
- Sunnfjord Folkehøgskule
- Telefon: 57 82 99 60
- E-post: kontor@sunnfjord.fhs.no
- Kurslengde: Heilårskurs
- Studietur: Europa
- Verdigrunnlag: KristenDei kristne folkehøgskulane har eit kristent verdigrunnlag. Dei er eigde av, eller knytt til, kristne organisasjonar eller trussamfunn. Dei vil gjerne ha elevar med ulike interesser og livssyn.
-
Tilbyr: VegetarDei fleste skulane legg til rette for dei som har matallergiar og andre behov. Ta gjerne kontakt med skulen.
- Miljøsertifisering:
FairtradeSertifisering for skoler som tilbyr Fairtrade-merkede produkter og bevisstgjør om rettferdig handel.
- Stad: Førde
- Oppstartsdato: 19.08.2023
- Linjefag: 14 timar/veke
- Pris: fra 135 868,-
Er du opptatt av å skape din eigen stil samtidig som du er miljø-smart? Her lærer du mønsterkonstruksjon og materialkunnskap, slik at du kan lage klede som passar akkurat DEG på alle måtar.
Ein garderobe som er snill mot miljøet treng ikkje å vere kjedeleg, eller bestå av veldig få plagg. Her lærer du det du treng for å skape ein perfekt garderobe. Redesign og fokus på gjenbruk blir kombinert med syferdigheiter, og du får eit klesskap med minimalt økologisk fotavtrykk. Du får du opplæring i saum av ferdige mønster og mønsterkonstruksjon. Du lærer om ulike materialar, slik at du kan lage klede som vil vare lenge. Det blir også fokus på ulike reparasjonsteknikkar. Truleg vil du oppdage at klede du legg mykje arbeid i, blir desto meir verdifulle for deg.
- Kanskje du er lei av å støtte eit overforbrukssamfunn
- Eller synes at det er vanskeleg å finne klede som sit akkurat som du ønskjer
- Eller du synes at trendar ikkje alltid passar deg
Då er dette linja for deg. Eit positivt kroppsfokus vil prege arbeidet på linja.
Du vil også få fotokurs og lære å ta fine bilete både i skulen sitt fotostudio og i fine omgjevnader ute.
Strikking
I arbeidet med å byggje opp din eigen garderobe er det heilt naturleg at vi også er innom strikking. Strikka plagg er både trendy og varme, og med riktig kunnskap er dei også slitesterke. Her vil du både lære om ulike garn og materialar, og alle teknikkar du treng for å strikke det du ønskjer. Kanskje vil du ende opp med eit plagg strikka etter eit mønster du sjølv har laga, i eit garn du sjølv har farga?
Vi tenkjer globalt, og tar små men konkrete steg i retning av ei betre verd.