Til hovedinnhold
Kontakt skolen

Denne linja gir deg litt andre utfordringar enn dei dei andre linjene. Du har kanskje gått eitt år før, hos oss eller på ein annan folkehøgskule. Eller du har kanskje ei anna liknande erfaring.

Det vil inngå leiartrening og -opplæring, og det blir tett oppfølgjing av ein av lærarane gjennom heile året. Dette kjem i staden for ein del av dei timane som dei andre har, det kan vere fellesfag og av og til valfag.

I tillegg skal desse elevane ha ansvar for miljøaktivitetar i helgar og på kveldar, og ein vil til ei viss grad ha ansvar for å følgje opp elevar som treng litt ekstra støtte.

Bistandsarbeid

Du vil også få vere med og ta ansvar for skulen sitt store bistandsprosjekt, som er å støtte Kamam Folk High School, som er vår søsterskule på Sri Lanka. Alle elevane på skulen er med i dette arbeidet, og Leder - Trainee-elevane skal vere i fronten og ha litt ekstra ansvar for å dra lasset. Meir om Kamam her.

Kristent arbeid

Vi er ein kristen skule. Vi ønskjer også at elevane på Leder - Trainee kan vere med å ta ansvar for å styrke kristne miljøaktivitetar på skulen, for eksempel kristne samlingar, allsangkveldar og morgonsamlingar.

Studieturar

Elevane på Leder - Trainee blir med på studieturane til den linja ein vil følgje. Du kan også bli med på  fellestur til Sri Lanka. Sjå under! På enkelte linjer ligg denne inne i det faste opplegget, på andre linjer må du melde deg på denne turen. Sjekk studiereiser på den aktuelle linja!

Velg linje

Elevane er med på linjeopplegget på ei av dei andre linjene, men dei vil få eit utvida ansvar i undervisninga og på turar. Dette skjer i nært samarbeid med læraren på linja.

OBS pris

Redusert pris. Du finn prisen ved å gå til www.sunnfjord.fhs.no

Du har gått på folkehøgskule før eller har ei anna erfaring som gjer at du er klar for større ansvar og andre opplevingar.

Dette vil du lære

  • Ledertrening
  • Arrangere aktivitetar
  • Teamarbeid
  • Miljøarbeid
  • Motivasjon

Våre forventninger til deg

Du har lett for å kome i kontakt med folk, du er ein person til å stole på og du har lyst til å vere ein ressurs for andre. Du har lett for å sjå dei "usynlege", og du har lett for å samarbeide både oppover og nedover.

Du blir intervjua ved opptak. Kun eit mindre antal elevar får plass på Leder - Trainee.

Kvar morgon startar vi med eit kvarters morgonsamling kl 09.00.

Dei fleste dagane det både linjetimar og fellestimar. Valfag to gongar pr veke. Enkelte dagar er det tider der romma skal reingjerast, og vask av fellesareal går på rundgang.

Frukost startar kl 08.30. Vi har 45 min lunsj kl 13.30.Middag er kl 16.00 og kveldsmat frå kl 19.30.

Rotid kl 23.30.

Last ned timeplan som pdf ↓
  • Oppstart 24. august
  • Avslutning 9. mai

Planen til nedlasting er for inneverande skuleår, vil bli oppdatert.

Last ned årsplan som pdf ↓

Du kan velje to eller tre valfag på to timar pr veke.
Enkelte fag blir samla opp i lengre økter som skjer av og til, særleg ved fag der ein må reise bort frå skulen. Dei faga vi ha på denne lista er eksempel på fag som kan bli, basert på erfaringar dei siste åra. Det kan bli annleis neste skuleår.

Band

Bandet har ein viktig funksjon i skulen si årlege musikaloppsetting. Dkulen har tilgang til dei vanlegaste bandinstrumenta, i tillegg kan du sjølvsagt ha med eige instrument.

Dans

Vi har høgt utdanna danselærar og to gode dansesalar med spesialparkett. Du lærer fleire typer dans, og gruppa har ein viktig funksjon i skulen si musikaloppsetting.

Fridykking

Pris: 600,-

Lær å dykke utan å bruke lufttank. Vi bruker kun våtdrakt, maske, snorkel og svømmeføtter. Prisen dekker sertifisering leige av basseng til øvingsbruk. Skulen stiller med det meste av utstyret.

Gitar

For dei som kan litt eller ingen ting frå før. Ta gjerne med eigen gitar.

Internasjonal matlaging

Pris: 300,-

På vår skule har vi lærarar frå mange land. Desse tek med seg sine mattradisjonar, noko du vil ha stor glede av i dette valfaget. Ein betaler for råvarer til matlaginga. Prisen kan variere litt.

Klatring

Pris: 400,-

Vi har klatrevegg på tolv meters høgde. Brattkort-sertifisering er inkludert i kurset. Skulen stiller det meste av utstyret til disposisjon.

Mat-auk

Vi haustar av det naturen gir og lagar mat av det. Bær og sopp, frukt og grønt. Fisking i sjø og vatn.

Regi og drama

Elevane er med og lagar årets musikalforestilling.

Sandsport

Variert idrett i landets finaste sandhall, som er oppvarma til heilårsbruk. Brasiliansk trenar som underviser i mange forskjellige sandidrettar.

Sandvolleyball

Vi har landets finaste sandhall som er oppvarma til heilårsbruk. Topp kvalifisert lærar.

Scrapbook

Pris: 300,-

Lag kort, dekorasjonar og minnebøker med avanserte papirteknikkar.

Solidaritet og bistand

Vi organiserer skulen sitt bistandsarbeid. Du lærer å motivere andre til å engsjere seg, og du lærer korleis vi organiserer "foundraising" og aksjonar.

Volleyball for alle

Skulen har volleyball på høgt nivå, men valfaget er for alle som vil spele på mosjonsnivå. Kanskje får vi eit mix-lag som stiller i NM-kvalik for vid. skular? Eller spelar kun for gøy. Du bestemmer.

På Sunnfjord Folkehøgskule vil vi at du skal ta ansvar for både deg sjølv, folka rundt deg og for globale spørsmål. Her møter du idrettsutøvarar, reiselystne backpackers, naturelskarar og mange fleire. Vi trur på ulikskap!
Du kan bidra til at folkehøgskuleåret blir ditt livs viktigaste!

Linjer ved skulen

Søk på linjaMeir om skulenSkulen si nettside

Bestill katalogen for 2019/2020

Få full oversikt over skoler og linjer, og bli kjent med livet på folkehøgskole.

Bestill katalogen

Linjer som liknar denne

Ledertrening

Holtekilen Folkehøgskole
Ledig plass
HeilårskursKristen

Stipendiat

Harstad Folkehøgskole
Ledig plass
Stipendiatlinje15 t/ukeFrilynt

Stipendiat

Toten Folkehøgskole
Ledig plass
Stipendiatlinje25 t/ukeFrilynt

Bisse-linje

Sund folkehøgskole
Ledig plass
HeilårskursFrilynt

Stipendiat

Sagavoll Folkehøgskole
Ledig plass
StipendiatlinjeKristen

2. årslinje/Ledertrening

Valdres folkehøgskole
Kontakt skulen
HeilårskursKristen

Lederlinjen

Molde Folkehøgskole
Fullt
Heilårskurs14 t/ukeKristen

Veilederlinja

Folkehøgskolen 69° Nord
Ledig plass
Heilårskurs25 t/ukeKristen

2. års elev/JC Trainee

Kristiansand Folkehøyskole
Ledig plass
HeilårskursKristen

Stipendiat/andreårselev

Torshus folkehøgskule
Fullt
Stipendiatlinje15 t/ukeFrilynt

Ten Sing Arctic - Asia

Folkehøgskolen Nord-Norge
Ledig plass
HeilårskursKristen

Friluftsliv / Vegleiing, 2.-års tilbod

Nordfjord folkehøgskule
Ledig plass
StipendiatlinjeKristen