Til hovedinnhold

Fjellsport Freeride halvår vår

Søk på linja
Ledig plass

Bli med på vinterens vakraste eventyr. Du kan bli med ei motivert gruppe ungdommar på tindebestiging og skikjøring i nokre av Norges flottaste skifjell. Vi skal også klatre og kite. Studietur!

Frå spisse tindar på Sunnmøre til lange deilige fjellsider i Sunnfjord, Sogndal og Jotunheimen. Skulen vår ligg plassert midt i smørauga i forhold til gode skidestinasjonar. Vi har eit stort utval av nære skifjell som ligg innanfor ein times rekkevidde fra skulen.

Du vil i løpet av dette halvåret utvikle deg som skikjørar, få kunnskap om skred og fjell. Samtidig skal vi også klatre, kite og finne på andre sprell for å kople av frå skikjøringa. Du vil få nye venner med felles interesser og eit nettverk av venner frå heile landet. Dette er verdfulle relasjonar som du vil nye godt av i åra som kjem. På skulen vil vi ha mange aktivitetar og sosiale arrangement som gjer at du enkelt vil danne deg ein omgangskrets.

Innan ein time frå skulen mot aust kan vi komme oss heilt inn til Norges største bre, Jostedalsbreen. På vegen dit køyrer vi forbi dei flottaste skifjella i Sunnfjord. Ein time frå skulen den andre vegen, mot vest, når vi heilt til havs og nokre av dei finaste klatre- og turfjella i Norge! Fjella i Sunnfjord er lite besøkt, og vi kan nokre plassar vere på tur fleire dagar i strekk utan å sjå andre folk. Vi kan gå opp urørte fjellsider og køyre førstespor ned igjen.

Breane i aust skaper eit kaldt og snørikt klima, og på enkelte av toppane kan du sjå både bre og hav på same tid, Sunnfjord gir eit mangfald du ikkje finn nokon annan plass innanfor så kort avstand! 

 Studietur til alpane! 

Du bør vere ein aktiv person som er glad i vere på tur, men det er ingen krav til fysisk god form. Du treng ikkje å vere spesielt god på ski, men det er ein fordel å ha stått på ski utanfor løypene.

Dette vil du lære

  • Toppturar på ski og til fots
  • Overnattingsturar i fjellet
  • Sove i telt og hytter
  • Gå turar på bre
  • Klatre
  • Vere på tur i all slags ver, haust, vinter og vår

Våre forventninger til deg

Du likar å vere ute, og du synes det er fint å oppleve naturen og friluftslivet. Det er viktig at du trivs ute og synes at det er kjekt å lære nye ting.

Obligatorisk: Ja

Pris: Inkludert i linjepris

Varighet: 2 veker

Måltider pr dag inkludert: 3

Linjeturen vår går til Alpane, frå Cervinia Breuil i Italia til Zermatt og vidare til Verbier i Sveits. Her skal vi gå toppturar, stå på ski i verdas største skisenter og besøke Freeride World Tour for å få sett verdas beste skikjørarar i aksjon. Mot slutten av turen skal vi også gjere barmarksaktiviteter nær Middelhavet i form av stisykling og klatring, og vi skal besøke gode italienske destinasjonar for å lære om italiensk kultur og natur. Vi er på tur i 2,5 veke. 

Alle våre lineturar er inkludert i linjepirsen, og alle måltid på studietur er inkludert! 

På Sunnfjord Folkehøgskule møter du idrettsutøvarar, dansarar, gamers, naturelskarar, dei som likar å stå på ei scene og mange fleire. Vi trur på ulikskap!
Du kan bidra til at folkehøgskuleåret blir ditt år. Vi vil vi at du tek ansvar for både deg sjølv, folka rundt deg og for globale spørsmål. 

Linjer ved skulen

Les mer om skolen

Fra kr 84 500,-

Inkludert

  • Undervisning
  • Mat og rom på skolen (romtype: dobbeltrom)
  • Bad på gangen
  • Reiseforsikring
  • Påmeldingsavgift
  • Treningsstudio
  • Studietur: Alpane - med Fjellsport Freeride
    • Mat (3 måltider per dag)
  • Internett
  • Vaskemaskin
Minimumspris for linja 84 500,-

Du kan legge til (Huk av og se hvordan det påvirker prisen)

Lån og stipend

Summen du må dekke selv 84 500,-
(16 900,- per måned)
Du betaler månedsvis gjennom skoleåret. Nærmere informasjon får du fra skolen.

Dette utstyret får du låne av skolen

Telt 

Dette utstyret må du stille med selv

  • Toppturski
  • Skistøvler
  • Skifeller
  • Skredsøker
  • Søkestang (Kan lånes)
  • Spade (Kan lånes)
  • Skihjelm
  • Topptursekk (25-45 liter)
  • Tursekk (65-100 liter)
  • Sovepose (Komfort -10)
  • Liggeunderlag (Kan lånast)
  • Klatresele (Kan lånast)

Lurt å ha, men ikke obligatorisk:

  • Klatresko
  • Klatresele
  • Stormkjøkken
  • Sykkel
  • Sykkelhjem (Gjerne fullface)
  • Knebeskyttere
  • Våtdrakt

Det som ikkje står her, kan du rekne med at skulen har eller du treng det ikkje.

Søk på linjaMeir om skulenSkulen si nettside

Dette seier tidlegare elevar

Peder Broch-Due

Jeg har fått naturopplevelser og utfordringer, og blitt gode venner med de jeg delte dem med. Dette har medført flere minneverdige og tidvis fysisk utfordrende opplevelser funnet sted. Disse har knyttet oss i klassen tett sammen.

Peder Broch-Due
Camilla Lauvås

Vi gjer veldig mykje ulike ting, alt ifrå kano ned elver til toppturar og klatring både inne og ute. Vi har også surfa i Hoddevika og gått Via Ferrata i Loen. Vi opplever mykje ilag, og det skaper eit sterkt band mellom oss.

Frå bloggen

- Anbefaler virkelig et halvt år på folkehøgskole om du ikke vet hva du skal etter jul

Da andre planer gikk i vasken søkte Theodor halvtårskurs på folkehøgskole. – En gull mulighet om du har valgt feil eller ikke helt vet hva ...

Les meir på bloggen ▷

Få gratis skolekatalog i postkassa!

Få katalog med full oversikt over alle folkehøgskoler i posten. Bli kjent med skolene i ro og mak, og diskuter med venner og familie!

Bestill katalogen

Linjer som liknar denne

Tegneserier & Illustrasjon - VÅR 2022

Buskerud Folkehøgskole
Ledig plass
Halvårskurs vår15 t/ukeFrilynt

Historisk håndverk (vår)

Sund folkehøgskole
Ledig plass
Halvårskurs vår18 t/ukeFrilynt

Ski og skred

Alta folkehøgskole
Ledig plass
Halvårskurs vårKristen

Ekspedisjon og idrett (vår)

Sund folkehøgskole
Ledig plass
Halvårskurs vår18 t/ukeFrilynt

Halvår vår: Livslinja

Skogn folkehøgskole
Ledig plass
Halvårskurs vår14 t/ukeFrilynt

Tverrfaglig folkehøgskolekurs

Folkehøgskolen Nord-Norge
Ledig plass
Halvårskurs vår21 t/ukeKristen

Halvår vår: Foto din stil

Skogn folkehøgskole
Ledig plass
Halvårskurs vår14 t/ukeFrilynt

Halvår vår: Håndball

Skogn folkehøgskole
Ledig plass
Halvårskurs vår14 t/ukeFrilynt

Forfatter - VÅR 2022

Buskerud Folkehøgskole
Ledig plass
Halvårskurs vår15 t/ukeFrilynt

Romskip - VÅR 2022

Buskerud Folkehøgskole
Ledig plass
Halvårskurs vår15 t/ukeFrilynt

Frisbeegolf vår

Setesdal Folkehøgskule
Ledig plass
Halvårskurs vår16 t/ukeFrilynt

Vintereventyr Nord-Norge / Vår 2023

Folkehøgskolen 69 Grader Nord
Ledig plass
Halvårskurs vårKristen