Til hovedinnhold

Motocross med Danmark-turné

Søk på linja
Ledig plass

Har du ein interesse for motocross, eller eit ønske om å lære det? Denne linja gir deg det heftigaste året med mykje køyring, action og sosialt. Vår topp-bane, motorsportklubb og skule venter på deg!

Sjå demonstrasjon av vårt anlegg på Stord. Dette er eit av fleire anlegg innan kort avstand. Mild temperatur gjer at me kan køyre mykje meir gjennom skuleåret.

Her vil du lære meir om korleis du handterar køyretøyet ditt. Både på banen, og stell. Du kan få lisens som sikkerheitsleiar, mykje køyring i eit av landets flottaste og nyaste motocrossanlegg. Og få vener frå heile landet, som deler din interesse!

Om du er fersk, kan du låne ein av våre sykler, og lære deg motocross frå botnen. Anlegget er tilpassa både dei erfarne og nybegynnarane!

Me vil delta og arrangere løp på Stord, Bømlo, Karmøy og rundtom. Du får vere med å planlegge Vestlandsmeisterskapet. Og så inviterer me køyrar i noregstoppen til å kome på treningssamling hjå oss.

DANMARK!

Når våren kjem og temperaturen stig att så tar me oss ein hardcore skandinavisk rundtur, då går ferda til Danmark, og rundt innom Sverige på veg heim. Me testar ut motocross-anlegga som er der, køyrer gokart, paintball, raude pølser og fornøyelsespark. Det blir ein intens men spennande tur.

Me ønsker deg hjarteleg velkommen til Stord og vår motocross-linja! Som heilt ny skule, legg me ekstra mykje i at du og me skal skape eit fantastisk skuleår.

Velkommen til Stord!

Dei som har ei interesse for motocross. Enten ein er fersk i sporten, eller har køyrt aktivt sidan ein var liten, vil ein ha stor glede av eit år her. Mykje køyring, action, knall sosialt og gøy!

Dette vil du lære

  • Ulike køyreteknikkar som bremseteknikk, svingteknikk, sporval, hopp, start osb.
  • Vedlikehald av sykkel og utstyr
  • Vedlikehald av bane og anlegg
  • Tryggleik på og rundt banen
  • Lera om drift av klubb
  • Førstehjelp
  • Mykje frikøyring
  • Trening både med dei i klassen, samt lokale medlemer av Stord Motorsportklubb

Våre forventninger til deg

Kom som du er! Er du fersk i løypa eller erfaren, så passer du inn her. Her kan du lagre sykkelen og utstyret ditt, og om du ikkje har så er det felles-sykler til bruk. Lurer du på noko så ta kontakt, dette året er for at du skal trives med din hobby, i eit godt og inkluderande miljø med nye vener.

Obligatorisk: Nei

Pris: 6 000

Måltider pr dag inkludert: 2

Me reiser på road-trip til Danmark. Der drar me mellom tre forskjellige kjekke motocross-anlegg, opplever bylivet og stikk innom fornøyelsespark og Københamn.

Me anbefaler denne turen for alle på linja, men vil ha alternativ opplegg for dei som ønskjer å bli igjen ved skulen. 

Du vil reisa på ulike turar nært og fjernt. Nokre turar er knytt opp til dei enkelte linjene, mens andre er felles for skulen.

Øyhopping i vikingøyane!

Obligatorisk: Ja

Pris: Inkludert i linjepris

Skuleåret får ein pang-start med øyhopping ut i Fitjar-øyene, kor me reiser, utforsker, utfordrer og blir kjent med kvarandre over nokre dagar. Vakre Smedholmen vert vår base.

Vinter i Røldal

Obligatorisk: Ja

Pris: Inkludert i linjepris

Når vinteren slår til reiser me inn til Røldal for nokre dager med ski og alpint. Her er det mogeleg for flate turer, slakke turer, toppturer, bratte turer eller veldig bratte turer. Noko for alle nivå!

Folgefonna

Obligatorisk: Nei

Pris: Inkludert i linjepris

Me vandrar langs nydelege bondhusvatnet og opp Keiserstien frå Kvinnherad til Fonnabu, overnatter i hyttene på toppen. Der vandrar me over Folgefonna, Norges tredje største isbre, og ned til Odda, eller tilbake ned til Kvinnherad.

bildetekst

Opplevingstur gjennom Hardangerfjorden

Obligatorisk: Ja

Pris: Inkludert i linjepris

Det er umogeleg å bu ved munnen av Hardangerfjorden, uten å oppleve det nydelege fjordlandskapet. Mot slutten av skuleåret reiser me på opplevelsestur i Hardangerfjorden. Du kan ikkje vere i regionen så lenge uten å oppleve dette. 

Det blir rafting, nydelege friluftsaktiviteter over Dronningstien, ein fjord i full blomstring og mykje meir spennande du kan bli med på. 

På turen skal me kose oss, oppleve natur og kultur, spise godt og nyte dagane.

  • Skulestart: 23.august 2021
  • Haustferie: 3. – 11. oktober
  • Julebord 16. desember
  • Juleferie: 17. desember til 4. januar
  • Dei ulike linjene har sine turer på våren.
  • Påskeferie 7-19. april
  • Felles-reise for skulen i april
  • Avslutningsfest 14. mai
  • Avreise 15. mai

Her kan du velja og tilpassa skuleåret akkurat slik du vil. Ved Stord Folkehøgskule har du ein omfattande meny av valfag. Valfaga varierer i omfang, og du kan velje 1-3 valfag for kvar termin. Nokre varer ein heil dag, andre går over to eller tre skuletimar.

Årbok

Alle veit at det er veldig kjekt å ha gode minner frå folkehøgskulen til å sjå tilbake på i etterkant. Har du ein liten skribent i magen, eller likar godt å ta bilder? Då kan årbok-valfag vere for deg

Escape Room Sunnhordland

I dette faget skal du besøke ulike Escape room i vårt nærområde, og designe, planlegge og bygge eit Escape Room sjølv. Ulikt, lærerikt og veldig spennande fag!

Film-klubben

Me ser notoriske filmklassikarar, drøfter og diskuterar kva desse betyr og kva som har gitt opphav til dei. Knasker popkorn og slapper av.

Brettspel og table-top

Brettspel er sosialt, underhaldande, lærerrikt, utfordrande og gøy. Den vanvittige store variasjonen i ulike spel vil gi deg mange utfordringar og kjekke opplevingar.

E-Sport

Viss du vil spisse deg litt inn på E-sport gjennom skuleåret, er dette faget for deg. Du kan fordjupe deg i diverse gaming, som Fortnite, League of Legends, Warzone, CS, Apex, Starcraft eller andre.

La det skje!

Her får du planlegge, organisere og arrangere noko heilt eige. Vil du lage til ei markering, demonstrasjon eller festival? Du får lære om arrangementer og korleis du arrangerer noko på eigahand.

Preik og journalistikk

Lurt på korleis det er å skrive i nett- og papiraviser, kva som skal til? Me besøker NRK og lokalavisene, og lærer om journalistikk og nyhetsformidling i samarbeid med ungdomsavisa Framtida.

100 Dagar Musikkfestival

Lurt på korleis festivalane velger artister? Det gjer dei på eigne arrangørfestivaler som 100 Dagar på Stord. Her får du mulighet til å vere med å arrangera, gjennomføra og læra om festivalbransjen.

Dans

I vår eigen dansesal lære me å vrikka på rumpa, og kosa oss til rytmiske toner. Six-step, moderne dans, salsa og meir! Gøy og god trening.

Dykking

Pris: 8 000,-

Teoretisk opplæring, praktisk opplæring i basseng og dykk i fjorden. Du får dykkerlappen og vil kunne dykke på egenhånd ned til 20 m dybde. Utforske vrak og korallrev i skjærgården rundt Stord.

Idrettsmassasje

Her får du lære om å ta vare på deg sjølv. Ved siden av trening, gjennom ein kontordag eller for å støtte opp eller førebygge skader. Idrettsmassasje er svært nyttig for aktive personer.

Maratonet!

Har du vurdert å trene deg opp til maraton? På slutten av skuleåret arrangeres Sunnhordland Maraton, gjennom året vil ein kunne vere med på gøy og aktiv maraton-trening fram mot løpet!

Psykologi og mindfullsness

Å vere bevisst på sine omgivnader, tenke og forstå verden rundt seg og vere med i øyeblikket er noko som kan trenast og lærast opp. Her senker me skuldrene og fokuserer på det menneskelege.

Skyting

Her vil du få høve til å fordjupe og praktisere skytterkunsten, ved anlegget til Stord Skyttarlag på Stord. Eige gevær eller lån av oss!

Verdensrekorden

Har du nokonsinne drøymd om å inneha ein verdensrekord? Dette valfaget går ut på å planlegga og gjennomføra eit verdensrekordforsøk. Verdens største pepperkake(by), verdens lengste intervju, o.l.

Kreativ Maling

Spray-boksar, akryl, børstar og vassmaling. Her får du lære om maleteknikkar, og mala dine eigne kreasjoner.

Skøyter/Hockey/isdans/løp

Når vinteren kjem så tar me på oss skøytene og spelar hockey, trener på isdans og skøyteløp eller berre kosar oss på glattisen.

Bazaar!

Me drar med oss den eldre garde og fyre i veg ein skikkeleg basar, med lodd-årer, kaker, lubbesokker og kaffi. Her snakker med beinhard tradisjonell basar-kos for pensjonistar og barneborn!

Bokklubben

Me trekker oss litt vekk og besøker det store Biblioteket i Leirvik. Me lærer om viktige bøker og les i fellesskap uten forstyrringar. OBS: Du får fullstendig fri frå mobilen!

Forbetre VGS-fag

Treng du å ta opp nokre fag, eller få betre karakter? Då kan du få hjelp og god tid til å fokusere på dette her.

Fleire valfag kjem!

Fleire valfag kjem. Som ny skule, er ikkje alle våre valfag avgjort. Det du som elev måtte ønske, vil me forsøke å få realisert! Me vil sørge for at alle skal få attraktive valfag.

Nokre mogelegheiter, dei kjem berre ein gong i livet. Folkehøgskule er ein slik. Velkomen til landets nyaste frilynte folkehøgskule. Våre spennande linjer byr på personleg utvikling i eit sosialt år med nye vener frå heile landet. Du får fulgt dine interesser, opplevingar, eit annerledes år med mange spennande fag.

Linjer ved skulen

Les mer om skolen

Fra kr 115 000,-

Inkludert

  • Undervisning
  • Mat og rom på skolen (romtype: dobbeltrom)
  • Bad på rommet
  • Skulegenser
  • 4 måltid kvar dag
  • Studietur: Øyhopping i vikingøyane!
  • Studietur: Vinter i Røldal
  • Studietur: Folgefonna
  • Studietur: Opplevingstur gjennom Hardangerfjorden
  • Internett
  • Vaskemaskin
Minimumspris for linja 115 000,-

Du kan legge til (Huk av og se hvordan det påvirker prisen)

Lån og stipend

Summen du må dekke selv 115 000,-
(11 500,- per måned)
Du betaler månedsvis gjennom skoleåret. Nærmere informasjon får du fra skolen.

Husk at du også trenger penger til dette

Dette utstyret får du låne av skolen

  • Verktøy
  • Spesialutstyr og areal for mekking
  • Tilgang på ekspertise gjennom klubb og skule
  • Nokre motocross-sykler på deling mellom dei som ikkje har

Dette utstyret må du stille med selv

  • Me anbefaler å ha eigen motocross-sykkel, me vil ha nokre på deling til spesielt nybegynnarar.
  • Sikkerhetsutstyr som hjelm, støvler, brynje, hansker og bekledning.
  • Spesialverktøy om din krev dette
  • Støttebukk til motorsykkel
Søk på linjaMeir om skulenSkulen si nettside

Bestill katalogen for 2021/2022

Få full oversikt over skoler og linjer, og bli kjent med livet på folkehøgskole.

Bestill katalogen

Linjer som liknar denne

Trial

Setesdal Folkehøgskule
Ledig plass
HeilårskursFrilynt

Enduro

Setesdal Folkehøgskule
Ledig plass
HeilårskursFrilynt

Motocross

Setesdal Folkehøgskule
Ledig plass
HeilårskursFrilynt

Internasjonal politikk

Nansenskolen
Ledig plass
Heilårskurs24 t/ukeFrilynt