Til hovedinnhold
Ledig plass

Eventyrlege opplevingar ute, episk gaming inne. Kajakk, surfing og mykje mer. Vi jobbar med spel frå ulike sjangrar og strategisk tenking og analyse. Kortare friluftsturar og driv med mykje idrett.

Vil du ha eit år der du kombinerer å game med å vere ute og utforske den ville naturen på Vestlandet?  Vi brukar mykje tid på å game, men også å jobbe med tema rundt gaming. Vi diskuterer metodar for å bli betre, og vi reflekterer rundt kvifor vi gamar. Strategisk tenking og analyse er høgst aktuelt både i gaming og i friluftsliv. Her vil klasserommet vere både ute og inne. 

Viss du vil ha eit år med mykje aktivitet og opplevingar kombinert med gaming er denne linja for deg. Forsking viser gong på gong at ein av dei beste måtane å bli betre på, er gjennom samarbeid. Vi jobbar målretta med dette, både inne og ute. Gjennom analyse av sine eigne og andre sine handlingar, vil vi kunne lære av kvarandre og bli betre i det vi driv med. 

Skulen har tilgang på utandørs idrettsanlegg, gymsal, styrkerom og en vill natur. På Gaming Adventure vil vi bruke dette aktivt i undervisninga. Vi skal bruke treningsstudio, der vil du få hjelp til å lage eit program som passar til deg. Vi skal også bruke klatresenter med både buldring og klatring. 

Dersom du eg glad i gaming, men også vil ha andre aktivitetar og eit fint sosialt liv, så vil du ha stor glede av Gaming Advenure på Sunnfjord Folkehøgskule.

Dette vil du lære

  • Surfing i Hoddevika
  • Turar i eit av Norges flottaste fjordlandskap
  • Arbeid med strategisk tenking og analyse
  • Elvekajakk
  • Å bli betre i ulike spill
  • Buldring og klatring inne
  • Via Ferrata Loen
  • Eige styrkeprogram og styrketrening
  • Varierte idrettar

Våre forventninger til deg

Du er nysgjerrig og har lyst påde til å utvikle deg som person ved spelmaskinen din og ved å oppleve naturen vi har rundt oss.

Obligatorisk: Ja

Pris: Inkludert i linjepris

Varighet: 2 veker

Måltider pr dag inkludert: 3

Studieturen vil gå til Fuerteventura. Der skal vi bu og ha aktivitetar i Las Playitas. Dette er ein treningsresort med topp moderne utstyr og fasiliteter. Her skal du få velje to aktiviteter kvar dag og valgmuligheten er stor. Fuerteventura er ei av øyene som høyrer til Gran Canaria i Spania. Her er det stabilt klima med mykje sol og varme. https://www.playitas.net/en

Vi reiser saman med andre linjer på skulen. 

Turen er inkludert i linja.

Alle dagane startar med ei morgonsamling der alle er samla. Det er flest linjetimar på vår timeplan. Linjene ofte på tur eler har treningsøkter eller anna undervisning. Fleire av dagane har vi også fellestimar eller valfagstimar. På laurdag har vi eit seminar med forskjellige tema kvar veke. Alle folkehøgskular har undervisning på laurdagar.

Last ned timeplan som pdf ↓
  • Vi startar 20.8.2022
  • September: Felles overnattingstur.
  • Oktober: Haustferie i veke 41
  • November: Julemesse
  • Desember: Fotballcup, førjulsaktivitetar.
  • Juleferie
  • Januar: Nyttårsball. Volleyballinja har oppkøyring til skule-NM.
  • Februar: Vinterferie
  • Reiseperiode i februar
  • Påskeferie i april
  • Mai: Avslutning 6.5.2023

Du skal velje to valfag á to timar pr veke. Du skal velje nye fag tre gongar i løpet av året.
Dei faga vi har på denne lista er eksempel på fag som kan bli, basert på erfaringar dei siste åra. Det kan bli annleis neste skuleår.

Ballspel

Ulike ballspel på mosjonsniva, passar for alle. Det skal vere gøy å halde seg i form.

Band

Bandet har ein viktig funksjon i skulen si årlege musikaloppsetting. Dkulen har tilgang til dei vanlegaste bandinstrumenta, i tillegg kan du sjølvsagt ha med eige instrument.

Basketball

Enkelt nivå, passar for alle.

Beachvolleyball

Haustaktivitet på skulen sin nye sandvolleyballbaner.

Dans

Vi har høgt utdanna danselærar og to gode dansesalar med spesialparkett. Du lærer fleire typer dans, og gruppa har ein viktig funksjon i skulen si musikaloppsetting.

Dokumentar og diskusjon

Vi ser aktuelle dokumentarfilmar og diskuterer innhaldet. Faget tek opp aktuelle saker som dukkar opp i nyheter og offentlege diskusjonar.

Fjelltur

Korte dagsturar i naturen som ligg nær oss.

Fotball

Fotball på mosjonistniva på kunstgrasbane. Lærar som har vore aktiv fotballspelar.

Gitar

Nybegynnaropplæring.

Havkajakk

Lær å meistre kajakk på fjorden.

Idrettspsykologi

Motivasjon og prestasjon.

Klatring

Pris: 250,-

Innandørs klatring i nytt klatresenter. Prisen er ikkje fastsett.

Mat på bål

Matlaging på bål når du er på tur.

Mat-auk

Vi haustar av det naturen gir og lagar mat av det. Bær og sopp, frukt og grønt. Fisking i sjø og vatn.

Matlaging

Du lærar å lage god og næringsrik hybelmat.

Minikor

Å synge fleirstemt i ensemble. Også solistoppgåver dor den som vil det.

Multisport

Ulike idrettar og aktivitetar som passar for dei fleste.

Piano

Begynnaropplæring i små grupper.

Politikk og samfunn

Kunnskap og debatt rundt aktuelle skaer i samfunnet som vedgår oss alle.

Styrketrening

Nytt treningsstudio. Du får lære korleis du skal trene fornuftig for å oppnå betre fysisk form.

Teater musikal

Elevane er med og lagar årets musikalforestilling.

Teaterproduksjon og design

Lage det som trengs for å sette opp vårt felles musikalprosjekt.

Volleyball for alle

Skulen har volleyball på høgt nivå, men valfaget er for alle som vil spele på mosjonsnivå. Kanskje får vi eit mix-lag som stiller i skule-NM? Eller spelar kun for gøy. Du bestemmer.

På Sunnfjord Folkehøgskule møter du idrettsutøvarar, dansarar, gamers, naturelskarar, dei som likar å stå på ei scene og mange fleire. Vi trur på ulikskap!
Du kan bidra til at folkehøgskuleåret blir ditt år. Vi vil vi at du tek ansvar for både deg sjølv, folka rundt deg og for globale spørsmål. 

Linjer ved skulen

Les mer om skolen

Fra kr 122 300,-

Inkludert

  • Undervisning
  • Mat og rom på skolen (romtype: dobbeltrom)
  • Bad på gangen
  • Treningsstudio
  • Påmeldingsavgift kr 2 500,-
  • Studietur: Fuerteventura
    • Mat (3 måltider per dag)
  • Internett
  • Vaskemaskin
Minimumspris for linja 122 300,-

Du kan legge til (Huk av og se hvordan det påvirker prisen)

Lån og stipend

Summen du må dekke selv 122 300,-
(12 230,- per måned)
Du betaler månedsvis gjennom skoleåret. Nærmere informasjon får du fra skolen.

Husk at du også trenger penger til dette

  • Enkelte valgfag
    Noen av våre valgfag koster penger. Les mer om valgfag lenger opp på siden. Du velger valgfag først når du begynner på skolen.
  • Utstyr til linja (se Utstyr til linja nedenfor)
  • Hjemreiser fra skolen:
    • Høstferie, juleferie, vinterferie, påskeferie
      Vi har kun stengt i feriane, ingen andre frihelgar. Dersom du treng å reise heim utanom feriane, så lar det seg lett ordne.
  • Om du velger å bli på skolen i hjemreisehelgene må du ordne deg mat selv.
  • Lommepenger. På bloggen forteller fire elever hvor mye lommepenger de brukte i løpet av sitt år på folkehøgskole

Dette utstyret får du låne av skolen

  • Gamingdesk
  • Gamingstol
  • Fiber med kabla tilkopling
  • Ethernetkabel
  • Treningssenter
  • Telt
  • Klatresko og utstyr 

Dette utstyret må du stille med selv

  • Eigen pc til gaming
  • Sovepose 3 sesong
  • Liggeunderlag
  • Dagstursekk ca 42L
  • Tursekk 75-120L
  • Skalljakke og skallbukse
  • Dunjakke
  • Ullgenser
  • Ullundertøy
  • Fjellsko
  • Badetøy
  • Thermos 
Søk på linjaMeir om skulenSkulen si nettside

Frå bloggen

- Anbefaler virkelig et halvt år på folkehøgskole om du ikke vet hva du skal etter jul

Da andre planer gikk i vasken søkte Theodor halvtårskurs på folkehøgskole. – En gull mulighet om du har valgt feil eller ikke helt vet hva ...

Les meir på bloggen ▷

Få gratis skolekatalog i postkassa!

Få katalog med full oversikt over alle folkehøgskoler i posten. Bli kjent med skolene i ro og mak, og diskuter med venner og familie!

Bestill katalogen

Linjer som liknar denne

Spillutvikling

Namdals folkehøgskole
Ledig plass
Heilårskurs17 t/ukeFrilynt

Webutvikling 101

Ledig plass
Heilårskurs42 t/ukeKristen

Fifa, fotball og Englandstur

Sjøholt Folkehøgskole
Ledig plass
Heilårskurs12 t/ukeKristen

Gaming Europa

Risøy Folkehøyskole
Ledig plass
Heilårskurs12 t/ukeKristenTilrettelagt for rullestolbrukere

E-sport

Lundheim folkehøgskole
Ledig plass
Helårskurs A9 t/ukeKristenTilrettelagt for rullestolbrukere

Kreativ data

Lundheim folkehøgskole
Ledig plass
Helårskurs A9 t/ukeKristenTilrettelagt for rullestolbrukere

IT og medieutvikling

Arbeiderbevegelsens folkehøgskole
Ledig plass
Heilårskurs15 t/ukeFrilyntTilrettelagt for rullestolbrukere

Allsidig E-sport

Idrettsskolen Numedal folkehøgskole
Ledig plass
Heilårskurs15 t/ukeFrilynt

E-sport

Ål Folkehøyskole og kurssenter for døve
Ledig plass
HeilårskursFrilyntTilrettelagt for rullestolbrukere

Spilldesign & Grafikk

Danvik Folkehøgskole
Ledig plass
HeilårskursKristen

Spillutvikling

Åsane folkehøgskole - Bergen
Ledig plass
HeilårskursFrilynt

E-sport

Vefsn Folkehøgskole - Toppen
Ledig plass
Heilårskurs15 t/ukeFrilynt