salto eller flyg på høg fart. Etter kvart flyr me fleire saman og til slutt er elevane så gode at me lærer konkurranseformen formasjonsflyging FS-4. Det er utruleg kjekt. Her er det samarbeid som gjeld. 

I løpet av vinteren deltek me på NM i vindtunnel. Det er en stor opplevelse der me får prøva oss mot dei beste i Noreg. Det hender at det er lag fra Voss folkehøgskule på pallen!

NM er enten i Oslo eller på Voss, og omtrent annakvart år reise me på klassetur til Oslo.

Sørlandet, båtliv og fallskjermhopping

Obligatorisk: Ja

Pris: Inkludert i linjepris

Varighet: 6 dager

I september, medan det framleis er godt ver og varmt i vatnet, tek me turen til Sørlandet .

Etter hektiske veker med fallskjermhopping på Voss er det kjekt å gjere noko anna sosialt saman med klassen. På vegen stoppar me og besøker Setesdal folkehøgskule og tar oss eit bad i jettegrytene på Rysstad. Så går turen til Ny-Hellesund, med hyttetur, båtliv, fiske, vannsport, kajakkpadling og segling før me drar til Kristiansand og lærer oss også å surfe på surfebølga i Aquarama i Kristiansand.

I Tønsberg hopper me frå Noregs største fallskjermfly. Det er kjekt å prøve fallskjermhopping en ny stad etter mange hopp på Voss.

Stølstur til Upsete

Obligatorisk: Ja

Pris: Inkludert i linjepris

Varighet: 2 dagar

Skulen har ein fin gamal støl som ligg vakkert til langs Bergensbanen, like før Upsete stasjon. Her reiser dei fleste linjene på fleire turer i løpet av skuleåret. 

Den andre veka av skuleåret reiser heile skulen opp på stølen. Turen er lagt opp slik at den passar for alle, nokon går lange fjellturar, medan andre fiskar, badar, brenn bål eller speler gitar utanfor hytta. 

Denne turen er utruleg fin for samhaldet på skulen. Me starter skuleåret med ei felles oppleving i noko av den vakraste naturen Noreg har å by på. I tillegg er det en kjekk moglegheit til å bli betre kjend med både medelever, lærare og anna personale på skulen. 

Bli med oss på stølstur til sommaren!

Skuletur til Hardanger

Obligatorisk: Ja

Pris: Inkludert i linjepris

Varighet: 2 dager

I slutten av skuleåret reiser me saman på ein fantastisk fin tur til Hardanger. Me overnattar i vakre Rosendal, og i løpet av turen blir det masse kjekke aktivitetar du kan vere med på. Me dreg til Noregs einaste baroni og får omvising på det gamle slottet, me forsøker oss på putball (fotballgolf), drar på fjellturar, badar i både fjord og fjellvatn.

På veg heim drar vi innom den fantastiske Bondhusvatnet, eit av Vestlandets mest fotograferte naturområder.

Når eit folkehøgskuleår går mot slutten, er det ekstra fint å dele slike opplevingar med venner fra heile skulen. Me er mykje på tur med linjene i løpet av skuleåret, og difor er det spesielt kjekt å vere heile elevflokken saman på denne turen.

Lars Haukom

Lærar

Lars har i mange år reist og køyrt ski og hoppa fallskjerm rundt i verda, før han slo seg ned på Voss i 2010. Han har instruktørutdanning på øvste nivå innan alpint og telemark, fallskjerm, paragliding og speedriding. Han har drive med luftsport sidan 1993 da han vart utdanna fallskjermjeger ved Hærens Jegerskole. Han har også fleire års erfaring med og halde kurs i elvepadling og klatring.

Epost: lars.haukom@voss.fhs.no
Instagram: @larshaukom
Instagram: @vossfhsluft

På Voss skjer det mykje i løpet av ei veke! Skuleveka er på seks dagar, og på timeplanen står det vanlegvis:

  • Morgonsamling kvar dag
  • Linjefag to og ein halv dagar i veka
  • Valfag ein heil dag + to timar
  • Fellesfag og fellesaktivitetar, inkludert laurdagsundervisning

I tillegg blir timeplanen oppløyst eller endra i periodar gjennom året for å ha linjefagsveker, reiser og og andre prosjekt.  

Last ned timeplan som pdf ↓

Denne får du ved studiestart. 

I våre valfag kan du prøve noko heilt nytt, eller utvikle deg i fag du alt har interesse for.

Heile fredag er sett av til valfag - enten du vil fordjupe deg i eit fag eller dele dagen i to fag.
I tillegg har me valfag før lunsj på tysdagar. Tilbodet vil variere litt:

Elvepadling

Pris: 2 000,-

Lær deg elvepadling og få NPF Grunnkurs Elv! I dette valfaget lærer du grunnleggjande ferdigheiter og tryggleik i elvepadling. Etter fullført grunnkurs vil du kunne drive med enkel elvepadling.

Stisykling

Voss er omringa av sykkelstiar. Me kan ta gondolen opp og sykle ned igjen til skulen! Passar for deg som er nybegynner eller har sykla før. Du må ha eigen stisykkel og sikkerheitsutstyr.

Topptur

Lær å gå enkle toppturar med randonnee-utstyr! Du vil læra å gjenkjenne skredterreng og ta fornuftige vegval i fjellet. Me går trygge toppturar, så du treng berre eige ski-utstyr (ikkje skredutstyr).

Paragliding

Pris: 8 500,-

Ta paragliderkurs på de same stadene du har sett på TV fra Ekstremsportveko. Våre lærarar tar deg gjennom heile grunnkurset frå skulebakken og fram til du får fly turar frå mange hundre meters høgde!

Snowboard

Lær deg snowboard i Voss Resort. Alle elever ved skulen får du heiskort inkludert i skuleprisen. Me deler opp i grupper som passer for alle nivå, fra nybyrjar til avansert teknikk.

Try IT ekstremsport

Pris: 6 300,-

Faget gir ein smakebit på det Voss har å tilby av ulike ekstremsportar. Her får du utfordra seg sjølv, og flytta nokre grenser. Passar for alle. Rafting, tandem fallskjerm, elvepadling m.m

Vindtunnel

Pris: 7 800,-

Lær deg flyging i vindtunnel. Me vil gå metodisk gjennom ulike teknikkar for kroppsflyging og formasjonsflyging. Etter kvart flyr med saman i konkurranseforma FS4A. Dei som har lyst kan få delta i NM!

Band og samspel

Har du lyst til å spela kjente pop- og rocklåtear saman med andre? Då er dette valgfaget for deg. Passer for både nybegynnarar og viderekomne. Alle instrument er velkomne!

Gitar og ukulele

Ønskjer du å lære å spele - eller bli betre på gitar og/eller ukulele? I dette faget lærer du grunnleggande akkordar og grep, rytme og strumming patterns, og å spele kjende låtar.

Restorativ Yoga og avspenning

Du vil lære å koble av på gode måtar og løysne opp i kroppen. Her hentar du energi til «resten av livet» ditt. Du hjelper kroppen til å finne god søvn og kvile. Yogaprogram, Yin Yoga og avspenning.

Smart student

Rekningar, utgifter, matbudsjett, vekesmenyar, husleigekontrakt, studieteknikk, jobbsøking, CV, kreditt og inkasso, reparasjon av eige tøy og utstyr? Få ei praktisk innføring i smart studentliv!

Kreativ dans

Lær nye måtar å skape koreografi på i lag med andre! Lær å bruke dynamikk, uttrykk, musikalitet, partnerarbeid. Me øver på enkle akrobatiske element og løft. Ingen forkunnskapar nødvendig.

Yoga for alle

Yoga hjelper kropp og sinn å finne ro, tilstedeværelse og god energi - ofte er «alt» litt lettere etter en god yoga økt. Kanskje vil du oppleve at du finner din retning og vilje? Sertifisert yogalærer

Beats og studioglede

Me lagar musikk og lærer tekniske element som lyddesign og lett intro til miksing. Lavterskel!

Longboard

Pris: 1 600,-

Lag ditt eige longboard! Vel eit eige design og lag longboardet ditt frå botn. Me bestiller trucks og hjul og lagar motiv på brettet. Til slutt monterer me brettet og lærer å skate!

Frikøyring

For ski- og brettkøyrarar og som vil utvikle seg innan frikøyring. Me lærer alt frå køyring i puddersnø og bratt terreng til vindpakka snø og kuler. Voss har to fantastiske og snøsikre skianlegg.

Alpint

Lær deg skiteknikk i løypene i Voss Resort. Som elev ved skulen får du heiskort inkludert i skuleprisen. Me deler opp i grupper som passer for alle nivå, fra nybyrjar til avansert skikøyring.

Skiinstruktør

Pris: 2 000,-

Skulen har fleire lærere som held skiinstruktørkurs. Etter valgfaget blir de fleste deltakere godkjent som Instruktør trinn 1 i Den Norske Skiskole, og du kan søkje jobb som skiinstruktør.

Slowfashion og re-design

Valfaget for deg som er opptatt av klede, mote, gjenbruk og miljø. Du vil lære enkel saum og ulike saumteknikkar. Me reparerer, redesignar og syr eigne klede og tilbehør.

Filmklubb

Lyst til å utvide din filmhorisont? Då er dette valgfaget for deg! Her dukkar me ned i den fantastiske filmverda og ser filmar du kanskje ikkje ville ha sett til vanleg.

Improteater

Lær å stå framfor ei forsamling utan manus, og kjenn at det går bra! Lær om lytting, tilbod, aksept, spontanitet, status og fortellerteknikk. Leik, latter, sjølvtillit og samarbeid på ein ny måte!

Kajakk

Pris: 500,-

Ønsker du å lære havpadling? Etter det grunnleggande i dette faget kan du låne skulen sine kajakkar på eigenhand. Fine turar på Vangsvatnet ventar! Pris inkluderer kursbevis for Våttkort grunnkurs.

Kreativ Verkstad

Jobb kreativt med ulike teknikker som akvarell, collage, grafikk, oljemaling, akryl, softpastell og oljepastell.

Lindy Hop

Lyst til å sjå ut som ein gjest frå The Great Gatsby på dansegolvet, og danse til skikkeleg kul swing jazz-musikk? Lær deg å danse verdas kulaste swing-stilart: Lindy Hop!

Strikking

Valfaget for deg som ønsker å lære å strikke, eller berre perfeksjonere ferdigheitene dine. Strikking saman er gøy!

Hobbyfilosofi og praktiske tankar

Er du glad i kunnskap og bøker som gir gode verktøy for å leva livet ditt? I dette valfaget skal me gå gjennom hovudpunkt og gje eit overblikk over ulike metodar og filosofiar om det gode liv.

Beats & lytteklubb

Me mekkar beats og høyrer på musikk! Fins det betre måte å starte dagen på? Lågterskel!

Grafikk og trykk

Lær ulike trykkteknikkar som lino, etsing og koldnål.

Fit for life and ski

Valfag for deg som ønsker å trene og bli sterkare, både mentalt og fysisk. Finn treningsglede og tren saman med andre! Perfekt for deg som ønsker å bli klar for vintersesongen med ski og snowboard.

Brettspel

Spel me speler kan vere: Catan, Carcassonne, Werewolf, kanskje Dungeons and Dragons? Det er fint å spele spel som tar litt tid, der ein kan lære strategiar og verkeleg leve seg inn i spelet!

Aktuelt i dag og geopolitikk

Me diskuterer saker som skjer i nyheitsbilete, og korleis verda heng saman politisk og historisk.

Pilates og stretching

Pilates er styrketrening med eigen kroppsvekt, med særleg fokus på stabilitets- og kjernemuskulatur. I tillegg lærer du skadeforebyggande tøying. Perfekt som supplerande trening til ein kvar idrett!

Massasje og restitusjon

Valfag for deg som ønsker å lære ulike massasjeteknikkar og få ro i kroppen gjennom avspenning og yoga. Plei ømme musklar etter ein kvardag med ski og snowboard.

Voss har fantastiske linjer, ca 30 varierte valfag og dyktige lærarar. Her fordjuper me oss i faga! Unike fasilitetar i sentrum av ekstremsport- og kulturbygda Voss, og spennande studieturar i inn- og utland. Her får du både utfordring og meistring i eit inkluderande fellesskap. Opplev draumane dine, velkomen til Voss!

Linjer ved skulen

Les mer om skolen

Fra kr 181 500,-

Inkludert

  • Undervisning
  • Mat og rom på skolen (romtype: dobbeltrom)
  • Heilårskort i Myrkdalen Skisenter
  • Radio, paragliding
  • Førstehjelpsutstyr
  • Fallskjermhansker
  • Fallskjermbriller
  • Loggbok, fallskjerm
  • Læreboka Paragliding
  • Stor utstyrspakke (se Utstyr til linja)
  • Bad på rommet
  • Bad på gangen
  • Heilårskort Voss resort (gondol og skiheisar)
  • Skulegenser
  • Flyging i vindtunnel, Vossvind
  • Adobe grunnlisens
  • Studietur: Stølstur til Upsete
  • Studietur: Skuletur til Hardanger
  • Studietur: Alpane og Europa - Luftsport, ski og interrail
  • Studietur: Fallskjermkurs
  • Studietur: Havkajakk i Nærøyfjorden
  • Studietur: Kitekurs
  • Studietur: Topptur og snøhule
  • Studietur: NM i vindtunnel
  • Studietur: Sørlandet, båtliv og fallskjermhopping
  • Internett
  • Vaskemaskin
Minimumspris for linja 181 500,-

Du kan legge til (Huk av og se hvordan det påvirker prisen)

Lån og stipend

Summen du må dekke selv 181 500,-
(18 150,- per måned)
Når du takker ja til skoleplassen må du betale et administrasjonsgebyr på rundt 2500 kroner. Resten av summen betaler du månedsvis gjennom skoleåret. Nærmere informasjon får du fra skolen.
Obs! For paragliding og fallskjerm må du ha medlemskap, forsikring og lisens i Norges Luftsportforbund. Dette kostar rundt kr. 2400,- fram til det året du fyller 20 år og rundt 3000,- etter du fyller 20 år. Dette må betalast per kalenderår. Me ordnar dette når du kjem på skulen.

Husk at du også trenger penger til dette

Dette utstyret får du låne av skolen

Fallskjerm
Fallskjermhjelm
Hoppdress
Vindtunneldress
Vindtunnelhjelm
Paraglider
Paraglidersele
Paragliderhjelm
Speedglider
Speedglidersele
Teleskopstavar
Elvekajakk
Havkajakk
Padlevest
Padlehjelm
Klatreutstyr
Skateboard
Skatehjelm
Skredsøkar
Skredspade
Søkestang
Telt 
Stormkjøkken 
Annet turutstyr

Du får og eigen radio, førstehjelpsutstyr, fallskjermhanskar, fallskjermbriller og loggbok, som du får behalde etter skuleåret. 

Dette utstyret må du stille med selv

Turutstyr (ryggsekk, sovepose, liggeunderlag etc)
Turklede (vindtett og ullklede)
Skiklede  
Alpinski med gåfunksjon 
Skihjelm og ryggplate
Sykkel

Skulen har gode innkjøpsavtalar på utstyr. Me oppfordrar til å kjøpe brukt utstyr, og spesielt alpinutstyret treng ikkje vere dyrt. Lettvektstutstyr er ikkje nødvendig.

Me prøver å tilretteleggja så langt det går for at alle kan delta på linja. Det er krav om legeattest og elevar bør være i god fysisk form, men det er likevel mogleg å få til det meste med dei fleste funksjonsnedsettinger.

Me har lærarar med mykje erfaring med elevar med funksjonsnedsetting både innan luftsport, ski og friluftsliv. Skulen har fleire sitskiar og disponerer rullestol tilpassa paragliding. 

Noregs første paraglidarturar med sitski, både tandem og solo, vart gjennomført i regi av Voss folkehøgskule.

Sjå film her: https://www.instagram.com/p/CKFCsxVBfYQ/?igshid=YmMyMTA2M2Y=

Dei eldste skulebygningane er over hundre år gamle og er ikkje fullt tilpassa rullestol, men internat, matsal, peisestove og TV-stove har heis og god tilkomst. 

Maksvekta på 95kg skuldast utstyret me disponerer. Me kan skaffa utstyr for tyngre pilotar, men det tek litt tid, så ta i tilfelle kontakt og nevn det i søknaden din.

Du er hjarteleg velkommen til å kontakt for meir info: lars.haukom@voss.fhs.no

 

Søk på linjaMeir om skulenSkulen si nettside

Dette seier tidlegare elevar

Kristian Grongstad, Namsos

Heilt rått! Luftsport på Voss gir ein mulighet du ikke kan få nånn anna plass! Ein kombinasjon av utfordring og adrenalin kan oppleves med nye vænna du aldri vil gløm!

Kristian Grongstad, Namsos
Eskil Moldrheim

Enhver som har får muligheten til å gå et år på Voss folkehøgskule har vunnet i lotto.

Eskil Moldrheim
Mari Bakkan Vika, Stavanger

Sygeste eg har vært med på! Hoppe ud av fly, springe ud fjell med vinge. Adrenalinfylt! Eg e´ hekta! Urørt snø, Vindtunnel- NM og ting eg ikkje hadde drømt om. Store opplevelser med venner for livet!

Frå bloggen

Nora (20) føler seg mer klar for studier og jobb etter et år på folkehøgskole

I sommer har vi snakka med flere elever om hvorfor de valgte folkehøgskole. Les hva Nora sitter igjen med etter sitt år.

Les meir på bloggen ▷

Få gratis skolekatalog i postkassa!

Få katalog med full oversikt over alle folkehøgskoler i posten. Bli kjent med skolene i ro og mak, og diskuter med venner og familie!

Bestill katalogen

Linjer som liknar denne

Paragliding - Det indiske hav

Valdres folkehøgskole
HeilårskursKristen

Ekstremsport - Paragliding

Setesdal Folkehøgskule
Heilårskurs16 t/ukeFrilynt

Luftsport

Folkehøgskolen Nord-Norge
Heilårskurs17 t/ukeKristen

Droneracing

Haugetun Folkehøyskole
Heilårskurs14 t/ukeKristen

Ekstremsport - Paragliding

Setesdal Folkehøgskule
Heilårskurs16 t/ukeFrilynt

Paragliding-Ekstremsport

Seljord Folkehøgskule
Heilårskurs15 t/ukeFrilynt

Flylinja / pilot, seilfly, motorfly

Stavern folkehøyskole
HeilårskursKristen

Adrenalin

Hurdal Verk folkehøgskole
Heilårskurs14 t/ukeKristen

Ekstremsport på Reisefot

Seljord Folkehøgskule
Heilårskurs15 t/ukeFrilynt

Bratt

Voss folkehøgskule
HeilårskursFrilynt