Til hovedinnhold
Fullt

Me bruker heile året på å dyrke musikkinteressa di, saman med motiverte venner! Du får skrive musikk, spele i band, skape magiske konsertar, bli betre på hovudinstrument, og sjølvsagt gå på konsertar!

Dette året handlar om musikk, utvikling og skaparglede – anten me held til på bandrommet og spelar ilag, eller sit for oss sjølv og skriv songar. 

Me jobbar med ulike sjangrar, konsertproduksjonar, og me skriv låter som me spele inn i studio og utgir på EP til våren!  

Sist, men ikkje minst – inspirasjonstur til London! (yay) 

I løpet av året får du:  

Liker du å skrive songar, får du rettleiing i låtskriving og mange muligheter til å spele musikken din saman med resten av klassen.  

Liker du å spele instrument, er denne linja perfekt for deg! Vi skal utforske ulike sjangrar og konsertformer ulike scener – med ulike samansetningar.

Alle får muligheten til å spele inn minst ei låt i studio. Kvart år har vi eit mål om gi ut ein EP med sjølvkomponerte låtar frå året Stord. Her får vi prøvd oss som studiomusikarar og produsentar. På tre dagar gjennomfører vi live-innspelingar i eit studio i nærleiken. 

Fasilitetar!  

På skulen har vi eit fullt utstyrt bandrom, og muligheter for eigenøving. Trommesett, forsterkarar, piano og synthar står klar, men ta gjerne med eige om du har!

Deg som liker å være kreativ, er interessert i musikk og samspel. For deg som ynskjer ein sosial kvardag med latter, sang og konsertar. Du har grunnleggande kunnskap om instrumentet ditt.

Dette vil du lære

Etter året med oss kan du: 

  • Mykje meir om musikk, band og samspel (som gruppe) 
  • Meir om hovudinstrumentet ditt (individuelt) 
  • Korleis skrive musikk som gir utrykk for det du vil 
  • Samarbeide om store og små prosjekter 
  • Korleis spele inn og førebu ei studioinnspeling 
  • Ulike sjangrar, og du har prøvd dei ut 
  • Sette opp konsertar 

Våre forventninger til deg

  • Er dedikert og motivert
  • Interessert i å lære om musikk
  • Har eit ynskje om å spele for eit publikum
  • Er positiv og imøtekommande
  • Møter opp på øvingar (også utanfor skuletid)
  • Tar med instrument og alt du treng til eigenøving (evt. forsterkar, kablar, liten høgtalar, pc/mac/nettbrett)

London Baby - Musical scenes of London

Obligatorisk: Ja

Pris: Inkludert i linjepris

Måltider pr dag inkludert: 1

Me skal på inspirasjonstur til London. På turen skal me oppleve mykje av det storbyen har å tilby som er både sosialt og faglig relevant for oss. Me skal blant anna på: 

  • Musikal 
  • Jazzklubb eller ein aktuell stor konsert 
  • Besøke eit musikkstudio 
  • Få omvisning på eit musikkinstitutt 
  • Konsertoppsett 

Me held augene åpne for større og mindre konsertar i Noreg – her får du være med å bestemme kor og kva me skal 

Turné, Jazzklubb og pub-konsertar

Obligatorisk: Ja

Pris: Inkludert i linjepris

Me skal på minst ein turné i løpet av året. Her er det planlagt å spele turné på Vestlandet!

Konsertar gjennom året

Obligatorisk: Nei

Pris: Inkludert i linjepris

Når det kjem aktuelle konsertar til Noreg, prøver me å få delta på nokre av dei gjennom året. Både store og små band.  

Våre turar er unike opplevingar som ofte er vanskeleg å gjennomføra på eigahand, som fjordcruise med veteranskip i nydelege Hardangerfjorden. Du vil reisa på ulike turar nært og fjernt. Nokre turar er knytt opp til dei enkelte linjene, medan andre er felles for skulen.

Veteranbåten MS Sunnhordland på Vestlandet

Obligatorisk: Ja

Pris: Inkludert i linjepris

Skuleåret får ein pang-start med at heile skulen reiser på tur med Veteranskipet MS Sunnhordland inn i vakre Hardangerfjorden og rundt i Øyriket Sunnhordland. Me opplever flotte stoppestader og nyter vakker natur og unike sund ombord i eit historisk skip!

Vintereventyr til Hovden

Obligatorisk: Ja

Pris: Inkludert i linjepris

Når vinteren slår til reiser me til Hovden for dagar med ski og alpint. Her er det mogeleg med flate turar, slalåm, slakke turar, aking, toppturar, bratte turar eller veldig bratte turar. Noko for alle nivå!

Severin Vik

Lærar

Severin er vår fremste regent innan musikken. Utdanna musikkpedagog med master i kreative læreprosessar. Han har spelt event-jobbar sidan han var 15, og spelt mykje show-konsertar opp og ned langs kysten. Gitarist, pianist, sangar og showmann. Musikaren Severin steller i stand liv og røre der han er. Han har alltid ein passande låt på lur. Gjennom skuleåret vil du få bli godt kjent med Severin.

Epost: Severin@Stordfhs.no
Telefon: 46 89 60 22

Petter Misje

Lærar Vokal, Låtskrivar og Band

Musikar, revy-artist, og gledesspreiar! Petter elsker å spela saman. Petter deler gladeleg musikkgleden, jobbar med deg på scenefrykt og performance, og øver saman for at det skal sitta! Petter er også ein sann filmmusikk-entusiast og elsker å både spela og oppleva musikken.

  • Skulestart: Søndag 25. august 2024
  • Haustferie: Fredag 4. – 13. oktober (Fredag 4. oktober fri frå kl. 12, returdag søndag 13. oktober)
  • Juleferie: 18. desember til 2. januar (Onsdag 18. desember fri frå kl. 12, returdag tysdag 2. januar)
  • Vinterferie: 21. februar til 2. mars (Fredag 21. januar fri frå kl. 12, returdag søndag 02. mars)
  • Påskeferie: til 22. april (Fredag 11. mars fri frå kl. 12, returdag tysdag 22. april. Oppstart 23. april)
  • Avslutningsfest 10. mai
  • Avreise: Siste avreisedag, 11. mai kl 12.
Last ned årsplan som pdf ↓

Her kan du velja og tilpassa skuleåret akkurat slik du vil. Ved Stord Folkehøgskule har du ein omfattande meny av valfag. Valfaga varierer i omfang, og du kan velje 1-3 valfag for kvar termin. Til vanleg varer valfaget i to eller tre skuletimar kvar veke.

Klatring

Foregår i klatreveggen inne på vikahaugane, om været tillet det kan det bli uteklatring/rapellering. Lære å sikre, øve på klatring, få teknikktips.

Kreativ Maling

Spray-boksar, akryl, børstar og vassmaling. Her får du lære om maleteknikkar, og mala dine eigne kreasjoner.

Mixology Mocktail Bartending

På skulen har me vår eigen alkoholfrie bar. Lær deg å laga moctails, utforska spanande smakskombinasjonar, laga eigen garnityr, å skapa stemning og å møta menneske.

Skyting

Her vil du få høve til å fordjupe og praktisere skytterkunsten, ved anlegget til Stord Skyttarlag på Stord. Eige gevær eller lån av oss!

Trening, helse og kosthald

Lær mer om hvordan kosthold og trening påvirker helsen din, og få hjelp til å lage egne treningsprogram for dine behov. Kvar økt startar med litt teori, før me går over til praksis i treningsstudio.

Volleyball

Volleyball er intenst, gøyalt og svært god trening! Og ikkje minst ein utruleg lærerik lagsport nesten alle har vore med på!

Brettspel og Table-top

Brettspel er sosialt, underhaldande, lærerrikt, utfordrande og gøy. Den vanvittige store variasjonen i ulike spel vil gi deg mange utfordringar og kjekke opplevingar.

Båt og sjø

Livet ved og på sjøen! Her kan du seile både jolle og kjølbåt, og kjøre motorbåt. Vi bruker SUP-brett og kajakker, prøver fiskelykken og setter krabbeteiner, og selvfølgelig tar vi oss et bad i sjøen.

Escape Room Sunnhordland

I dette faget skal du besøke ulike Escape room i vårt nærområde, og designe, planlegge og bygge eit Escape Room sjølv. Ulikt, lærerikt og veldig spennande fag!

Matlaging i naturen

Vi går små turer der vi lager mat i naturen, enten på bål eller stormkjøkken. Vi plukker bær og sopp som brukes i rettene. Her får du mulighet til å lage forskjellige matretter og teste ut nye smaker.

Mobilfoto

Me utforskar by og natur armert utelukkande med mobilkameraet. Me forsøker å knipsa dei flotte augneblikka.

Podcast

I vårt eige lydstudio lærer me å laga podcast og radio-sendingar. Kva skal til for å underhalde og korleis når ein ut til folk?

Stop motion

Stop motion er en animasjonsteknikk. Vi tar ett bilde av et stillestående objekt, flytter objektet, tar ett nytt bilde, flytter objektet igjen osv, og til slutt sitter vi igjen med en leken animasjon.

Strikk, sy, redesign

Lær å strikke, eller å sy! Lag dine eigne klede, både avansert og enkelt, gjerne med gjenbruk av materialer.

Aktiv lytting

I Aktiv lytting presenterer vi musikken vi liker for våre medelever, og forklarer kva det er som gjør den spesiell for oss. Vi går gjennom forskjellige sjangre, og gjør vårt beste for å eksponere oss

Baking

Me er på kjøkkenet og bakar til vår eigen kafe.

Dungeons & Dragons

Innlevelse, terningar, grotter, drakar, magi og humor. Har du funne din karakter og bestemt deg for eventyr, eller vert du sitjande i byen og krangla med vaktane? Opp til deg!

Teikning/måling

Her får du mulighet til å prøva ulike teknikkar på eiga hand, sjå på ulike former for teikning og maling

Alternativt ballspill + fotball

I dette valgfaget får du mulighet til å teste ut alternative ballspill. Flagfootball, Tchoukball med mer.

Fantasy Premier League

Vi danner en egen liga på skolen og møtes for å diskutere taktikk, før vi kårer rundens vinner.

Filmklubben

Me ser notoriske filmklassikarar, drøfter og diskuterar kva desse betyr og kva som har gitt opphav til dei. Knasker popkorn og slapper av.

Mobilitet/Stretch/ Relax

Lær å kjenn din eigen kropp, strekk, føl og slapp av i kroppens mange muskler. Me går gjennom mobilitetsøvelsar for å læra om førebygging av skader, balansen i ein glad kropp og velbehag.

Årbok

Alle veit at det er veldig kjekt å ha gode minner frå folkehøgskulen til å sjå tilbake på i etterkant. Har du ein liten skribent i magen, eller likar godt å ta bilder? Då kan årbok-valfag vere for deg

Båtførarprøven

Pris: 3 000,-

Ta båtførarlappen saman med Redningsselskapet på folkehøgskulen. Dette er eit tilbod alle kan få uavhengig av andre valfag.

Mykje løye

Klatring inne, rapellering ute, ut i båt til fyrøya, gaming, tur inn i eit tre, skogstur til ei stor grotte, flyting i overlevelsesdrakt...rett og slett mykje løye

Show: Dans & teater

Me regisesserer og øver inn sketsjar og dansenummer for opptreden og framføring for medelevar og kvarandre.

Kjøkken, hybel og gatemat

Her får du læra å laga spanande, rimelege, næringsrike og enkler rettar som de kan laga til dykk sjølv eller til sosiale settingar. Me lagar alt frå norsk tradisjonsmat til internasjonale rettar.

Heilårsbading

Me går ut kvar veka for for å bade i sjøen, uansett vær og vind.

Bokklubben

Me trekker oss litt vekk og besøker det store Biblioteket i Leirvik. Me lærer om viktige bøker og les i fellesskap uten forstyrringar. OBS: Du får fullstendig fri frå mobilen!

Forbetre VGS-fag

Treng du å ta opp nokre fag, eller få betre karakter? Då kan du få hjelp og god tid til å fokusere på dette her.

Stord Folkehøgskule er ein variert, kreativ og moderne skule - i hjarta av Vestlandet og midt i kystbyen Stord mellom Bergen og Stavanger. Her er det fleire varierte linjer, elevar frå heile landet, godt sosialt og inkluderande skulemiljø, og mange aktivitetar og valfag å fylla skulekvardagen og fritida med.

Linjer ved skulen

Les mer om skolen

Fra kr 130 200,-

Inkludert

  • Undervisning
  • Mat og rom på skolen (romtype: dobbeltrom)
  • Bad på rommet
  • 4 måltid kvar dag
  • Turar i skulen sin regi
  • Skulegenser
  • Årbok
  • Studietur: Veteranbåten MS Sunnhordland på Vestlandet
  • Studietur: Vintereventyr til Hovden
  • Studietur: London Baby - Musical scenes of London
    • Mat (1 måltider per dag)
  • Studietur: Turné, Jazzklubb og pub-konsertar
  • Studietur: Konsertar gjennom året
  • Internett
  • Vaskemaskin
Minimumspris for linja 130 200,-

Du kan legge til (Huk av og se hvordan det påvirker prisen)

Lån og stipend

Summen du må dekke selv 130 200,-
(13 020,- per måned)
Når du takker ja til skoleplassen må du betale et administrasjonsgebyr på rundt 2500 kroner. Resten av summen betaler du månedsvis gjennom skoleåret. Nærmere informasjon får du fra skolen.

Husk at du også trenger penger til dette

Dette utstyret får du låne av skolen

Bandrom!

Vi har fullt utstyrt bandrom til øving i og utanfor skuletid.
Vokal-mikrofon, trommer, bass, gitar, amp og piano/synth

Studio!

Det er lydstudio på skulen og profesjonelle studio nær ved, kor me kan få spelt inn musikken. Og komplett filmstudio der vi kan lage filmvideoar saman med Film og TV linja.

Dette utstyret må du stille med selv

I tillegg til skulen si generelle pakkeliste for eit år på folkehøgksule, er det veldig fint om du tek med alt du treng for å kunne spele og skrive: 

  • Instrument om du spelar (evt tilbehør: kablar, pedalbrett, trommestikker, mikrofon) 
  • Mac/PC/Nettbrett (til eigenøving, låtskriving, akkordskjema/tekst) 
  • Forsterkar (om du har/ynskjer å ha ein på rommet) 
  • Viss du har ymse anna utstyr du sjølv ønsker å bruka, er du hjerteleg velkommen til å ta det med.

Me vil kontakte deg i forkant av skuleåret.

Har du spesielle behov for tilrettelegging? Ta kontakt med oss for å finne ut om vi har moglegheit til å tilrettelegge året etter dine forventningar og behov.

Meir om skulenSkulen si nettside

Dette seier tidlegare elevar

Alva Eira Folkvord

Eg visste ikkje ka eg ville gjere etter videregående, og derfor valgte eg å ta eit friår sammen med mange andre som er i samme situasjon. På Stord var det mange spennande fag eg hadde lyst å prøva, og året var fantastisk!

Alva Eira Folkvord
Torstein Ward

Folkehøgskule var ein sjanse å finna folk med same interesser som meg og ha det kjekt med forskjellige aktivitetar og mange forskjellige folk. Eit år som var noko anna enn å sitta heima, eit intenst og sosialt år eg kunne utforma med det eg ønska meg

Torstein Ward
Anna Myrvold

Jeg visste ikke hva jeg ville gjøre etter videregående. Jeg er veldig fornøyd med valget mitt, da det her har blitt ett av mine beste år og jeg har fått oppleve masse, og blitt kjent med masse nye fantastiske folk. Og her var det interessante linjer!

Frå bloggen

Guri Melby: - Folkehøgskole er slett ikke utdatert

Med de ordene åpnet leder av Venstre og tidligere kunnskapsminister Guri Melby i dag splitter nye Stord folkehøgskule. Søndag flytter 95 spente elever inn i ...

Les meir på bloggen ▷

Få gratis skolekatalog i postkassa!

Få katalog med full oversikt over alle folkehøgskoler i posten. Bli kjent med skolene i ro og mak, og diskuter med venner og familie!

Bestill katalogen

Linjer som liknar denne

Rock & Metal

Buskerud Folkehøgskole
Få ledige plasser
HeilårskursFrilynt

BAND

Follo Folkehøgskole
Heilårskurs19 t/ukeFrilynt

Pop

Trøndertun folkehøgskole
HeilårskursFrilynt

Rytmisk linje - Band

Manger folkehøgskule
Heilårskurs19 t/ukeFrilynt

Rock

Trøndertun folkehøgskole
HeilårskursFrilynt

Musikkproduksjon

Nordmøre Folkehøgskule
Helårskurs A12 t/ukeFrilynt

Musikk - Trommer

Harstad Folkehøgskole
Heilårskurs15 t/ukeFrilynt

Filmmusikk - Europa og USA​

Solborg folkehøgskole - Stavanger
Heilårskurs12 t/ukeKristen

Musikk - Band & turné

Fana folkehøgskule - Bergen
Heilårskurs13 t/ukeFrilynt

Musikk & Låtskriving

Evje Folkehøgskole
Heilårskurs12 t/ukeFrilynt

Musikkproduksjon - Europa og USA

Solborg folkehøgskole - Stavanger
Heilårskurs12 t/ukeKristen

Musikk

Lundheim folkehøgskole
Helårskurs B9 t/ukeKristen