Til hovedinnhold
Ledig plass

Du lærer å engasjere deg lokalt og globalt for å skape den endringa du ønskjer å sjå i verda. Vi jobbar med bærekraft, klima, likestilling og kampanjearbeid etc. Studietur til Sri Lanka og Tanzania.

Global Action kombinerer globalt engasjement med friluftsliv og bruker naturen, lokalmiljøet og verda som klasserom. Gjennom året jobbar vi med mottoet «Be the change you want to see in the world» av Mahatma Ghandi, som ein grunnleggande ide bak alt vi gjer og lærer; for å få til endring trengs det handling, og som enkeltpersonair har vi mulighet til å påverke!

Gjennom skuleåret jobbar vi med- og bruker FNs 17 bærekraftsmål, som gir godt innsikt i utviklingsspørsmål og utfordringar verda står overfor; global helse, fattigdom, menneskerettar, klimaendringar, miljø og hav, likestilling og meir. Du vil lære om ulike former for aktivisme, og om ulike metodar for påverknings- og kampanjearbeid.

I løpet av året samarbeider vi tett med NOREC og KFUK-KFUM Global, samt internasjonale samarbeidspartnarar i YMCA og YWCASri Lanka og Tanzania. Du vil få eit godt innblikk i norsk utviklings- og organisasjonsarbeid og Norge som internasjonal bistandsaktør.

I tillegg til å jobbe med lokalt og globalt engasjement bruker vi naturen og friluftsaktivitetar som avbrekk og som ein del av undervisninga. I løpet av året vil vi dra på linjeturar i lokalområdet med aktiviteter som;

Global Action er linja for deg som har lyst til å kombinere interessa for global utvikling og engasjement med friluftsliv og fysisk aktivitet. Du greier å vere i ein framand kultur over ei viss tid.

Dette vil du lære

  • Globalt engasjement - lokalt og globalt
  • Kampanje- og påvirkingsarbeid
  • Ulike former for aktivisme
  • Klima- og miljøvern
  • Kjønn og likestilling
  • Interkulturell kommunikasjon
  • Globalt medborgerskap
  • Besøke og samarbeide med frivillige organisasjoner
  • Historie og kultur inn mot reisemålene for linjen
  • Tur- og reiseplanlegging
  • Sikkerhet på tur
  • Kajakk
  • Surfekurs/ Surfing
  • Klatring
  • Langrenn
  • Topptur/Fotturer

Våre forventninger til deg

Du er positiv, eventyrlysten og open for å lære og utfordre deg sjølv. Du er engasjert, deltek og viser interesse for aktivitetane og opplegget på linja. Du bidreg til å skape eit godt felleskap.

Obligatorisk: Ja

Pris: Inkludert i linjepris

Varighet: Inntil 4 veker

Måltider pr dag inkludert: 3

Global Action reiser på vårhalvåret til Tanzania og Sri Lanka. I løpet av turen besøker vi lokale samarbeidspartnarar og prosjekt, og
vi får vi oppleve og lære om landa sin kultur. Vi får møte menneske som lever i ein annan livssituasjon enn oss. Du får innblikk i utviklingsspørsmål som vi har jobba med på linja før reisa, som klimaendringar, likestilling, fattigdom, økonomisk rettferdig. Studieturen skal inspirere og engasjere til informasjons - og påverkningsarbeid heime.

Først går turen til Tanzania, derifrå reiser  vi til Sri Lanka.

I Tanzania vil du kome tett på afrikansk kultur, natur og lokalbefolkning i Dar es Salaam, Leshoto og Illula. Vi reiser også på safari og avsluttar opphaldet i Tanzania med rolege dagar på øya Zanzibar der vi nyter strendene, før turen går vidare til neste øy - men på et nytt kontinent, nemleg Sri Lanka. 

Øya er eit tropisk paradis som har blitt kåra til årets reisemål av Loneley Planet i 2019. Sett bort i frå dei kvite strendene og dei gode surfeforholda, er Sri Lanka eit svært spennande land både historisk, geografisk og kulturelt. Vi besøker mange viktige stader, og ikkje minst Kamam Folk High School, som er skulen sitt bistandsprosjekt.

Med tanke på situasjonen vi har med covid 19, må vi ta forbehold om at det kan bli endring i reisemål. Det som er sikkert er at det blir tur.  

Turen er inkludert i prisen på linja.

Skulen har ikkje medisinsk kompetanse og gir ikkje råd om vaksinering. Vaksiner er ikkje inkludert i skulen sine prisar.

Alle dagane startar med ei morgonsamling der alle er samla. Det er flest linjetimar på vår timeplan, då er nokre av linjene ofte på tur, andre har ofte treningsøkter eller anna undervisning. Fleire av dagane har vi også fellestimar eller valfagstimar. På laurdag har vi eit seminar med forskjellige tema kvar veke.

  • Vi startar 21. august. Oppstartsdagar.
  • September: Felles overnattingstur.
  • Oktober: Haustferie 1.-10. oktober.
  • November: Julemesse.
  • Desember: Fotballcup, førjulsaktivitetar.
  • Juleferie 17. desember - 5. januar.
  • Januar: Nyttårsball. Volleyballinja har oppkøyring til skule-NM.
  • Februar: Vinterferie 18.-27. februar.
  • Reiseperiode ca to veker før påske
  • Påskeferie: 8. - 20. april
  • Mai: Avslutning 7. mai.

Du skal velje to valfag á to timar pr veke. Du skal velje nye fag tre gongar i løpet av året.
Dei faga vi har på denne lista er eksempel på fag som kan bli, basert på erfaringar dei siste åra. Det kan bli annleis neste skuleår.

Ballspel

Ulike ballspel på mosjonsniva, passar for alle. Det skal vere gøy å halde seg i form.

Band

Bandet har ein viktig funksjon i skulen si årlege musikaloppsetting. Dkulen har tilgang til dei vanlegaste bandinstrumenta, i tillegg kan du sjølvsagt ha med eige instrument.

Basketball

Enkelt nivå, passar for alle.

Dans

Vi har høgt utdanna danselærar og to gode dansesalar med spesialparkett. Du lærer fleire typer dans, og gruppa har ein viktig funksjon i skulen si musikaloppsetting.

Dokumentar og diskusjon

Vi ser aktuelle dokumentarfilmar og diskuterer innhaldet. Faget tek opp aktuelle saker som dukkar opp i nyheter og offentlege diskusjonar.

Fotball

Fotball på mosjonistniva på kunstgrasbane. Lærar som har vore aktiv fotballspelar.

Internasjonal matlaging

På vår skule har vi lærarar frå mange land. Desse tek med seg sine mattradisjonar, noko du vil ha stor glede av i dette valfaget.

Klatring

Pris: 700,-

Innandørs klatring i nytt klatresenter. Prisen er ikkje fastsett.

Mat på bål

Matlaging på bål når du er på tur.

Mat-auk

Vi haustar av det naturen gir og lagar mat av det. Bær og sopp, frukt og grønt. Fisking i sjø og vatn.

Minikor

Å synge fleirstemt i ensemble. Også solistoppgåver dor den som vil det.

Motivasjon

Korleis motivere seg sjølv og andre for å oppnå eigne og felles mål.

Multisport

Ulike idrettar og aktivitetar som passar for dei fleste.

Piano

Begynnaropplæring i små grupper.

Podkast

Lær å lage eigne podcasts med enkle midlar.

Politikk og samfunn

Kunnskap og debatt rundt aktuelle skaer i samfunnet som vedgår oss alle.

Regi og drama

Elevane er med og lagar årets musikalforestilling.

Spikeball

Spikeball eit nytt dynamisk og morosamt 360 graders spel som begeistrar! Reglane er lette å lære og det er eit spel med høgt aktivitetsnivå.

Strikking

Å halde liv i eit gammalt handverk som også er nyttig i dag.

Styrketrening

Nytt treningsstudio. Du får lære korleis du skal trene fornuftig for å oppnå betre fysisk form.

Topptur

Korte dagsturar i naturen som ligg nær oss.

Volleyball for alle

Skulen har volleyball på høgt nivå, men valfaget er for alle som vil spele på mosjonsnivå. Kanskje får vi eit mix-lag som stiller i skule-NM? Eller spelar kun for gøy. Du bestemmer.

På Sunnfjord Folkehøgskule møter du idrettsutøvarar, dansarar, gamers, naturelskarar, dei som skal redde verda og mange fleire. Vi trur på ulikskap!
Du kan bidra til at folkehøgskuleåret blir ditt livs viktigaste. Vi vil vi at du tek ansvar for både deg sjølv, folka rundt deg og for globale spørsmål. 

Linjer ved skulen

Les mer om skolen

Fra kr 145 500,-

Inkludert

  • Undervisning
  • Mat og rom på skolen (romtype: dobbeltrom)
  • Bad på gangen
  • Reiseforsikring
  • Treningsstudio
  • Påmeldingsavgift kr 2 500,-
  • Studietur: Sri Lanka og Tanzania - Global Action
    • Mat (3 måltider per dag)
    • Visum
  • Internett
  • Vaskemaskin
Minimumspris for linja 145 500,-

Du kan legge til (Huk av og se hvordan det påvirker prisen)

Lån og stipend

Summen du må dekke selv 145 500,-
(14 550,- per måned)
Du betaler månedsvis gjennom skoleåret. Nærmere informasjon får du fra skolen.

Husk at du også trenger penger til dette

  • Enkelte valgfag
    Noen av våre valgfag koster penger. Les mer om valgfag lenger opp på siden. Du velger valgfag først når du begynner på skolen.
  • Utstyr til linjen (se Utstyr til linjen nedenfor)
  • Hjemreiser fra skolen:
    • Høstferie, juleferie, vinterferie, påskeferie
      Vi har kun stengt i feriane, ingen andre frihelgar. Dersom du treng å reise heim utanom feriane, så lar det seg lett ordne.
  • Om du velger å bli på skolen i hjemreisehelgene må du ordne deg mat selv.
  • Lommepenger. På bloggen forteller fire elever hvor mye lommepenger de brukte i løpet av sitt år på folkehøgskole

Dette utstyret får du låne av skolen

  • Treningssenter
  • Spinningssal
  • Gymsal
  • Dansesal

Dette utstyret må du stille med selv

  • Gode sko til fjellturar
  • Regnjakke/bukse
  • Ullundertøy, ullsokkar og ullgenserar
  • Skiklede-vindtett/vanntett bukse og jakke
  • Skiutstyr: minst ein type skiutstyr. Dvs. anten langrenn/turski eller ski/brett til bakke eller topptur. Har du fleire typer utstyr ta gjerne med alt.
  • Sekk til dagsturar og lengre turar/linjereise
  • Sovepose (Bør tåle minusgrader)
  • Hengekøye (om du har)
  • Liggeunderlag
  • Myggnetting
  • Termos
Søk på linjaMeir om skulenSkulen si nettside

Frå bloggen

Bo- og arbeidstrening på folkehøgskole

Folkehøgskole skal være for alle! Her finner du mer informasjon om det tilrettelagte tilbudet for ungdom med utviklingshemming. Det lønner seg å planlegge skoleåret i ...

Les meir på bloggen ▷

Bestill katalogen for 2021/2022

Få full oversikt over skoler og linjer, og bli kjent med livet på folkehøgskole.

Bestill katalogen

Linjer som liknar denne

Karibien - bistand og kultur

Haugetun Folkehøyskole
Ledig plass
Heilårskurs14 t/ukeKristen

Social Justice, Kilimanjaro

Jeløy Folkehøyskole
Ledig plass
Heilårskurs14 t/ukeKristen

SE:VERDEN samfunnsengasjement i praksis

Rønningen folkehøgskole
Ledig plass
HeilårskursKristen

Global Solidaritet

Ringerike Folkehøgskole
Ledig plass
Heilårskurs16 t/ukeFrilynt

Global utvikling

Agder Folkehøgskole
Ledig plass
Heilårskurs16 t/ukeFrilynt

FN og internasjonal politikk

Sund folkehøgskole
Ledig plass
Heilårskurs18 t/ukeFrilynt

Internasjonal politikk

Nansenskolen
Ledig plass
Heilårskurs24 t/ukeFrilynt

Xchange

Nordhordland Folkehøgskole
Ledig plass
Heilårskurs16 t/ukeKristen

Global - Afrika og Asia

Lundheim folkehøgskole
Ledig plass
Helårskurs A18 t/ukeKristen

Global forståelse

Bakketun Folkehøgskole
Ledig plass
Heilårskurs17 t/ukeKristen

Global Fattigdomsbekjemper

Kristiansand Folkehøyskole
Ledig plass
Heilårskurs15 t/ukeKristen

Solidaritet Nord-Sør

Sund folkehøgskole
Ledig plass
Heilårskurs18 t/ukeFrilynt