- Sunnfjord Folkehøgskule
- Telefon: 57 82 99 60
- E-post: kontor@sunnfjord.fhs.no
- Kurslengde: Heilårskurs
- Studietur: Dubai og Sri Lanka, New York
- Verdigrunnlag: KristenDei kristne folkehøgskulane har eit kristent verdigrunnlag. Dei er eigde av, eller knytt til, kristne organisasjonar eller trussamfunn. Dei vil gjerne ha elevar med ulike interesser og livssyn.
-
Tilbyr: VegetarDei fleste skulane legg til rette for dei som har matallergiar og andre behov. Ta gjerne kontakt med skulen.
- Miljøsertifisering:
FairtradeSertifisering for skoler som tilbyr Fairtrade-merkede produkter og bevisstgjør om rettferdig handel.
- Stad: Førde
- Oppstartsdato: 22.08.2020
- Linjefag: 14 timar/veke
- Pris: fra 125 800,-
Lær foto og film av proff. Opplev naturen på Vestlandet, storbyen New York og det fjerne Østen. Vi fotograferer for å fortelje og vi fotograferer for å forandre. Du lærer film, mørkerom og digitalt.
Gjennom variert undervisning og turar i innland og utland vil du utvikle deg til å bli ein dyktig fotograf. Du får oppleve Vestlandet på sitt beste, kystlanskap, fuglar, breear og storhav.
Elevane våre arbeider med ulike prosjekt både åleine og i grupper. Vi arbeider mest med naturfoto og kunstfoto, men også dokumentar, landskap, portrett og reportasje. Du får også lære å bruke drone, og du får muligheit til å bygge din eiga drone.
Gjennom året produserer du ulike utstillingar, heimelaga bøker og di eiga heimeside.
Målet vårt er at du skal få allsidig kunnskap i fotofaget, med fokus på kommunikasjon og bildespråk, og du får oppleve naturen i ulike faser og årstider.
Linja er for deg som ønsker å fortelje viktige historier med fotoapparatet. For deg som ønskjer opplevingar, utforske Vestlandet i Norge og spennande reisemål med kamera. Vi reiser til stadar som dei færraste får sjansen til og møter menneske som lever totalt ulikt frå oss. Vi skal også arbeide med tema som miljø og klima – både lokalt og globalt.
Du får oppleve naturperler i Norge - fjordar, fjell og øyar. Studieturar til New York, Dubai og Sri Lanka. Der får du eit møte med ein heilt andre kulturar og store sosiale skilnadar.
Vi trur at flinke fotografar også er engasjerte fotografar.