Til hovedinnhold
Ledig plass

Det er få muligheiter i Norge for den som har lyst til å trene beachvolleyball heile året. På Sunnfjord Folkehøgskule kan du det!

Dette kan vi love er unikt. Du skal trene sandvolleyball i heilårs oppvarma sandhall med eksperttrenar frå Brasil, og du får oppleve mange andre aktivitetar både i vakre Sogn og Fjordane og i Brasil. Denne linjas har stort fokus på meistring og passar for alle som har lyst å utvikle fysiske, tekniske og mentale ferdigheiter.

I løpet av året blir det arrangert sandvolleyballturneringar der vi inviterer elevar frå andre linjer og andre skular eller klubbar. Førde er kjent for å va vore veldig ofte på pallen i NM med både herre- og damevolleyball.

Du får også muligheit til å trene, spele og konkurrere innandørs saman med volleyball-linja, som igjen har eit samarbeid med Førde VBK.

Sandhallen

Det er ikkje alle som har verken råd eller andre muligheiter for å reise til eit varmt land og trene om vinteren. Då har vi eit bra alternativ i vår heilårs oppvarma sandhall med 2 offisielle baner  og 40 cm sand frakta frå Danmark.

Hallen har også ein klatrevegg på 12 meter. Du kan også ta brattkort dersom du likar å klatre.

Ved fint ver har kan vi også trene ute. Hafstadparken har mange baner og fine forhold.

Andre aktivitetar

I tillegg til mykje trening i beachvolleyball får vi også oppleve andre idrettar og aktivitetar i nærområdet og i Brasil, som klatring, surfing, beach tennis, footvolley, stand-up paddling og meir.

 

Obligatorisk: Ja

Pris: Inkludert i linjepris

Varighet: 2 - 3 veker

Måltider pr dag inkludert: 3

Du skal oppleve det landet som har beachvolleyball i blodet. Brasil er eit paradis for sand- og vannaktivitetar!

I Natal skal vi ha fokus på vannaktivitetar, som surfing og standup paddling. Vi skal oppleve annan kultur, mat og miljø enn i Rio de Janeiro. ,Der blir det fokus på beachvolley, trening og turneringar med lokale folk, og vi besøker nokre av de meste berømte turistattraksjonane i verda, som Sukkertoppen og Jesus-statuen.

Daniel Lira

lærar

Jobba som landslagstrenar i sandvolleyball i Norge. I tillegg har Daniel jobba i Rio de Janeiro som sandvolleyball assistent-trenar og hovedtrenar og som footvolleytrenar. Han likar å teste ut nye sandaktivitetar, og han gjennomførte første treningsleir i Beach Tennis og Beach Tchoukball i Norge.Utdanning frå Norges Idrettshøyskole og Norges Idrettsforbund.

Epost: daniel@sunnfjord.fhs.no
Telefon: 97075295

  • Oppstart 22. august
  • Avslutning 8. mai

Du kan velje to valfag på to timar pr veke.
Enkelte fag blir samla opp i lengre økter som skjer av og til, særleg ved fag der ein må reise bort frå skulen. Dei faga vi ha på denne lista er eksempel på fag som kan bli, basert på erfaringar dei siste åra. Det kan bli annleis neste skuleår.

Band

Bandet har ein viktig funksjon i skulen si årlege musikaloppsetting. Dkulen har tilgang til dei vanlegaste bandinstrumenta, i tillegg kan du sjølvsagt ha med eige instrument.

Dans

Vi har høgt utdanna danselærar og to gode dansesalar med spesialparkett. Du lærer fleire typer dans, og gruppa har ein viktig funksjon i skulen si musikaloppsetting.

Internasjonal matlaging

Pris: 300,-

På vår skule har vi lærarar frå mange land. Desse tek med seg sine mattradisjonar, noko du vil ha stor glede av i dette valfaget. Ein betaler for råvarer til matlaginga. Prisen kan variere litt.

Klatring Brattkort

Pris: 100,-

Vi har klatrevegg på tolv meters høgde. Brattkort-sertifisering er inkludert i kurset. Skulen stiller det meste av utstyret til disposisjon.

Mat-auk

Vi haustar av det naturen gir og lagar mat av det. Bær og sopp, frukt og grønt. Fisking i sjø og vatn.

Regi og drama

Elevane er med og lagar årets musikalforestilling.

Sandsport

Variert idrett i landets finaste sandhall, som er oppvarma til heilårsbruk. Brasiliansk trenar som underviser i mange forskjellige sandidrettar.

Sandvolleyball

Vi har landets finaste sandhall som er oppvarma til heilårsbruk. Topp kvalifisert lærar.

Scrapbook

Pris: 300,-

Lag kort, dekorasjonar og minnebøker med avanserte papirteknikkar.

Solidaritet og bistand

Vi organiserer skulen sitt bistandsarbeid. Du lærer å motivere andre til å engsjere seg, og du lærer korleis vi organiserer "foundraising" og aksjonar.

Volleyball for alle

Skulen har volleyball på høgt nivå, men valfaget er for alle som vil spele på mosjonsnivå. Kanskje får vi eit mix-lag som stiller i NM-kvalik for vid. skular? Eller spelar kun for gøy. Du bestemmer.

På Sunnfjord Folkehøgskule vil vi at du skal ta ansvar for både deg sjølv, folka rundt deg og for globale spørsmål. Her møter du idrettsutøvarar, reiselystne backpackers, naturelskarar og mange fleire. Vi trur på ulikskap!
Du kan bidra til at folkehøgskuleåret blir ditt livs viktigaste!

Linjer ved skulen

Fra kr 124 100,-

Inkludert

  • Undervisning
  • Mat og rom på skolen (romtype: dobbeltrom)
  • Bad på gangen
  • Reiseforsikring
  • Treningsstudio
  • Studietur: Brasil - Beachvolleyball
    • Mat (3 måltider per dag)
  • Internett
  • Vaskemaskin
Minimumspris for linja 124 100,-

Du kan legge til (Huk av og se hvordan det påvirker prisen)

Lån og stipend

Summen du må dekke selv 124 100,-
(12 410,- per måned)
Du betaler månedsvis gjennom skoleåret. Nærmere informasjon får du fra skolen.

Husk at du også trenger penger til dette

  • Enkelte valgfag
    Noen av våre valgfag koster penger. Les mer om valgfag lenger opp på siden. Du velger valgfag først når du begynner på skolen.
  • Alternativ mat (glutenfri, melkefri, vegan etc) om du har behov for dette. Ta kontakt med skolen for mer informasjon.
  • Hjemreiser fra skolen:
    • Høstferie, juleferie, vinterferie, påskeferie
      Vi har kun stengt i feriane, ingen andre frihelgar. Dersom du treng å reise heim utanom feriane, så lar det seg lett ordne.
  • Om du velger å bli på skolen i hjemreisehelgene må du ordne deg mat selv.
  • Lommepenger. På bloggen forteller fire elever hvor mye lommepenger de brukte i løpet av sitt år på folkehøgskole
Søk på linjaMeir om skulenSkulen si nettside

Bestill katalogen for 2020/2021

Få full oversikt over skoler og linjer, og bli kjent med livet på folkehøgskole.

Bestill katalogen

Linjer som liknar denne

Volleyball

Sunnfjord Folkehøgskule
Ledig plass
Heilårskurs14 t/ukeKristen

Sandvolley

Grenland Folkehøgskole
Ledig plass
Heilårskurs12 t/ukeKristen

Idrett

Sogndal folkehøgskule
Ledig plass
Heilårskurs18 t/ukeFrilynt

KRIK - Volleyball og Ski

Sagavoll Folkehøgskole
Ledig plass
Heilårskurs15 t/ukeKristen

Crosstrening, beachvolley og klatring - Bali

Kristiansand Folkehøyskole
Ledig plass
Heilårskurs15 t/ukeKristen

Volleyball Backpack - Barcelona

Høgtun Folkehøgskole
Ledig plass
Heilårskurs15 t/ukeKristen

Ballsport

Idrettsskolen Numedal Folkehøgskole
Ledig plass
Heilårskurs15 t/ukeFrilynt