Dans Multisport
- Sunnfjord Folkehøgskule – Førde
- Telefon: 57 82 99 60
- E-post: kontor@sunnfjord.fhs.no
- Kurslengde: Helårskurs
- Oppstartsdato: 23.08.2025
- Linjefag: 14 timer/uke
- Pris: fra 151 011,-
- Sted: Førde
- Studietur: Sri Lanka
På Dans Multisport får du prøve deg innan mange forskjellige dansestilar på skulen. Du tar workshops i inn-utlandet og du kan ta gratis danseklassar ved den lokale danseskulen på kveldstid. Du vil ha styrke- og skadeforebyggende trening, og du vil få prøve deg innan forskjellige type idretter.
Linja har eigen danseforestilling og er svært delaktig i skulen si store musikalsatsing. Dei siste åra har skulen blant anna produsert forestillinger som Hairspray, Chicago, Folk og Røvere i Kardemomme By, FAME. Linja si danseforestilling er eit av fleire høgdepunkt for heile skulen i løpet av året.
Du får vere med på fotoshoots, og vi lagar film av dansar/aktivitetar på linja. Frå fotoshoot får du med deg flotte bilder som er tatt av profesjonell fotograf.
Du ønskjer å utvikle deg og utfordre deg sjølv. Yte det vesle ekstra, der lagarbeid og innsats er alfa omega! Du vil ha ein kvardag med allsidig trening. Bli med og opplev meistring!
På Dans Multisport forventar vi at du er motivert for å lære mange forskjellege dansestilar. Komfortsona blir pusha kvar veke og du vil lære meir om allsidig trening og ulike idretter. På Dans Idrett er innsats viktigare enn talent. Er du villig til å yte det vesle ekstra? Då vil du få eit fantastisk år og utvikle deg som dansar, menneske og du får betre fysisk form!
Obligatorisk: Ja
Pris: Inkludert i linjepris
Varighet: 14
Måltider pr dag inkludert: 3
Linjeturen går til Sri Lanka. Skulen har i ei årerekke reist til Sri Lanka og er godt kjent i landet, då vi har både erfaring frå landet og tilsette som kjem der frå. Dette gjer til at vi kan skreddarsy ein tur der du får dei beste opplevingane.
Vi skal besøke den berømte Sigiriya-klippa, som står på Unesco si verdsarvliste. Du får oppleve ulike strand- og vatn-idrettar som t.d. surfing, rafting, dykking og fjellturar. Du vil også møte på ville elefantar, aper og mange fleire dyr i nasjonalparken vi besøker. Vi skal sjølvsagt også nytte oss av dei endelause sandstrendene som omkransar nesten heile øya. Det blir ein kombinasjon av å reise på rundtur og oppleve landet, vere saman med srilankiske ungdommar, oppleve nokre av dei finaste strendene i verda.
Sunniva har si utdanning frå Bårdar Akademiet, med dans, song og musikalteater. Med mål om å bringe danse- og musikkglede vidare, tok Sunniva grunnskulelærarutdanning på OsloMet etterpå. Ved sidan av studiet levde ho som dansar, deltok på danseklassar og tok oppdrag og underviste dans, freelance. Sunniva elskar også alt det den vakre naturen har å by på, både topptur, klatring og sykling.
Alle dagane startar med ei morgonsamling der alle er samla. Det er flest linjetimar på vår timeplan. Linjene ofte på tur eler har treningsøkter eller anna undervisning. Fleire av dagane har vi også fellestimar eller valfagstimar. På laurdag har vi eit seminar med forskjellige tema kvar veke. Alle folkehøgskular har undervisning på laurdagar.
Last ned timeplan som pdf ↓Linjer som har fleire turar har fleire reiseperiodar.
Du skal velje eit valfag á tre timar pr veke. Du skal velje nye fag tre gongar i løpet av året. Dei faga vi har på denne lista er eksempel på fag som kan bli, basert på erfaringar dei siste åra. Det kan bli annleis neste skuleår. I tillegg har vi heile valfagsdagar gjennom skuleåret.
Ulike ballspel på mosjonsniva, passar for alle. Det skal vere gøy å halde seg i form.
Bandet har ein viktig funksjon i skulen si årlege musikaloppsetting. Dkulen har tilgang til dei vanlegaste bandinstrumenta, i tillegg kan du sjølvsagt ha med eige instrument.
Enkelt nivå, passar for alle.
Haustaktivitet på skulen sin nye sandvolleyballbaner.
Vi har høgt utdanna danselærar og to gode dansesalar med spesialparkett. Du lærer fleire typer dans, og gruppa har ein viktig funksjon i skulen si musikaloppsetting.
Vi ser aktuelle dokumentarfilmar og diskuterer innhaldet. Faget tek opp aktuelle saker som dukkar opp i nyheter og offentlege diskusjonar.
Korte dagsturar i naturen som ligg nær oss.
Fotball på mosjonistniva på kunstgrasbane. Lærar som har vore aktiv fotballspelar.
Nybegynnaropplæring.
Lær å meistre kajakk på fjorden.
Motivasjon og prestasjon.
Innandørs klatring i nytt klatresenter. Prisen er ikkje fastsett.
Matlaging på bål når du er på tur.
Vi haustar av det naturen gir og lagar mat av det. Bær og sopp, frukt og grønt. Fisking i sjø og vatn.
Du lærar å lage god og næringsrik hybelmat.
Å synge fleirstemt i ensemble. Også solistoppgåver dor den som vil det.
Ulike idrettar og aktivitetar som passar for dei fleste.
Begynnaropplæring i små grupper.
Kunnskap og debatt rundt aktuelle skaer i samfunnet som vedgår oss alle.
Skulen har eit moderne treningsstudio. Du får lære korleis du skal trene fornuftig for å oppnå betre fysisk form.
Elevane er med og lagar årets musikalforestilling.
Lage det som trengs for å sette opp vårt felles musikalprosjekt.
Skulen har volleyball på høgt nivå, men valfaget er for alle som vil spele på mosjonsnivå.
På Sunnfjord Folkehøgskule møter du idrettsutøvarar, dansarar, gamers, naturelskarar, dei som likar å stå på ei scene og mange fleire. Vi trur på ulikskap!
Du kan bidra til at folkehøgskuleåret blir ditt år. Vi vil vi at du tek ansvar for både deg sjølv, folka rundt deg og for globale spørsmål.
Dansesal med spesialparkett, lydanlegg og speilvegg. Treningsstudio med kondisjonsapparat, vektrom, spinningssal, gymsal, Sandvolleballbane med mjuk strandsand.
Vi har god erfaring med å legge til rette for deg med funksjonsnedsetting eller kronisk sjukdom. Det kan vere rullestolbrukarar, mage/tarmsykdommar og elevar innanfor autismespekteret. Vi legg til rette for deg så godt vi kan og gjer justeringar i samråd med deg. Ta kontakt med oss i god tid om du har behov for tilpassingar eller lurer på om vi kan legge til rette for deg.
Da andre planer gikk i vasken søkte Theodor halvtårskurs på folkehøgskole. – En gull mulighet om du har valgt feil eller ikke helt vet hva ...
Folkehøgskole skal være for alle! Her finner du mer informasjon om det tilrettelagte tilbudet for ungdom med utviklingshemming. Det lønner seg å planlegge skoleåret i ...