Til hovedinnhold
Ledig plass

Eit år med leik og utfordring i Ekstremsport- og Skibygda Voss! Lær elvepadling, topptur og skredlære. Ta brattkort i klatring, prøv terrengsykkel og luftsport. Studietur til Slovenia.

Lær elvepadling, topptur/frikjøring og hopp fallskjerm. Ta brattkort i klatring og "spot" kvarandre på buldring. Få sterke opplevingar, vennskap og ansvar på ekskursjonar. Kjenn naturkreftene på kroppen og avslutt dagen rundt bålet.

Eit år med leik og læring i "Elvepadlingens Mekka"; Ekstremsport- og skibygda Voss!

Voss folkehøgskule har Noregs mest komplette tilbod innan ekstremsport. Linja Ekstremsport er for deg som vil bruke mest tid på elvepadling og frikøyring, men som også vil hoppe fallskjerm, klatre og kombinere det heile med teltliv.

Prøv vindtunnel, rappellering og fjordpadling. Overlev med minimalt med utsyr på "solodøgn". Køyr i djup pudder i dei to skianlegga på Voss eller i urørte fjellsider du sjølv har teke deg opp på.

Ekstremsportbygda Voss har alle moglegheiter. Du og vennene dine er med på å legge planer i forhold til vassføring i elv, skredfare, vær og ferdigheit både som enkeltperson og gruppe. Vårt mål er at du skal utvikle deg i, byggje kompetanse og bli sikker i sportane vi driver med.

 

De største turane våre:

Led kva rektor skriv om linjelærar Arild sin metode 

Du som er lysten på eventyr og som verkeleg vil utfordre deg sjølv. Du må ha pågangsmot og godt humør. Linja passer best for erfarne skikøyrarar, men krev inga erfaring frå padling eller klatring.

Dette vil du lære

  • Alpint - Frikjøring og topptur
  • Fallskjermhopping - Grunnkurs
  • Vindtunnel - Grunnkurs med moglegheiter for meir
  • Elvepadling - Våttkort (utvida grunnkurs og tryggleikskurs)
  • Synfaring og lesing av elv
  • Elveredning
  • Havpadling - Våttkort Innføring
  • Klatring - Brattkort
  • Buldring
  • Rappellering - Innføring
  • Snøskredlære
  • Tryggleik og risikovurdering
  • Førstehjelp 
  • Meteorologi
  • Turplanlegging 

 

 

Våre forventninger til deg

  • God fysisk form
  • Høgt energinivå
  • Høg deltaking
  • Sunne haldningar
  • Oppmøte kvar dag
  • Dugnadsvilje
  • Gode skiferdigheiter - alpinski
  • Krav til legeerklæring

Obligatorisk: Ja

Pris: Inkludert i linjepris

Ski og kajakk

På våren, når vi har brukt tre fulle måneder på å stå i dyp Vossasnø, drar vi til de Østre Alpene i Slovenia og padler "resirkulert snø" i "Smaragdelva" Soca, prøver det lokale skianlegget som går både på Slovensk og Italiensk side, klatrer, sykler og lærer mer om Balkans kultur og elvevern.

 2017 vart Slovenia kåra til verdas mest berekraftige resiemål! Ekstremsport klassen sin tur til Bovec i Slovenia bygger på dei tre hovedpillarane i berekraftig reilseliv: miljø, lokalsamfunn og lokal økonomi.

Me nyttar derfor lokale tilbod til overnatting, transport, utstyrsleige, guidar, mat og kulturutveksling. Me har også samarbeid med verneorganisasjonen Balkan RiverDefence og Unesco skulen i Kobarid. Action og samfunnsengasjement i samme tur!

Arild Tvilde

Lærar ekstremsport

Arild Tvilde er fødd og oppvaksen på Voss. Han er elvepadler, frikjører/toppturentusiast, klatrer og friluftsmann. Han var initiativtakeren til skulens fyrste ekstremsportlinje og har vore pådrivaren i utviklingen av tilbudet vi har i dag. Han brenn for naturen og miljøet, og er ei ildsjel i det lokale ekstremsportmiljøet. Han har i ei årrekke vore sikkerhetsansvarlig for Ekstremsportveko.

Epost: arild.tvilde@voss.fhs.no

Morten Knapstad

Lærar Ekstremsport Luft

Morten starta med luftsport da han var 16, og er no ein av Norges mest erfarne instruktørar innan speed- og paragliding. Han er også utdanna fallskjerminstruktør og er ein særs dyktig skikøyrar. Morten var den første i landet som byrja med speedriding, og han har i ei årrekke vore på landslaget i paragliding. Han har fleire leiarverv i Luftsportforbundet og sit i styret i Ekstremsportveko.

Epost: morten.knapstad@voss.fhs.no
Instagram: @mortenknaps
Instagram: @vossfhsekstrem

Undervisninga går føre seg på dagtid, men vi har og timar på ettermiddag og kveldstid.

Timeplanen er variert

•    morgonsamling: kvar dag
•    linjefag: 3 dagar i veka: måndag, onsdag og torsdag, 15t
•    valfag: 1 dag. Heile fredagen er valfag
•    fellesfag og fellesaktivitetar: 2 dagar, tysdag og laurdag
•    laurdagsseminar dei fleste laurdagane
•    elevkveldar
•    linjeveker
•    prosjekt
•    reiser

Denne får du ved studiestart. 

Voss har varierte valfag. Du vel valfag for hausten, og nytt frå nyttår. Vi har delt valfaga inn i fagkategoriar som inneheld ulike fag, les meir ved å trykkje på kategoriane. Vi har linjedag om måndagane, onsdagane og torsdagane. Vi har fellesdag om tysdag og laurdag - og valfag heile fredagen!

Data

Eksempel på fag: Spilldesign, grafikk, årbok, bilderedigering, blogg Er du datainteressert og vil lære meir?

Ekstremsport

Voss er et internasjonalt senter innan Ekstremsport og vi gjev deg mulighet til å prøve fleire sportar i våre valfag, smakebitar der du kan finne ut om dette er noko for deg. Ekstra kostnader.

Film

Eksempel på fag: Kamera, regi, produsent, redigering, animasjon, filmanalyse Du får lage film, eller du får sjå og diskutere film frå ulike sjangrar.

Kunst & handverk

Fag kan vera: Teikning, grafikk, strikking, sløyd, foto Å vere kreativ er heilt sentralt for alle menneske. Her kan du skape sjølv.

Musikk

Fag kan vera: Band, studio, innspeling, teori, stå på scenen I musikk er det viktigaste å spele saman; her møtest øving og teori. Skulen har eige lydstudio.

Samfunn & filosofi

Fag kan vera : Samfunn, diskusjon, berekraft, teknologi, spørsmål, filosofi, båtførarprøven, brettspill Er det ein samanheng mellom deg og andre?

Skifag

Eksempel på fag: Alpint, frikøyring og skitur I frikøyring må du vere god på ski. Elles krev vi ingen forkunnskapar. Voss Resort? Det største skisenteret på Vestlandet?    10 heisar

Trening

Aktivitet ladar batteria. Våre aktive valfag kan innehalde: Ballspel, Buldring, Basistrening, Ping-pong, Yoga

Tur & natur

Faga kan inneholde: Turglede og naturglede, fjelltur, sykkel, bær, fiske, smalahovud, isbading, grønn livsstil Voss er omkransa av fjell og vakker natur. Her kan du oppleve og lære meir om naturen.

Voss har varierte tilbud; 8 linjer, 120 elevar og dyktige lærarar! Kreative linjer, frilufts- og ekstremsportlinjer! Faglig bredde og allsidig miljø gjev ein unik miks av ungdom og lærarar. Vi ligg i sentrum av ekstremsport- og kulturbygda Voss, med skianlegg og gondol rett ved skulen. Stolte tradisjonar sidan 1895.

Linjer ved skulen

Fra kr 151 500,-

Inkludert

  • Undervisning
  • Mat og rom på skolen (romtype: dobbeltrom)
  • Bad på rommet
  • Bad på gangen
  • Studietur: Alpene & Slovenia: Kajakk, klatring, ski, sykling
  • Internett
  • Vaskemaskin
Minimumspris for linja 151 500,-

Du kan legge til (Huk av og se hvordan det påvirker prisen)

Lån og stipend

Summen du må dekke selv 151 500,-
(15 150,- per måned)
Du betaler månedsvis gjennom skoleåret. Nærmere informasjon får du fra skolen.

Husk at du også trenger penger til dette

Søk på linjaMeir om skulenSkulen si nettside

Dette seier tidlegare elevar

Ekstremsport er fremdeles det beste året jeg har hatt etter videregående. Jeg fikk testa egne grenser og oppleve mestringsfølelse, uten andre forutsetninger enn å være nysgjerrig og eventyrlysten. Det la grunnlaget for tiden etter folkehøgskolen.

Ane Lindskog, elev 2012-2013

Å ta eit år på Voss er den beste avgjersla eg nokon gong har tatt! Det har inspirert meg til vidare utdanning, gitt meg venner for livet og ein brennande lidenskap for elvepadling.

Helge Martinsen , elev 2012-2013
Helge Karbø

Året på Voss FHS gav meg ein ny verden! Fantastisk år der elvepadling og friluftsliv gjorde kvardagen til ein leik. Ulike venner frå heile landet har gitt meg eit heilt unikt nettverk!

Frå bloggen

Om skulevegring, meistring og motivasjon

Folkehøgskulelærar Arild Tvilde seier at det er magisk å oppleve at elevane går frå komfortsona til meistringssona. Ungdom på 18 – 22 år i ein ...

Les meir på bloggen ▷

Bestill katalogen for 2020/2021

Få full oversikt over skoler og linjer, og bli kjent med livet på folkehøgskole.

Bestill katalogen

Linjer som liknar denne

X-Sports - New Zealand

Valdres folkehøgskole
Ledig plass
HeilårskursKristen

FIX Friluftsliv Extreme

Sagavoll Folkehøgskole
Ledig plass
Heilårskurs15 t/ukeKristen

Backpacker/Ekstremsport

Elverum folkehøgskule
Ledig plass
Heilårskurs14 t/ukeFrilynt

FRILUFTSLIV Sunnmørsalpene og Peru

Møre Folkehøgskule
Ledig plass
Heilårskurs15 t/ukeFrilynt

LinjeX - Action

Idrettsskolen Numedal Folkehøgskole
Ledig plass
Heilårskurs15 t/ukeFrilynt

Multisport X Bali

Rødde folkehøgskole
Ledig plass
Heilårskurs16 t/ukeKristen

Bratt - klatring kite stisykkel

Rødde folkehøgskole
Ledig plass
Heilårskurs16 t/ukeKristen

Sport Extreme Australia

Bakketun Folkehøgskole
Ledig plass
Heilårskurs17 t/ukeKristen

Friluftsliv Ekstrem - Alpene B

Karmøy Folkehøgskule
Ledig plass
Helårskurs B6 t/ukeFrilynt

EKSTREMSPORT Sunnmørsalpane

Møre Folkehøgskule
Ledig plass
Heilårskurs15 t/ukeFrilynt

Snow Kite Surf - Bali

Hurdal Verk folkehøgskole
Ledig plass
Heilårskurs14 t/ukeKristen

IDRETT Action

Hardanger Folkehøgskule
Ledig plass
Heilårskurs15 t/ukeFrilynt