Til hovedinnhold

Rytmisk utøvande musikk & Songwriter

Søk på linja
Kontakt skulen

Har du lyst å bruke eit heilt år på å spele eller skrive musikk? Lære kva som skal til for å bli profesjonell musikar eller bli tryggare på scena? Då er Rytmisk på Stord FHS for deg!

Her vil du få mykje tid til eigenøving, slik at du kan utvikle deg slik DU ynskjer. Du får delta i band-prosjekt kor sjanger-kunnskapen din vert sett på prøve, samt muligheit til å framføre musikken din på store og små scenar på Stord. Hovudinstrumenttimar er sjølvsagt inkludert med engasjerte og dyktige lærarar, som også er aktive musikarar (!!).

I tillegg til dette får du gå på ein av dei nyaste folkehøgskulane i Noreg som ligg midt i Leirvik sentrum. Som musikk-elev er det enkelt å bli inkludert i sosiale samlingar, anten det er allsong på ettermiddagen, mini-konsertar eller starte ein låtskrivar-klubb.

Som klasse skal me:
Lære om kva som krevst for å være musikar.
Korleis ein motiverer seg, korleis øve effektivt, samt refleksjonar rundt din indre entrepenør: kva kan eg tilby som musikar/låtskrivar? Kvifor er eg flink nok?

Sjå live-opptak frå favoritt-artisten din og analysere den
For å spele bra live, treng me å vete kva som fungerer, og kvifor det fungerer så godt.

Forbetre høyrelære/teori-kunnskapane dine
Å ha eit godt utvikla øyre er svært viktig for å kunne arbeide som musikar. Her lærer me å kjenne igjen akkordrekkjer, melodiar, me ser og på effektive måtar å innstudere musikk på.

Lære om ulike populærmusikk-sjangrar i band (pop, funk, fusion, jazz osv..)

Les ufyllande på linjesida vår på Stordfhs.no

Kan spele litt frå før. Vurderer å ta vidare musikkutdanning. Likar å være sosial. Likar å bli utfordra musikalsk og sosialt. Har eit brennande ynskje om å utrette noko. Variert musikkvardag.

Dette vil du lære

Sjå linjesida på Stordfhs.no for full skildring!

  • Lære om kva som krevst for å være musikar.
  • Sjå live-opptak frå favoritt-artisten din og analysere den.
  • Forbetre høyrelære/teori-kunnskapane dine.
  • Lære om ulike populærmusikk-sjangrar i band (pop, funk, fusion, jazz osv...).
  • Bandrotasjon

Våre forventninger til deg

  • Er dedikert og motivert
  • Interessert i å lære om musikk
  • Har eit ynskje om å spele for eit publikum.
  • Er positiv og imøtekommande
  • Møter opp på øvingar (også utanfor skuletid)
  • Tar med instrument og alt du treng til eigenøving (evt. forsterkar, kablar, liten høgtalar, pc/mac/nettbrett).

Studietur: London Baby - Musical scenes of London

Obligatorisk: Ja

Pris: Inkludert i linjepris

Me er alltid på jakt etter å oppleve musikk, sjå korleis fantastiske konsertar blir til og besøke flotte lytstudio.

I London skal blant anna

- Møte dyktige fagpersonar

- Sjå på fasilitetar i West End (og sjølvklart gå på musikal),

- Gå på konsert og kanskje besøke eit verdenskjent musikkstudio?

Studietur: Turar til norske scener!

Obligatorisk: Ja

Pris: Inkludert i linjepris

I Noreg får dykk

- oppleve korleis ein festival bli sett opp,

- deltatt i studio-arbeid og live-arbeid

- være med på oppsetting av produksjonar

- og bli med backstage på ein konsert-dag

Våre turar er unike opplevingar som ofta er vanskeleg å gjennomføra på eigahand, som fjordcruise med veteranskip i nydelege Hardangerfjorden. Du vil reisa på ulike turar nært og fjernt. Nokre turar er knytt opp til dei enkelte linjene, mens andre er felles for skulen.

Vintereventyr

Obligatorisk: Ja

Pris: Inkludert i linjepris

Når vinteren slår til reiser me inn til Hovden for dager med ski og alpint. Her er det mogeleg for flate turer, slalom, slakke turer, aking, toppturer, bratte turer eller veldig bratte turer. Noko for alle nivå!

Veteranbåten MS Sunnhordland på Vestlandet

Obligatorisk: Ja

Pris: Inkludert i linjepris

Skuleåret får ein pang-start med at heile skulen reiser på tur med Veteranskipet MS Sunnhordland inn i vakre Hardangerfjorden og rundt i Øyriket Sunnhordland. Me opplever flotte stoppestader og nyter vakker natur og unike sund ombord i eit historisk skip!

Severin Vik

Lærar

Severin er vår fremste regent innan musikken. Utdanna musikkpedagog med master i kreative læreprosessar, og han har spelt event-jobbar sidan han var 15, og spelt mykje show-konsertar opp og ned langs kysten. Gitarist, pianist, sangar og showmann. Musikaren Severin steller i stand liv og røre der han er. Han har alltid ein passande låt på lur. Gjennom skuleåret vil du få bli godt kjent med Severin.

Epost: Severin@Stordfhs.no
Telefon: 46 89 60 22

Petter Misje

Lærar

Vår stjernelærar på, bak og rundt kameraet! Petter har arbeida i NRK i Oslo med Sommar- og Vinter-OL, og dekka live-sendingar av mange verdensmesterskap.

Før han byrja på Stord jobba han som filmleiar/regissør ved Zpirit Reklamebyrå, med mange prisar i ryggen for sine filmar. Han er musikar, komponist, filmskapar og filmar, og lagar dokumentarar innimellom jobben som lærar!

 

Epost: petter@stordfhs.no
Telefon: 97733852

  • Skulestart: 21.august 2022
  • Haustferie: 8-17. oktober (8. okt. fri frå kl. 12)
  • Juleferie: 17. desember til 6. januar (17.des. fri frå kl. 12)
  • Vinterferie fredag 25.februar til 6. mars. (25.feb. fri frå kl. 12)
  • Påskeferie 8- april (8.april fri frå kl. 12)
  • Avslutningsfest 14. mai
  • Avreise 15. mai

Her kan du velja og tilpassa skuleåret akkurat slik du vil. Ved Stord Folkehøgskule har du ein omfattande meny av valfag. Valfaga varierer i omfang, og du kan velje 1-3 valfag for kvar termin. Nokre varer ein heil dag, andre går over to eller tre skuletimar.

Filmklubben

Me ser notoriske filmklassikarar, drøfter og diskuterar kva desse betyr og kva som har gitt opphav til dei. Knasker popkorn og slapper av.

Klatring

Foregår i klatreveggen inne på vikahaugane, om været tillet det kan det bli uteklatring/rapellering. Lære å sikre, øve på klatring, få teknikktips.

Podcast og radio

I vårt eige lydstudio lærer me å laga podcast og radio-sendingar. Kva skal til for å underhalde og korleis når ein ut til folk?

Skyting

Her vil du få høve til å fordjupe og praktisere skytterkunsten, ved anlegget til Stord Skyttarlag på Stord. Eige gevær eller lån av oss!

Teikning/måling

Her får du mulighet til å prøva ulike teknikkar på eiga hand, sjå på ulike former for teikning og maling

Trening, helse og kosthald

Lær mer om hvordan kosthold og trening påvirker helsen din, og få hjelp til å lage egne treningsprogram for dine behov. Kvar økt startar med litt teori, før me går over til praksis i treningsstudio.

Volleyball

Volleyball er intenst, gøyalt og svært god trening! Og ikkje minst ein utruleg lærerik lagsport nesten alle har vore med på!

Brettspel og Sjakk

Brettspel er sosialt, underhaldande, lærerrikt, utfordrande og gøy. Den vanvittige store variasjonen i ulike spel vil gi deg mange utfordringar og kjekke opplevingar.

Kreativ Maling

Spray-boksar, akryl, børstar og vassmaling. Her får du lære om maleteknikkar, og mala dine eigne kreasjoner.

Natur og miljøvern

Lær om korleis me tar vare på naturen, kva som skal til for artsmangfald, og bli med å utforsk ulike naturtypar med eigne auge.

Psykologi og mindfullsness

Å vere bevisst på sine omgivnader, tenke og forstå verden rundt seg og vere med i øyeblikket er noko som kan trenast og lærast opp. Her senker me skuldrene og fokuserer på det menneskelege.

Stop motion

Stop motion er en animasjonsteknikk. Vi tar ett bilde av et stillestående objekt, flytter objektet, tar ett nytt bilde, flytter objektet igjen osv, og til slutt sitter vi igjen med en leken animasjon.

Baking

Me er på kjøkkenet og bakar til vår eigen kafe.

Verdensrekorden

Har du nokonsinne drøymd om å inneha ein verdensrekord? Dette valfaget går ut på å planlegga og gjennomføra eit verdensrekordforsøk. Verdens største pepperkake(by), verdens lengste intervju, o.l.

Alternativt ballspill + fotball

I dette valgfaget får du mulighet til å teste ut alternative ballspill. Flagfootball, Tchoukball med mer.

Dungeons & Dragons

Innlevelse, terningar, grotter, drakar, magi og humor. Har du funne din karakter og bestemt deg for eventyr, eller vert du sitjande i byen og krangla med vaktane? Opp til deg!

Esport

Viss du vil spisse deg litt inn på Esport gjennom skuleåret, er dette faget for deg. Du kan fordjupe deg i diverse gaming, som Fortnite, League of Legends, Warzone, CS, Apex, Starcraft eller andre.

Fantasy Premier League

Vi danner en egen liga på skolen og møtes for å diskutere taktikk, før vi kårer rundens vinner.

Mobilitet/Stretch/ Relax

Lær å kjenn din eigen kropp, strekk, føl og slapp av i kroppens mange muskler. Me går gjennom mobilitetsøvelsar for å læra om førebygging av skader, balansen i ein glad kropp og velbehag.

Årbok

Alle veit at det er veldig kjekt å ha gode minner frå folkehøgskulen til å sjå tilbake på i etterkant. Har du ein liten skribent i magen, eller likar godt å ta bilder? Då kan årbok-valfag vere for deg

Båtførarprøven

Pris: 3 000,-

Ta båtførarlappen saman med Redningsselskapet på folkehøgskulen. Dette er eit tilbod alle kan få uavhengig av andre valfag.

Dykking

Pris: 5 000,-

Teoretisk opplæring, praktisk opplæring i basseng og dykk i fjorden. Du får dykkerlappen og vil kunne dykke på egenhånd ned til 20 m dybde. Utforske vrak og korallrev i skjærgården. Krev litt utstyr.

Idrettsmassasje

Her får du lære om å ta vare på deg sjølv. Ved siden av trening, gjennom ein kontordag eller for å støtte opp eller førebygge skader. Idrettsmassasje er svært nyttig for aktive personer.

Maratonet!

Har du vurdert å trene deg opp til maraton? På slutten av skuleåret arrangeres Sunnhordland Maraton, gjennom året vil ein kunne vere med på gøy og aktiv maraton-trening fram mot løpet!

Mykje løye

Klatring inne, rapellering ute, ut i båt til fyrøya, gaming, tur inn i eit tre, skogstur til ei stor grotte, flyting i overlevelsesdrakt...rett og slett mykje løye

Show: Dans & teater

Me regisesserer og øver inn sketsjar og dansenummer for opptreden og framføring for medelevar og kvarandre.

Kjøkken, hybel og gatemat

Her får du læra å laga spanande, rimelege, næringsrike og enkler rettar som de kan laga til dykk sjølv eller til sosiale settingar. Me lagar alt frå norsk tradisjonsmat til internasjonale rettar.

Låtskriving og musikkproduksjon

Dyrk di kreative stemme, og lag musikk – anten gjennom PC-skjermen eller på instrumentet ditt. Her får du tid til å skrive, ro og fred til å skape, samt producer-, og låtskriver-tips.

Escape Room Sunnhordland

I dette faget skal du besøke ulike Escape room i vårt nærområde, og designe, planlegge og bygge eit Escape Room sjølv. Ulikt, lærerikt og veldig spennande fag!

Heilårsbading

Me går ut kvar veka for for å bade i sjøen, uansett vær og vind.

Innsats for andre

I dette valfaget skal me planlegge og arrangere sosiale treffpunkt for folk utanfor skulen.

Bokklubben

Me trekker oss litt vekk og besøker det store Biblioteket i Leirvik. Me lærer om viktige bøker og les i fellesskap uten forstyrringar. OBS: Du får fullstendig fri frå mobilen!

Forbetre VGS-fag

Treng du å ta opp nokre fag, eller få betre karakter? Då kan du få hjelp og god tid til å fokusere på dette her.

Nokre sjansar, dei kjem berre ein gong i livet. Viss du trives med at det skjer mykje forskjellig, vil du trives hos oss.  Våre spennande linjer byr på personleg utvikling i eit sosialt år med nye vener frå heile landet. Grip sjansen; kom til kysten, den urbane skulen, og byen midt i naturen!

Linjer ved skulen

Les mer om skolen

Fra kr 117 000,-

Inkludert

  • Undervisning
  • Mat og rom på skolen (romtype: dobbeltrom)
  • Bad på rommet
  • 4 måltid kvar dag
  • Turar i skulen sin regi
  • Studietur: Vintereventyr
  • Studietur: Veteranbåten MS Sunnhordland på Vestlandet
  • Studietur: London Baby - Musical scenes of London
  • Studietur: Turar til norske scener!
  • Internett
  • Vaskemaskin
Minimumspris for linja 117 000,-

Du kan legge til (Huk av og se hvordan det påvirker prisen)

Lån og stipend

Summen du må dekke selv 117 000,-
(11 700,- per måned)
Når du takker ja til skoleplassen må du betale et administrasjonsgebyr på rundt 2500 kroner. Resten av summen betaler du månedsvis gjennom skoleåret. Nærmere informasjon får du fra skolen.

Husk at du også trenger penger til dette

  • Mat på studietur London Baby - Musical scenes of London
  • Mat på studietur Turar til norske scener!
  • Enkelte valgfag
    Noen av våre valgfag koster penger. Les mer om valgfag lenger opp på siden. Du velger valgfag først når du begynner på skolen.
  • Alternativ mat (allergi, intoleranse etc.) om du har behov for dette. Ta kontakt med skolen for mer informasjon.
  • Utstyr til linja (se Utstyr til linja nedenfor)
  • Hjemreiser fra skolen:
    • Høstferie, juleferie, vinterferie, påskeferie
  • Lommepenger. På bloggen forteller fire elever hvor mye lommepenger de brukte i løpet av sitt år på folkehøgskole

Dette utstyret får du låne av skolen

Bandrom!
Me har fullt utstyrt bandrom til øving i og utanfor skuletid
«Vikjo» er også fullt fungerande som bandrom
        - Vokal-mikrofon, trommer, bass, gitar, amp og piano/synth

Øvingsrom!
Det vert i desse tider jobba med å få klart øvingshotell til egenøving.
På egenøvingsrommet må de stille med instrument sjølv.

Studio!
Det er lydstudio på skulen og profesjonelle studio nær ved, kor me kan få spelt inn musikken. Og komplett filmstudio kor me kan laga filmvideoar saman med Film- og TV-skaparlinja.

 

Dette utstyret må du stille med selv

Kvar elev får sitt eige øvingsrom kor det er forventa at du driv eigenøving. Du disponerer og innreier rommet sjølv: Altså må du ha med hovudinstrumentinstrument + forsterkar sjølv (for vokalistar gjeld også mikrofon + xlr-kabel). Det er viktig at du markerer utstyret ditt med namn. Øvingsromma ligg 2 minuttar frå internatet.

I tillegg gjelder generell pakkelista for eit år på folkehøgskule. 

Søk på linjaMeir om skulenSkulen si nettside

Dette seier tidlegare elevar

Torstein Ward

Folkehøgskule var ein sjanse å finna folk med same interesser som meg og ha det kjekt med forskjellige aktivitetar og mange forskjellige folk. Eit år som var noko anna enn å sitta heima, eit intenst og sosialt år eg kunne utforma med det eg ønska meg

Torstein Ward
Alva Eira Folkvord

Eg visste ikkje ka eg ville gjere etter videregående, og derfor valgte eg å ta eit friår sammen med mange andre som er i samme situasjon. På Stord var det mange spennande fag eg hadde lyst å prøva, og året var fantastisk!

Alva Eira Folkvord
Anna Myrvold

Jeg visste ikke hva jeg ville gjøre etter videregående. Jeg er veldig fornøyd med valget mitt, da det her har blitt ett av mine beste år og jeg har fått oppleve masse, og blitt kjent med masse nye fantastiske folk. Og her var det interessante linjer!

Frå bloggen

Kunnskapsministeren: - Folkehøgskole er slett ikke utdatert

Med de ordene åpnet kunnskapsminister Guri Melby i dag splitter nye Stord folkehøgskule. Søndag flytter 95 spente elever inn i det tidligere hotellet.

Les meir på bloggen ▷

Få gratis skolekatalog i postkassa!

Få katalog med full oversikt over alle folkehøgskoler i posten. Bli kjent med skolene i ro og mak, og diskuter med venner og familie!

Bestill katalogen

Linjer som liknar denne

Musikk

Sagavoll Folkehøgskole
Ledig plass
Heilårskurs15 t/ukeKristen

Aktiv Hverdag - Botrening

Nordvestlandet folkehøgskole
Ledig plass
Heilårskurs29 t/ukeKristen

Musikk

Lundheim folkehøgskole
Ledig plass
Helårskurs B9 t/ukeKristen

Music Live Studio - Bass

Harstad Folkehøgskole
Ledig plass
Heilårskurs15 t/ukeFrilynt

Musikk Ski Snowboard

Toten Folkehøgskole
Fullt
HeilårskursFrilynt

Musikk og vokal

Åsane folkehøgskole - Bergen
Ledig plass
Heilårskurs14 t/ukeFrilynt

Utøvende klassisk messing

Toneheim Folkehøgskole
Ledig plass
HeilårskursFrilynt

Musikkproduksjon Studio

Musikkfolkehøgskolen Viken
Få ledige plasser
Heilårskurs9 t/ukeKristen

Utøvende Musikk

Ringerike Folkehøgskole
Få ledige plasser
Heilårskurs15 t/ukeFrilynt

Jazz

Trøndertun folkehøgskole
Ledig plass
Heilårskurs24 t/ukeFrilynt

Andreårs-jazz

Sund folkehøgskole
Ledig plass
Heilårskurs18 t/ukeFrilynt

Rock & Metal

Buskerud Folkehøgskole
Få ledige plasser
HeilårskursFrilynt