Til hovedinnhold

Sport Adventure Australia Sri Lanka

Søk på linja
Ledig plass

Du skal få trene variert og prøve ut mange idrettar, og du skal på eventyrlege opplevingar i storslått vestlandsnatur. Linjeturen går til Australia og Sri Lanka.

Vi starter normalt opp med fotball og beachvolleyball. I november skal vi delta på skulemeisterskap i volleyball. Då stiller Sport Adventure lag i mix-klassen. Det blir naturlig å trene mot dette i tida før. Dette er ei volleyballturnering der vi gjer vårt beste og har det samtidig gøyast av alle. I desember skal skulen delta på Nordvestcup i fotball som er ei turnering for folkehøgskular. I gymsalen skal vi spele forskjellige ballidrettar og i treningsstudio trener vi minst èin gong i veka. Vårt nye treningsstudio på skulen kan du bruke så ofte du vil på fritida heile året.

Vi skal rafte ned Jølstraelva og kjempe med naturkreftene. Å gå Via Ferrata er ei stor naturoppleving. Dette er ei klatrerute som er mulig for dei aller fleste å gjennomføre. Her får du testa høgdeskrekken din og pressa litt grenser. Men følelsen av å stå på toppen av Hoven etter gjennomført tur er det lite som slår.

I løpet av hausten skal du også på surfekurs i Hoddevika som er omkransa av vill og vakker natur. Du får kyndig innføring i grunnleggande teknikk av ein instruktør. Noko du kjem til å nytte godt av når du også skal surfe på vår tur til Australia.

Du vil få vere med på fjellturar med utsikt som gir fred i sjela. Du skal få lære å lage bål, og lære å lage mat ute i naturen. I tillegg skal vi sanke inn litt mat, plukke litt bær og sopp.

Du treng ingen forkunnskapar eller spesielle fysiske fortrinn. Du er lysten på å dyrke fellesskap og vennskap med andre gjennom variert idrett, eventyrlege opplevingar både i kvardagen og på reise.

Dette vil du lære

  • fotball
  • basketball
  • sirkeltrening
  • pil og bogeskyting
  • volleyball
  • orientering
  • spinning
  • badminton
  • frisbeegolf
  • langrenn
  • topptur
  • kampsport
  • beachvolleyball
  • landhockey
  • styrketrening
  • sykling
  • klatring

Våre forventninger til deg

Du er open for mange forskjellege aktivitetar og idrettar. Du tek deg sjølv ikkje alt for høgtideleg, men er nysgjerrig på det meste. Du er eventyrlysten og positiv, og ser verdien av fellesskap.

Obligatorisk: Ja

Pris: Inkludert i linjepris

Varighet: Inntil tre veker.

Måltider pr dag inkludert: 3

I februar reiser vi til Australia og Sri Lanka. På denne turen skal du vere ryggsekkturist og reise innom mange spennande plassar på austkysten av Australia og på Sri Lanka.

Australia er eit vakkert land med eit fantastisk folkeslag. Austkysten som dei også kallar for Gold coast er eit ynda mål for mange reisande. Her har du mange vakre strender, flott natur, eit rikt dyreliv og eit behagelig folkeslag. Brisbane og Sydney er kjende byar vi skal besøke i tillegg til mange mindre plassar langs austkysten.

På Sri Lanka sluttar vi oss til skulen sin fellestur som skjer her på same tida.

Du kan lese meir om Sri Lanka-delen av turen her!

OBS: Fellesturen til Sri Lanka for heile skulen inngår i denne turen! For Sport Adventure inngår altså fellesturen i linjepengane! Sjå det som står som Fellestur for skolen! 

Nettstaden BloombergPursuits plasserer Sri lanka på topp blant dei 20 beste reisemåla for 2017! I 2013 kåra Lonely Planet landet som beste reisemål. Det må vere noko dei har oppdaga, akkurat som vi.

I 2013 blei landet kåra til beste reisemål av Lonely Planet! 

Om du skriv Sri Lanka i Google bildesøk så kjem det opp det eine biletet vakrare enn det andre. Det blir ei lita rundreise på Sri Lanka før vi vender nasen heimover. Denne reisa blir eit eventyr.

Vaksinering er ikkje inkludert.

Are Gunnar Korsvoll

lærar

Are Gunnar Korsvoll er linjelærar på Sport Adventure Australia Fiji. Han har ei brei interesse for både idrett og friluftsliv. Are Gunnar gjekk på lærarhøgskulen i Tromsø, han har historie grunnfag frå universitetet i samme by. I tillegg har han idrett mellomfag frå idrettshøgskulen i Sogndal. Sjølv har han vore aktiv innan fotball, friidrett og volleyball.

Epost: aregunnar@sunnfjord.fhs.no
Telefon: 99 29 70 78

Kvar morgon startar vi med eit kvarters morgonsamling kl 09.00.

Dei fleste dagane det både linjetimar og fellestimar. Valfag to gongar pr veke. Enkelte dagar er det tider der romma skal reingjerast, og vask av fellesareal går på rundgang.

Frukost startar kl 08.30. Vi har 45 min lunsj kl 13.30.Middag er kl 16.00 og kveldsmat frå kl 19.30.

Rotid kl 23.30.

Last ned timeplan som pdf ↓
  • Oppstart 24. august
  • Avslutning 9. mai

Planen til nedlasting er for inneverande skuleår, vil bli oppdatert.

Last ned årsplan som pdf ↓

Du kan velje to eller tre valfag på to timar pr veke.
Enkelte fag blir samla opp i lengre økter som skjer av og til, særleg ved fag der ein må reise bort frå skulen. Dei faga vi ha på denne lista er eksempel på fag som kan bli, basert på erfaringar dei siste åra. Det kan bli annleis neste skuleår.

Band

Bandet har ein viktig funksjon i skulen si årlege musikaloppsetting. Dkulen har tilgang til dei vanlegaste bandinstrumenta, i tillegg kan du sjølvsagt ha med eige instrument.

Dans

Vi har høgt utdanna danselærar og to gode dansesalar med spesialparkett. Du lærer fleire typer dans, og gruppa har ein viktig funksjon i skulen si musikaloppsetting.

Fridykking

Pris: 600,-

Lær å dykke utan å bruke lufttank. Vi bruker kun våtdrakt, maske, snorkel og svømmeføtter. Prisen dekker sertifisering leige av basseng til øvingsbruk. Skulen stiller med det meste av utstyret.

Gitar

For dei som kan litt eller ingen ting frå før. Ta gjerne med eigen gitar.

Internasjonal matlaging

Pris: 300,-

På vår skule har vi lærarar frå mange land. Desse tek med seg sine mattradisjonar, noko du vil ha stor glede av i dette valfaget. Ein betaler for råvarer til matlaginga. Prisen kan variere litt.

Klatring

Pris: 400,-

Vi har klatrevegg på tolv meters høgde. Brattkort-sertifisering er inkludert i kurset. Skulen stiller det meste av utstyret til disposisjon.

Mat-auk

Vi haustar av det naturen gir og lagar mat av det. Bær og sopp, frukt og grønt. Fisking i sjø og vatn.

Regi og drama

Elevane er med og lagar årets musikalforestilling.

Sandsport

Variert idrett i landets finaste sandhall, som er oppvarma til heilårsbruk. Brasiliansk trenar som underviser i mange forskjellige sandidrettar.

Sandvolleyball

Vi har landets finaste sandhall som er oppvarma til heilårsbruk. Topp kvalifisert lærar.

Scrapbook

Pris: 300,-

Lag kort, dekorasjonar og minnebøker med avanserte papirteknikkar.

Solidaritet og bistand

Vi organiserer skulen sitt bistandsarbeid. Du lærer å motivere andre til å engsjere seg, og du lærer korleis vi organiserer "foundraising" og aksjonar.

Volleyball for alle

Skulen har volleyball på høgt nivå, men valfaget er for alle som vil spele på mosjonsnivå. Kanskje får vi eit mix-lag som stiller i NM-kvalik for vid. skular? Eller spelar kun for gøy. Du bestemmer.

På Sunnfjord Folkehøgskule vil vi at du skal ta ansvar for både deg sjølv, folka rundt deg og for globale spørsmål. Her møter du idrettsutøvarar, reiselystne backpackers, naturelskarar og mange fleire. Vi trur på ulikskap!
Du kan bidra til at folkehøgskuleåret blir ditt livs viktigaste!

Linjer ved skulen

Fra kr 127 300,-

Inkludert

  • Undervisning
  • Mat og rom på skolen (romtype: dobbeltrom)
  • Reiseforsikring
  • Treningsstudio
  • Studietur: Australia og Sri Lanka
    • Mat (3 måltider per dag)
    • Visum
  • Internett
  • Vaskemaskin
Minimumspris for linja 127 300,-

Du kan legge til (Huk av og se hvordan det påvirker prisen)

Lån og stipend

Summen du må dekke selv 127 300,-
(12 730,- per måned)
Du betaler månedsvis gjennom skoleåret. Nærmere informasjon får du fra skolen.

Husk at du også trenger penger til dette

  • Enkelte valgfag
    Noen av våre valgfag koster penger. Les mer om valgfag lenger opp på siden. Du velger valgfag først når du begynner på skolen.
  • Alternativ mat (glutenfri, melkefri, vegan etc) om du har behov for dette. Ta kontakt med skolen for mer informasjon.
  • Utstyr til linjen (se Utstyr til linjen nedenfor)
  • Hjemreiser fra skolen:
    • Høstferie, juleferie, vinterferie, påskeferie
      Vi har kun stengt i feriane, ingen andre frihelgar. Dersom du treng å reise heim utanom feriane, så lar det seg lett ordne.
  • Om du velger å bli på skolen i hjemreisehelgene må du ordne deg mat selv.
  • Lommepenger. På bloggen forteller fire elever hvor mye lommepenger de brukte i løpet av sitt år på folkehøgskole

Dette utstyret må du stille med selv

Klær for tur i alt slags vær og årstider, idrett ute og inne.

Søk på linjaMeir om skulenSkulen si nettside

Dette seier tidlegare elevar

Linnéa Kallevik

Jeg var sikker på at jeg ville gå på en linje med ulike aktiviteter og spennende turer, da fant jeg Sport Adventure Australia Sri Lanka. Vi prøver mange ulike sporter og aktiviteter som gjør at man aldri kjeder seg, og vi har tidenes morsomste lærer!

Bestill katalogen for 2019/2020

Få full oversikt over skoler og linjer, og bli kjent med livet på folkehøgskole.

Bestill katalogen

Linjer som liknar denne

Idrett Friluft Allround

Høgtun Folkehøgskole
Ledig plass
Heilårskurs15 t/ukeKristen

Sport & Outdoor: Australia - New Zealand

Nordhordland Folkehøgskole
Fullt
Heilårskurs18 t/ukeKristen

Trening, friluftsliv, reise

Risøy Folkehøyskole
Fullt
HeilårskursKristen

Idrett - Piste - Sør-Afrika

Valdres folkehøgskole
Venteliste
HeilårskursKristen

Turn

Stavern folkehøyskole
Ledig plass
Heilårskurs15 t/ukeKristen

Golf.Idrett.Sør-Afrika

Sunnmøre Folkehøgskule
Fullt
HeilårskursKristen

Idrett Australia

Molde Folkehøgskole
Venteliste
Heilårskurs14 t/ukeKristen

ALL IN - It's an adventure

Folkehøgskolen Sørlandet
Venteliste
HeilårskursKristen

Toppidrett

Rønningen folkehøgskole
Ledig plass
Heilårskurs18 t/ukeKristen

Australia Multisport

Ålesund Folkehøgskole
Venteliste
HeilårskursKristen

Adventure Action Sport

Solborg folkehøgskole - Stavanger
Venteliste
Heilårskurs16 t/ukeKristen

Crosstrening og Beachvolley - Bali

Kristiansand Folkehøyskole
Ledig plass
Heilårskurs15 t/ukeKristen