
- Sunnfjord Folkehøgskule
- Telefon: 57 82 99 60
- E-post: kontor@sunnfjord.fhs.no
- Kurslengde: Heilårskurs
- Studietur: Spania med Paragliding Friluftsliv
- Verdigrunnlag: KristenDei kristne folkehøgskulane har eit kristent verdigrunnlag. Dei er eigde av, eller knytt til, kristne organisasjonar eller trussamfunn. Dei vil gjerne ha elevar med ulike interesser og livssyn.
-
Tilbyr: VegetarDei fleste skulane legg til rette for dei som har matallergiar og andre behov. Ta gjerne kontakt med skulen.
- Miljøsertifisering:
FairtradeSertifisering for skoler som tilbyr Fairtrade-merkede produkter og bevisstgjør om rettferdig handel.
- Stad: Førde
- Oppstartsdato: 21.8.21
- Linjefag: 14 timar/veke
- Pris: fra 129 000,-
- Følg linja på Instagram
Ønskjer du å sjå dei vakre fjordane og fjella på Vestlandet i fugleperspektiv? Lære å meistre ein ny aktivitet? Paragliding fjord og fjell vil også oppleve naturen ved padling, klatring, ski om meir.
Ønskjer du å sjå dei vakre fjordane og fjella på Vestlandet i fugleperspektiv? Lære å meistre ein ny aktivitet? Du får også oppleve naturen ved padling, klatring, ski og meir.
Paragliding er hovudaktiviteten på linja. Dette er ein sport som set strenge krav til sikkerheit, vêr og vind. Eit år her vil gi deg all kunnskapen du treng for å flyge paraglider på eiga hand!
Gjennom året vil vi saman flyge på nokon av dei finaste stadane Vestlandet har å by på. I tillegg til flyging, vil du få oppleve spisse tindar og elvar, padle havkajakk, klatre og stå på ski.
Friluftsliv er ein stor del av linjeaktiviteten. Vi skal på overnattingsturar, både med og utan telt. Kanskje vi til og med kan flyge nedatt dagen etter?
Viss du ønsker å prøve noko nytt, tek utfordringar med glede, og elles er glad i å vere ute – så er denne linja for deg. Ingen forkunnskapar er nødvendig, vi lærer deg alt du treng for å flyge paraglider. Du kan ikkje vere redd for å bli sveitt. Ein paraglider veg rundt 17 kg, og du må vere klar for å bere den opp på fjell vi skal flyge frå.
Studietur til Spania.