Til hovedinnhold
Ledig plass

Den eine dagen står du i laussnøen på Strandafjellet og filmar skikøyrarar. Saman med deg har du eit crew av klassekompisar.

Ein annan dag hoppar du i havet i Hoddevika med ein av landets beste undervassfotografar. Over deg leikar surfarane seg. Under deg svømmer fiskestimar. Vèl heime fortset prosessen frå opptak til redigering og ferdig film.

Så er du klar igjen. Klar for nye oppdrag. Klar for å lage ein musikkvideo eller ein fleirkameraproduksjon. Klar for å lage dokumentar frå stadar på Sunnmøre eller på interrail gjennom Europa. På denne linja blir du ikkje berre ein betre filmskapar. Du får også eit folkehøgskuleår med turar og opplegg saman med dei andre linjene. 

Her er det berre å pakke tursekken og filme ditt beste år!

Det meste av det beste: 
Dokumentar | Reklame | Undervassfilming | Drone | Animasjon | Final Cut pro X | Adobe After Effects | Foto | Kamerateknikk | Toppturar | Surfing | Klatring | Kajakk | Ski | Interrail - Europa

Her kan du lese meir om studieturar og linjeinnhaldet.

PS: Denne linja blir starta opp skuleåret 2020/21. Vi har difor ikkje noko pr-materiell å vise fram. I galleriet under kan du i staden sjå filmar laga av elevar på andre linjer på skulen. På den måten får du likevel ein liten smakebit av kva du kan sjå fram til. 

Obligatorisk: Ja

Pris: Inkludert i linjepris

Det meste av det beste.

I løpet av skuleåret vil du nokre veker få vere med på tur med dei andre klassene på skulen. Då er målet å dokumentere reisa deira. Nokre av turane kan du velje sjølv, andre får du i oppgåve å følgje som ein del av filmopplæringa.

På hovudturen i november reiser klassa på interrail sør-austover i Europa. Dette er eit opplegg skulen har gjort i mange år, men sidan linja er ny for skuleåret 20/21, er ikkje reiseruta spikra enno. Det som er sikkert er at du skal lage ein reisedokumentar om eit valfritt tema. Meir info kjem.

Her kan du lese meir om skulen sine studieturar.

bildetekst

Obligatorisk: Ja

Pris: Inkludert i linjepris

Måltider pr dag inkludert: 4

Sunnmøre
Di nye heimebane er spekka med turistattraksjonar. Her finn du Geiranger, Hjørundfjorden, Ålesund, Flø, Strandafjellet, Sunnmørsalpane og Runde. Du får med andre ord verdsarv, djupe fjordar og sylkvasse tindar, fuglefjell og skikøyring i verdsklasse. Og du får spennet mellom Noregs vakraste by og ein liten kunstnerstad. Til saman vert det 15 dagar med fellesturar. Eigentleg treng du ikkje meir. Men du får meir. På linjeturane får du verda med på kjøpet. 

Verda
Å oppleve andre kulturar kan vere ein viktig del av ei folkehøgskuleår. På turane får du uendelege inntrykk av lydar, smakar og menneskemøter. På den måten gir reiser meining og glede, og er ein ekstra dimensjon i skuleåret. 

Her (sunnmore.fhs.no/studieturar) kan du sjå film og bilder og lese meir om linjeturane til USA, Sardinia, Tanzania/Zanzibar, Sør-Afrika, Spania, Israel/Palestina og interrail-turen gjennom Europa. 

bildetekst

Eit år på folkehøgskule skil seg frå det du har gjort av skulegang tidlegare. Faga er færre og fridomen er større. Det gjer året ulikt frå veke til veke. Nokre veker er vi på studieturar. Andre perioder har vi musikalprosjekt eller skiveke. Eller vi flyttar heile skulen ut på landet og lager festival på ein opplevingsgard. Ulikskapane til trass; under finn du eit døme på ei gjennomsnittsveke.

Last ned timeplan som pdf ↓

"Forvent mykje, få meir"
Eit folkehøgskuleår kan ikkje dokumentarast i ein årsplan eller på ein nettstad. Dei gir berre ein liten, liten smakebit av kva som kan vente deg. Difor seier vi: "Du må oppleve det for å forstå det. Du må vere her for å få det." 

I løpet av skuleåret kan du velge mellom 25-30 ulike valfag. Du vel to av dei på haustsemesteret og to nye etter jul. Du bestem sjølv om valfaga skal supplere linjefaget ditt eller om du vil ha fag som utfordrar deg på heilt nye områder. NB: Valfagtilbodet kan variere noko frå år til år.

Band/vokal/studio

Her kan du utfalde deg i samspel med andre på ulike instrument innanfor tradisjonell pop/rock-besetning. Undervisninga foregår i heilt nye øvingslokaler med eige studio og Mac'ar klar til bruk.

Barista

I skulen sin eigen vesle kaffebar kan du lære meir om prosessen frå kaffebønne til kaffekopp. Det blir tid til både espressobaserte drikkar, handbrygg, Latte Art og besøk på kaffebrenneri.

Dans

Skulen har mange gira dansarar. I dette valfaget kan du få terpe trinn, lære nye bevegelsar og oppleve danseglede. Det blir timar med ulike dansestilar som til dømes hiphop/funk og jazz/contemporary.

Filmproduksjon

Eit folkehøgskuleår er spekka med opplevingar. Nokre av dei lagrar du på netthinna. Andre festar du til film. I dette faget lærer du korleis du kan jobbe med opptak, redigering og etterarbeid.

Fotball

Eit fag med mykje leik med ball og sjølvsagt mykje spel. Gjennom øvingar og spelsituasjonar får ein utvikle seg sjølv og samstundes evna til samspel med andre. Læraren har erfaring frå 1. div-spel.

Friluftsliv, topptur vinter

Dette er faget for deg som er glad i toppturar på ski eller brett. I løpet av vinteren/våren går vi på ei rekke kjende, kvasse og spektakulære toppar i Sunnmørsalpane - så lenge forholda tillet det.

Friluftsliv/segling

Her vil du segle nokre av dagane. Andre dagar kan du klatre, padle kajakk, gå på fjellturar eller lage mat på bål. Dette er eit fag for deg som har lyst å oppleve meir av både sunnmørske fjell og hav.

Futsal

Futsal er innefotball i gymsalen med høgt tempo, harde taklingar, leikne detaljar og kjappe finter. Økta består av noko øving og mykje spel. Lærar Per Bernt har erfaring frå 1.div-spel.

Gitar

Dette er eit nybegynnarkurs i gitar. Her lærer du nokre sentrale akkordar og litt om korleis akkordar er bygd opp. Etter kvart set du akkordane saman og spelar og syng deg gjennom nye og gamle låtar.

Golf

Golf-faget passer både for den etablerte golfar og for deg som aldri har rørt ei golfkølle. Her trenar vi teknikk (grep, sving og oppstilling) på driving rangen, putting greenen og den lokale bana.

Hybelmat

Lær deg herlege rettar til studentlivet. Her kan du plukke opp gode middagstips. Vi lagar mat etter prinsippet sunt-godt-billeg. Etter faget kan du kanskje imponere som kokk til kvardag og fest.

Klatring

Klatring i ny klatrehall, på utendørs klatrefelt eller på buldresteinar på Flø. Målet er grunnleggande sikrings- og bevegelsesteknikkar. Det blir lagt tilrette til å gå opp til brattkortprøva.

Knivlaging

Her får du designe ditt eige knivskaft, tilpasse og utforme det slik at det passar til bladet og til slutt lage ei lærslire som passar til den ferdige kniven. Vipps, så har du din eigen kniv og slire.

Kreativ foto

Du lærer komposisjonsmessige og fototekniske grep for å ta bedre bilder. Det blir jobba med motivvalg og ulike teknikkar. Tema vil vere naturfoto, portrett, motefotografering og forgrunn/bakgrunn.

Kvilepuls

Nokre gongar går verda for fort. Då er det lurt å lære korleis du kan roe ned tempoet. I faget blir det varierte økter med yoga, spa, strikking, bålkos, maling, musikk, massasje, basseng og god mat.

Longboardverkstad

Lag ditt eige longboard. Vi formpressar og limer saman finèr til brett. Deretter byrjar designprosessen i forhold til form, uttrykk og funksjon - og til slutt bruk av lakk og maling.

Maling

Vi malar på lerret med akrylmaling. Vi jobbar med billedkomposisjon, fargebruk, trykkteknikkar, behandling av verktøy, collage og decoupage, din eigen kreativitet og enkel photoshop.

Mat på bål

Lyst på pizza steikt på bål i ein kjele med sand? Eller lammelår tilberedt i ei kokegrop halvmeteren under jorda? Eller kanskje mørbrad pakka i deig og steikt rett på bålet? Velkomen og velbekomme.

Maxpuls

Eit praktisk fag der du lærer å leie ein treningstime for grupper. Du vel sjølv fordjuping: spinning, styrke eller kombitimar som til dømes step/styrke. Gratis treningssenter 50 m frå skulen.

Minnebok

For mange er eit år på folkehøgskule det beste året i livet. Då er det viktig å ta vare på minnene. I dette faget kan du vere med å fylle skulen si minnebok med ord og bilder og påvirke utsjånaden.

Piano

Du får opplæring i piano med vekt på besifringsspel. Vi har mange piano på skulen, både el og akustiske. Det ligg difor til rette for at du kan halde fram med å øve lenge etter at timen er over.

Redesign

Vi startar faget med eit besøk på Fretex (gjenbrukbutikken). Her kjøper vi plagg og brukte kle som vi etterpå designar og syr til eigne, nye kle. Vi kan òg jobbe med møblar, lamper og liknande.

Stop poverty

Kvart år samlar elevane inn pengar til eit prosjekt i Ilula i Tanzania. Førre skoleår kom det inn nær 650.000,- kroner. I dette faget kan du vere med å planlegge og gjennomføre det elevstyrte arbeidet

Teatersport

Her skal du leike og le, improvisere og dramatisere. Du lærer grunnleggande reglar i teatersport der både skodespelarar og publikum spelar ei aktiv rolle. NB: Du bør ikkje ta deg sjølv så høgtideleg!

Terrengsykkel

10 fatbikes står og venter på deg som likar å sykle i eit spektakulært fjell-møter-hav-landskap. Det er også flotte, tekniske stiar i nærleiken. Lærar Henrik har vore svensk landslagskøyrar i Trial.

Vokalgruppe/kor

I vokalgruppa syng vi fleirstemte songar i ulike musikalske sjangerar som f.eks pop, jazz, musikal eller klassisk. Kanskje vert du utfordra til å vere solist eller dirigent på ein minikonsert.

Volleyball

Det vert fokus på teknikktrening, mykje spel og innlæring av ulike roller i angrep og forsvar. Det er eit fag der du kan få stor framgang lagmessig og individuelt. På våren deltek du på ei turnering.

Volontør

Faget der omsorg og nestekjærlighet står i sentrum. Her blir det møte med menneske frå ulike samanhengar i nærmiljøet til skulen, på heimebesøk hjå gamle og saman med einsleg, mindreårige asylsøkjar

X-fit

X-fit er inspirert av treningsforma Crossfit og er ei variert og funksjonell trening, utført med høg intensitet. Du trener både styrke og kondisjon, og X-fit er god basistrening - uansett idrett.

Yoga

Eit fag der fysisk aktivitet og mindfullness møter kvarandre. Du får øvelsar som gjev styrke, fleksibilitet, balanse og avspenning, ro og nærvær. Yogastilane vil vere ashtanga, vinyasa og yin.

Ein av Noregs finaste folkehøgskular er eit tidlegare SAS-hotell. Hav, fjordar, strender og Sunnmørsalpar er våre næraste naboar. Det er difor klatrarar, musikarar, filmskaparar, surfarar, skikøyrarar, kunstnarar og friluftsfolk kjem reisande hit frå fjern og nær. Dei vil oppleve noko vilt, vakkert og ekte. 

Linjer ved skulen

Fra kr 128 500,-

Inkludert

  • Undervisning
  • Mat og rom på skolen (romtype: dobbeltrom)
  • Bad på rommet
  • Fri tilgang til eit flott treningssenter 50 m frå skulen
  • Studietur: Sunnmøre vs Verda
    • Mat (4 måltider per dag)
  • Studietur: Interrail - Europa
  • Internett
  • Vaskemaskin
Minimumspris for linja 128 500,-

Du kan legge til (Huk av og se hvordan det påvirker prisen)

Lån og stipend

Summen du må dekke selv 128 500,-
(12 850,- per måned)
Vår betalingsplan er i stor grad tilpassa utbetalinga frå Statens lånekasse.
Du betaler månedsvis gjennom skoleåret. Nærmere informasjon får du fra skolen.

Husk at du også trenger penger til dette

Søk på linjaMeir om skulenSkulen si nettside

Frå bloggen

Begynn på folkehøgskole i januar!

Angrer du på at du ikke valgte folkehøgskole i august? Eller har du kun tid til å gå på folkehøgskole et halvt år? Sjekk ut ...

Les meir på bloggen ▷

Bestill katalogen for 2020/2021

Få full oversikt over skoler og linjer, og bli kjent med livet på folkehøgskole.

Bestill katalogen

Linjer som liknar denne

Filmproduksjon

Nordmøre Folkehøgskule
Ledig plass
Heilårskurs15 t/ukeFrilynt

Film & Animasjon

Buskerud Folkehøgskole
Ledig plass
Heilårskurs15 t/ukeFrilynt

TV-produksjon

Danvik Folkehøgskole
Ledig plass
HeilårskursKristen

Friluftsliv - Film og foto

Alta folkehøgskole
Ledig plass
HeilårskursKristen

Film og Foto

Lundheim folkehøgskole
Ledig plass
Helårskurs A9 t/ukeKristen

Filmproduksjon

Sandefjord folkehøyskole
Ledig plass
Heilårskurs14 t/ukeFrilynt

Film & Foto - USA - Hollywood

Voss folkehøgskule
Ledig plass
HeilårskursFrilynt

Filmproduksjon

Solborg folkehøgskole - Stavanger
Ledig plass
Heilårskurs16 t/ukeKristen

Filmproduksjon - Japan

Skjeberg Folkehøyskole
Ledig plass
Heilårskurs17 t/ukeFrilynt

Film og YouTube

Solbakken folkehøgskole
Ledig plass
HeilårskursFrilynt

Film og Reiseliv, Latin-Amerika

Bakketun Folkehøgskole
Ledig plass
Heilårskurs17 t/ukeKristen

FILM

Follo Folkehøgskole
Ledig plass
Heilårskurs18 t/ukeFrilynt