Ledig plass

Dette er ikkje ei reiselinje, men ei jobbelinje. Jobben er ikkje med hendene, men fredsskaping. Du får to reiser, til Kenya og Sri Lanka. Du lærer bistand, media og kultur.

Er du av dei mange som vurderer eit friår for å reise? Kanskje du i tillegg har lyst til å gjere noko som ikkje handlar berre om deg sjølv? Vere nyttig? Gjere at nokon blir litt glad for at du er til? Oppleve ting som garantert vil forandre deg til ein betre utgåve av deg sjølv? Rett og slett gå inn i ein tanke som er større enn deg sjølv?

Vi har eit alternativ som vi meiner er betre enn Work and Travel-konseptet som mange tyr til. Vi reiser på studieturar med fredsbygging som føremål. Vi får innsikt i sosiale forhold og daglegliv. Vi knytter kontakter og lærer andre å kjenne. Vi er saman med ungdom frå ulike sosiale lag, funksjonshemma og funksjonsfriske, og folk frå ulike etnisitetar. Dette er fredsarbeid i praksis.

Sagt om bistandsarbeid: «Det enklaste som fins er å bygge ein skule. Det er fort gjort. Det vanskelege er å bygge fred, for det kan ta lang tid». Vi tenker at fredsbygging er viktigast, og vi har lyst til at du skal oppleve at det er interessant å lære om og oppleve.

Fredsarbeid er eit stort og langt prosjekt. Vi begynner her, og sår eit frø.

For den som vil og kan

Denne linja er ikkje for alle. Dette er for dei som vil og kan.
Du må tole å vere borte i lengre periodar under andre forhold enn det vi er vant med her heime. Du må vere innstilt på å oppleve forhold som ikkje er som på feriereiser. Det blir ikkje ekstremt, men likevel ikkje slik vi har det hos oss.

Du får eitt opphald påSri Lanka og eitt opphald i Kenya. Les meir om Sri Lanka her, og Kenya her.

Dette er for deg som har lyst til å ha lengre reiseopphald der du lærer om fredsarbeid og aktiv bistand. Du blir godt kjent med både Kenya og Sri Lanka, og du får vennskap for livet.

Dette vil du lære

  • Internsjonal solidaritet
  • Bistandsarbeid i praksis
  • Inngåande religions- og kulturforståing
  • Foto, film og mediekunnskap
  • Organisasjonsarbeid
  • PR og informasjonsarbeid
  • Førebyggande helsearbeid og førstehjelp

Våre forventninger til deg

  • Du ser verdien av å bety noko for andre
  • Du ser verdien av å bygge vennskap for livet
  • Du er sterk nok og motivert nok til å vere bortreist i lengre periodar og i stand til å bu under enklare forhold enn det du er vand til i Norge.
  • Du er innstilt på å samarbeide både med andre elevar i gruppa og dei du skal jobbe saman med lokalt.
  • Du vil oppleve noko som er større enn deg sjølv.

Kenya

Obligatorisk: Ja

Pris: Inkludert i linjepris

Varighet: 4 veker

Måltider pr dag inkludert: 3

Den eine av to studieturar på denne linja går til Kenya. Arbeidet vårt er knytta til YMCA. Dei arbeider for fred og rettferd, og dei arbeider med idrett, sosialt arbeid, miljøsaker og tiltak mot fattidgom.

Vi får ein lokal kontakt som følgjer opp kvar dag, og det blir muligheit for kontakt heim via internett.

Her kan du lese meir om YPM http://youthpeacemakers.blogspot.no/p/home.html

Du vil jobbe saman med ungdom frå dei lokale samfunna, og du vil få unike muligheiter til å lære korleis internasjonalt arbeid virkar i praksis.

Du blir også kjent med Kenya sin utrulege natur og du får også smake på strendene.

 

OBS: Vaksinering

Du er sjølv ansvarleg for å ta dei vaksinene som trengs i god tid før turen. Ta kontakt med din lege eller sjekk Folkehelsa for råd om kva vaksiner du bør ta.

Skulen har ikkje medisinsk kompetanse og gir ikkje råd om vaksinering.

Vaksiner er ikkje inkludert i skulen sine prisar.

Sri Lanka Peacemaker

Obligatorisk: Ja

Pris: Inkludert i linjepris

Varighet: Inntil 4 veker

Måltider pr dag inkludert: 3

Den eine av dei to studieturane på Peacemaker går til landet som Lonely Planet har kåra til beste reisemål for 2019.

Folkehøgskule er eit heilt nytt konsept på Sri Lanka. Sunnfjord Folkehøgskule har i samarbeid med KFUK-KFUM Global og YMCA Sri Lanka grunnlagt Kamam Folk High School, den første folkehøgskulen på Sri Lanka i Kallar, som ligg på austlige Sri Lanka. Her kan du lese om opninga.

Ved Kamam Folk High School  får elevane lære mellom anna engelsk, IT-fag, fotografi og ikkje-voldelege kommunikasjon. Andre aktivitetar er kano, camping og symjing.

Du får også stifte kjennskap med anna sosialt arbeid på Sri Lanka.

Du får også sett det meste av landet i løpet av opphaldet. Ville elefantar, fantastisk natur og urørte strender.

OBS: Fellesturen til Sri Lanka for heile skulen inngår i denne turen! For Peacemaker inngår altså fellesturen i linjepengane! På slutten av opphaldet møter vi altså dei andre elevane på skulen og er saman med dei på deler av fellesopplegget. Sjå Felles studietur for skolen  på forsida. Les meir om fellesturen her.

Her ligg Kamam Folk High School, som vi skal besøke under opphaldet:

Skulen har ikkje medisinsk kompetanse og gir ikkje råd om vaksinering. Vaksiner er ikkje inkludert i skulen sine prisar.

Kvar morgon startar vi med eit kvarters morgonsamling kl 09.00.

Dei fleste dagane det både linjetimar og fellestimar. Valfag to gongar pr veke. Enkelte dagar er det tider der romma skal reingjerast, og vask av fellesareal går på rundgang.

Frukost startar kl 08.30. Vi har 45 min lunsj kl 13.30.Middag er kl 16.00 og kveldsmat frå kl 19.30.

Rotid kl 23.30.

Last ned timeplan som pdf ↓
  • Oppstart 24. august
  • Avslutning 9. mai

Planen til nedlasting er for inneverande skuleår, vil bli oppdatert.

Last ned årsplan som pdf ↓

Du kan velje to eller tre valfag på to timar pr veke. Enkelte fag blir samla opp i lengre økter som skjer av og til, særleg ved fag der ein må reise bort frå skulen. Dei faga vi ha på denne lista er eksempel på fag som kan bli, basert på erfaringar dei siste åra. Det kan bli annleis neste skuleår.

Band

Bandet har ein viktig funksjon i skulen si årlege musikaloppsetting. Dkulen har tilgang til dei vanlegaste bandinstrumenta, i tillegg kan du sjølvsagt ha med eige instrument.

Dans

Vi har høgt utdanna danselærar og to gode dansesalar med spesialparkett. Du lærer fleire typer dans, og gruppa har ein viktig funksjon i skulen si musikaloppsetting.

Fridykking

Pris: 600,-

Lær å dykke utan å bruke lufttank. Vi bruker kun våtdrakt, maske, snorkel og svømmeføtter. Prisen dekker sertifisering leige av basseng til øvingsbruk. Skulen stiller med det meste av utstyret.

Gitar

For dei som kan litt eller ingen ting frå før. Ta gjerne med eigen gitar.

Internasjonal matlaging

Pris: 300,-

På vår skule har vi lærarar frå mange land. Desse tek med seg sine mattradisjonar, noko du vil ha stor glede av i dette valfaget. Ein betaler for råvarer til matlaginga. Prisen kan variere litt.

Klatring

Pris: 400,-

Vi har klatrevegg på tolv meters høgde. Brattkort-sertifisering er inkludert i kurset. Skulen stiller det meste av utstyret til disposisjon.

Mat-auk

Vi haustar av det naturen gir og lagar mat av det. Bær og sopp, frukt og grønt. Fisking i sjø og vatn.

Regi og drama

Elevane er med og lagar årets musikalforestilling.

Sandsport

Variert idrett i landets finaste sandhall, som er oppvarma til heilårsbruk. Brasiliansk trenar som underviser i mange forskjellige sandidrettar.

Sandvolleyball

Vi har landets finaste sandhall som er oppvarma til heilårsbruk. Topp kvalifisert lærar.

Scrapbook

Pris: 300,-

Lag kort, dekorasjonar og minnebøker med avanserte papirteknikkar.

Solidaritet og bistand

Vi organiserer skulen sitt bistandsarbeid. Du lærer å motivere andre til å engsjere seg, og du lærer korleis vi organiserer "foundraising" og aksjonar.

Volleyball for alle

Skulen har volleyball på høgt nivå, men valfaget er for alle som vil spele på mosjonsnivå. Kanskje får vi eit mix-lag som stiller i NM-kvalik for vid. skular? Eller spelar kun for gøy. Du bestemmer.

På Sunnfjord Folkehøgskule vil vi at du skal ta ansvar for både deg sjølv, folka rundt deg og for globale spørsmål. Her møter du idrettsutøvarar, reiselystne backpackers, naturelskarar og mange fleire. Vi trur på ulikskap!
Du kan bidra til at folkehøgskuleåret blir ditt livs viktigaste!

Linjer ved skulen

Fra kr 138 750,-

Inkludert

  • Undervisning
  • Mat og rom på skolen (romtype: dobbeltrom)
  • Reiseforsikring
  • Treningsstudio
  • Studietur: Kenya
    • Mat (3 måltider per dag)
    • Visum
  • Studietur: Sri Lanka Peacemaker
    • Mat (3 måltider per dag)
    • Visum
  • Internett
  • Vaskemaskin
Minimumspris for linja 138 750,-

Du kan legge til (Huk av og se hvordan det påvirker prisen)

Lån og stipend

Summen du må dekke selv 138 750,-
(13 875,- per måned)
Du betaler månedsvis gjennom skoleåret. Nærmere informasjon får du fra skolen.

Husk at du også trenger penger til dette

  • Enkelte valgfag
    Noen av våre valgfag koster penger. Les mer om valgfag lenger opp på siden. Du velger valgfag først når du begynner på skolen.
  • Alternativ mat (glutenfri, melkefri, vegan etc) om du har behov for dette. Ta kontakt med skolen for mer informasjon.
  • Utstyr til linjen (se Utstyr til linjen nedenfor)
  • Hjemreiser fra skolen:
    • Høstferie, juleferie, vinterferie, påskeferie
      Vi har kun stengt i feriane, ingen andre frihelgar. Dersom du treng å reise heim utanom feriane, så lar det seg lett ordne.
  • Om du velger å bli på skolen i hjemreisehelgene må du ordne deg mat selv.
  • Lommepenger. På bloggen forteller fire elever hvor mye lommepenger de brukte i løpet av sitt år på folkehøgskole

Dette utstyret må du stille med selv

  • Kamera er betre enn mobil
  • Liten laptop er også betre enn mobil.
Søk på linjaMeir om skulenSkulen si nettside

Bestill katalogen for 2019/2020

Få full oversikt over skoler og linjer, og bli kjent med livet på folkehøgskole.

Bestill katalogen

Linjer som liknar denne

Ecuador - Bistand og ExploreLedig plass

Ecuador - Bistand og Explore

Stavern folkehøyskole
HeilårskursKristen
Solidaritet Nord-SørLedig plass

Solidaritet Nord-Sør

Sund folkehøgskole
Heilårskurs18 t/ukeFrilynt
Global SolidaritetLedig plass

Global Solidaritet

Ringerike Folkehøgskole
Heilårskurs16 t/ukeFrilynt
Face North Indigenous YouthLedig plass

Face North Indigenous Youth

Folkehøgskolen Nord-Norge
Heilårskurs21 t/ukeKristen
Regnskog AmazonasLedig plass

Regnskog Amazonas

Sund folkehøgskole
Heilårskurs18 t/ukeFrilynt
Xchange: Afrika-MaldiveneFullt

Xchange: Afrika-Maldivene

Nordhordland Folkehøgskole
Heilårskurs16 t/ukeKristen
SE:Verden (Midtøsten og Sør-Afrika)Ledig plass

SE:Verden (Midtøsten og Sør-Afrika)

Rønningen folkehøgskole
HeilårskursKristen
Ildsjel - Prosjekt Palestina - MidtøstenLedig plass

Ildsjel - Prosjekt Palestina - Midtøsten

Arbeiderbevegelsens Folkehøgskole Ringsaker
Heilårskurs15 t/ukeFrilynt
Bistand/ActionLedig plass

Bistand/Action

Grenland Folkehøgskole
Heilårskurs12 t/ukeKristen
Global utviklingLedig plass

Global utvikling

Agder Folkehøgskole
Heilårskurs16 t/ukeFrilynt
BRO (Bistand Reise Oppdrag) - Sør-Amerika ALedig plass

BRO (Bistand Reise Oppdrag) - Sør-Amerika A

Karmøy Folkehøgskule
Helårskurs A6 t/ukeFrilynt
Go do good NepalLedig plass

Go do good Nepal

Rødde folkehøgskole
Heilårskurs16 t/ukeKristen