
- Voss folkehøgskule
- Telefon: 5652 9040
- E-post: post@voss.fhs.no
- Kurslengde: Heilårskurs
- Studietur: Italia & Stockholm (Kultur & Tech)
- Verdigrunnlag: FrilyntDei frilynte folkehøgskulane har verdigrunnlag som ikkje tek utgangspunkt i eitt bestemt livssyn. Dei vil gjerne ha elevar med ulike interesser og livssyn.
-
Tilbyr: Vegetar, veganDei fleste skulane legg til rette for dei som har matallergiar og andre behov. Ta gjerne kontakt med skulen.
- Stad: Voss
- Oppstartsdato: 25.08.2024
- Pris: fra 129 500,-
- Følg linja på Facebook
- Følg linja på Instagram
Data-interessert? Lær koding, nettverk, design og 3D-printing! Prøv jiu-jitsu, paintball, gokart og rafting? Opplev eit spennande fellesskap med likesinna. Fokus på samarbeid og fagleg meistring.
Er du nysgjerrig på koding, nettverk eller 3D-printing?
Kom og lær og utforsk med likesinna.
Prøv ulike fag innan data, så du blir bedre rusta til å velje retning vidare. Ta eit år på data-linja, der du får utforska dine interesser.
Me vil lære, trivast og ha det kjekt saman!
Den raude tråden gjennom året er programmering, og du vil utforske dei to kodespråka Python og C#, med moglegheit for å utvikle for eksempel: A.I., appar, web eller spel. I vårt eige lab-nettverk, som elevane er ansvarlege for å drifta, vil me setja opp serverar, wargames og etiske hacking-utfordringar. Du treng ikkje kunne noko på førehand.
Du blir del av eit pulserande, kreativt fagmiljø og utviklar deg dit du vil. Linja samarbeider med dei andre kreative linjene på skulen: Film & Foto, Jazz, Musikkproduksjon og Data & Friluftsliv.
Me fokuserer på fagleg og sosialt fellesskap - me:
- Samarbeider i prosjekt
- Arrangerer LAN på skulen
- Reiser på turar til Bergen og Europa
- Nyttar skianlegget og den vakre naturen på Voss, det er kun 1 km frå skulen til Voss Resort med gondol som tek deg rett til fjells!
Sjekk ut vår Instagram:
@vossfhs er skulen sin profil
@vossfhs_kreativ for Data og dei andre kreative linjene