Til hovedinnhold
Fullt

Eit år med leik og utfordring i Ekstremsport- og Skibygda Voss! Lær elvepadling, topptur og skredlære. Prøv SUP, buldring, sportsklatring og fallskjerm (tandem). Studietur til Slovenia.

Lær elvepadling, topptur/frikjøring og hopp fallskjerm. Ta brattkort i klatring og "spot" kvarandre på buldring. Få sterke opplevingar, vennskap og ansvar på ekskursjonar. Kjenn naturkreftene på kroppen og avslutt dagen rundt bålet.

Eit år med leik og læring i "Elvepadlingens Mekka"; Ekstremsport- og skibygda Voss!

Linja Ekstremsport er for deg som vil bruke mest tid på elvepadling og frikøyring, men som også vil prøve buldring og klatring, fallskjerm (tandem) og tileigne deg ferdigheiter og erfaring i friluftsliv.

Prøv vindtunnel, rappellering og fjordpadling. Overlev med minimalt med utsyr på "solodøgn". Køyr i djup pudder i dei to skianlegga på Voss eller i urørte fjellsider du sjølv har teke deg opp på.

Ekstremsportbygda Voss har unike føresetnader for slik aktivitetDu og vennene dine er med på å legge planer i forhold til vassføring i elv, skredfare, vær og ferdigheit både som enkeltperson og gruppe. Vårt mål er at du skal utvikle deg i, byggje kompetanse og bli sikker i sportane vi driver med.

 

Nokre av høgdepunkta:

Du som er lysten på nye erfaringar og vil utfordre deg sjølv og jobbe for å få kunnskap og ferdigheiter. Du må ha erfaring frå skikøyring, men treng ikkje forkunnskap om padling eller klatring.

Dette vil du lære

  • Elvepadling - Våttkort (utvida grunnkurs og tryggleikskurs)
  • Synfaring og lesing av elv
  • Elveredning
  • Havpadling - Våttkort Innføring
  • Alpint - Frikjøring og topptur
  • Snøskredlære
  • Tryggleik og risikovurdering
  • Vindtunnel - Grunnkurs med moglegheiter for meir
  • Buldring
  • Klatring - Brattkort
  • Rappellering - Innføring
  • Førstehjelp 
  • Turplanlegging 

 

 

Våre forventninger til deg

  • God fysisk form
  • Høgt energinivå
  • Høg deltaking
  • Sunne haldningar
  • Oppmøte kvar dag
  • Dugnadsvilje
  • Gode skiferdigheiter - alpinski
  • Krav til legeerklæring

Obligatorisk: Ja

Pris: Inkludert i linjepris

Til våren, etter ein lang skisesong , reiser vi til dei Østre Alpene i Slovenia og padler "resirkulert snø" i "Smaragdelva" Soca .Sykkeltur, grottevandring og Balkansk kultur og elvevern er også på menyen.

I  2017 vart Slovenia kåra til verdas mest berekraftige resiemål! Ekstremsport klassen sin tur til Bovec i Slovenia bygger på dei tre hovedpillarane i berekraftig reilseliv: miljø, lokalsamfunn og lokal økonomi.

Me nyttar derfor lokale tilbod til overnatting, transport, utstyrsleige, guidar, mat og kulturutveksling. Me har også samarbeid med verneorganisasjonen Balkan RiverDefence. Action og samfunnsengasjement i samme tur!

Arild Tvilde

Lærar ekstremsport

Arild Tvilde er fødd og oppvaksen på Voss. Han er elvepadler, frikjører/toppturentusiast, klatrer og friluftsmann. Han var initiativtakeren til skulens fyrste ekstremsportlinje og har vore pådrivaren i utviklingen av tilbudet vi har i dag. Han brenn for naturen og miljøet, og er ei ildsjel i det lokale ekstremsportmiljøet. Han har i ei årrekke vore sikkerhetsansvarlig for Ekstremsportveko.

Epost: arild.tvilde@voss.fhs.no

Timeplanen er variert

•    morgonsamling: kvar dag
•    linjefag: 3 dagar i veka: måndag, onsdag og torsdag, 15t
•    valfag: 2t tirsdag og heil dag fredag
•    fellesfag og fellesaktivitetar: 1,5 dag, tysdag og laurdag
•    laurdagsundervisning dei fleste laurdagane
•    elevkveldar
•    linjeveker
•    prosjekt
•    reiser

Denne får du ved studiestart. 

Voss har varierte valfag. Du vel valfag for hausten, og på nytt frå nyttår. Vi har delt valfaga inn i fagkategoriar som inneheld ulike fag. Vi har linjedagar kvar mandag, onsdag og torsdag. Vi har fellesdagar kvar tirsdag og laurdag og valfag tirsdag morgon og heile fredagen!

Data

Eksempel på fag: Spel-design, Grafikk, Årbok, Fotoredigering, Elektronikk. Er du datainteressert og vil lære meir?

Ekstremsport

Voss er et internasjonalt senter innan ekstremsport og på Voss kan du få høve til å prøve fleire sportar i våre valfag, smakebitar der du kan finne ut om dette er noko for deg. Ekstra kostnader. 

Film og Foto

Eksempel på fag: Kamera, Regi, Produsent, Redigering, Animasjon, Filmanalyse. Du får lage film, eller du får sjå og diskutere film frå ulike sjangrar.

Kunst & handverk

Fag kan vera: Teikning, Grafikk, Strikking, Sløyd og Foto. Å vere kreativ er sentralt for alle menneske. Her kan du skape sjølv. 

Musikk

Fag kan vera: Band, Studio, Innspeling, Teori, Stå på scenen. I musikk er det viktigaste å spele saman; her møtest øving og teori. Skulen har eige lydstudio, kanskje det beste mellom Bergen og Oslo?

Samfunn & filosofi

Fag kan vera: Samfunn, Diskusjon, Bærekraft, Teknologi, Spørsmål, Filosofi, Båtførarprøven, Brettspel. Er det ein samanheng mellom deg og andre?

Skifag

Døme på fag: Alpint, Snøbrett, Frikøyring og Skitur. I frikøyring må du vera god på ski. Elles krev vi ingen forkunnskapar. Det største skisenteret på Vestlandet er i gå-avstand frå skulen.

Trening

Aktivitet ladar batteria. Våre aktive valfag kan til dømes vera: Ballspel, Buldring, Basistrening, Bordtennis, Yoga, Mental trening.

Tur & natur

Faga kan innehalde: Tur- og naturglede, Fjelltur, Sykkel, Bær, Fiske, Smalahovud, Isbading, Grøn livsstil. Voss er omkransa av fjell og vakker natur. Her kan du oppleve og lære meir om naturen.

Voss har varierte tilbud; 8 linjer, 120 elevar og dyktige lærarar! Kreative, musikk og frilufts- og ekstremsportlinjer! Faglig bredde og allsidig miljø gjev ein unik miks av ungdom og lærarar. Vi ligg i sentrum av ekstremsport- og kulturbygda Voss, med skianlegg og gondol rett ved skulen. Stolte tradisjonar sidan 1895.

Linjer ved skulen

Les mer om skolen

Fra kr 151 000,-

Inkludert

  • Undervisning
  • Mat og rom på skolen (romtype: dobbeltrom)
  • Bad på rommet
  • Bad på gangen
  • Studietur: Alpene & Slovenia: Padling, grotter, sykling
  • Internett
  • Vaskemaskin
Minimumspris for linja 151 000,-

Du kan legge til (Huk av og se hvordan det påvirker prisen)

Lån og stipend

Summen du må dekke selv 151 000,-
(15 100,- per måned)
Når du takker ja til skoleplassen må du betale et administrasjonsgebyr på rundt 2500 kroner. Resten av summen betaler du månedsvis gjennom skoleåret. Nærmere informasjon får du fra skolen.

Husk at du også trenger penger til dette

Meir om skulenSkulen si nettside

Dette seier tidlegare elevar

Helge Karbø

Året på Voss FHS gav meg ein ny verden! Fantastisk år der elvepadling og friluftsliv gjorde kvardagen til ein leik. Ulike venner frå heile landet har gitt meg eit heilt unikt nettverk!

Helge Karbø

Å ta eit år på Voss er den beste avgjersla eg nokon gong har tatt! Det har inspirert meg til vidare utdanning, gitt meg venner for livet og ein brennande lidenskap for elvepadling.

Helge Martinsen

Ekstremsport er fremdeles det beste året jeg har hatt etter videregående. Jeg fikk testa egne grenser og oppleve mestringsfølelse, uten andre forutsetninger enn å være nysgjerrig og eventyrlysten. Det la grunnlaget for tiden etter folkehøgskolen.

Frå bloggen

- Sønnen min fikk tilbake glimtet i øyet på folkehøgskolen

Randi fikk hjem en ny sønn på juleferie etter et halvt år på folkehøgskole. Tilbake var glimtet i øyet, selvtilliten og en mer moden gutt. ...

Les meir på bloggen ▷

Få gratis skolekatalog i postkassa!

Få katalog med full oversikt over alle folkehøgskoler i posten. Bli kjent med skolene i ro og mak, og diskuter med venner og familie!

Bestill katalogen

Linjer som liknar denne

Sport Ekstrem Norge

Bakketun Folkehøgskole
Ledig plass
Heilårskurs17 t/ukeKristen

X-Sports - New Zealand

Valdres folkehøgskole
Få ledige plasser
HeilårskursKristen

Sport Extreme Australia

Bakketun Folkehøgskole
Ledig plass
Heilårskurs17 t/ukeKristen

FRILUFTSLIV X - Topptur, Klatring og Surf

Møre Folkehøgskule
Venteliste
Heilårskurs15 t/ukeFrilynt

IDRETT Action

Hardanger Folkehøgskule
Ledig plass
Heilårskurs15 t/ukeFrilynt

EKSTREMSPORT Sunnmørsalpane

Møre Folkehøgskule
Kontakt skulen
Heilårskurs15 t/ukeFrilynt

Parkour.Xsports

Sunnmøre Folkehøgskule
Ledig plass
HeilårskursKristen

Multisport X Bali

Rødde folkehøgskole
Ledig plass
Heilårskurs16 t/ukeKristen

X-Sports - Europa

Valdres folkehøgskole
Ledig plass
HeilårskursKristen

Idrett Sky

Molde Folkehøgskole
Ledig plass
Heilårskurs14 t/ukeKristen

Backpacker/Ekstremsport

Elverum folkehøgskule
Få ledige plasser
Heilårskurs14 t/ukeFrilynt

LinjeX - Action

Idrettsskolen Numedal folkehøgskole
Ledig plass
Heilårskurs15 t/ukeFrilynt