
- Sunnfjord Folkehøgskule
- Telefon: 57 82 99 60
- E-post: kontor@sunnfjord.fhs.no
- Kurslengde: Heilårskurs
- Studietur: Japan med Fjellsport Freeride
- Verdigrunnlag: KristenDei kristne folkehøgskulane har eit kristent verdigrunnlag. Dei er eigde av, eller knytt til, kristne organisasjonar eller trussamfunn. Dei vil gjerne ha elevar med ulike interesser og livssyn.
-
Tilbyr: VegetarDei fleste skulane legg til rette for dei som har matallergiar og andre behov. Ta gjerne kontakt med skulen.
- Miljøsertifisering:
FairtradeSertifisering for skoler som tilbyr Fairtrade-merkede produkter og bevisstgjør om rettferdig handel.
- Stad: Førde
- Oppstartsdato: 21.8.21
- Linjefag: 14 timar/veke
- Pris: fra 139 800,-
- Følg linja på Instagram
Har du lyst på eit år med masse fart og spenning? Kjøre botnlaus pudder? Bestige nokre av Norges absolutt flottaste fjell? Ta eit år på Fjellsport Freeride!
Hos oss får du:
- Skikjøring i Sunnfjord, Sogndal, Jotunheimen og Sunnmøre
- Surfing i Hoddevika
- Toppturar i eit av Norges flottaste fjordlandskap
- Breturaer på Jostedalsbreen
- Elvekajakk
- Stisykling
- Klatring ute med fantastiske utsikter
- Klatring inne med brattkort kurs
- Kiting på ski
- Skredlære og skredkursing
- Via Ferrata Loen
- Paintball
- Rafting
- Segling
Vi utforskar enorm vestlandsnatur i Stardalen,Jølster, Jostedalen, Sogndalsdalen, Hurrungane (Jotunheimen), Sunnmørsalpane, Nordfjord.
Vi skal ha eit år med mykje utandørsaktivitet. Her vil vi utforske fjell, fjord, elvar og dalar, med forskjellege framkomstmiddel og typer bustader. Du vil utvikle dine ferdigheiter i å bu ute i telt og gapahuk, du vil lære å handtere kulde, ferdast i bratt terreng, og bedømme skredfare. Du vil bli betre på å navigere etter kart og kompass, og legge til rette for dine eigne eventyr i framtida.
Du får årskort på Førde Klatresenter, der ein del av undervisninga i klatring føregår.