Til hovedinnhold
Ledig plass

Eit aktivt år fullt av nye opplevingar! På Multisport Explore får du eit intenst og variert år, der du får prøvd mange forskjellige idrettar. Du blir del av ein aktiv gjeng med fokus på teambuilding!

Skulen si plassering på Stord, gir gode høve for enkelt å komma seg rundt og oppleva det Vestlandet har å by på – frå surfing på Jæren til klatring via ferrata på Trolltunga eller kiting på Hardangervidda.

Med kort avstand til gode lokale idrettsanlegg, skog, fjell og sjø, ligg alt til rette for eit aktivt og variert år.

For deg som ønsker eit aktivt og gøyalt år der pulsen og gliset kjem fram! Der du får prøvd mange ulike idrettsaktivitetar saman med nye vener frå heile landet. Her er linja for deg, kom å bli med!

Dette vil du lære

Lagarbeid, initiativ og det å pushe deg sjølv, skape nye venskap, beherske og prøve ut eit stort utval ulike idrettsaktivitetar og få sjå gleden i fysisk fostring.

Her er eit lite utval av noko av det du kan få oppleve:

  • Ballidretter
  • Klatring
  • Styrketrening
  • Skyting
  • Idretter på Isbane
  • alpint
  • kiting
  • svømming
  • Trolljegerløpet
  • Golf
  • Tennis
  • rafting
  • og mykje meir!

Våre forventninger til deg

At du er klar for eit variert og spennande år, fyllt med mange aktiviteter. At du ønsker eit år som utfordrer deg litt, men kor du også kan utfordre oss! Du får prøvd mange aktiviteter du ikkje visste fantest!

Obligatorisk: Ja

Pris: Inkludert i linjepris

På starten av året, når sesongen er best tar me ein rundtur, til fots, på sykkel, i kajakk eller det vi sammen blir einige om. Mange muligheitar. Er været godt kan sjå fjellets gull i nydelege haustfargar, og utfordre oss sjølv med varierte aktivitetar.

Du vil reisa på ulike turar nært og fjernt. Nokre turar er knytt opp til dei enkelte linjene, mens andre er felles for skulen.

Øyhopping i vikingøyane!

Obligatorisk: Ja

Pris: Inkludert i linjepris

Skuleåret får ein pang-start med øyhopping ut i Fitjar-øyene, kor me reiser, utforsker, utfordrer og blir kjent med kvarandre over nokre dagar. Vakre Smedholmen vert vår base.

Vinter i Røldal

Obligatorisk: Ja

Pris: Inkludert i linjepris

Når vinteren slår til reiser me inn til Røldal for nokre dager med ski og alpint. Her er det mogeleg for flate turer, slakke turer, toppturer, bratte turer eller veldig bratte turer. Noko for alle nivå!

Folgefonna

Obligatorisk: Nei

Pris: Inkludert i linjepris

Me vandrar langs nydelege bondhusvatnet og opp Keiserstien frå Kvinnherad til Fonnabu, overnatter i hyttene på toppen. Der vandrar me over Folgefonna, Norges tredje største isbre, og ned til Odda, eller tilbake ned til Kvinnherad.

bildetekst

Opplevingstur gjennom Hardangerfjorden

Obligatorisk: Ja

Pris: Inkludert i linjepris

Det er umogeleg å bu ved munnen av Hardangerfjorden, uten å oppleve det nydelege fjordlandskapet. Mot slutten av skuleåret reiser me på opplevelsestur i Hardangerfjorden. Du kan ikkje vere i regionen så lenge uten å oppleve dette. 

Det blir rafting, nydelege friluftsaktiviteter over Dronningstien, ein fjord i full blomstring og mykje meir spennande du kan bli med på. 

På turen skal me kose oss, oppleve natur og kultur, spise godt og nyte dagane.

  • Skulestart: 23.august 2021
  • Haustferie: 3. – 11. oktober
  • Julebord 16. desember
  • Juleferie: 17. desember til 4. januar
  • Dei ulike linjene har sine turer på våren.
  • Påskeferie 7-19. april
  • Felles-reise for skulen i april
  • Avslutningsfest 14. mai
  • Avreise 15. mai

Her kan du velja og tilpassa skuleåret akkurat slik du vil. Ved Stord Folkehøgskule har du ein omfattande meny av valfag. Valfaga varierer i omfang, og du kan velje 1-3 valfag for kvar termin. Nokre varer ein heil dag, andre går over to eller tre skuletimar.

Årbok

Alle veit at det er veldig kjekt å ha gode minner frå folkehøgskulen til å sjå tilbake på i etterkant. Har du ein liten skribent i magen, eller likar godt å ta bilder? Då kan årbok-valfag vere for deg

Escape Room Sunnhordland

I dette faget skal du besøke ulike Escape room i vårt nærområde, og designe, planlegge og bygge eit Escape Room sjølv. Ulikt, lærerikt og veldig spennande fag!

Film-klubben

Me ser notoriske filmklassikarar, drøfter og diskuterar kva desse betyr og kva som har gitt opphav til dei. Knasker popkorn og slapper av.

Brettspel og table-top

Brettspel er sosialt, underhaldande, lærerrikt, utfordrande og gøy. Den vanvittige store variasjonen i ulike spel vil gi deg mange utfordringar og kjekke opplevingar.

E-Sport

Viss du vil spisse deg litt inn på E-sport gjennom skuleåret, er dette faget for deg. Du kan fordjupe deg i diverse gaming, som Fortnite, League of Legends, Warzone, CS, Apex, Starcraft eller andre.

La det skje!

Her får du planlegge, organisere og arrangere noko heilt eige. Vil du lage til ei markering, demonstrasjon eller festival? Du får lære om arrangementer og korleis du arrangerer noko på eigahand.

Preik og journalistikk

Lurt på korleis det er å skrive i nett- og papiraviser, kva som skal til? Me besøker NRK og lokalavisene, og lærer om journalistikk og nyhetsformidling i samarbeid med ungdomsavisa Framtida.

100 Dagar Musikkfestival

Lurt på korleis festivalane velger artister? Det gjer dei på eigne arrangørfestivaler som 100 Dagar på Stord. Her får du mulighet til å vere med å arrangera, gjennomføra og læra om festivalbransjen.

Dans

I vår eigen dansesal lære me å vrikka på rumpa, og kosa oss til rytmiske toner. Six-step, moderne dans, salsa og meir! Gøy og god trening.

Dykking

Pris: 8 000,-

Teoretisk opplæring, praktisk opplæring i basseng og dykk i fjorden. Du får dykkerlappen og vil kunne dykke på egenhånd ned til 20 m dybde. Utforske vrak og korallrev i skjærgården rundt Stord.

Idrettsmassasje

Her får du lære om å ta vare på deg sjølv. Ved siden av trening, gjennom ein kontordag eller for å støtte opp eller førebygge skader. Idrettsmassasje er svært nyttig for aktive personer.

Maratonet!

Har du vurdert å trene deg opp til maraton? På slutten av skuleåret arrangeres Sunnhordland Maraton, gjennom året vil ein kunne vere med på gøy og aktiv maraton-trening fram mot løpet!

Psykologi og mindfullsness

Å vere bevisst på sine omgivnader, tenke og forstå verden rundt seg og vere med i øyeblikket er noko som kan trenast og lærast opp. Her senker me skuldrene og fokuserer på det menneskelege.

Skyting

Her vil du få høve til å fordjupe og praktisere skytterkunsten, ved anlegget til Stord Skyttarlag på Stord. Eige gevær eller lån av oss!

Verdensrekorden

Har du nokonsinne drøymd om å inneha ein verdensrekord? Dette valfaget går ut på å planlegga og gjennomføra eit verdensrekordforsøk. Verdens største pepperkake(by), verdens lengste intervju, o.l.

Kreativ Maling

Spray-boksar, akryl, børstar og vassmaling. Her får du lære om maleteknikkar, og mala dine eigne kreasjoner.

Skøyter/Hockey/isdans/løp

Når vinteren kjem så tar me på oss skøytene og spelar hockey, trener på isdans og skøyteløp eller berre kosar oss på glattisen.

Bazaar!

Me drar med oss den eldre garde og fyre i veg ein skikkeleg basar, med lodd-årer, kaker, lubbesokker og kaffi. Her snakker med beinhard tradisjonell basar-kos for pensjonistar og barneborn!

Bokklubben

Me trekker oss litt vekk og besøker det store Biblioteket i Leirvik. Me lærer om viktige bøker og les i fellesskap uten forstyrringar. OBS: Du får fullstendig fri frå mobilen!

Forbetre VGS-fag

Treng du å ta opp nokre fag, eller få betre karakter? Då kan du få hjelp og god tid til å fokusere på dette her.

Fleire valfag kjem!

Fleire valfag kjem. Som ny skule, er ikkje alle våre valfag avgjort. Det du som elev måtte ønske, vil me forsøke å få realisert! Me vil sørge for at alle skal få attraktive valfag.

Nokre mogelegheiter, dei kjem berre ein gong i livet. Folkehøgskule er ein slik. Velkomen til landets nyaste frilynte folkehøgskule. Våre spennande linjer byr på personleg utvikling i eit sosialt år med nye vener frå heile landet. Du får fulgt dine interesser, opplevingar, eit annerledes år med mange spennande fag.

Linjer ved skulen

Les mer om skolen

Fra kr 114 000,-

Inkludert

  • Undervisning
  • Mat og rom på skolen (romtype: dobbeltrom)
  • Bad på rommet
  • Skulegenser
  • 4 måltid kvar dag
  • Studietur: Øyhopping i vikingøyane!
  • Studietur: Vinter i Røldal
  • Studietur: Folgefonna
  • Studietur: Opplevingstur gjennom Hardangerfjorden
  • Studietur: Rallarvegen/Nærøyfjorden/Voss
  • Internett
  • Vaskemaskin
Minimumspris for linja 114 000,-

Du kan legge til (Huk av og se hvordan det påvirker prisen)

Lån og stipend

Summen du må dekke selv 114 000,-
(11 400,- per måned)
Du betaler månedsvis gjennom skoleåret. Nærmere informasjon får du fra skolen.

Husk at du også trenger penger til dette

Dette utstyret får du låne av skolen

Me har tilgang på ein del utstyr til utleige, som skøyter, ski, ståbrett o.l. Og sjølvsagt alt nødvendig utstyr til våre varierte sporter.

I og rundt skulen har me mange fasiliteter i bruk til undervising og fritid

  • Treningssenter
  • Dansesal
  • Svømmehall
  • Fotballbane
  • Badebrygge
  • Bordtennis
  • Gymsal
  • Klatrehall
  • Idrettshaller for volleyball, basketball mm.

Dette utstyret må du stille med selv

Du trenger: Treningssko for inne og utebruk, treningstøy, turtøy, sekk, badetøy.

Gjerne: Sykkel og ski, eller det du har av ønska utstyr (tennisracketer, skøyer el.l)

Full pakkeliste kjem snart!

 

Søk på linjaMeir om skulenSkulen si nettside

Bestill katalogen for 2021/2022

Få full oversikt over skoler og linjer, og bli kjent med livet på folkehøgskole.

Bestill katalogen

Linjer som liknar denne

Bucketlist

Folkehøgskolen Nord-Norge
Ledig plass
Heilårskurs24 t/ukeKristen

Flexi - aktiv livsstil

Peder Morset folkehøgskole
Ledig plass
Heilårskurs15 t/ukeFrilynt

Multisport - Lanzarote

Karmøy Folkehøgskule
Ledig plass
Helårskurs B6 t/ukeFrilynt

Multisport

Ringerike Folkehøgskole
Ledig plass
Heilårskurs16 t/ukeFrilynt

Grønn Action

Evje Folkehøgskole
Ledig plass
HeilårskursFrilynt

Multisport

Sjøholt Folkehøgskole
Ledig plass
Heilårskurs12 t/ukeKristen

Multisport Surprise

Jæren folkehøgskule
Ledig plass
Heilårskurs12 t/ukeFrilynt

Multisport

Folkehøgskolen Sørlandet
Ledig plass
Heilårskurs15 t/ukeKristen

PULS - Action & Compassion

Stavern folkehøyskole
Ledig plass
HeilårskursKristen

Multisport

Solborg folkehøgskole - Stavanger
Ledig plass
Heilårskurs16 t/ukeKristen

Backpacker

Risøy Folkehøyskole
Ledig plass
HeilårskursKristen

Personlig Trener & Bali

Møre Folkehøgskule
Ledig plass
Heilårskurs15 t/ukeFrilynt

Musikal

Ringerike Folkehøgskole
Ledig plass
Heilårskurs16 t/ukeFrilynt

E-sport aktiv

Sunnfjord Folkehøgskule
Ledig plass
Heilårskurs14 t/ukeKristen

Idrett Ball Sør-Amerika

Hurdal Verk folkehøgskole
Ledig plass
Heilårskurs14 t/ukeKristen

GOLF

Stavern folkehøyskole
Ledig plass
Heilårskurs15 t/ukeKristen

Idrett og Friluftsliv

Vefsn Folkehøgskole - Toppen
Ledig plass
Heilårskurs12 t/ukeFrilynt

Friluftsliv Sjø - Kroatia

Karmøy Folkehøgskule
Ledig plass
Helårskurs A6 t/ukeFrilynt

Idrett Australia

Molde Folkehøgskole
Ledig plass
Heilårskurs14 t/ukeKristen

Motocross med Danmark-turné

Stord Folkehøgskule
Ledig plass
Heilårskurs15 t/ukeFrilynt

Klatring, seil og backpacking

Kristiansand Folkehøyskole
Ledig plass
Heilårskurs15 t/ukeKristen

Idrett

Sogndal folkehøgskule
Ledig plass
Heilårskurs18 t/ukeFrilynt

Friluftsliv, idrett og spenning!

Stord Folkehøgskule
Ledig plass
Heilårskurs15 t/ukeFrilynt

Idrett Adventure Sri Lanka

Molde Folkehøgskole
Ledig plass
Heilårskurs14 t/ukeKristen

Multisport X Bali

Rødde folkehøgskole
Ledig plass
Heilårskurs16 t/ukeKristen

Ball & Games

Grenland Folkehøgskole
Ledig plass
Heilårskurs12 t/ukeKristen

KRIK Multi

Sagavoll Folkehøgskole
Ledig plass
Heilårskurs15 t/ukeKristen

FIT -Friluftsliv Idrett Trening

Møre Folkehøgskule
Ledig plass
Heilårskurs15 t/ukeFrilynt

Tren

Nordmøre Folkehøgskule
Ledig plass
Heilårskurs13 t/ukeFrilynt

Fotball Multisport

Sunnfjord Folkehøgskule
Ledig plass
Heilårskurs14 t/ukeKristen

Idrett Friluft Allround

Nordvestlandet folkehøgskole
Ledig plass
Heilårskurs15 t/ukeKristen

IDRETT Action

Hardanger Folkehøgskule
Ledig plass
Heilårskurs15 t/ukeFrilynt

Challenge

Nordhordland Folkehøgskole
Ledig plass
Heilårskurs16 t/ukeKristen

PULS Idrett & Trening - Thailand

Karmøy Folkehøgskule
Ledig plass
Helårskurs A6 t/ukeFrilynt

Sport Adventure

Sunnfjord Folkehøgskule
Ledig plass
Heilårskurs14 t/ukeKristen

Komplett Spiller

Hurdal Verk folkehøgskole
Ledig plass
Heilårskurs14 t/ukeKristen

Sjakk

Grenland Folkehøgskole
Ledig plass
Heilårskurs12 t/ukeKristen

Allround Aktiv

Lundheim folkehøgskole
Ledig plass
Helårskurs A9 t/ukeKristen

Friluftsliv Extreme - Alpene

Karmøy Folkehøgskule
Ledig plass
Helårskurs B6 t/ukeFrilynt

Vann og fjellsport

Kristiansand Folkehøyskole
Ledig plass
Heilårskurs15 t/ukeKristen

Multisport Ball & Surf Tema Australia

Ålesund Folkehøgskole
Ledig plass
HeilårskursKristen