Til hovedinnhold
Ledig plass

Lær foto og film av proff. Opplev naturen på Vestlandet, storbyen New York og det fjerne Østen. Vi fotograferer for å fortelje og vi fotograferer for å forandre. Du lærer film, mørkerom og digitalt.

Gjennom variert undervisning og turar i innland og utland vil du utvikle deg til å bli ein dyktig fotograf. Du får oppleve Vestlandet på sitt beste, kystlanskap, fuglar, breear og storhav.

Elevane våre arbeider med ulike prosjekt både åleine og i grupper. Vi  arbeider mest med naturfoto og kunstfoto, men også dokumentar, landskap, portrett og reportasje. Du får også lære å bruke drone, og du får muligheit til å bygge din eiga drone.

Gjennom året produserer du ulike utstillingar, heimelaga bøker og di eiga heimeside.

Målet vårt er at du skal få allsidig kunnskap i fotofaget, med fokus på kommunikasjon og bildespråk, og du får oppleve naturen i ulike faser og årstider.

Linja er for deg som ønsker å fortelje viktige historier med fotoapparatet. For deg som ønskjer opplevingar, utforske Vestlandet i Norge og spennande reisemål med kamera. Vi reiser til stadar som dei færraste får sjansen til og møter menneske som lever totalt ulikt frå oss. Vi skal også arbeide med tema som miljø og klima – både lokalt og globalt.

Du får oppleve naturperler i Norge - fjordar, fjell og øyar. Studieturar til New York, Dubai og Sri Lanka. Der får du eit møte med ein heilt andre kulturar og store sosiale skilnadar. 

Vi trur at flinke fotografar også er engasjerte fotografar.

Du treng ikkje å kunne fotografering frå før. Skulen har alt utstyr du streng for å gå på linja. Du får opplæring i droneflyging og dronefoto.

Dette vil du lære

  • Bruk av kamera
  • Photshop bildebehandling
  • Printing
  • Utstilling
  • Lage fotobok
  • Portrettfoto
  • Reportasje
  • Natur og landskap
  • Kunstfoto
  • Fotohistorie
  • Dronefoto
  • Vestlandsnatur, bre, fjell og kyst
  • New York, Dubai og Sri Lanka

Våre forventninger til deg

  • Du er lærevillig, og du er nysgjerrig på det meste.
  • Du er interessert i korleis bilete kan fortelje om andre menneske sin kvardag
  • Du synes at lit regn og vind i ansiktet er fint.
  • Du likar å vere i naturen.
  • Du likar å jobbe for å bli betre.

Dubai og Sri Lanka

Obligatorisk: Ja

Pris: Inkludert i linjepris

Varighet: 2-3 veker

Måltider pr dag inkludert: 3

Vi reiser først til Dubai der vi skal oppleve ørkenlandet med sin spesielle kultur. Deretter reiser vi vidare og blir saman med resten av elevane som skal vere med til Sri Lanka, som nettopp er blitt kåra til verdas beste reisemål!Fellesturen til Sri Lanka kan du lese meir om her >

Denne storbyen og kongedømmet på den arabiske halvøya er svært populært reisemål. Vi reiser dit for å sjå og oppleve ein kultur som er heilt annleis enn vår.

Dubai ligg i krysset mellom Europa, Midtausten og Asia. Vi kan krysse Dubaibukta i ein tradisjonell abrabåt der handelsmennene snakkar fort på arabisk. Vi kan strekke ut kroppen på noker av dei flottaste strendene i verda. Dubai er kjent for å vere eit shopping-mekka, men det skal vi prøve å unngå. I denne byen finn du alt frå gateselgarar til verdas største marknadsplass for ekte gull.

Vi reiser på tur med kamera i sekken, og i Dubai er det tett mellom dei heilt spesielle fotomotiva. Ikkje minst nokre av verdas mest spektakulære bygningar som luksushotellet Burj Al Arab og verdas høgaste bygning, Burj Khalifa (829,8 meter høgt). I Dubai finn du også enorme temaparkar som Legoland, Jurassic Park og eit svært innandørs skianlegg (!).

Maten i Dubai kjem bokstaveleg talt frå heile verda. Her kan du ete alt frå burger til lokale spesialitetar med sterke krydder.

New York

Obligatorisk: Ja

Pris: Inkludert i linjepris

Varighet: 12 dagar

Måltider pr dag inkludert: 3

Vi reiser 12 dagar vi til New York, ein heilt fantastisk by å fotografere menneske og gatefotografi! New York sine mange fotogalleri vil innspirere deg til å ta fotograferinga di til nye høgder!

Vi jobbar med ein ung og lovand mote-, kunst, og livsstil-fotograf og oppdagar spennande deler av byen ”vanlege” turistar ikkje får oppleve.

I New York er også amerikansk kultur i sentrum. Vi dreg på stand-up, musikalar og er med på innspilling av tv-show og ser baseball eller amerikansk fotballkamp. New York er også kjend for sin fantastiske mat, så vi testar nokre av verdas beste pizzaar, hamburgerar og biffar, og opplever korleis mat frå alle verdshjørna smeltar saman på amerikansk vis. Vi går på marked og ser også nokre av dei kjende stadane som frihetsgudinna og Brooklyn Bridge. Men hovedfokus er fotografering av New Yorks mange ansikt, skjulte distrikt og skatter! Fotografiet blei oppfunne i Paris, men det er New York som er fotografiets mekka!

Etter turane lagar klassen både utstilling, bok og heimesider med bilete og fortelljingar frå turane.

Arve Ullebø

Lærar

Arve er fotolærar, han har arbeidd som yrkesfotograf i ein generasjon, og har erfaring frå alle typer oppdrag. Han har gitt ut to reise- og fotobøker og hatt utstillingar. han kjenner naturen i Sogn og fjordane svært godt.

Kvar morgon startar vi med eit kvarters morgonsamling kl 09.00.

Dei fleste dagane det både linjetimar og fellestimar. Valfag to gongar pr veke. Enkelte dagar er det tider der romma skal reingjerast, og vask av fellesareal går på rundgang.

Frukost startar kl 08.30. Vi har 45 min lunsj kl 13.30.Middag er kl 16.00 og kveldsmat frå kl 19.30.

Rotid kl 23.30.

Last ned timeplan som pdf ↓
  • Oppstart 24. august
  • Avslutning 9. mai

Planen til nedlasting er for inneverande skuleår, vil bli oppdatert.

Last ned årsplan som pdf ↓

Du kan velje to eller tre valfag på to timar pr veke.
Enkelte fag blir samla opp i lengre økter som skjer av og til, særleg ved fag der ein må reise bort frå skulen. Dei faga vi ha på denne lista er eksempel på fag som kan bli, basert på erfaringar dei siste åra. Det kan bli annleis neste skuleår.

Band

Bandet har ein viktig funksjon i skulen si årlege musikaloppsetting. Dkulen har tilgang til dei vanlegaste bandinstrumenta, i tillegg kan du sjølvsagt ha med eige instrument.

Dans

Vi har høgt utdanna danselærar og to gode dansesalar med spesialparkett. Du lærer fleire typer dans, og gruppa har ein viktig funksjon i skulen si musikaloppsetting.

Fridykking

Pris: 600,-

Lær å dykke utan å bruke lufttank. Vi bruker kun våtdrakt, maske, snorkel og svømmeføtter. Prisen dekker sertifisering leige av basseng til øvingsbruk. Skulen stiller med det meste av utstyret.

Gitar

For dei som kan litt eller ingen ting frå før. Ta gjerne med eigen gitar.

Internasjonal matlaging

Pris: 300,-

På vår skule har vi lærarar frå mange land. Desse tek med seg sine mattradisjonar, noko du vil ha stor glede av i dette valfaget. Ein betaler for råvarer til matlaginga. Prisen kan variere litt.

Klatring

Pris: 400,-

Vi har klatrevegg på tolv meters høgde. Brattkort-sertifisering er inkludert i kurset. Skulen stiller det meste av utstyret til disposisjon.

Mat-auk

Vi haustar av det naturen gir og lagar mat av det. Bær og sopp, frukt og grønt. Fisking i sjø og vatn.

Regi og drama

Elevane er med og lagar årets musikalforestilling.

Sandsport

Variert idrett i landets finaste sandhall, som er oppvarma til heilårsbruk. Brasiliansk trenar som underviser i mange forskjellige sandidrettar.

Sandvolleyball

Vi har landets finaste sandhall som er oppvarma til heilårsbruk. Topp kvalifisert lærar.

Scrapbook

Pris: 300,-

Lag kort, dekorasjonar og minnebøker med avanserte papirteknikkar.

Solidaritet og bistand

Vi organiserer skulen sitt bistandsarbeid. Du lærer å motivere andre til å engsjere seg, og du lærer korleis vi organiserer "foundraising" og aksjonar.

Volleyball for alle

Skulen har volleyball på høgt nivå, men valfaget er for alle som vil spele på mosjonsnivå. Kanskje får vi eit mix-lag som stiller i NM-kvalik for vid. skular? Eller spelar kun for gøy. Du bestemmer.

På Sunnfjord Folkehøgskule vil vi at du skal ta ansvar for både deg sjølv, folka rundt deg og for globale spørsmål. Her møter du idrettsutøvarar, reiselystne backpackers, naturelskarar og mange fleire. Vi trur på ulikskap!
Du kan bidra til at folkehøgskuleåret blir ditt livs viktigaste!

Linjer ved skulen

Fra kr 125 800,-

Inkludert

  • Undervisning
  • Mat og rom på skolen (romtype: dobbeltrom)
  • Fotomateriell
  • Fotoutstyr
  • Reiseforsikring
  • Treningsstudio
  • Studietur: Dubai og Sri Lanka
    • Mat (3 måltider per dag)
    • Visum
  • Studietur: New York
    • Mat (3 måltider per dag)
    • Visum
  • Internett
  • Vaskemaskin
Minimumspris for linja 125 800,-

Du kan legge til (Huk av og se hvordan det påvirker prisen)

Lån og stipend

Summen du må dekke selv 125 800,-
(12 580,- per måned)
Du betaler månedsvis gjennom skoleåret. Nærmere informasjon får du fra skolen.

Husk at du også trenger penger til dette

  • Enkelte valgfag
    Noen av våre valgfag koster penger. Les mer om valgfag lenger opp på siden. Du velger valgfag først når du begynner på skolen.
  • Alternativ mat (glutenfri, melkefri, vegan etc) om du har behov for dette. Ta kontakt med skolen for mer informasjon.
  • Hjemreiser fra skolen:
    • Høstferie, juleferie, vinterferie, påskeferie
      Vi har kun stengt i feriane, ingen andre frihelgar. Dersom du treng å reise heim utanom feriane, så lar det seg lett ordne.
  • Om du velger å bli på skolen i hjemreisehelgene må du ordne deg mat selv.
  • Lommepenger. På bloggen forteller fire elever hvor mye lommepenger de brukte i løpet av sitt år på folkehøgskole

Dette utstyret får du låne av skolen

Fotoprinter, analogt mørkerom for svartkvitt. Fotostudio. Kamera.

Søk på linjaMeir om skulenSkulen si nettside

Dette seier tidlegare elevar

Lene Risholt Thorbjørnsen

Jeg lærte enormt mye om kulturen i landene vi reiste til. Muligheten vi fikk til å snakke med de lokale og høre de fortelle om sin hverdag som er så forskjellig fra vår egen gjorde et stort inntrykk.

Bestill katalogen for 2019/2020

Få full oversikt over skoler og linjer, og bli kjent med livet på folkehøgskole.

Bestill katalogen

Linjer som liknar denne

Foto din stil - Paris og USA

Skogn folkehøgskole
Ledig plass
Heilårskurs14 t/ukeFrilynt

FotoGLOBAL

Nordhordland Folkehøgskole
Venteliste
Heilårskurs16 t/ukeKristen

Foto Lofoten

Lofoten folkehøgskole
Ledig plass
Heilårskurs15 t/ukeFrilynt

Fotosafari

Jæren folkehøgskule
Ledig plass
Heilårskurs12 t/ukeFrilynt

Foto - New York

Skjeberg Folkehøyskole
Ledig plass
Heilårskurs17 t/ukeFrilynt

Fotografi - USA

Arbeiderbevegelsens Folkehøgskole Ringsaker
Ledig plass
Heilårskurs15 t/ukeFrilynt

Foto Japan

Sund folkehøgskole
Ledig plass
Heilårskurs18 t/ukeFrilynt

Naturfoto

Lofoten folkehøgskole
Ledig plass
Heilårskurs15 t/ukeFrilynt

Foto Villmark - Island/USA

Alta folkehøgskole
Ledig plass
HeilårskursKristen

Foto og backpacking

Agder Folkehøgskole
Ledig plass
Heilårskurs16 t/ukeFrilynt

Foto Lofoten analogt

Lofoten folkehøgskole
Ledig plass
HeilårskursFrilynt

Klassisk fotografi

Fana folkehøgskule
Ledig plass
Heilårskurs13 t/ukeFrilynt