Til hovedinnhold
Ledig plass

Er du glad i fotball og variert aktivitet? Eit år der du møter andre gjennom utfordringar, vennskap og mykje glede i kvardagen. Du kjenne på meistring og glede i et stort fellesskap.

Har du ønskje om å utvikle deg som fotballspelar? La tekniske, taktiske og fysiske eigenskapar få blomstre? Linja er eit tilbod for jenter og gutar, ei linje som gir deg mykje trening, kunnskap og erfaring knytt til det fantastiske lagspelet fotball. Der dine eigenskapar blir viktige for alle rundt deg. Der ein skal spele saman om resultat, der ein skal feire, gle seg og motivere kvarandre til utvikling. Du får trenar med Tippeliga-erfaring og aldersbestemte landskampar som veit korleis han skal hjelpe deg på vegen. Det vil bli trening innendørs i hall, utendørs i nytt anlegg og gymsal. Du skal få kjenne på meistring og oppleve kor sterkt et fellesskap er om ein hjelper kvarandre.

Multisport inneber eit stort spekter av aktivitetar vi skal være innom. Utanom fotball vil du vil få erfare og kjenne på meistring i følgande aktivitetar:

Vi skal vere innom desse aktivitetane i løpet av året. Alle aktivitetane har sin sjarm, sine krav og variasjonar. Vi skal lære og meistre ulike aktivitetar, du skal bli allsidig, sterk, og uthaldande og kunnskapsrik dette året. Lærar på linja har brei kompetanse innan dei ulike aktivitetane, spesielt fotball.

 

Gutar og jenter som ønskjer å kome i betre form, bli betre i fotball og få innsikt og kjennskap til varierte aktiviter. Du er nysgjerrig på eit felleskap der vi kan oppleve glede og meistring saman?

Dette vil du lære

  • Tekniske og taktiske eigenskapar i fotball.
  • Styrketrening, kvifor og korleis få ein sterk kropp.
  • Svømmeteknikk
  • Skøyting og diagonal gang på ski
  • Klatreteknikk
  • Kor viktig eit sunt og variert kosthold er for kroppen
  • Å ta gode valg, mot til å motstå fristelsar, stå for eigne valg
  • Du vil lære kor sterkt eit felleskap er og korleis vi utviklar dette sammen

Våre forventninger til deg

Eit år på fotball og multisport krever at du er motivert til nye utfordringar, søker kunnskap, er nysgjerrig og har eit ønske om å bli litt bedre kvar dag. Innsats og engasjement er viktigare enn talent. Vil du yte det vesle ekstra saman med dine medelevar vil dette året blir eit minne for livet.

Obligatorisk: Ja

Pris: Inkludert i linjepris

Varighet: ca 10 dagar

Måltider pr dag inkludert: 3

Turen går til Costa Blanca der du skal få gode fasilitar for å trene fotball og andre idrettar. Turen blir ein kombinasjon av at du får trent fotball, men også variere det med andre aktivitetar og opplevingar. Det er også muligheit for å spele kamp mot eit lag frå Spania. Iløpet av turen til Spania skal du på La Liga kamp. Valencia ligg ikkje langt unna der vi skal bu. Det å vere på kamp på Nou Mestalla er ei oppleving i seg sjølv. I tillegg reiser vi saman med volleyballklassen til Costa Blanca, noko som gjer at dette blir ein sosial og fin tur ilag med fleire frå skulen.

Alle dagane startar med ei morgonsamling der alle er samla. Det er flest linjetimar på vår timeplan, då er nokre av linjene ofte på tur, andre har ofte treningsøkter eller anna undervisning. Fleire av dagane har vi også fellestimar eller valfagstimar. På laurdag har vi eit seminar med forskjellige tema kvar veke.

  • Vi startar 21. august. Oppstartsdagar.
  • September: Felles overnattingstur.
  • Oktober: Haustferie 1.-10. oktober.
  • November: Julemesse.
  • Desember: Fotballcup, førjulsaktivitetar.
  • Juleferie 17. desember - 5. januar.
  • Januar: Nyttårsball. Volleyballinja har oppkøyring til skule-NM.
  • Februar: Vinterferie 18.-27. februar.
  • Reiseperiode ca to veker før påske
  • Påskeferie: 8. - 20. april
  • Mai: Avslutning 7. mai.

Du skal velje to valfag á to timar pr veke. Du skal velje nye fag tre gongar i løpet av året.
Dei faga vi har på denne lista er eksempel på fag som kan bli, basert på erfaringar dei siste åra. Det kan bli annleis neste skuleår.

Ballspel

Ulike ballspel på mosjonsniva, passar for alle. Det skal vere gøy å halde seg i form.

Band

Bandet har ein viktig funksjon i skulen si årlege musikaloppsetting. Dkulen har tilgang til dei vanlegaste bandinstrumenta, i tillegg kan du sjølvsagt ha med eige instrument.

Basketball

Enkelt nivå, passar for alle.

Dans

Vi har høgt utdanna danselærar og to gode dansesalar med spesialparkett. Du lærer fleire typer dans, og gruppa har ein viktig funksjon i skulen si musikaloppsetting.

Dokumentar og diskusjon

Vi ser aktuelle dokumentarfilmar og diskuterer innhaldet. Faget tek opp aktuelle saker som dukkar opp i nyheter og offentlege diskusjonar.

Fotball

Fotball på mosjonistniva på kunstgrasbane. Lærar som har vore aktiv fotballspelar.

Internasjonal matlaging

På vår skule har vi lærarar frå mange land. Desse tek med seg sine mattradisjonar, noko du vil ha stor glede av i dette valfaget.

Klatring

Pris: 700,-

Innandørs klatring i nytt klatresenter. Prisen er ikkje fastsett.

Mat på bål

Matlaging på bål når du er på tur.

Mat-auk

Vi haustar av det naturen gir og lagar mat av det. Bær og sopp, frukt og grønt. Fisking i sjø og vatn.

Minikor

Å synge fleirstemt i ensemble. Også solistoppgåver dor den som vil det.

Motivasjon

Korleis motivere seg sjølv og andre for å oppnå eigne og felles mål.

Multisport

Ulike idrettar og aktivitetar som passar for dei fleste.

Piano

Begynnaropplæring i små grupper.

Podkast

Lær å lage eigne podcasts med enkle midlar.

Politikk og samfunn

Kunnskap og debatt rundt aktuelle skaer i samfunnet som vedgår oss alle.

Regi og drama

Elevane er med og lagar årets musikalforestilling.

Spikeball

Spikeball eit nytt dynamisk og morosamt 360 graders spel som begeistrar! Reglane er lette å lære og det er eit spel med høgt aktivitetsnivå.

Strikking

Å halde liv i eit gammalt handverk som også er nyttig i dag.

Styrketrening

Nytt treningsstudio. Du får lære korleis du skal trene fornuftig for å oppnå betre fysisk form.

Topptur

Korte dagsturar i naturen som ligg nær oss.

Volleyball for alle

Skulen har volleyball på høgt nivå, men valfaget er for alle som vil spele på mosjonsnivå. Kanskje får vi eit mix-lag som stiller i skule-NM? Eller spelar kun for gøy. Du bestemmer.

På Sunnfjord Folkehøgskule møter du idrettsutøvarar, dansarar, gamers, naturelskarar, dei som skal redde verda og mange fleire. Vi trur på ulikskap!
Du kan bidra til at folkehøgskuleåret blir ditt livs viktigaste. Vi vil vi at du tek ansvar for både deg sjølv, folka rundt deg og for globale spørsmål. 

Linjer ved skulen

Les mer om skolen

Fra kr 125 800,-

Inkludert

  • Undervisning
  • Mat og rom på skolen (romtype: dobbeltrom)
  • Bad på gangen
  • Reiseforsikring
  • Treningsstudio
  • Påmeldingsavgift kr 2 500,-
  • Studietur: Spania - Costa Blanca - Fotball
    • Mat (3 måltider per dag)
  • Internett
  • Vaskemaskin
Minimumspris for linja 125 800,-

Du kan legge til (Huk av og se hvordan det påvirker prisen)

Lån og stipend

Summen du må dekke selv 125 800,-
(12 580,- per måned)
Du betaler månedsvis gjennom skoleåret. Nærmere informasjon får du fra skolen.

Husk at du også trenger penger til dette

  • Enkelte valgfag
    Noen av våre valgfag koster penger. Les mer om valgfag lenger opp på siden. Du velger valgfag først når du begynner på skolen.
  • Utstyr til linjen (se Utstyr til linjen nedenfor)
  • Hjemreiser fra skolen:
    • Høstferie, juleferie, vinterferie, påskeferie
      Vi har kun stengt i feriane, ingen andre frihelgar. Dersom du treng å reise heim utanom feriane, så lar det seg lett ordne.
  • Om du velger å bli på skolen i hjemreisehelgene må du ordne deg mat selv.
  • Lommepenger. På bloggen forteller fire elever hvor mye lommepenger de brukte i løpet av sitt år på folkehøgskole

Dette utstyret må du stille med selv

Fotballsko, langrennski (evt låne), turklede, fjellsko, joggesko, hallsko, leggskinn, treningkle.

Søk på linjaMeir om skulenSkulen si nettside

Frå bloggen

- Man ser andre sider av folk ved å bo sammen

Hibaq Farah fra Oslo hadde høye forventninger til folkehøgskoleåret. Først og fremst fordi hun hadde hørt det skulle være «det beste året i livet». De ...

Les meir på bloggen ▷

Bestill katalogen for 2021/2022

Få full oversikt over skoler og linjer, og bli kjent med livet på folkehøgskole.

Bestill katalogen

Linjer som liknar denne

Fotball og FIFA

Toten Folkehøgskole
Ledig plass
HeilårskursFrilynt

Fotball, FIFA og Fantasy

Grenland Folkehøgskole
Ledig plass
Heilårskurs12 t/ukeKristen

Fotball Europa

Grenland Folkehøgskole
Ledig plass
Heilårskurs12 t/ukeKristen

Fotball Fitness eFotball

Nordvestlandet folkehøgskole
Ledig plass
Heilårskurs15 t/ukeKristen

Fotball & GROUNDHOPPING

Hurdal Verk folkehøgskole
Ledig plass
Heilårskurs14 t/ukeKristen

Fotball Adventure

Molde Folkehøgskole
Ledig plass
Heilårskurs14 t/ukeKristen

Fotball - Liverpool

Folkehøgskolen Sørlandet
Ledig plass
HeilårskursKristen

Fotball Europa

Idrettsskolen Numedal folkehøgskole
Ledig plass
Heilårskurs15 t/ukeFrilynt

Fotball tilrettelagt

Peder Morset folkehøgskole
Ledig plass
Heilårskurs15 t/ukeFrilynt

Fotball

Lundheim folkehøgskole
Ledig plass
Helårskurs A9 t/ukeKristen

Coaching Fotball - USA

Jeløy Folkehøyskole
Ledig plass
Heilårskurs14 t/ukeKristen

Multisport/Fotball

Helgeland Folkehøyskole
Ledig plass
Heilårskurs15 t/ukeKristen