Til hovedinnhold

Musikal Teater halvår haust

Søk på linja
Ledig plass

Muskallinja - scena er di! Du får proff undervisning i song, teater og dans, Du får sette opp forestillingar på små og store scener. Workshops i New York og London. Muligheit for å ta heilt år.

Du tenker at du står på scena saman med mange andre, musikken løfter rommet, du syng, dansar og mottar applaus frå publikum! Eller kanskje du sat som publikummar med gåsehud og tenkte «det der vil eg også vere en del av!» Då er Musikal Teater perfekt for akkurat deg, for her er det plass til alle uansett erfaring! No kan du også gå halvårskurs hausten 2022.

Musikal Teater på Sunnfjord Folkehøgskule har som mål å gje deg muligheit til å utvikle deg i eit profesjonelt miljø. Målet er å bygge opp eit godt grunnlag og førebu deg til vidare utdanning innan teater og musikal-teater. Halvårskurs vil naturleg nok ikkje gje same utbytte som heilårslinja, men du vil kunne få verdfulle opplevingar og erfaringar å ta med deg vidare.

Sunnfjord Folkehøgskole har den einaste musikal-teaterlinja i Norge som baserer si teaterundervisning på Meisner Technique, ein kjend amerikansk metode for skodespelarutdanning. Tidlegare erfaring med teater er ikkje viktig. Innsats, ønskje om å jobbe seriøst og utfordre deg sjølv er det viktigaste!

Vi vil jobbe med klassiske og moderne tekstar frå heile verda. I tillegg til rein teaterundervisning vil du vere innom vokal teknikk, tekstframføring, scenekamp, fysisk teater og korleis du skal klare deg og utvikle deg i denne bransjen. Du vil få erfaring med å jobbe på tradisjonelle scener og spesifikke lokasjonar ute i naturen eller i bymiljøet.

På musikal-linja lærer du song, dans og teater, og du får tid til å fokusere på teknikk og formidling.

Linja er for deg som har lyst til å stå på scena og lære song, dans og skodespel. Du har kanskje gått i kor eller på kulturskule, i amatørteater eller revy? Eller blei det kun speilet på baderommet?

Dette vil du lære

  • Skodespel
  • Dans
  • Regi
  • Sangteknikk
  • Erfaring som utøvande skodespelar i ulike sjangrar
  • Å uttrykke deg på ein god og kreativ måte
  • Forme en god CV, vite kva gode headshots er og lage ein kreativ showreel. Dette vil hjelpe deg videre og gi deg ein fordel og eit godt grunnlag for videre utdanning.

Våre forventninger til deg

Du er nysgjerrig på å lære meir om utøvande sceneuttrykk, trene deg opp fysisk via dans og sceneaktivitetar, du synes det er gøy å spele på ei scene saman med andre. Du treng ikkje masse erfaring, men du treng ei positiv og støttande innstilling som kan gjere andre glad. Ikkje minst: Ikkje ta seg sjølv så veldig høgtideleg!

Vi legg til rette for deg så godt vi kan og gjer justeringar i samråd med deg. Ta kontakt med oss i god tid om du har behov for tilpassingar eller lurer på om vi kan legge til rette for deg.

På Sunnfjord Folkehøgskule møter du idrettsutøvarar, dansarar, gamers, naturelskarar, dei som likar å stå på ei scene og mange fleire. Vi trur på ulikskap!
Du kan bidra til at folkehøgskuleåret blir ditt år. Vi vil vi at du tek ansvar for både deg sjølv, folka rundt deg og for globale spørsmål. 

Linjer ved skulen

Les mer om skolen

Fra kr 57 000,-

Inkludert

  • Undervisning
  • Mat og rom på skolen (romtype: dobbeltrom)
  • Bad på gangen
  • Påmeldingsavgift
  • Treningsstudio
  • Internett
  • Vaskemaskin
Minimumspris for linja 57 000,-

Du kan legge til (Huk av og se hvordan det påvirker prisen)

Lån og stipend

Summen du må dekke selv 57 000,-
(11 400,- per måned)
Når du takker ja til skoleplassen må du betale et administrasjonsgebyr på rundt 2500 kroner. Resten av summen betaler du månedsvis gjennom skoleåret. Nærmere informasjon får du fra skolen.

Dette utstyret må du stille med selv

Ulike typer dansesko

Søk på linjaMeir om skulenSkulen si nettside

Frå bloggen

- Anbefaler virkelig et halvt år på folkehøgskole om du ikke vet hva du skal etter jul

Da andre planer gikk i vasken søkte Theodor halvtårskurs på folkehøgskole. – En gull mulighet om du har valgt feil eller ikke helt vet hva ...

Les meir på bloggen ▷

Få gratis skolekatalog i postkassa!

Få katalog med full oversikt over alle folkehøgskoler i posten. Bli kjent med skolene i ro og mak, og diskuter med venner og familie!

Bestill katalogen