Ledig plass

Jujutsu, judo, kali & karate. Mange former for kampsport og sjølvforsvar, med vekt på å utvikle mental tilstand og fysisk meistring. Studietur til Brasil og Sri Lanka.

Jujutsu, judo, kali & karate. Mange former for kampsport og sjølvforsvar, med vekt på å utvikle mental tilstand og fysisk meistring. Studietur til Brasil og fellestur til Sri Lanka. I Brasil får vi lære Capoeira, som er ein gammal brasiliansk sport.

Du lærer sjølvforsvar, handtere kniv og sverd, fallteknikk, kast, slag, spark & bryting. I tillegg til kondisjon, styrke, smidighet, balanse, koordinasjon & mental trening.

Tilgang til nytt treningssenter på skulen, for styrke og kondisjonstrening. Her trener du når du vil, i tillegg til det som er lagt inn i undervisninga.

Det vil også bli lagt vekt på kosthald og ernæring og allsidig idrett. Du vil få vere med på å bruke den fantastiske naturen vi har rundt oss, og du vil bli inspirert av å vere saman med ungdommar som driv andre idrettar enn deg sjølv.

Vi har Norges finaste sandhall med oppvarma sand til bruk heile året. Perfekt til alternative treningsformer og til sandidrettar. Der er det også ein 12 meters klatrevegg, og du vil få tilbod om å ta brattkort.

Kampsportlinja reiser til Rio de Janeiro i Brasil, turen kan du lese om her. I tillegg reiser alle elevane på ein fellestur til Sri Lanka, som er kåra til verdas beste reisemål for 2019! Turen er frivillig og ikkje inkludert i linjeprisen.

Linja passar for alle, du treng ikkje forkunnskapar eller å vere i spesielt god form. Det vil komme! Også for dei som kanskje har kjennskap til ein av sportane frå før og som gjerne vil lære fleire.

Dette vil du lære

  • jujutsu
  • judo
  • kali & karate
  • sjølvforsvar
  • kniv og sverd
  • fallteknikk
  • kast
  • slag
  • spark & bryting
  • kondisjon
  • styrke
  • smidighet
  • balanse
  • mental trening

 

Våre forventninger til deg

Du er interessert og treningsvillig, og du ser verdien av å drive med mange og varierte aktivitetar. Ein fordel om du er vant til å vere fysisk aktiv.

Brasil

Obligatorisk: Ja

Pris: Inkludert i linjepris

Varighet: 2 - 3 veker

Måltider pr dag inkludert: 3

Volleyball , Surfing Beachsport, Kampsport og Dans Idrett Brasil reiser saman på studietur til Brasil. Vi har to lærarar som er frå Brasil og kan alt om landet! 

Surfing Beachsport reiser på 3-vekers tur til Brasil. I Rio de Janeiro får du ei veke med surfing på Recreio og eller Arpoador Beach og to veker med Beach Sports på Copacabana, verdas mest berømte strand, og sightseeing på turiststader som Sukkertoppen og Jesus-statuen.

Volleyball-linja: I Rio de Janeiro har vi base på Copacabana. I Rio legg Volleyball også inn trening/treningskampar mot Botafogo. Vi har turar til Kristus-statua, Sukkertoppen, fotballkamp på Maracana, King- and Queen of the Beach-turnering på Ipanema og Superliga-kamp med nokre av verdas sterkaste volleyballag.

Dans Idrett Brasil:Vi skal lære å danse samba, Capoeira, Merengue. Her vil vi ha litt meir fokus på sandidrett og aktivitetar i sjøen.

Vi trener daglig både på stranda Copacabana og i sjøen med blant anna surfing, Stand up surfing, dykking. Vi deltar på ulike utflukter der vi får mange inntrykk frå ein heilt annan kultur. Dette er ei reise som gir deg minne og erfaringar for livet. Workshop med profesjonell sambadansar og pedagog.

Kampsport:  Judo: Japansk kampsport utvikla i 1882. Baserer seg rundt ei rekke kaste- og kontrollteknikker. Gracie jiu jitsu: Den brasilianske er særlig fokusert på grep og kamp på bakken, og er ein stilart innan «submission wrestling». Capoeira: Afrobrasiliansk kampsport, utvikla av brasilianske slavar på 1500-talet.

Sri Lanka - verdas beste reisemål, felles for alle

Obligatorisk: Nei

Pris: 15 000

Varighet: Ca 12 dagar

Måltider pr dag inkludert: 3

I februar reiser heile skulen samla *) til Sri Lanka.

Sri Lanka har det aller meste. Perfekt klima, milevis med strender, ville dyr, vakker natur og fargerike og flotte folk. Og vi finn ikkje minst vår søsterskule Kamam Folk High School. Det er faktisk viktigaste grunnen til at vi reiser dit, sidan det er skulen sitt bistandsprosjekt.

Sri Lanka - faktisk kåra til verdas beste reisemål i fleire år

Siste: Sri Lanka blei nettopp kåra til verdas beste reisemål for 2019 av Lonely Planet! Så flott at vi skal dit. Som om ikkje det er nok, så blei landet kåra til beste reisemål også i 2013!  

Nettstaden BloombergPursuits plasserer Sri lanka på topp blant dei 20 beste reisemåla for 2017!

*) OBS:

Linjene Peacemaker og Surfing Beachsport har sitt eige opphald på Sri Lanka, som er vesentleg lengre. Dei vil vere saman med dei andre elevane på fellesopphaldet. Denne turen er inkludert i prisen på desse to linjene.

Linja Foto Video Animasjon kombinerer denne turen med nokre dagar i Dubai. Denne turen er  inkludert i linjeprisen.

Linjene Sport Adventure, Villmarksliv og Topptur reiser til andre reisemål (les på linja) og avsluttar sine turar på Sri Lanka saman med alle elevane på fellesopplegget. Turen inngår i desse linjene sine turar og er altså inkludert i linjeprisen.

Linjene Volleyball,Kampsport, E-sport aktiv ogDans Idrett Brasil tilbyr denne turen som påmeldingtur. Dei må melde seg på ved starten av skuleåret. Turen er altså frivilig for desse linjene - men svært anbefalt.

 

 

Janne Gravdal

lærar

Janne er født i Sør-Korea, men adoptert til Norge ved 1,5 års alderen.
Ho har familie på 4 barn og har svennebrev i konditorfaget. Ho har jobba på skulen i mange år, og lever eit aktivt liv med kampsport, løping, spinning, styrketrening, dans, svømming, innebandy, og instruktør for Friskis&Svettis har gjort henne opptatt av trening og kosthold.
Kampsporten starta ho med som 12-åring.

Epost: janne@sunnfjord.fhs.no
Telefon: 48 14 97 28

Kvar morgon startar vi med eit kvarters morgonsamling kl 09.00.

Dei fleste dagane det både linjetimar og fellestimar. Valfag to gongar pr veke. Enkelte dagar er det tider der romma skal reingjerast, og vask av fellesareal går på rundgang.

Frukost startar kl 08.30. Vi har 45 min lunsj kl 13.30.Middag er kl 16.00 og kveldsmat frå kl 19.30.

Rotid kl 23.30.

Last ned timeplan som pdf ↓
  • Oppstart 24. august
  • Avslutning 9. mai

Planen til nedlasting er for inneverande skuleår, vil bli oppdatert.

Last ned årsplan som pdf ↓

Du kan velje to eller tre valfag på to timar pr veke. Enkelte fag blir samla opp i lengre økter som skjer av og til, særleg ved fag der ein må reise bort frå skulen. Dei faga vi ha på denne lista er eksempel på fag som kan bli, basert på erfaringar dei siste åra. Det kan bli annleis neste skuleår.

Band

Bandet har ein viktig funksjon i skulen si årlege musikaloppsetting. Dkulen har tilgang til dei vanlegaste bandinstrumenta, i tillegg kan du sjølvsagt ha med eige instrument.

Dans

Vi har høgt utdanna danselærar og to gode dansesalar med spesialparkett. Du lærer fleire typer dans, og gruppa har ein viktig funksjon i skulen si musikaloppsetting.

Fridykking

Pris: 600,-

Lær å dykke utan å bruke lufttank. Vi bruker kun våtdrakt, maske, snorkel og svømmeføtter. Prisen dekker sertifisering leige av basseng til øvingsbruk. Skulen stiller med det meste av utstyret.

Gitar

For dei som kan litt eller ingen ting frå før. Ta gjerne med eigen gitar.

Internasjonal matlaging

Pris: 300,-

På vår skule har vi lærarar frå mange land. Desse tek med seg sine mattradisjonar, noko du vil ha stor glede av i dette valfaget. Ein betaler for råvarer til matlaginga. Prisen kan variere litt.

Klatring

Pris: 400,-

Vi har klatrevegg på tolv meters høgde. Brattkort-sertifisering er inkludert i kurset. Skulen stiller det meste av utstyret til disposisjon.

Mat-auk

Vi haustar av det naturen gir og lagar mat av det. Bær og sopp, frukt og grønt. Fisking i sjø og vatn.

Regi og drama

Elevane er med og lagar årets musikalforestilling.

Sandsport

Variert idrett i landets finaste sandhall, som er oppvarma til heilårsbruk. Brasiliansk trenar som underviser i mange forskjellige sandidrettar.

Sandvolleyball

Vi har landets finaste sandhall som er oppvarma til heilårsbruk. Topp kvalifisert lærar.

Scrapbook

Pris: 300,-

Lag kort, dekorasjonar og minnebøker med avanserte papirteknikkar.

Solidaritet og bistand

Vi organiserer skulen sitt bistandsarbeid. Du lærer å motivere andre til å engsjere seg, og du lærer korleis vi organiserer "foundraising" og aksjonar.

Volleyball for alle

Skulen har volleyball på høgt nivå, men valfaget er for alle som vil spele på mosjonsnivå. Kanskje får vi eit mix-lag som stiller i NM-kvalik for vid. skular? Eller spelar kun for gøy. Du bestemmer.

På Sunnfjord Folkehøgskule vil vi at du skal ta ansvar for både deg sjølv, folka rundt deg og for globale spørsmål. Her møter du idrettsutøvarar, reiselystne backpackers, naturelskarar og mange fleire. Vi trur på ulikskap!
Du kan bidra til at folkehøgskuleåret blir ditt livs viktigaste!

Linjer ved skulen

Fra kr 117 800,-

Inkludert

  • Undervisning
  • Mat og rom på skolen (romtype: dobbeltrom)
  • Reiseforsikring
  • Treningsstudio
  • Studietur: Brasil
    • Mat (3 måltider per dag)
    • Visum
  • Internett
  • Vaskemaskin
Minimumspris for linja 117 800,-

Du kan legge til (Huk av og se hvordan det påvirker prisen)

Lån og stipend

Summen du må dekke selv 117 800,-
(11 780,- per måned)
Du betaler månedsvis gjennom skoleåret. Nærmere informasjon får du fra skolen.

Husk at du også trenger penger til dette

  • Enkelte valgfag
    Noen av våre valgfag koster penger. Les mer om valgfag lenger opp på siden. Du velger valgfag først når du begynner på skolen.
  • Alternativ mat (glutenfri, melkefri, vegan etc) om du har behov for dette. Ta kontakt med skolen for mer informasjon.
  • Hjemreiser fra skolen:
    • Høstferie, juleferie, vinterferie, påskeferie
      Vi har kun stengt i feriane, ingen andre frihelgar. Dersom du treng å reise heim utanom feriane, så lar det seg lett ordne.
  • Om du velger å bli på skolen i hjemreisehelgene må du ordne deg mat selv.
  • Lommepenger. På bloggen forteller fire elever hvor mye lommepenger de brukte i løpet av sitt år på folkehøgskole
Søk på linjaMeir om skulenSkulen si nettside

Bestill katalogen for 2019/2020

Få full oversikt over skoler og linjer, og bli kjent med livet på folkehøgskole.

Bestill katalogen

Linjer som liknar denne

Taekwon-Do & Fitness ThailandLedig plass

Taekwon-Do & Fitness Thailand

Nordmøre Folkehøgskule
Heilårskurs15 t/ukeFrilynt
MMA kampsportLedig plass

MMA kampsport

Torshus folkehøgskule
Heilårskurs15 t/ukeFrilynt
Aikido, Japan, Sverd og BueskytingLedig plass

Aikido, Japan, Sverd og Bueskyting

Hadeland folkehøgskole
HeilårskursFrilynt
Kickboxing og Fitness ThailandLedig plass

Kickboxing og Fitness Thailand

Skogn folkehøgskole
Heilårskurs14 t/ukeFrilynt
Taekwondo, Hapkido, BJJLedig plass

Taekwondo, Hapkido, BJJ

Hadeland folkehøgskole
HeilårskursFrilynt
KickboxingLedig plass

Kickboxing

Stavern folkehøyskole
Heilårskurs15 t/ukeKristen
VikinglivLedig plass

Vikingliv

Fjordane Folkehøgskule
Heilårskurs18 t/ukeFrilynt