Til hovedinnhold

Sport Adventure halvår vår

Søk på linja
Ledig plass

Du skal få trene variert og prøve ut mange idrettar, og du skal på eventyrlege opplevingar i storslått vestlandsnatur.

Det er gode forhold for vinteridrettar i området rundt Sunnfjord folkehøgskule. Vi skal ha eit langrennskurs og gå i dei flotte skiløypene ved Langeland skisenter. Det er gode forhold for skiturar og toppturar. Om du har toppturutstyr så er det veldig bra, men ikkje noko du må ha for å gå denne linja. Det ligg veldig godt til rette for toppturar i Sunnfjord, men du skal også få stå på slalomski eller snowboard. I tillegg til å reise i Hodlekve skisenter skal vi også ha ei lita veke i Hemsedal i skianlegget der.

Det blir surfekurs i Hoddevika som er omkransa av vill og vakker natur.

Du vil få vere med på fjellturar og overnattingsturar. Du skal få lære å lage bål, og lære å lage mat ute i naturen.

På Sport Adventure prøver vi ut ulike idretter og aktiviteter. Det blir ein del ballidrettar, trening i treningsstudio og spinningsal. Felles vårtur for heile skulen er noko av det siste vi gjer ilag før det er skuleavslutning i mai.

I gymsalen skal vi spele forskjellige ballidrettar og i treningsstudio trener vi minst èin gong i veka. Vårt nye treningsstudio på skulen kan du bruke så ofte du vil på fritida heile året.

Vi har treningsstudio i ypperleg kvalitet. Til bruk både i undervisninga og i fritida. Les meir om treningsstudioet her.

I Hafstadparken fins det to fotballbaner, fleire sandvolleyballbaner, ballbinge, skatepark og sykkelløype. I tillegg har vi det beste klasserommet i heile verda, naturen i Sogn og Fjordane.

Du treng ingen forkunnskapar eller spesielle fysiske fortrinn. Du er lysten på å dyrke fellesskap og vennskap med andre gjennom variert idrett, eventyrlege opplevingar både i kvardagen og på reise.

Dette vil du lære

  • surfetur til Hoddevika
  • klatre Via Ferrata i Loen
  • rafting
  • fotball
  • basketball
  • sirkeltrening
  • volleyball
  • orientering
  • spinning
  • badminton
  • frisbeegolf
  • langrenn
  • topptur
  • beachvolleyball
  • landhockey
  • styrketrening
  • sykling
  • klatring

Våre forventninger til deg

Du er open for mange forskjellege aktivitetar og idrettar. Du likar å trene og vere aktiv. Vi kjem til å overnatte ute i telt så det må du vere villig til å gjere. Du tek deg sjølv ikkje alt for høgtideleg, men er nysgjerrig på det meste. Du er eventyrlysten og positiv, og ser verdien av fellesskap. 

Vi legg til rette for deg så godt vi kan og gjer justeringar i samråd med deg. Ta kontakt med oss i god tid om du har behov for tilpassingar eller lurer på om vi kan legge til rette for deg.

Obligatorisk: Ja

Pris: Inkludert i linjepris

Måltider pr dag inkludert: 3

Sport Adventure og Sport Adventure Halvår vår reiser til Sri Lanka for å utforske «Verdas beste reisemål». ja, det er faktisk kåra til det fleire gonger! Sri Lanka har det aller meste. Perfekt klima, milevis med strender, ville dyr, vakker natur og fargerike og flotte folk. Og der finn vi ikkje minst vår søsterskule Kamam Folk High School, Det er faktisk ein av dei viktigaste grunnane til at vi reiser dit, sidan det er skulen sitt bistandsprosjekt. 

Vi vil ha aktivitetar saman med elevar på skulen, og vi vil ha ein strandryddeaksjon saman med med fokus på plastforsøpling. 

Vi skal mellom anna besøke den berømte Sigiriya-klippa, som står på Unesco si verdsarvliste. Vi skal besøke ein nasjonalpark der vi kan sjå ville elefantar, aper og mange fleire dyr. Vi skal sjølvsagt også nytte oss av dei endelause sandstrendene som omkransar nesten heile øya. Strandidrettar, surfing og andre aktivitetar er lett tilgjengelege. Det blir ein kombinasjon av å reise på rundtur og oppleve landet, vere saman med srilankiske ungdommar, oppleve nokre av dei finaste strendene i verda for å lære vannsport, og avslutte turen med eit par dagar og samle krefter til heimturen.

På Sunnfjord Folkehøgskule møter du idrettsutøvarar, dansarar, gamers, naturelskarar, dei som likar å stå på ei scene og mange fleire. Vi trur på ulikskap!
Du kan bidra til at folkehøgskuleåret blir ditt år. Vi vil vi at du tek ansvar for både deg sjølv, folka rundt deg og for globale spørsmål. 

Linjer ved skulen

Les mer om skolen

Fra kr 72 000,-

Inkludert

  • Undervisning
  • Mat og rom på skolen (romtype: dobbeltrom)
  • Bad på gangen
  • Påmeldingsavgift
  • Treningsstudio
  • Studietur: Sri Lanka
    • Mat (3 måltider per dag)
  • Internett
  • Vaskemaskin
Minimumspris for linja 72 000,-

Du kan legge til (Huk av og se hvordan det påvirker prisen)

Lån og stipend

Summen du må dekke selv 72 000,-
(14 400,- per måned)
Når du takker ja til skoleplassen må du betale et administrasjonsgebyr på rundt 2500 kroner. Resten av summen betaler du månedsvis gjennom skoleåret. Nærmere informasjon får du fra skolen.

Dette utstyret får du låne av skolen

  • Gymsal
  • Treningsstudio med vektrom
  • Spinningssal
  • Hafstadparken med to fotballbaner, to tennisbaner, beachvolleyballbaner og sykkelløype
  • Ikkje minst naturen på Vestlandet.  

Dette utstyret må du stille med selv

  • Sykkel 
  • Sovepose 
  • Liggeunderlag 
  • Joggesko 
  • Tursko 
  • Treningskle 
  • Kopp 
  • Matboks 
  • Fiskestang 
  • Skiutstyr 
  • Godt humør 
Søk på linjaMeir om skulenSkulen si nettside

Dette seier tidlegare elevar

Hanna Svelander

Sport Adventure på Sunnfjord er utrolig spennende. Jeg har kost meg kjempemye i klassen og miljøet er supert! Å gå i denne klassen har gjort at jeg får prøvd mye jeg aldri trodde jeg ville turt, som er utrolig givende!

Hanna Svelander
Eline Hjelle Bjørstad

På linjen har vi fått prøvd flere spennende ting som for eksempel surfing, Via Ferrata, brevandring, skikjøring og klatring. Gjennom året har vi i klassen fått mange fine opplevelser sammen og skapt et unikt samhold med mye humor og gode samtaler.

Eline Hjelle Bjørstad
Ane Trælandshei

Jeg har opplevd så utrolig masse gøy, og får stadig vekk utfordre meg selv og prøve nye ting. Man får være en del av et fantastisk bra klassemiljø og får venner for livet. Kan virkelig anbefale linja på det sterkeste!

Frå bloggen

- Anbefaler virkelig et halvt år på folkehøgskole om du ikke vet hva du skal etter jul

Da andre planer gikk i vasken søkte Theodor halvtårskurs på folkehøgskole. – En gull mulighet om du har valgt feil eller ikke helt vet hva ...

Les meir på bloggen ▷

Få gratis skolekatalog i postkassa!

Få katalog med full oversikt over alle folkehøgskoler i posten. Bli kjent med skolene i ro og mak, og diskuter med venner og familie!

Bestill katalogen