Til hovedinnhold
Ledig plass

Drøymer du om å lage eigen musikk? Eller har du allereie sjølvskrivne låtar? No er tida er inne for å la andre høyre musikken din!

Saman med andre jobbar du med å skrive, utvikle, produsere og spele inn eigne låtar. I det nye studioet lærer du meir om musikkproduksjon, opptaksprosessar og miksing. Kanskje vil resultatet havne på Spotify, Tidal eller Urørt?

På studieturen i november reiser klasse di til London. Der møter du dei nyaste trendane i musikkbransjen, samtidig som du får oppleve heftig storbypuls og hente inspirasjon til eige arbeid.

Denne linja har ein del av undervisninga i lag med ei anna musikklinje, og tilbake på skulen dannar de ulike band og har felles konsertframsyningar. I januar har heile skulen ei musikalframsyning for 2500 tilhøyrarar i kulturhuset.

Instrument, Mac’ar og Logic står til fri bruk.
Resten er opp til deg sjølv.

Det meste av det beste: 

Studietur til London | Låtskriving | Studio | Miksing/Mastring | Logic | Musikkproduksjon | Komponering | Arrangering | Musikkdistribusjon | Artistutvikling | Formidling | Plateinnspeling | Musikkvideo | Band | Jamming | Huskonsertar | Musikal.

Sjekk ut YouTube-kanalen
Les brosjyra for 22/23 på nett
Les meir om studietur og linjeinnhald

Obligatorisk: Ja

Pris: Inkludert i linjepris

Måltider pr dag inkludert: 3

Du treng ikkje reise langt for å oppleve heftig storbypuls! London byr på det meste av det beste. Her er det nesten for mykje å velje mellom...

Dei fyrste par dagane er du ein litt annaleis turist når klassa har sin eigen «Amazing Race»-versjon. Då får du sett nokre av dei mest kjende attraksjonane som Big Ben, The London Eye, Soho, Hyde Park, Oxford Street, Piccadilly Circus, Buckingham Palace, Covent Garden, Tower of London, Madame Tussauds og andre turistattraksjonar. Undervegs får du challenges for å tene ein pund eller ti, for eksempel som gatemusikant eller som musikar på t-bana. I tillegg får du kjenne på storbystemning når du opplever ein Premier League-kamp i fotball eller når du oppsøkjer dei største handelgatene på shopping-jakt.

Men London er så mykje meir. I trange smågater finn du skjulte skattar på musikkforretningar og vintage-butikkar. Kanskje kjøper du di fyrste LP-plate der? Og på Abbey Road kopierer du The Beatles og tek det obligatoriske bildet der du krysser gata saman med dine beste venner. I løpet av dagane er det også lagt opp til workshops, studiobesøk, artistmøter, konsertar, klubbscener og musikalar som gjer at du blir gira og får sett noko at det hippaste musikkverda har å by på.

I London får du ei fin blanding av fellesopplegg med heile klassa, valfrie opplegg i smågrupper og tid til eigne prosjekt. Det blir ein solid miks av musikkopplegg og storbypuls. Vi trur ikkje du blir skuffa…

 

Her kan du lese meir om skulen sine studieturar.

bildetekst

Obligatorisk: Ja

Pris: Inkludert i linjepris

Sunnmøre
Di nye heimebane er spekka med turistattraksjonar. Her finn du Geiranger, Hjørundfjorden, Ålesund, Flø, Strandafjellet, Sunnmørsalpane og Runde. Du får med andre ord verdsarv, djupe fjordar og sylkvasse tindar, fuglefjell og skikøyring i verdsklasse. Og du får spennet mellom Noregs vakraste by og ein liten kunstnerstad. Til saman vert det 15 dagar med fellesturar. Eigentleg treng du ikkje meir. Men du får meir. På linjeturane får du verda med på kjøpet. 

Verda
Å oppleve andre kulturar kan vere ein viktig del av ei folkehøgskuleår. På turane får du sterke inntrykk av lydar, smakar og menneskemøter. På den måten gir reiser meining og kunnskap, og er ein ekstra dimensjon i skuleåret. 

Her (sunnmore.fhs.no/studieturar) kan du sjå film og bilder og lese meir om linjeturane til Sardinia, Svalbard,  London, Tanzania, Sør-Afrika, Israel/Palestina og interrail-turen gjennom Europa. 

bildetekst

Runa Husøy

Lærar - Musikk.Friluft/Låtskriving.Studio

Runa kunne endt opp som ein sportsidiot, men valgte heldigvis ei karriere som musikkgeni. Ho har lagt fotballskoa på hylla og turnerer i staden som frilansmusikar i inn- og utland. Runa har no flytta tilbake til heimbygda for å spele på sjarm og sax i musikk-klassa.

Epost: rh@sufh.no
Telefon: 70009600

Eit år på folkehøgskule skil seg frå det du har gjort av skulegang tidlegare. Faga er færre og fridomen er større. Det gjer året ulikt frå veke til veke. Nokre veker er vi på studieturar. Andre perioder har vi musikalprosjekt eller skiveke. Eller vi flyttar heile skulen ut på landet og lager festival på ein opplevingsgard. Ulikskapane til trass; under finn du eit døme på ei gjennomsnittsveke.

Last ned timeplan som pdf ↓

"Forvent mykje, få meir"
Eit folkehøgskuleår kan ikkje dokumentarast i ein årsplan eller på ein nettstad. Dei gir berre ein liten, liten smakebit av kva som kan vente deg. Difor seier vi: "Du må oppleve det for å forstå det. Du må vere her for å få det." 

I løpet av skuleåret kan du velge mellom 25-30 ulike valfag. Du vel to av dei på haustsemesteret og to nye etter jul. Du bestem sjølv om valfaga skal supplere linjefaget ditt eller om du vil ha fag som utfordrar deg på heilt nye områder. NB: Valfagtilbodet kan variere noko frå år til år.

Band/vokal/studio

Her kan du utfalde deg i samspel med andre på ulike instrument innanfor tradisjonell pop/rock-besetning. Undervisninga foregår i heilt nye øvingslokaler med eige studio og Mac'ar klar til bruk.

Barista

I skulen sin eigen vesle kaffebar kan du lære meir om prosessen frå kaffebønne til kaffekopp. Det blir tid til både espressobaserte drikkar, handbrygg, Latte Art og besøk på kaffebrenneri.

Dans

Skulen har mange gira dansarar. I dette valfaget kan du få terpe trinn, lære nye bevegelsar og oppleve danseglede. Det blir timar med ulike dansestilar som til dømes hiphop/funk og jazz/contemporary.

Filmproduksjon

Eit folkehøgskuleår er spekka med opplevingar. Nokre av dei lagrar du på netthinna. Andre festar du til film. I dette faget lærer du korleis du kan jobbe med opptak, redigering og etterarbeid.

Fotball

Eit fag med mykje leik med ball og sjølvsagt mykje spel. Gjennom øvingar og spelsituasjonar får ein utvikle seg sjølv og samstundes evna til samspel med andre. Læraren har erfaring frå 1. div-spel.

Friluftsliv, topptur vinter

Dette er faget for deg som er glad i toppturar på ski eller brett. I løpet av vinteren/våren går vi på ei rekke kjende, kvasse og spektakulære toppar i Sunnmørsalpane - så lenge forholda tillet det.

Friluftsliv/segling

Her vil du segle nokre av dagane. Andre dagar kan du klatre, padle kajakk, gå på fjellturar eller lage mat på bål. Dette er eit fag for deg som har lyst å oppleve meir av både sunnmørske fjell og hav.

Futsal

Futsal er innefotball i gymsalen med høgt tempo, harde taklingar, leikne detaljar og kjappe finter. Økta består av noko øving og mykje spel. Lærar Per Bernt har erfaring frå 1.div-spel.

Gitar

Dette er eit nybegynnarkurs i gitar. Her lærer du nokre sentrale akkordar og litt om korleis akkordar er bygd opp. Etter kvart set du akkordane saman og spelar og syng deg gjennom nye og gamle låtar.

Golf

Golf-faget passer både for den etablerte golfar og for deg som aldri har rørt ei golfkølle. Her trenar vi teknikk (grep, sving og oppstilling) på driving rangen, putting greenen og den lokale bana.

Hybelmat

Lær deg herlege rettar til studentlivet. Her kan du plukke opp gode middagstips. Vi lagar mat etter prinsippet sunt-godt-billeg. Etter faget kan du kanskje imponere som kokk til kvardag og fest.

Klatring

Klatring i ny klatrehall, på utendørs klatrefelt eller på buldresteinar på Flø. Målet er grunnleggande sikrings- og bevegelsesteknikkar. Det blir lagt tilrette til å gå opp til brattkortprøva.

Knivlaging

Her får du designe ditt eige knivskaft, tilpasse og utforme det slik at det passar til bladet og til slutt lage ei lærslire som passar til den ferdige kniven. Vipps, så har du din eigen kniv og slire.

Kreativ foto

Du lærer komposisjonsmessige og fototekniske grep for å ta bedre bilder. Det blir jobba med motivvalg og ulike teknikkar. Tema vil vere naturfoto, portrett, motefotografering og forgrunn/bakgrunn.

Kvilepuls

Nokre gongar går verda for fort. Då er det lurt å lære korleis du kan roe ned tempoet. I faget blir det varierte økter med yoga, spa, strikking, bålkos, maling, musikk, massasje, basseng og god mat.

Longboardverkstad

Lag ditt eige longboard. Vi formpressar og limer saman finèr til brett. Deretter byrjar designprosessen i forhold til form, uttrykk og funksjon - og til slutt bruk av lakk og maling.

Maling

Vi malar på lerret med akrylmaling. Vi jobbar med billedkomposisjon, fargebruk, trykkteknikkar, behandling av verktøy, collage og decoupage, din eigen kreativitet og enkel photoshop.

Mat på bål

Lyst på pizza steikt på bål i ein kjele med sand? Eller lammelår tilberedt i ei kokegrop halvmeteren under jorda? Eller kanskje mørbrad pakka i deig og steikt rett på bålet? Velkomen og velbekomme.

Maxpuls

Eit praktisk fag der du lærer å leie ein treningstime for grupper. Du vel sjølv fordjuping: spinning, styrke eller kombitimar som til dømes step/styrke. Gratis treningssenter 50 m frå skulen.

Minnebok

For mange er eit år på folkehøgskule det beste året i livet. Då er det viktig å ta vare på minnene. I dette faget kan du vere med å fylle skulen si minnebok med ord og bilder og påvirke utsjånaden.

Piano

Du får opplæring i piano med vekt på besifringsspel. Vi har mange piano på skulen, både el og akustiske. Det ligg difor til rette for at du kan halde fram med å øve lenge etter at timen er over.

Redesign

Vi startar faget med eit besøk på Fretex (gjenbrukbutikken). Her kjøper vi plagg og brukte kle som vi etterpå designar og syr til eigne, nye kle. Vi kan òg jobbe med møblar, lamper og liknande.

Stop poverty

Kvart år samlar elevane inn pengar til eit prosjekt i Ilula i Tanzania. Førre skoleår kom det inn nær 650.000,- kroner. I dette faget kan du vere med å planlegge og gjennomføre det elevstyrte arbeidet

Teatersport

Her skal du leike og le, improvisere og dramatisere. Du lærer grunnleggande reglar i teatersport der både skodespelarar og publikum spelar ei aktiv rolle. NB: Du bør ikkje ta deg sjølv så høgtideleg!

Terrengsykkel

10 fatbikes står og venter på deg som likar å sykle i eit spektakulært fjell-møter-hav-landskap. Det er også flotte, tekniske stiar i nærleiken. Lærar Henrik har vore svensk landslagskøyrar i Trial.

Vokalgruppe/kor

I vokalgruppa syng vi fleirstemte songar i ulike musikalske sjangerar som f.eks pop, jazz, musikal eller klassisk. Kanskje vert du utfordra til å vere solist eller dirigent på ein minikonsert.

Volleyball

Det vert fokus på teknikktrening, mykje spel og innlæring av ulike roller i angrep og forsvar. Det er eit fag der du kan få stor framgang lagmessig og individuelt. På våren deltek du på ei turnering.

Volontør

Faget der omsorg og nestekjærlighet står i sentrum. Her blir det møte med menneske frå ulike samanhengar i nærmiljøet til skulen, på heimebesøk hjå gamle og saman med einsleg, mindreårige asylsøkjar

X-fit

X-fit er inspirert av treningsforma Crossfit og er ei variert og funksjonell trening, utført med høg intensitet. Du trener både styrke og kondisjon, og X-fit er god basistrening - uansett idrett.

Yoga

Eit fag der fysisk aktivitet og mindfullness møter kvarandre. Du får øvelsar som gjev styrke, fleksibilitet, balanse og avspenning, ro og nærvær. Yogastilane vil vere ashtanga, vinyasa og yin.

Ein av Noregs finaste folkehøgskular er eit tidlegare SAS-hotell. Hav, fjordar, strender og Sunnmørsalpar er våre næraste naboar. Det er difor klatrarar, musikarar, filmskaparar, surfarar, skikøyrarar, kunstnarar og friluftsfolk kjem reisande hit frå fjern og nær. Dei vil oppleve noko vilt, vakkert og ekte. 

Linjer ved skulen

Les mer om skolen

Fra kr 126 500,-

Inkludert

  • Undervisning
  • Mat og rom på skolen (romtype: dobbeltrom)
  • Bad på rommet
  • Fri tilgang til eit flott treningssenter 50 m frå skulen
  • Fri tilgang til Ulstein Arena (klatrehall/svømmehall)
  • Studietur: Sunnmøre vs Verda
  • Studietur: London
    • Mat (3 måltider per dag)
  • Internett
  • Vaskemaskin
Minimumspris for linja 126 500,-

Du kan legge til (Huk av og se hvordan det påvirker prisen)

Lån og stipend

Summen du må dekke selv 126 500,-
(12 650,- per måned)
Vår betalingsplan er i stor grad tilpassa utbetalinga frå Statens lånekasse.
Når du takker ja til skoleplassen må du betale et administrasjonsgebyr på rundt 2500 kroner. Resten av summen betaler du månedsvis gjennom skoleåret. Nærmere informasjon får du fra skolen.

Husk at du også trenger penger til dette

Søk på linjaMeir om skulenSkulen si nettside

Dette seier tidlegare elevar

Karin

Sjekk ut Karin Melón på Spotify eller Youtube.

Karin
Wingsuits

Sjekk ut Wingsuits på Spotify eller Youtube.

Frå bloggen

- Vi er kjempeheldige! Koronasituasjonen er i seg selv et argument for å velge folkehøgskole

Mens andre ungdommer føler seg alene og isolert med digital undervisning, er årets folkehøgskoleelever heldige. Birte mener det i seg selv er et argument for ...

Les meir på bloggen ▷

Få gratis skolekatalog i postkassa!

Få katalog med full oversikt over alle folkehøgskoler i posten. Bli kjent med skolene i ro og mak, og diskuter med venner og familie!

Bestill katalogen

Linjer som liknar denne

Musikk

Sagavoll Folkehøgskole
Ledig plass
Heilårskurs15 t/ukeKristen

Utøvende klassisk strykere

Toneheim Folkehøgskole
Ledig plass
HeilårskursFrilynt

Stipendiat - 2 års elev

Trøndertun folkehøgskole
Fullt
HeilårskursFrilynt

Music Live Studio - Trommer

Harstad Folkehøgskole
Ledig plass
Heilårskurs15 t/ukeFrilynt

Låtskriver - Singer Songwriter

Musikkfolkehøgskolen Viken
Ledig plass
HeilårskursKristen

Utøvende musikk: Band & Musikkproduksjon

Rønningen folkehøgskole
Få ledige plasser
HeilårskursKristen

Musikk - sang/scene/studio

Haugetun Folkehøyskole
Ledig plass
Heilårskurs14 t/ukeKristen

Musikkproduksjon

Solborg folkehøgskole - Stavanger
Ledig plass
Heilårskurs16 t/ukeKristen

Musikk - Band/Vokal

Elverum folkehøgskule
Ledig plass
Heilårskurs14 t/ukeFrilynt

Låtskriver

Solborg folkehøgskole - Stavanger
Ledig plass
Heilårskurs16 t/ukeKristen

Instrumental

Trøndertun folkehøgskole
Ledig plass
Heilårskurs21 t/ukeFrilynt

Utøvende Jazz/rytmisk

Toneheim Folkehøgskole
Ledig plass
HeilårskursFrilynt