Til hovedinnhold

Villmarksliv Fridykking Padling

Søk på linja
Ledig plass

Du får drive med fridykking, havkajakk, fiske, ski, fjellturar, kano, utforske villmark, temme villsau, utøve bærekraftig friluftsliv. Det beste: du får indrefileten av ytre Sunnfjord som klasserom.

Naturen i Sunnfjord kan måle seg med den finaste vi har i landet. Vi skal utforske den ytre Sunnfjordnaturen gjennom turar i skog, fjell, ved vatn, padle havkajakk, fridykke, padle kano, gå skiturar, sove ute under stjernene, i snøhole og i telt og gapahuk. Vi skal nyte villmarkslivets gleder, fiske, hauste, finne idylliske leirplassar og søke roen rundt tyribålet. Vi gir også tilbake til naturen gjennom å drive eit bærekraftig friluftsliv med mål om sporlaus ferdsel.

Villmarksliv. Vi skal lære å planlegge kortare og lengre turar for barmark og vinter, ta gode ruteval, bruke kart og kompass, finne dei gode leirplassane, fyre tyribål, lære om ernæring og mat på bål. Vi skal vandre med storsekk til fots og på ski, sove under stjernene, i telt, i gapahuk, under kanoar, i snøhole og snøkuppel. Vi skal leve villmarkslivet, og nyte dei gode naturopplevingane og være der når årstidene skiftar.

Fridykking. Gjennom fridykking får du utforske livet under vatn. Vi haustar og lagar mat av det vi tek opp frå havet.

Padling. Frå kajakksetet kjem du tett på naturen og glir i eitt med bølgene. Du lærer å planlegge padleturar, vurdere risiko og håndtere ulike værforhold. Du lærer å padle kano slik kanoen er meint å padlast, slik indianarane gjorde det, og framleis gjer det.

Spørs om ikkje det er dette som er det gode livet? Å jakte gode naturopplevingar, vere tett på naturen og kvarandre.

Studietur tilNew Zealand og Sri Lanka . Du får også tur til Femundsmarka - ekte villmark.

Linja er for deg som likar å utforske villmarka, padle havkajakk og kano, vil fridykke, ski, overnatte ute. Du treng ikkje ha mykje friluftslivserfaring, men ha motivasjon for å utforske og lære nytt.

Dette vil du lære

 

  • Friluftsliv i skog, fjell, kyst
  • Våttkort for kano og havkajakk
  • Fridykkarkurs med sertifikat
  • Ski, fjellski, vegval i vinterfjellet, vurdering av skredfare
  • Risikovurdering
  • Turplanlegging
  • Ly og leir
  • Overleving i naturen
  • Bærekraftig friluftsliv
  • Allemannsretten, rettar og plikter
  • Friluftslivets plass og funksjon i samfunnet
  • Villsaurøkt
  • Vedlikehalde historisk kystlandskap

Våre forventninger til deg

At du er glad i friluftsliv og likar å kjenne naturkreftene på kroppen. At du er open for å utfordre deg sjølv, prøve nye aktivitetar og utvikle ferdigheter. Du ønsker å ta vare på naturen. At du ønsker å utvikle deg til å bli den beste versjonen av deg sjølv og å gjere andre rundt deg gode. At du vil gjere ditt for at året skal bli eit av dei beste i ditt og medelevane dine sitt liv. 

New Zealand og Sri Lanka

Obligatorisk: Ja

Pris: Inkludert i linjepris

Varighet: ca 3 veker

Måltider pr dag inkludert: 3

I februar dreg Topptur Klatring og Fjellsport saman med linja Villmarksliv på studietur til eventyret New Zealand og Sri Lanka.

New Zealand og Sri Lanka er eit av verdas mest spennande reisemål.

Vi skal oppleve New Zealand sin ville og flott natur gjennom fridykking, caving, kajakkpadling og fjellklatring. New Zealand byr også på ville aktivitetar, og vi kan oppleve naturen gjennom bungee jumping og river jet boat. Om forholda ligg til rette for det, skal vi også bestige Nordøyas høgaste fjell Mt. Ruapehu 2797 moh.

For å få ned kvilepulsen kan vi ta ei overnatting under open himmel. Saman skal vi oppdage den varierte naturen på Nordøya, og få innblikk i historien til landet New Zealand og kulturen til Maorifolket. Maorifolket kom opprinneleg frå andre øysamfunn i Polynesia, og befolka New Zealand på 1200-talet.

Vidare dreg vi til Sri Lanka, som du kan lese meir om her.  Der møter vi resten av skulen. Saman skal vi på eventyr og utforske Sri Lanka. Øya har det aller meste. Perfekt klima, milevis med strender, ville dyr, vakker natur og flotte folk. Og der finn vi vår søsterskule Kamam Folk High School.

Du er sjølv ansvarleg for å ta dei vaksinene som trengs i god tid før turen. Ta kontakt med din lege eller sjekk Folkehelsa for råd om kva vaksiner du bør ta.

Skulen har ikkje medisinsk kompetanse og gir ikkje råd om vaksinering. Vaksiner er ikkje inkludert i skulen sine prisar.

 

bildetekst

Femundsmarka

Obligatorisk: Ja

Pris: Inkludert i linjepris

Varighet: Inntil to veker.

Måltider pr dag inkludert: 3

På hausten går ferda til spanande og mystiske Femundsmarka, plassen mange stadig lengtar attende til etter å ha vore der, området som i generasjonar har trekt til seg jegrar og fiskarar, vandrarar og kanopadlarar.

Vi dreg hit fordi dette er eit av dei få ekte villmarksområda att i Noreg. Her får vi oppleve villmarkssuset og urørt rein natur. Med storsekk og telt vandrar vi gjerne både på norsk og svensk side.

Her skal vi oppleve villmark med urgamal furuskog, gode fiskevatn og idylliske leirplassar. Ei oppleving for livet!

Det luktar bålrøyk og tyri av Femundsmarka, og du kan møte dei store rovdyra inne mellom dei seintvokste, krokete furutrea. Her skal vi vandre med storsekk og kamera, oppleve villmarka på kroppen. Vi overnattar i tømmerkoier og i telt. 

Birger Helle Fatland

lærar

Birger brenn for å formidle gode naturopplevingar. Han er linjelærar på Villmarksliv Fridykking Padling. Birger er friluftslivsvegleiar, har mastergrad i Friluftsliv (Høgskolen Bø i Telemark), er allmennlærar med fordjuping innan friluftsliv og musikk (Høgskulen i Bergen og Bø). Han er særleg glad i solide tyribål, kanopadling, havkajakk, overnatting ute, fridykking, gitar og turar i skog og fjell

Epost: birger@sunnfjord.fhs.no
Telefon: 95116235

Kvar morgon startar vi med eit kvarters morgonsamling kl 09.00.

Dei fleste dagane det både linjetimar og fellestimar. Valfag to gongar pr veke. Enkelte dagar er det tider der romma skal reingjerast, og vask av fellesareal går på rundgang.

Frukost startar kl 08.30. Vi har 45 min lunsj kl 13.30.Middag er kl 16.00 og kveldsmat frå kl 19.30.

Rotid kl 23.30.

Last ned timeplan som pdf ↓
  • Oppstart 24. august
  • Avslutning 9. mai

Planen til nedlasting er for inneverande skuleår, vil bli oppdatert.

Last ned årsplan som pdf ↓

Du kan velje to eller tre valfag på to timar pr veke.
Enkelte fag blir samla opp i lengre økter som skjer av og til, særleg ved fag der ein må reise bort frå skulen. Dei faga vi ha på denne lista er eksempel på fag som kan bli, basert på erfaringar dei siste åra. Det kan bli annleis neste skuleår.

Band

Bandet har ein viktig funksjon i skulen si årlege musikaloppsetting. Dkulen har tilgang til dei vanlegaste bandinstrumenta, i tillegg kan du sjølvsagt ha med eige instrument.

Dans

Vi har høgt utdanna danselærar og to gode dansesalar med spesialparkett. Du lærer fleire typer dans, og gruppa har ein viktig funksjon i skulen si musikaloppsetting.

Fridykking

Pris: 600,-

Lær å dykke utan å bruke lufttank. Vi bruker kun våtdrakt, maske, snorkel og svømmeføtter. Prisen dekker sertifisering leige av basseng til øvingsbruk. Skulen stiller med det meste av utstyret.

Gitar

For dei som kan litt eller ingen ting frå før. Ta gjerne med eigen gitar.

Internasjonal matlaging

Pris: 300,-

På vår skule har vi lærarar frå mange land. Desse tek med seg sine mattradisjonar, noko du vil ha stor glede av i dette valfaget. Ein betaler for råvarer til matlaginga. Prisen kan variere litt.

Klatring

Pris: 400,-

Vi har klatrevegg på tolv meters høgde. Brattkort-sertifisering er inkludert i kurset. Skulen stiller det meste av utstyret til disposisjon.

Mat-auk

Vi haustar av det naturen gir og lagar mat av det. Bær og sopp, frukt og grønt. Fisking i sjø og vatn.

Regi og drama

Elevane er med og lagar årets musikalforestilling.

Sandsport

Variert idrett i landets finaste sandhall, som er oppvarma til heilårsbruk. Brasiliansk trenar som underviser i mange forskjellige sandidrettar.

Sandvolleyball

Vi har landets finaste sandhall som er oppvarma til heilårsbruk. Topp kvalifisert lærar.

Scrapbook

Pris: 300,-

Lag kort, dekorasjonar og minnebøker med avanserte papirteknikkar.

Solidaritet og bistand

Vi organiserer skulen sitt bistandsarbeid. Du lærer å motivere andre til å engsjere seg, og du lærer korleis vi organiserer "foundraising" og aksjonar.

Volleyball for alle

Skulen har volleyball på høgt nivå, men valfaget er for alle som vil spele på mosjonsnivå. Kanskje får vi eit mix-lag som stiller i NM-kvalik for vid. skular? Eller spelar kun for gøy. Du bestemmer.

På Sunnfjord Folkehøgskule vil vi at du skal ta ansvar for både deg sjølv, folka rundt deg og for globale spørsmål. Her møter du idrettsutøvarar, reiselystne backpackers, naturelskarar og mange fleire. Vi trur på ulikskap!
Du kan bidra til at folkehøgskuleåret blir ditt livs viktigaste!

Linjer ved skulen

Fra kr 129 300,-

Inkludert

  • Undervisning
  • Mat og rom på skolen (romtype: dobbeltrom)
  • Reiseforsikring
  • Treningsstudio
  • Studietur: New Zealand og Sri Lanka
    • Mat (3 måltider per dag)
    • Visum
  • Studietur: Femundsmarka
    • Mat (3 måltider per dag)
  • Internett
  • Vaskemaskin
Minimumspris for linja 129 300,-

Du kan legge til (Huk av og se hvordan det påvirker prisen)

Lån og stipend

Summen du må dekke selv 129 300,-
(12 930,- per måned)
Du betaler månedsvis gjennom skoleåret. Nærmere informasjon får du fra skolen.

Husk at du også trenger penger til dette

  • Enkelte valgfag
    Noen av våre valgfag koster penger. Les mer om valgfag lenger opp på siden. Du velger valgfag først når du begynner på skolen.
  • Alternativ mat (glutenfri, melkefri, vegan etc) om du har behov for dette. Ta kontakt med skolen for mer informasjon.
  • Utstyr til linjen (se Utstyr til linjen nedenfor)
  • Hjemreiser fra skolen:
    • Høstferie, juleferie, vinterferie, påskeferie
      Vi har kun stengt i feriane, ingen andre frihelgar. Dersom du treng å reise heim utanom feriane, så lar det seg lett ordne.
  • Om du velger å bli på skolen i hjemreisehelgene må du ordne deg mat selv.
  • Lommepenger. På bloggen forteller fire elever hvor mye lommepenger de brukte i løpet av sitt år på folkehøgskole

Dette utstyret får du låne av skolen

Fridykkarutstyr, telt, tarpar, primusar, grytesett, økser, sager, padlevestar, padleårer, tilgang til havkajakkar og kanoar, 

Dette utstyret må du stille med selv

Friluftslivsutstyr for alle årstider. For detaljert utstyrsliste, sjekk heimesida vår på http://www.sunnfjord.fhs.no/linjer/rein-natur/ for meir info.

Søk på linjaMeir om skulenSkulen si nettside

Dette seier tidlegare elevar

Yvonne Mortensen

Jeg heter Yvonne, er 19 år og kommer fra Kolbotn. Jeg hadde lyst til å gå en friluftsliv-linje, men jeg ønsket ikke å gå en linje der det var om å gjøre å gå på de høyeste toppene, gå raskest på ski eller padle lengst. Villmarksliv er en slik linje.

Bestill katalogen for 2019/2020

Få full oversikt over skoler og linjer, og bli kjent med livet på folkehøgskole.

Bestill katalogen

Linjer som liknar denne

Friluftsliv / KRIK

Nordfjord folkehøgskule
Ledig plass
HeilårskursKristen

Idrett & friluftsliv

Torshus folkehøgskule
Kontakt skulen
Heilårskurs15 t/ukeFrilynt

Klatring, ski og kajakk

Peder Morset folkehøgskole
Ledig plass
Heilårskurs15 t/ukeFrilynt

FRILUFTSLIV Sunnmørsalpane og Bali (4 uker)

Møre Folkehøgskule
Fullt
Heilårskurs15 t/ukeFrilynt

Friluftsliv Nordkalotten - Svalbard

Folkehøgskolen 69° Nord
Ledig plass
HeilårskursKristen

Friluftsliv: Sør-Afrika

Bømlo Folkehøgskule
Venteliste
Heilårskurs13 t/ukeFrilynt

Ski & klatring

Lofoten folkehøgskole
Venteliste
Heilårskurs15 t/ukeFrilynt

Friluftsliv / UT

Nordfjord folkehøgskule
Ledig plass
HeilårskursKristen

Friluftsliv Light

Evje Folkehøgskole
Ledig plass
HeilårskursFrilynt

Eksotisk friluftsliv - Karibien

Valdres folkehøgskole
Venteliste
HeilårskursKristen

Sjølberging

Fosen folkehøgskole
Ledig plass
Heilårskurs15 t/ukeFrilynt

Friluftsliv, foto og kajakk - Vest-Grønland

Skjeberg Folkehøyskole
Ledig plass
Heilårskurs17 t/ukeFrilynt