Til hovedinnhold
Ledig plass

Dans Idrett Brasil gir deg stor variasjon innanfor dans, trening og flotte reisemål. Jazz, Contemporary, musikal teater, ballett og Funk-Jazz er ein del av kvardagen. England, Brasil og Sri Lanka.

Tilrettelagt treningsprogram for deg i topp moderne treningstudio på skulen, store dansesalar og muligheit til å førebu eksamen i ballett. Skulen har også ein oppvarma sandhall med god sommar året rundt.

På hausten reiser Dans Idrett Brasil på studietur til London, og Rio de Janeiro. I februar reiser vi på studietur til Sri Lanka samtidig med dei andre linjene. Les meir om Sri Lanka-turen her! Sri Lanka-turen er frivillig.

Linja har eigen danseforestilling og er svært delaktig i skulen si store musikalsatsing.

Andre veker har vi f.eks. prosjekt saman med fotolinja på skulen. Då får du som danselev erfare korleis fotoshoots fungerer, og vi lagar filmar av dansar/aktivitetar på linja.

Skulen produserer fullskala musikalar og forestillingar som framstår som gjennomførte og profesjonelle.

Du treng ikkje forkunnskapar, men du må vere villig til å trene og nysgjerrig på å lære nye ting, både innan dans og for å lære nye idrettar. Du kjem garantert i betre form.

Dette vil du lære

  • Jazz/Contemporary
  • Samba
  • Street Dance, HipHop
  • Commercial Dance
  • Koreografiarbeid
  • Styrke/Variasjonstrening Streching
  • Anatomi, fysiologi og ernæring

Våre forventninger til deg

Alle kan søke denne linja.

Om du har mykje eller lite erfaring med dans/trening betyr ingen ting. Vi tilpassar nivået etter deg og klassen. Du får den utfordringa du treng for å utvikle deg innanfor fleire dansestilar/trening. Det som er viktig, er at du er motivert for å lære, utforske og presse deg sjølv utanfor komfortsona.

Brasil

Obligatorisk: Ja

Pris: Inkludert i linjepris

Varighet: 2 - 3 veker

Måltider pr dag inkludert: 3

Volleyball , Surfing Beachsport, Kampsport og Dans Idrett Brasil reiser saman på studietur til Brasil. Vi har to lærarar som er frå Brasil og kan alt om landet! 

Surfing Beachsport reiser på 3-vekers tur til Brasil. I Rio de Janeiro får du ei veke med surfing på Recreio og eller Arpoador Beach og to veker med Beach Sports på Copacabana, verdas mest berømte strand, og sightseeing på turiststader som Sukkertoppen og Jesus-statuen.

Volleyball-linja: I Rio de Janeiro har vi base på Copacabana. I Rio legg Volleyball også inn trening/treningskampar mot Botafogo. Vi har turar til Kristus-statua, Sukkertoppen, fotballkamp på Maracana, King- and Queen of the Beach-turnering på Ipanema og Superliga-kamp med nokre av verdas sterkaste volleyballag.

Dans Idrett Brasil:Vi skal lære å danse samba, Capoeira, Merengue. Her vil vi ha litt meir fokus på sandidrett og aktivitetar i sjøen.

Vi trener daglig både på stranda Copacabana og i sjøen med blant anna surfing, Stand up surfing, dykking. Vi deltar på ulike utflukter der vi får mange inntrykk frå ein heilt annan kultur. Dette er ei reise som gir deg minne og erfaringar for livet. Workshop med profesjonell sambadansar og pedagog.

Kampsport:  Judo: Japansk kampsport utvikla i 1882. Baserer seg rundt ei rekke kaste- og kontrollteknikker. Gracie jiu jitsu: Den brasilianske er særlig fokusert på grep og kamp på bakken, og er ein stilart innan «submission wrestling». Capoeira: Afrobrasiliansk kampsport, utvikla av brasilianske slavar på 1500-talet.

Sri Lanka - verdas beste reisemål, felles for alle

Obligatorisk: Nei

Pris: 15 000

Varighet: Ca 12 dagar

Måltider pr dag inkludert: 3

I februar reiser heile skulen samla *) til Sri Lanka.

Sri Lanka har det aller meste. Perfekt klima, milevis med strender, ville dyr, vakker natur og fargerike og flotte folk. Og vi finn ikkje minst vår søsterskule Kamam Folk High School. Det er faktisk viktigaste grunnen til at vi reiser dit, sidan det er skulen sitt bistandsprosjekt.

Sri Lanka - faktisk kåra til verdas beste reisemål i fleire år

Siste: Sri Lanka blei nettopp kåra til verdas beste reisemål for 2019 av Lonely Planet! Så flott at vi skal dit. Som om ikkje det er nok, så blei landet kåra til beste reisemål også i 2013!  

Nettstaden BloombergPursuits plasserer Sri lanka på topp blant dei 20 beste reisemåla for 2017!

*) OBS:

Linjene Peacemaker og Surfing Beachsport har sitt eige opphald på Sri Lanka, som er vesentleg lengre. Dei vil vere saman med dei andre elevane på fellesopphaldet. Denne turen er inkludert i prisen på desse to linjene.

Linja Foto Video Animasjon kombinerer denne turen med nokre dagar i Dubai. Denne turen er  inkludert i linjeprisen.

Linjene Sport Adventure, Villmarksliv og Topptur reiser til andre reisemål (les på linja) og avsluttar sine turar på Sri Lanka saman med alle elevane på fellesopplegget. Turen inngår i desse linjene sine turar og er altså inkludert i linjeprisen.

Linjene Volleyball,Kampsport, E-sport aktiv ogDans Idrett Brasil tilbyr denne turen som påmeldingtur. Dei må melde seg på ved starten av skuleåret. Turen er altså frivilig for desse linjene - men svært anbefalt.

 

 

London

Obligatorisk: Ja

Pris: Inkludert i linjepris

Måltider pr dag inkludert: 3

Dans Idrett Brasil reiser til London.

Der vil vi ha fokus på dans og forstillingar. Her vil du få sjå kjende og ukjende musikalforestillingar og danseforestillingar. Det blir også muligheit  til å ta danseklasser ved m.a. Pineapple Dance studio, Studio 68 London.

Turen er inkludert i prisen på linja.

Anders Alvaro Nydal

lærar

Anders er utdanna ved The Hammond School of Dance and Musikal Theater, i Chester England. Han har vore med på fleire operaforestillingar ved Opera Nordfjord og fleire musikalprosjekt som dansar og koreograf.  Anders har også vore aktiv innan mange ulike idrettar som fotball, handball og friidrett. Han har fleire år som freelancedansar, koreograf og danselærar ved kulturskular og dansestudio.

Epost: andersalvaro@sunnfjord.fhs.no
Telefon: 95363348

Treningane for volleyballinja startar kl 07:00. Kvar morgon har vi eit kvarters morgonsamling kl 09.35.

Dei fleste dagane det både linjetimar og fellestimar. Valfag to gongar pr veke. Enkelte dagar er det tider der romma skal reingjerast, og vask av fellesareal går på rundgang.

Frukost startar kl 09.00. Vi har lunsj kl 13.15. Middag er til vanleg kl 17.30 og kveldsmat frå kl 20.30.

Rotid kl 23.30.

  • Oppstart 24. august
  • Avslutning 9. mai

Planen til nedlasting er for inneverande skuleår, vil bli oppdatert.

Last ned årsplan som pdf ↓

Du kan velje to eller tre valfag på to timar pr veke.
Enkelte fag blir samla opp i lengre økter som skjer av og til, særleg ved fag der ein må reise bort frå skulen. Dei faga vi ha på denne lista er eksempel på fag som kan bli, basert på erfaringar dei siste åra. Det kan bli annleis neste skuleår.

Band

Bandet har ein viktig funksjon i skulen si årlege musikaloppsetting. Dkulen har tilgang til dei vanlegaste bandinstrumenta, i tillegg kan du sjølvsagt ha med eige instrument.

Dans

Vi har høgt utdanna danselærar og to gode dansesalar med spesialparkett. Du lærer fleire typer dans, og gruppa har ein viktig funksjon i skulen si musikaloppsetting.

Fridykking

Pris: 600,-

Lær å dykke utan å bruke lufttank. Vi bruker kun våtdrakt, maske, snorkel og svømmeføtter. Prisen dekker sertifisering leige av basseng til øvingsbruk. Skulen stiller med det meste av utstyret.

Gitar

For dei som kan litt eller ingen ting frå før. Ta gjerne med eigen gitar.

Internasjonal matlaging

Pris: 300,-

På vår skule har vi lærarar frå mange land. Desse tek med seg sine mattradisjonar, noko du vil ha stor glede av i dette valfaget. Ein betaler for råvarer til matlaginga. Prisen kan variere litt.

Klatring

Pris: 400,-

Vi har klatrevegg på tolv meters høgde. Brattkort-sertifisering er inkludert i kurset. Skulen stiller det meste av utstyret til disposisjon.

Mat-auk

Vi haustar av det naturen gir og lagar mat av det. Bær og sopp, frukt og grønt. Fisking i sjø og vatn.

Regi og drama

Elevane er med og lagar årets musikalforestilling.

Sandsport

Variert idrett i landets finaste sandhall, som er oppvarma til heilårsbruk. Brasiliansk trenar som underviser i mange forskjellige sandidrettar.

Sandvolleyball

Vi har landets finaste sandhall som er oppvarma til heilårsbruk. Topp kvalifisert lærar.

Scrapbook

Pris: 300,-

Lag kort, dekorasjonar og minnebøker med avanserte papirteknikkar.

Solidaritet og bistand

Vi organiserer skulen sitt bistandsarbeid. Du lærer å motivere andre til å engsjere seg, og du lærer korleis vi organiserer "foundraising" og aksjonar.

Volleyball for alle

Skulen har volleyball på høgt nivå, men valfaget er for alle som vil spele på mosjonsnivå. Kanskje får vi eit mix-lag som stiller i NM-kvalik for vid. skular? Eller spelar kun for gøy. Du bestemmer.

På Sunnfjord Folkehøgskule vil vi at du skal ta ansvar for både deg sjølv, folka rundt deg og for globale spørsmål. Her møter du idrettsutøvarar, reiselystne backpackers, naturelskarar og mange fleire. Vi trur på ulikskap!
Du kan bidra til at folkehøgskuleåret blir ditt livs viktigaste!

Linjer ved skulen

Fra kr 119 900,-

Inkludert

  • Undervisning
  • Mat og rom på skolen (romtype: dobbeltrom)
  • Reiseforsikring
  • Treningsstudio
  • Studietur: Brasil
    • Mat (3 måltider per dag)
    • Visum
  • Studietur: London
    • Mat (3 måltider per dag)
  • Internett
  • Vaskemaskin
Minimumspris for linja 119 900,-

Du kan legge til (Huk av og se hvordan det påvirker prisen)

Lån og stipend

Summen du må dekke selv 119 900,-
(11 990,- per måned)
Du betaler månedsvis gjennom skoleåret. Nærmere informasjon får du fra skolen.

Husk at du også trenger penger til dette

  • Enkelte valgfag
    Noen av våre valgfag koster penger. Les mer om valgfag lenger opp på siden. Du velger valgfag først når du begynner på skolen.
  • Alternativ mat (glutenfri, melkefri, vegan etc) om du har behov for dette. Ta kontakt med skolen for mer informasjon.
  • Hjemreiser fra skolen:
    • Høstferie, juleferie, vinterferie, påskeferie
      Vi har kun stengt i feriane, ingen andre frihelgar. Dersom du treng å reise heim utanom feriane, så lar det seg lett ordne.
  • Om du velger å bli på skolen i hjemreisehelgene må du ordne deg mat selv.
  • Lommepenger. På bloggen forteller fire elever hvor mye lommepenger de brukte i løpet av sitt år på folkehøgskole
Søk på linjaMeir om skulenSkulen si nettside

Dette seier tidlegare elevar

Helene Karslen

Jeg trengte en pause fra skolen og finne ut hva jeg ville i et annet miljø, hvor ingen kjente meg fra før. Danselinja på Sunnfjord har absolutt gitt meg mersmak til å fortsette med dansen!

Bestill katalogen for 2019/2020

Få full oversikt over skoler og linjer, og bli kjent med livet på folkehøgskole.

Bestill katalogen

Linjer som liknar denne

K-pop Korean wave

Hadeland folkehøgskole
Fullt
HeilårskursFrilynt

Dans

Solbakken folkehøgskole
Ledig plass
Heilårskurs42 t/ukeFrilynt

Dans

Hedmarktoppen folkehøyskole
Venteliste
Heilårskurs18 t/ukeKristen

Dans: Jorden rundt

Nordhordland Folkehøgskole
Fullt
Heilårskurs16 t/ukeKristen

Dans Styrke Livsstil

Sagavoll Folkehøgskole
Kontakt skulen
HeilårskursKristen

HIPHOP - Urbane dansestiler - Lets groove

Follo Folkehøgskole
Venteliste
Heilårskurs18 t/ukeFrilynt

Dans

Ringerike Folkehøgskole
Ledig plass
Heilårskurs16 t/ukeFrilynt

Dans Forstudium

Trøndertun folkehøgskole
Venteliste
Heilårskurs27 t/ukeFrilynt

Dans

Rønningen folkehøgskole
Venteliste
Heilårskurs18 t/ukeKristen

DANS - Forestillinger og danseglede

Follo Folkehøgskole
Ledig plass
Heilårskurs18 t/ukeFrilynt

Musikk, dans, drama, Los Angeles

Risøy Folkehøyskole
Fullt
HeilårskursKristen

Teater

Romerike Folkehøgskole
Fullt
Heilårskurs27 t/ukeFrilynt

Musikal Trening Broadway

Toten Folkehøgskole
Ledig plass
HeilårskursFrilynt

Folkemusikk og dans

Setesdal Folkehøgskule
Kontakt skulen
Heilårskurs16 t/ukeFrilynt

Movement Culture

Idrettsskolen Numedal Folkehøgskole
Ledig plass
Heilårskurs15 t/ukeFrilynt

Ten Sing Norway

Rønningen folkehøgskole
Venteliste
HeilårskursKristen

Musikk og teater

Romerike Folkehøgskole
Fullt
Heilårskurs27 t/ukeFrilynt

MUSIKAL - Dans, sang & teater

Follo Folkehøgskole
Venteliste
Heilårskurs18 t/ukeFrilynt

Turn

Stavern folkehøyskole
Ledig plass
Heilårskurs15 t/ukeKristen